Oppdatert 19.02.23

  
Bilete frå SFO
<<Tilbake til SFO-sida


Denne sida 2001 til 2011

Arkiv:
2011/12  2012/13  2013/14  2014/15  2015/16  2016/17

SFO
Sagvåg skule

Tlf. SFO: 
53 40 97 15

Førjulstid i SFO
Tysdag 29.november 2011

På sfo har me starta med juleaktivitetar og barna har laga flotte julekuler :-) Sidan me har hatt fokus på sunn mat i skule og sfo, har me laga nydeleg fruktsalat også. I går laga me lapskaus, og smøremåltid med fokus på  god tid til å hjelpe kvarandre, sosial læring og gode bordvanar.
  Infoark om desember i SFO

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

     

På tur med SFO
Fredag 4.november 2011

Sfo har vært på tur ved gangstien.Me prøvde ut trebåtane nedi bekken som me laga på Sfo på torsdagen. Me tok med oss nista på turen. Me spikka, hoppet tau og kosa oss .

Tekst & foto: Ida Christine Jensen

 

Stasjonar i SFO
Fredag 21.oktober 2011

I dag hadde me forskjellige stasjonar på sfo. Stasjonane besto av: Laga haust bilete, leik med Delta sand, lafte hus og aktivitetar gymsal
Kjekke aktiviteter både for barn og vaksne!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

SFO tek også haustferie
Fredag 7.oktober 2011

 Kvar torsdag lager me til mat på sfo, ungane får hjelpe til og det er stor stas. Potetmos og kjøttboller på menyen denne veka. I dag blir det filmkos og fruktsalat før Me tek haustferie. Ønsker alle ein fin haustferie, helsing oss på sfo.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

     

Hausttur på Sfo
Fredag 30.september 2011

Fredag nytta me oss av det nydelege været og gjekk på tur. Me hadde med oss stormkjøkken og kokte nudlar, det falt godt i smak.
Me også hoppa tau, lekta i skogen og plukka bjørnebær og mange flotte haustblad. Ein flott tur :-)

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Farvel til Kristine
Onsdag 14.september 2011

I dag var siste dagen til lærlingen vår Kristine. Me på sfo har hatt avslutning med kake og det var mange gode ord Kristine fekk frå borna. Bl.a. Hjelpsam, flink, kjekk og snill. Me kjem alle til å savne henne! Me ynskjer henne lykke til vidare :-)

Tekst & foto: Liljan Vestbøsta Waage

 

 

SFO på tur
  Tysdag 6.september 2011

Fredag var SFO på tur til gangstien. Me tente bål og grilla marshmallows etter at me hadde ete nista vår. Me kosa oss, leika i skogen og spikka pinnar.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

   

 
 


 

SFO på tur
Publisert: Måndag 28.mars 2011 kl 15.45

Gjengen på SFO tok fredag nista med seg og gjekk ned ved `gangstien` nedfor skulen og tente bål. Ungane fekk pinnebrød og det falt veldig i smak. Dei leika i skogen, bygde bruer, smidde på pinnar, snikra og hadde forskjellige leiker :)

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage



 

Vinterferien 2011 :-D

Ungane i SFO har kost seg denne veka med mating av ender, brettspel, baking, husbygging osv. Avslutta ei kjekk veka med utflukt til Koløyo der me var ute heile dagen å laga bål, spiddapølser, laga oss kakao m/ krem,  spelte, hoppa på trampoline og leka i skogen. Var og på besøkte Hogste gard.

Ein fantastisk flott dag. :-D

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Julekos på SFO
Publisert: Fredag 10.desember 2010 kl 12.00

Idag har me hatt juleverkstad på Sfo, der ungane fekk laga bl.a julekort, snøkrystaller, julelenker...
Me høyrte på julemusikk, spiste litt frukt og kosa oss :)

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

SFO på tur
SMS motteken: Onsdag 9.juni kl 13:00

No sitt me å nyt utsikta fra utslettefjellet. Elin, Lina, Jakob, Tor, håvard, Angelo, Fedrik, Bea og eg!
Ein fin tur :)

Tekst & foto: Liljan Vestbøsted Waage

Fastelavnris i stor stil!
Torsdag 11.februar 2010 kl 11:40

På SFO gjekk det med liv og lyst då me laga fastelavnris. Resultatet vart imponerande!

Tekst & foto: Laila Magnussen


 

Full fart i SFO
Publisert: Tysdag 2.februar 2010 kl 17:30

Full fart på SFO i dag også. Borna kosa seg både i akebakken og i sklia.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


 

 

Førjulskos med Liljan
Publisert: Torsdag 17.desember kl
15:15

Juletre, kuler, amling og stempel vart tatt i bruk.

Tekst og foto: Elisabeth Magnussen

Tomatsuppe og paddebesøk
Publisert: Torsdag 24.september kl 21:15 2009

Borna i SFO vart i ekstase då me oppdaga ei padde under rista utanfor døra, men likevel kom alle inn til tomatsuppe etterpå.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

 
 

Publisert :
Torsdag 2.april kl 15:10 2009

Påskeaktivitetar i småskulen

I dag har me hatt eit kjekt smøremåltid på SFO. Maten går 'onda' og ungane siler frå øyra til øyra ;-)

SFO ynskjer alle GOD PÅSKE!

Tekst og bilete: Liljan Vestbøstad Waage

 
Torsdag 15.januar 2009 kl 20:00

SFO, 'torsdagskos'

Etter grynmåltidet sette alle seg i kroken og leika 'flasketuten peikar på'. Alt frå kryping til rare teikningar vert prøvd ut.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Torsdag  11
.desember 2008 kl 16:12

Nissefest og graut i SFO

Dagen som starta med nissemarsj slutta for mange med nissefast med graut i SFO. Grauten var kjempegod!

Tekst og foto: Liljan Vestbostad Waage


Publisert: Tysdag 18.november 2008 kl 12:30

I går hadde me ein roleg og fin dag i SFO. Borna leika fint og dei laga byen Bergen. Kreativt!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

Vår i SFO
Publisert: 4.april  2008 kl 11:00

No begynner våren å ta form og ungane på SFO koste seg ute. Etter leik ute var det ostesmørbrød som stod på menyen, det falt godt i smak hos dei fleste.

Så var det ut å leike seg litt igjen før det var servering av varme bollar :)

Ein flott vårdag på SFO.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

Lussekattar i SFO
Publisert: 30.november 2007 kl 18:00

I dag har SFO baka lussekattar. Dei skal me frysa og ha til Luciafeiringa. Det var ikkje alle som fekk baka i dag, men me skal ha ein bakedag i neste veke også.

 

Tekst & foto: Solveig Sleen

 

 

Modell av skulen
Publisert: 22.november 2007 kl 10:00

Lærlingane har hatt i oppgåve å forma uteområdet til skulen. Grupper frå SFO har vore med og i dag var resultatet klart. Dei har nytta leire, stein og 'busk og kratt' frå skogen.
Det har vore lærerikt og spanande både for store og små.

Tekst: Laila Magnussen Foto: Solveig Sleen

 

Kjekt i SFO
25.oktober kl 08:
40

Ungane kosar seg med mykje uteaktivitetat i det fine haustveret. Du finn fleire bilete på SFO-sida vår>>

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

 

Endå ein kjekk dag i SFO!
11.oktober kl
15:30

I dag har me hatt tomatsuppe på SFO. Det fall godt i smak, og ungane åt godt ;-)
Etterpå hadde me frileik, nokon ville ut medan andre kosa seg inne med spel, lego m.m.
Bodil lærte nokre elevar å laga blomedekorasjonar. Det var kjekt! Dei skal seljast neste onsdag på open dag, pengane går til UNICEF!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

Tidleg oppe
18.september kl 08:00

Allereie frå klokka sju om morgonen er det full aktivitet i SFO. Her er ein liten stemningsrapport frå onsdag morgon

Tekst & foto: Laila Magnussen

 

 
Etter skuletid på SFO
Publisert: 21.06.07 14:30

 

Etter at dei andre elevane hadde teke sommarferie var det litt ekstra kos på SFO i dag.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Elin B.Macsik

 

 

Grillfest i SFO
Publisert: 01.06.07 14.45

I går hadde me tur i skogen ved parkeringsplassen og grilla. Me fekk pølser og hamburgarar. Me hadde kjekke leikar og alle leika fint ilag.

Det vart eik kjempekjekk dag.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 
Kjekt på SFO
Publisert: 05.01.07 kl 15.00

I dag har me kosa oss her på SFO. Surt og kaldt ute, så inne har me leika kjempefint. Me fekk litt suppe og varma oss på. Me har perla, dansa, leikamed Lego og mykje anna kjekt.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Wåge

 
Sfo i septembersol
11.september 2006

 

I sol og flott temperatur var SFO i skogen og åt nista. Me håpar på mange slike dagar utover hausten. Fleire bilete på SFO-sida

Tekst og foto: Laila Magnussen

 
Kanalreise på SFO
10.mai 2006

Borna på SFO synest det var topp å bygga og leika med vatn og båtar.

Tekst og foto: Elisabeth Magnussen

 
SFO Litlabø skule
25.april 2006

Tysdag 25.april var borna frå SFO ved Litlabø skule på vitjing til skulen vår. Det var full fart og god stemning. Både borna og foreldra som kom for å henta dei tok seg tid til å sjå nærare på den nye skulen vår.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 
Påskekos i SFO
19.april 2006

Her på SFO har me kosa oss i påsketida. Me har hatt påskeparty, med kjempe god lunsj. Ungane fekk påske hattar, me song og hadde ei lita påskeforteljing med overrasking....
Me hadde ein kjempe fin dag, både ungar og vaksne:)
Me har og laga litt påskepynt og leika kjekt.

Håper alle hadde ein fin påske:)   

Tekst & foto: Liljan V. Waage

 

 
Vårleg på SFO
17.mars 2006

På baksida av Sagvåg skule er det lunt og fint no i mars. Utover våren kjem det nok til å bli mange måltid på utebenkane i SFO om ettermiddagen.

 Tekst & foto: Elisabeth Magnussen/ Lars Bakka

 

Vinterferiebilete frå SFO 2006
 februar/mars 2006

 

Kakao og smashball i SFO
 3.februar 2006

Arild og Liljan syntes det var godt med varm kakao etter eit eitt slag og to med smashball.
Ungane syntes også det var godt med kakao etter å ha vore ute og leika ei stund.
Du finn fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

 

SFO i gymsalen
25.januar 2006

SFO brukte gymsalen for første gong på onsdag. Me leika og dansa til musikk,me hadde det kjempekjekt.
 

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

 

1.mars 2005

STOR snømann

Fleire elevar i SFO gjekk i går saman om å lage den største snømannen på Sagvåg skule!

Tekst: Lars Bakka

 

 

26.januar 2005

Snøsko i SFO

Kristin og veronica går begge i SFO. Dei har vore ute og laga kunst i snøen. Var ikkje desse skoa flotte kanskje!?

Tekst & foto : Arild Båtsvik

Større bilete>>

 
Gjensyn med Cecilia

Måndag 26.april kom Cecilia på vitjing til SFO. Ho spanderte muffins på elevane. Cecilia arbeidde ved Sagvåg skule ein lengre periode i vinter. No er ho tilbake på Aker/ Kværner.

 

 
Påskesamling i SFO og på 1.steget

Både SFO og 1.steget har hatt koseleg samling med god mat før påske. Du finn bilete på heimesida til SFO>> og på sida til 1.årssteget>>

Tusen takk fin flinke studentar frå HSH som gjore meir enn me kunne forvente då me fekk sjukefråvær midt i innspurten før påske !

 

 

05.06.03 
På kafé med SFO

Dei tilsette i SFO ved Sagvåg skule inviterte alle bona i SFO på kafèdag på Sagvåg kafè tysdag 3.juni.
Me var 21 born og fem vaksne som gjekk til kafeen etter at fleksitida var slutt.
Me vart møtt av klovnen som blåste i hornet og delte ut Dumle som inngangshelsing.
Me hadde alle ein fin dag med god mat, pommes fris med pølse, saft og is med sjokoladepynt stod på menyen. Klovnen starta opp med å synga og blåsa i horn og me song med!
Me hadde eit flott måltid med kjempeflinke born til bords.

[Klikk på bileta for å sjå dei større!]
sfo_kafe_030603_1.JPG (56690 byte) sfo_kafe_030603_2.JPG (59191 byte) sfo_kafe_030603_3.JPG (59811 byte) sfo_kafe_030603_4.JPG (59053 byte)

For SFO Sagvåg skule
- Randi Røssland-

 

 

Bilete frå "påskefrukosten i SFO 9.april 2003:
[Klikk på bileta for å sjå dei større!]
sfo_paaskefrukost_001.JPG (117079 byte) sfo_paaskefrukost_002.JPG (123796 byte) sfo_paaskefrukost_003.JPG (118170 byte) sfo_paaskefrukost_004.JPG (120503 byte) sfo_paaskefrukost_005.JPG (114377 byte) 

Påskekos i SFO 21.mars 2002:
sfo_paaske_02_1.jpg (59680 byte) sfo_paaske_02_2.jpg (59060 byte)