Oppdatert 19.02.23

  
Bilete frå SFO 2011/12
<<Tilbake til SFO-sida

Biletarkiv

SFO
Sagvåg skule

Tlf. SFO: 
53 40 97 15


På tur med SFO
Fredag 1.juni 2012

I ettermiddag var spreke 4.klassingar på tur til Utslettefjellet saman i SFO

Tekst & foto: Elin Macsik, Rebekka Karlsen og elevane

 


Sydenstemning i SFO
Tysdag 29.mai 2012

Her er nokre bilete frå førre veke i SFO. Me hadde ei flott veka i varmen. Me hadde vatnleikane ute, vatnspreiaren var på, smørelunsj og skattejakt er nokre av aktivtetane me hadde

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Kunst og handverk i SFO
Onsdag 9.mai 2012
 

Nokre av borna på SFO har den siste tida jobba med å laga seg fjøler av forskjellige slag. I dag blei det brent inn det dei ville ha på fjøla!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Appelsinjuice på SFO
Tysdag 8.mai 2012

Før helga fekk me oss juice-pressar på SFO :-) Så ungane fekk ny pressa appelsin juice til maten. Det var godt, sjølv om nokre syns den vart litt sur! Måltidet denne veka bestod av forskjellige typar gryn/cornflakes, noko alle likar!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

 


Fotball cup på SFO :)
Fredag 20.april 2012

Ungane vart delt inn i fire lag: banan, kiwi, appelsin og eple. Det var mange ivrige og flinke ungar å sjå.
Premie vanka det på alle, heldigast var nok dei som kom på 1.plass

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Kunst & handverk i SFO
Onsdag 18.april 2012

På tysdag var 3.- og 4.klasse frå SFO i k&h og tok til med å laga skjærefjøl.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Karneval på SF
Fredag 24.februar 2012

Me har hatt ei kjempekjekk veke med forskjellige aktivitetar. Avslutninga med karneval i dag var super. Som bileta viser, storkosa både vaksne og ungane seg. Det vanka kommentarar som :"Verdens beste SFO!!", Dette er den kjekkaste dagen eg har vært med på!!". Me vil også ønska Ida, som har vore lærling hos oss eit år no, lukke til vidare. Me kjem til å sakna deg.

Ha ein flott vinterferie!
Helsing oss på SFO.



 

SFO på tur
Torsdag 16.februar 2012

Fredag 10.februar tok SFO seg ein liten tur nedanfor skulen. Detr åt me nista vår, aka, brant bål pg grilla marshmallows

Tekst & foto: Rebekka Karlsen

 

Glimt frå SFO i desember....

           

Kjekke dager på SFO :-)
Fredag 9.desember 2011

Onsdag var me ute og kosa oss i snøen, Liljan fekk god hjelp av John M å lage kakao og fruktfat. Torsdag kjørte med inn til peparkakebyen, ei svært kjekk oppleving med flotte ungar. Nokre elevar fekk og ta buss tilbake, stor stas! I dag blir det tomatsuppe m/makaroni og egg til mat + litt juleaktivitetar etterpå.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

         
 

På tur med sfo!
Fredag 2.desember 2011

Fredag gjekk me ut mot Bjønvik og plukka kongler. Me tente bål og kosa oss. Like etter at bileta vart tekne skar ein av elevane seg i fingeren med kniv. Etter ein tur til Fylkessjukehuset vart fingeren fiksa utan at eleven måtte sy.
Det var ein del kalde ungar, så eg vil minna om at
ungane må ha varme klede og bytteklede !
Me i SFO ynskjer alle ei fin veke

Foto: SFO Tekst: Liljan Vestbøstad Waage

   

 

Førjulstid i SFO
Tysdag 29.november 2011

På sfo har me starta med juleaktivitetar og barna har laga flotte julekuler :-) Sidan me har hatt fokus på sunn mat i skule og sfo, har me laga nydeleg fruktsalat også. I går laga me lapskaus, og smøremåltid med fokus på  god tid til å hjelpe kvarandre, sosial læring og gode bordvanar.
  Infoark om desember i SFO

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

     

På tur med SFO
Fredag 4.november 2011

Sfo har vært på tur ved gangstien.Me prøvde ut trebåtane nedi bekken som me laga på Sfo på torsdagen. Me tok med oss nista på turen. Me spikka, hoppet tau og kosa oss .

Tekst & foto: Ida Christine Jensen

 

Stasjonar i SFO
Fredag 21.oktober 2011

I dag hadde me forskjellige stasjonar på sfo. Stasjonane besto av: Laga haust bilete, leik med Delta sand, lafte hus og aktivitetar gymsal
Kjekke aktiviteter både for barn og vaksne!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

SFO tek også haustferie
Fredag 7.oktober 2011

 Kvar torsdag lager me til mat på sfo, ungane får hjelpe til og det er stor stas. Potetmos og kjøttboller på menyen denne veka. I dag blir det filmkos og fruktsalat før Me tek haustferie. Ønsker alle ein fin haustferie, helsing oss på sfo.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

     

Hausttur på Sfo
Fredag 30.september 2011

Fredag nytta me oss av det nydelege været og gjekk på tur. Me hadde med oss stormkjøkken og kokte nudlar, det falt godt i smak.
Me også hoppa tau, lekta i skogen og plukka bjørnebær og mange flotte haustblad. Ein flott tur :-)

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Farvel til Kristine
Onsdag 14.september 2011

I dag var siste dagen til lærlingen vår Kristine. Me på sfo har hatt avslutning med kake og det var mange gode ord Kristine fekk frå borna. Bl.a. Hjelpsam, flink, kjekk og snill. Me kjem alle til å savne henne! Me ynskjer henne lykke til vidare :-)

Tekst & foto: Liljan Vestbøsta Waage

 

 

SFO på tur
  Tysdag 6.september 2011

Fredag var SFO på tur til gangstien. Me tente bål og grilla marshmallows etter at me hadde ete nista vår. Me kosa oss, leika i skogen og spikka pinnar.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage