tilbake.gif (1642 bytes)

Mari Espeland
06.02.2000 20:16



Ei gruppe har etter oppdrag frå Strategisk leiing laga framlegg til Prinsipp for
nye skulebygg i Stord kommune. Før denne saka skal opp til politisk handsaming,
sender me henne ut til skulane, barnehagane, lærarorganisasjonane, Kommunalt
foreldreutval og Barne-og ungdomsrådet for at dei som ynskjer det, kan koma med
synspunkt .(Kap. 4 og 5 mest aktuelle) Me ber om at skulane distribuerer saka
også til foreldreutvala og elevråda på skulen.

Me gjer merksame på at det vert arbeidd med å få inn bilde og illustrerande
skisser i dokumentet, men det vil ta litt tid før dette er klart. Eit
fullstendig eksemplar vil likevel verta sendt ut før fristen for uttale er ute,
men truleg ikkje før i veke 10.
Uttalane må vera Fagleg samordning v/underteikna i hende seinast mandag 13.mars.
Lukke til med å koma med innspel til korleis skule for framtida bør utformast i
Stord!
              

Helsing Mari Espeland

mari.espeland@stord.kommune.no

 FRAMLEGG TIL

 PRINSIPP FOR NYE SKULEBYGG I STORD KOMMUNE

 

Innhald

 

Innhald

Forord

1      Mandat og formål

2      Samandrag

3      ”Den norske grunnskulen inn i ei ny tid”

3.1   Norsk grunnskule frå 1974 fram til i dag

3.2   Norsk grunnskule i dag – L97

3.2.1    Sentrale prinsipp i Læreplan for grunnskulen (L97):

3.3   Norsk grunnskule i det nye tusenåret

4      Prinsipp for nye skulebygg

4.1   Miljømessig og estetisk utforming

4.1.1 Berekraftig utvikling – miljømessige konsekvensar

4.1. 3  Estetisk og funksjonell utforming

4.2   Tomt og uteareal

4.3   Felles prinsipp for alle klassestega (1.-10.klasse)

4.3.1 Inneområdet:

4.3.2. Uteområdet

4.4   Prinsipp for kvart av hovudstega

4.4.1. Småskulesteget (1.-4.klasse og SFO)

4.4.2 Mellomsteget (5.-7.klasse)

4.4.3 Ungdomssteget (8.-10.klasse)

4.5   Prinsipp for sambruk

5.Vidare arbeid i samband med dei nye skulebygga i Stord

5.1   Bygge-grupper

 

 



Forord til framlegget til prinsipp

 

Som oppfølging av skulebruksplanen for Stord kommune 1998 –2008 vart det sett ned ei nemd administrativt for å førebu sak om prinsipp for nye skulebygg i Stord. Nemda sitt framlegg vert premissar i sak som vert lagt fram for Levekårskomiteen våren –2000.

 

Nemda har hatt desse medlemmene:

Bergny Nordbø, arkitekt Regulering, byggesak og oppmåling

Lars Bakka, rektor Sagvåg skule

Madli Eikehaugen, lærar Langeland skule

Anne Grethe Hillesvåg, hovudtillitsvald Norsk lærarlag avd. Stord

Mari Espeland, leiar Fagleg samordning

 

Gruppa har hatt fleire møte og vore på studietur til Bømlo, Bergen og Øygarden kommunar.

Grunnskulereforma med ny læreplan og tidlegare gjennomførte utbyggingar av skulane i kommunen har også vore bakgrunn for gruppa sitt arbeid.

 

Framlegget frå gruppa går ut til uttale til skulane, barnehagane, lærarorgansisasjonane, Kommunalt foreldreutval og Barne-og ungdomsrådet før det vert  handsama politisk våren 2000.

 

Mari Espeland

Leiar FS

 

 

 

1       Mandat og formål

Prosjektgruppa har hatt som oppgåve å utarbeida framlegg til prinsipp for nye skulebygg i Stord kommune med siktemål å finna fram til retningsliner for fysisk miljø som kan leggja til rette for elevane sine behov for tilpassa opplæring, aktive arbeidsformer, sosial læring og samarbeid. Skulebygga må dessutan vera lagt til rette for samarbeid med nærmiljøet og frivillige lag og organisasjonar.

 

2       Samandrag

I den gjeldande læreplanen for grunnskulen – L97 – er det lagt vekt på omgrep som medansvar, handlingsretta arbeid, entreprenørskap, samarbeid og kreativitet. I skulen må me leggja til rette arbeidet slik at elevane får øva opp desse eigenskapane. Me må også ha i tankane korleis me på den beste måten kan organisera tilpassa opplæring ut frå dei behova elevane har.

 

Når me skal planleggja skuletilbodet for framtida, må me såleis både vurdera skulebygga, læringsmiljøet og arbeidsmåtane. Me må også sjå på korleis personalet organiserer seg og gjennomfører arbeidet sitt.

 

I denne innstillinga vurderer me kva prinsipp me bør leggja til grunn når me byggjer skular. Tanken er at det fysiske miljøet vert ordna på ein praktisk og god måte, slik at det er lettvint og enkelt for personalet og elevane å nytta dei arbeidsmåtane og arbeidsformene som læreplanen legg opp til.

 

Læreplanen ei tydeleg utvikling som viser at elevane går frå ei temabasert opplæring i dei yngste klassane over til meir fagdelt og spesialisert undervisning og læring oppover i klassane. Men heile tida er arbeidsmåtane praktisk relatert og det er eleven sitt ansvar som er i fokus.

 

Alt dette får konsekvensar for fysisk miljø som vil visa ei konkret utvikling frå romløysingar i småskulen der all aktivitet er fordelt på heimebasar og praksisrom utan for tydeleg inndeling i fag, men lagt til rette for verkstadar med ymse innhald.

 

Skilje mellom heimebasar og praksisrom går vidare til mellomsteget og ungdomssteget, med ei tydelegare fagprofil i samband med innreiing av praksisromma. Dei praktisk-estetiske faga får sine basar der, medan dei faga som ikkje krev så mykje praktisk utstyr, er tilbake i heimebasane.

 

Ein føresetnad for at dette skal fungera etter intensjonane, er at elevane brukar rom og utstyr fleksibelt innan gitte rammer. Desse rammene overlet meir ansvar til elevane di eldre dei vert.

 

Fysisk utforming av romma på ungdomssteget viser dette også med å innføra auditorium et der fleire klasse-einingar kan få felles innføring i eit fagleg emne, og elevane deretter går til heimebasane og praksisromma for å arbeida vidare med stoffet etter eigen arbeidsplan.

 

 

 

 

 

3       ”Den norske grunnskulen inn i ei ny tid”

 

3.1          Norsk grunnskule frå 1974 fram til i dag

Dei siste ti-åra har norsk skule får nye læreplanar med ca ti års mellomrom.  Frå Mønsterplanen i 1974, M74, har det vore ei utvikling i retninga av at elevane tek meir ansvar for eiga læring og at pedagogen i større grad er rettleiar enn den som legg fram stoffet for elevane. Arbeidsmåtane er praktisk orienterte og det er faste retningsliner for kva lærestoff elevane skal arbeida med. Den siste læreplanen L97 er dessutan forskriftsfesta, slik at skulane har klar omtale av kva som vert forventa av dei.

3.2        Norsk grunnskule i dag – innføring av L97

I tidlegare tider fekk dei fleste ungdommane yrkespraksis ute i arbeidslivet. I grunnskulen lærte dei å lesa, skriva og rekna. Dei lærte litt om samfunnet og naturen og fekk øva opp praktiske ferdighetar innan nokre område.

 

Dette forholdet har endra seg gradvis over tid. I dag går mange barn i barnehage til dei er 6 år, alle går på obligatorisk skule frå dei er 6-16 år, dei fleste tar imot tilbod om vidaregåande skule frå dei er 16-19 år, og mange tar ytterlegare fagutdanning eller studium på høgskulenivå.

 

Skuleverket har etter kvart fått ei mykje breiare rolle når det gjeld oppseding og opplæring. Skulen har fått større ansvar, både for meir omfattande teoretisk læring, men også for praktisk opplæring og sosial læring. Me snakkar ofte om at skulen skal utvikla ”heile mennesket”.

 

Læreplanen som vart innført frå hausten 97, legg vekt på skulen si rolle i samfunnet har endra seg. Planen har vorte innført over tre år. Første året starta ein med dei fire lågaste klassetrinna, så tre klassetrinn kvart av dei to neste åra. Sjølve innføringsfasen er no ferdig, men me må likevel følgja opp og sikra at me legg til grunn prinsippa i læreplanen når me skal organisera og planleggja grunnskuledrifta framover.

 

3.2.1       Sentrale prinsipp i Læreplan for grunnskulen (L97):

·        Elevsyn og lærar-rolle

Planen fortel at me skal setja eleven i sentrum og ha tru på at barn og unge kan ta ansvar for seg sjølv og læreaktiviteten. Læraren vert rettleiar og inspirator meir enn ein som formidlar ferdige svar.

 

Planen tek konsekvensen av at ein i arbeidslivet stiller krav om at medarbeidarane både er sjølvstendige, kan samarbeida med andre, er fleksible, kreative og har grunnleggjande kunnskapar. Som vaksne må dei kunna møta og vurdera den teknologiske utviklinga. Desse krava fører til endringar i måten me definerer kunnskapar, og til endringar i måten me arbeider med kunnskapsinnlæringa.

 

 

·        Kunnskapsinnlæring og arbeidsmåtar

Læreplanen krev at alle lærarane legg til rette for fylgjande arbeidsmåtar:

-         samarbeid med andre

-         skapande verksemd og kreative uttrykksformer

-         leik

-         praktisk arbeid

-         sjølvstendig arbeid og fordjuping

-         tema-og prosjektarbeid

 

Slike arbeidsmåtar fører til at me må tenkja på korleis me bør ordna det fysiske miljøet på skulen, korleis me organiserer skuledagen, korleis dei tilsette og elevane samarbeider og samhandlar og korleis dei bruker tida si.

 

·        Tilpassa opplæring

Dette prinsippet handlar om at elevar med ulike behov får eit tilpassa opplæringstilbod i heimekommunen og så langt råd er tilpassa opplæring ved den einskilde skule. Me trur at dei prinsippa for skulebygg som me gjer framlegg om, vil vera eit godt utgangspunkt for å leggja til rette tilpassa opplæring.

 

·        Læremiddel

Endra arbeidsmåtar stiller nye krav til læremiddel og utstyr. Den informasjonsteknologiske utviklinga vil også føra til endringar som me enno ikkje har fullt oversyn over. Kunnskapsinnhenting og læring vil skje på andre måtar. Kombinasjonar av tekst, lyd og bilde vil verta sterkare vektlagde. Læremidla legg vekt på å øva elevane i å vera kritiske, men også konstruktive. Teori skal også i større grad følgjast opp med praktisk øving. Skulebiblioteket vert ein stad der elevane kan søkja informasjon gjennom ulike kjelder.

 

·        Skulen og lokalsamfunnet

Skulen er ein naturleg base for aktivitetane som dei frivillige organisasjonane i nærmiljøet tilbyr. Det lokale kulturlivet kan nytta skulebygningane, og folk kan bruka verkstader og utstyr. Samarbeid og sambruk mellom skule og nærmiljø vert viktige nøkkelord. 

 

3.3        Norsk grunnskule i det nye tusenåret

Læreplanen for den 10-årige grunnskulen (L-97) seier ein god del om kva retning den pedagogiske praksisen i norsk skule bør gå. Elevaktiviserande arbeidsmåtar, temaarbeid, prosjektarbeid, lærar-/eleverolla,  alt er krav til det pedagogiske arbeidet som gruppa legg til grunn for si utgreiing. Signal i tida viser også at utviklinga me ha sett frå Mønsterplanen frå 1974 via mønsterplanen ifrå 1987 til L-97 vil halde fram i samme retning.

 

Konsekvensane av skuleutvikling slik det er vist i kap. 3, vil koma til uttrykk i prinsippa i resten av denne utgreiinga.

 

 

 

4       Prinsipp for nye skulebygg

Rammene og premissane for prinsippa nedanfor er delvis gitt gjennom sentrale og lokale gjeldande retningsliner, slik som

Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen

Lov om grunnskole og den vidaregåande opplæringa.Opplæringslova (vedtatt juni-98)

Forskrift til opplæringslova (fastsett juni-99)

Skulebruksplan for Stord kommune  1998-2008

 

Signal som peikar framover.

Me vil særleg peika på den arealnormen som skulebruksplanen for Stord kommune 1998-2008 la til grunn i sine konklusjonar om utbyggingsbehovet for kvar skule. Normen vart basert på nettoareal, rekna ut etter modell frå Bergen kommune, men utan at det er vist korleis det skal takast omsyn til areal for teknisk rom, gangareal etc. I Bergen Kommune har ein i tillegg til nettoareala nytta ein  netto-brutto-faktor på 1,35 Me vil foreslå at normen i skulebruksplanen for Stord vert lagt til grunn for prinsippa vidare, men at det i tillegg vert lagt  inn areal til teknisk rom, og ein netto brutto faktor på 1,35.

4.1        Miljømessig og estetisk utforming

4.1.1 Berekraftig utvikling – miljømessige konsekvensar

Kommuneplanen for Stord kommune slår fast at Berekraftig utvikling er eit satsingsfelt for all aktivitet i kommunen fram mot 2008. All kommunal aktivitet må ta omsyn til at me innan 2015 skal vera eit berekraftig lokalsamfunn. I samband med skuleutbygging vil dette få slike praktiske konsekvensar:

·        Berekraftig utvikling – skulebygget skal planleggjast ut frå ei eit prinsipp om berekraftig utvikling i høve til gjenbruk, resirkulering og total  energibruk. Handtering av avfall skal inngå som ein integrert del av bygget og gjerne også som ein integrert del av undervisninga (kompostering, resirkulering av papir etc.).

(Vegleiar: ”Miljøriktig Bygg-prosjektering”, GRIP senter 1998)

·        ENØK - det skal takast omsyn til energiøkonomi ved plassering i høve til vind og sol på tomta, i planløysinga (varme og kalde soner, halvklimatiserte soner), ved bruk av volum, ved bruk av store glasflater og ved val av oppvarming og ventilasjonsprinsipp.

 

4.1.2  Helse, miljø og tryggleik

( Viser til: ”Hvordan lage sunt innemiljø i skolebygg”, KUF 1998)

·        Helse - det skal takast omsyn til brukarar med ulike funksjonshemmingar, og leggjast til rette for aktivitetar som fremjar god helse for alle.

·        Miljø – innemiljøet skal utformast med tanke på at miljøet påverkar helsa: val av materialar som i minst mogeleg grad er årsak til allergi eller andre helseplager, fysiske løysingar som lettar reinhaldet, skjerming av støyande aktivitetar, god lyskvalitet og ventilasjon tilpassa aktiviteten i dei ulike romma.

·        Tryggleik – inkludert trafikktilhøve. Det skal leggjast til rette for eit trygt miljø inne og ute, utan at dette hindrar fysisk utfalding. Trafikken skal planleggjast slik at det vert oversiktlege og gode løysingar også for dei minste borna når det gjeld tryggleik i høve til bilkøyring, varelevering,  parkering, henting av born, bruk av sykkel og andre aktivitetar med stor fart (aking, ballspel, rullebrett o.s.b )

 

 

 

4.1. 3  Estetisk og funksjonell utforming

·        Estetisk utforming – den fysiske utforminga skal så langt det er mogeleg avspegle dei pedagogiske prinsippa skulen byggjer på. Utforminga skal leggje til rette for at borna kan bli inspirert til sjølv å bidra med kunstneriske uttrykk i miljøet. Det skal leggjast vekt på at den estetiske utforminga har ein bærande ide, og at dette blir gjennomført også i detaljar og innreiing. Kunstnerisk utsmykking skal vere ein integrert del av planlegging og bygging.

 

·        Arealet – Storleiken på areala skal ta omsyn til at det skal vere plass til utstyr, og rom for ulike aktivitetar. Val av møblar skal planleggjast i høve til funksjon og ta omsyn til storleiken på rommet. Ynskje om fleksible løysingar skal ikkje vere til hinder for at ulike rom eller soner får sin eigenkarakter.

 

·        Den endelege utforminga av interiør og uteområda bør gjerast i samråd med interiørarkitekt og landskaps-/hagearkitekt.

4.2          Tomt og uteareal

 

Også val av tomt bør gjerast ut frå pedagogiske omsyn som kjem fram i prinsippa for utforming av skulebygget. Tomta bør ha ei form som gjer det mogeleg å utforma eit skulebygg der fellesromma er sentralt plassert i høve til dei ulike heimebasane. Det må leggjast vinn på at tomta har uteareal som er eigna for leik og ulike former for uteundervisning og at deler av terrenget kan bevarast som naturleikeplass.

Om mogeleg bør skulen også kan få ei historisk forankring i lokalmiljøet (nærleik til museum, fornminne, spesielle naturområde, kunst, kultur o.s.b).

 

Tomtearealet må vera så stort at det er plass for framtidig utviding av bygget.

 

 

4.3        Felles prinsipp for alle klassestega (1.-10.klasse)

 

Sjølv om ein ser 1.-10.klassestega under eitt, vil der vera nokre retningsliner som kan gjelda for alle, trass i stort sprang med omsyn til elevane sin alder.

4.3.1 Inneområdet:

Elevane:

·        Kvar klasse har sin heimebase med rådgjevande areal på 60 m2

·        Kvar klasse har sitt gruppeareal med rådgjevande areal på 15 m2, dette er også tilgjengeleg for andre elevar

§         Det er lagt til rette for undervisning og læring i store og små grupper og som individuelt arbeid - også  på tvers av klassar og klassesteg.

·        Eit naturleg tal klassar  - ei storgruppe - samarbeider om rom og utstyr.

·        Alle i storgruppa  har  tilgang til samme fellesareal ( trafikkareal m/ samlingsplassar, praksisrom, spesialrom o.l)

·        Fellesareala ligg sentralt i høve til heimebasane.

§         Fellesareala har samlingsplass og er innreia for spesielle aktivitetar.

§         Heimebasane sammen med grupperom og fellesareala gjer det lett å leggja til rette for tilpassa opplæring.

·        Det er skjerma rom for lyd-aktivitetar.

·        Innandørs trafikkareal må leggja til rette for samlingar i større og mindre grupper, plass til t.d presentasjon av prosjektarbeid.

·        To klassar kan dela garderobe med eigen, desentralisert utgang. God plass til sko pga ”skofritt” innemiljø

Tilsette:

·        Kvart lærar-team har arbeidsplassar som legg til rette for samarbeid. Arbeidsplassen for eit team kan liggja nær elevane sine arbeidsareal.

·        Opphaldsrom for personalet skal gje plass til alle grupper tilsette ved skulen.

Alle:

·        Skulen sin hovudinngang (sitt inngangsparti) er innbydande og gir tydleg informasjon om sentrale funksjonar på skulen

·        Bygget er tilpassa rullestolbrukarar og personar med lettare funksjonshemmingar.

·        Det er lagt til rette for bruk av IKT i alle rom der elevar og tilsette har arbeidsplassar.

·        Lagerromma er desentraliserte

·        Skulen skal ha rom for aktuelle samarbeidspartar, så som elevråd, helsepersonell, PPT, FAU, nærmiljøutval, lag og organisasjonar.

 

4.3.2. Uteområdet

·        Utearealet er ein stad for rekreasjon, kreativitet og læring.

·        Opphaldsarealet ute er skjerma for trafikk og i sentrale deler er det lagt til rette for personar med lettare funksjonshemmingar

·        Heilskap i pedagogisk tenking inne og ute: Ute er ein naturleg læringsarena som elevane brukar fritt på samme måte som innemiljøet.

·        Avgrensa soner og lune krokar, sitjeplassar, trivsel for alle

·        Ta vare på naturleg terreng

·        Samlingsplass ute for t.d uteteater, framføringar,

·        Plassar for praktisk verksemd, t.d stell av dyr og planter, grilling, byggeleik, verkstadaktivitetar av ulike slag og for alle aldersgrupper.

 

4.4        Prinsipp for kvart av hovudstega

4.4.1. Småskulesteget (1.-4.klasse og SFO[1])

 

Småskulesteget skal vera prega av tradisjon frå barnehage og skule. Fysisk miljø i småskulen må leggja til rette for

§         Leik

§         Aldersblanda aktivitetar

§         Temaorganisert opplæring

§         Oppleving og uttrykk

 

§         Småskulesteget 1.-4.klasse er ei sone, spesielt med stor grad av felles tenking for 1.og 2.klasse.

§         SFO nyttar samme areal som småskuleklassane.

§         Areala har rikeleg fri golvplass som innbyr til fysisk aktivitet og fri leik.

§         Fellesrommet – praksisrommet – er innreia med ”krokar” der ulike verkstadar legg til rette for praktisk aktivitet.

§         Det er romslege garderobar med grovgarderobe som eige rom. Dette er særleg viktig sidan garderobane er felles med SFO.

§         Utearealet har spyleplass og plass til oppbevaring av leiker nær sona for småskulesteget.

4.4.2 Mellomsteget (5.-7.klasse)

Særpreg:

Mellomsteget er i L97 omtalt som eit hovudsteg der

§         Faga trer tydelegare fram

§         Framleis arbeid på tvers av fag, tema organsiering og prosjektarbeid

§         Sjølvstendig planlegging og arbeid

§         Problemløysing, praktisk og teoretisk røynsle

§         Utvida og utvikla sosiale relasjonar, også på tvers av klassar og klassesteg

 

Det vert ei spesiell utfordring å leggja til rette for at faga skal tre sterkare fram, samstundes som organisering av stoffet framleis skal ta mykje omsyn til at arbeidet i praksis skal gå på tvers av faga.  Dette reiser diskusjonen om elevane på mellomsteget må  ha eigne spesialrom med plass til heile klassar. I alle fall må arealet for spesielle aktivitetar vera fritt tilgjengeleg for elevar frå alle klassane på mellomsteget, slik at dei innan gitte rammer kan gå i grupper og/eller åleine til dei aktuelle fagareala.

 

Det er aktuelt med eigne areal for desse fagområda: 

·        kunst- og handverk,

·        musikk m/plass til dans,

·        heimkunnskap,

·        kroppsøving

·        natur- og miljøfaget, gjerne i kombinasjon med matematikk.

 

Praksisrom og heimebasar:

I prinsippa nedanfor vert desse fagareala organisert i ”praksisrom”  - fellesrom som har utstyr for aktivitetar med felles særpreg. (Jfr. praksisrom for småskulen) Eit praksisareal med felles særpreg kan igjen delast opp i mindre einingar som viser større grad av spesialisering.

 

Dessutan vil det vera bruk for eit bibliotek der ymse typar læremiddel er samla.  Dette er sterkt poengtert også i L97.

 

Elevane vil – innan gitte rammer – bruka desse fagareala fleksibelt etter behov og ut frå prinsipp om at faga representerer ein heilskap samstundes som dei har sin eigenart.

 

Kvar klasse har sin heimebase med lett tilkomst til praksisromma. Heimebasane har arbeidsplass for kvar elev og samlingsplass for klassen.

 

Heimebasane vert mest utstyrt for rolege aktivitetar sidan praksisromma dekkjer behovet for læringsareal og utstyr i dei mest praktisk orienterte faga.

 

Elevane brukar praksisromma etter behov innanfor gitte rammer og på tvers av klassar og klassesteg.

 

Klassane har også tilgang til grupperom av varierande storleik. Grupperomma kan vera til felles bruk for alle klassane.

 

Praksisromma – fellesareala for ulike fagfunksjonar.

 

Utanom heimebasane og grupperomma, må elevane ha tilgang til rom med utstyr som også gjer det mogeleg med opplæring og praktisk arbeid innan ei rad med viktige fagområde.

Mellomsteget vil byggja på småskulesteget sin praksis der elevane arbeidde i praksisromma med verkstadaktivitetar, men på dette hovudsteget vert verkstadane tydelegare m.o.t kva fag dei representerer. (Jfr. særpreg for mellomsteget.)

 

Praksisromma vert rom som er prega av fleksible løysingar der ein kan sjå vekk frå tradisjonell spesialromstenking og få fram kombinasjonar som gjer det lett å arbeida praktisk med meiningsfylte oppgåver innan eit fag og også på tvers av fag. Funksjonane nedanfor må dekkast:

 

Kunst-og handverk.

Her er plass til desse funksjonane og arealet er delt inn med vegger etter behov:

§         Plass til todimensjonal form

§         Plass til tredimensjonal form.

Atelier til teikning og maling, helst med overlys frå nord, kan med fordel vera eit areal som er skjerma (fysisk delt av) frå resten av kunst-handverksarealet for å gje elevane den roen som fylgjer desse gjeremåla.

 

Musikk, dans og drama.

·        Dette arealet kan kombinerast med t.d vestibyleareal med golvplass til dans.

·        Det er bra med samlingsplass i samband med scene. Det må vera avdelt lydcelle-areal med plass til at grupper kan driva med lydaktivitetar, som t.d komponering og musikkøving og opptak.

 

Heimkunnskap/natur-og miljøfaget og matematikk.

Aktivitetane i faget heimkunnskap kan organiserast slik at ei mindre gruppe elevar om gongen utfører praktisk matlaging, på denne måten vert  ikkje eit heilt rom bunde opp til dette faget.

Utstyr til  matlaging kan plasserast som ein del av eit rom som også er tilrettelagt for praktisk utprøving av ymse slag t.d i natur-og miljøfaget  og/eller matematikk.

 

Eit kjøkkenareal kan med fordel liggja nær eit fellesareal som kan brukast til elevkantine. Dette vert stadig meir aktuelt, ikkje berre for ungdomssteget. Kjøkkenarealet må uansett ha plass for måltid i samband med opplæringa i heimkunnskapsfaget.

 

Skulebiblioteket

 Areal som skal dekka behov for:

§         Læremiddelsamling

§         Skjønnlitteratur

§         Faglitteratur for elevar og tilsette

§         Studieplassar m/ IKT.-utstyr

§         Lesekrok

 

(sjå også Rettleiing for bruk av skulebiblioteket            http://host.gan.no/nls/veil/skolebibl/

 

4.4.3 Ungdomssteget (8.-10.klasse)

 

Særpreg

Konsekvensar for fysisk miljø

 

Fagleg fordjuping

 

Rom med utstyr for aktuelle fag, tilgang til data m/ Internett, bibliotek m/studieplassar

Heimebasar m/individuelle arb.plassar

Rom for felles-samling og grupper

Arbeid på tvers av fag, klassar og klassesteg

Rom med plass til felles innføring for fleire klasse-einingar (auditorium), praksisrom med utstyr for praktiske fag, fleksible grupperom,

Fellesareal m/samlingsplasser

Prosjektarbeid

Fleksible grupperom, praksisrom, tilgang til data m/internet, bibliotek m/studieplassar,

Heimebasar med individuelle arbeidsplassar,

Stort innslag av praktiske aktivitetar og oppgåver

Praksisrom med utstyr, grupperom, verkstadprega areal inne og ute,  rom for elevbedrifter, praktisk prosjektarbeid m.m

 

Medansvar og valfridom

Rom for elevbedrift, praksisrom, møterom,

Fleksibel bruk av rom og utstyr.

 

 

Praksisrom (eit eller fleire) med særprega funksjonar:

§         Kunst-og handverk

§         Musikk m/dans gjerne kombinert med stor samlingsplass med scene

§         Natur-og miljøfag, laboratorium med bord for forsøk

§         Heimkunnskap/kantine med praktisk utstyr for grupper av elevar

§         Kroppsøving

§         Bibliotek med ulike typar læremiddel.

 

Heimebasane/kontora vert utstyrt som rom der klassen eller grupper/enkeltelevar arbeider med teoriprega opplegg henta frå språkfaga, matematikk og samfunnsorienterte fagområde.

I alle desse fagområda vil også biblioteket vera eit tilleggsareal av stor verdi, då ein stor del av læringskjeldene vil vera plasserte der sammen med arbeidsplassar for elevane.

 

Både biblioteket og klasseromma må ha oppdatert IKT-utstyr til grupper av elevar.

 

Elevane må kunna  bruka klassearealet og praksisromma på tvers av klassar og klassesteg og etter eigne planar innan gitte rammer.

 

Romløysingane må gjera det lett å etablera elevbedrifter innan forskjellige fagområde.

 

 

 

 

 

 

 

4.5        Prinsipp for sambruk

 

I samband med planlegging av nye skulebygg, må det kartleggjast kva funksjonar som med fordel kan inkluderast fysisk i skulen. Det kan gjelda samordning mellom skulen og t.d

barnehage, musikk- og kulturskulen, helse- og sosialtenester, aktivitetstilbod til barn og unge, fritids- og kulturaktiviteter generelt eller andre servicetilbod i nærmiljøet. Det kan også vera aktuelt å leggja til rette for at ulike yrkesgrupper kan få rom for sine aktivitetar i eller nært opp til skulen sine bygg. Aktuelle yrkesgrupper kan på denne måten lettare verta ein reell samarbeidspart for skulen og ein kan sjå at lokale for ein del kan vera sambruk for elevar og t.d ein kunstnar eller kunsthandverkar.

 

             

5.Vidare arbeid i samband med dei nye skulebygga i Stord

5.1      Bygge-grupper

Det vert etablert byggegrupper for kvart byggeprosjekt. Gruppene bør ha denne representasjonen:

§         Representant frå eininga Bygg & Eigedom (prosjektleiar)

§         Rektor ved skulen det gjeld.
-For framtidige nye skular må ein evt. ny rektor tilsetjast i så god tid  at han/ho er med på heile denne planprosessen.

§         Arkitekten som teiknar bygget

§         Byggjeleiar

§         Representant frå støtteeininga Fagleg samordning

§         Tillitsvald  (hovudtillitsvald for nye skular, plasstillitsvald for eksisterande skular som skal få nybygg) eller

§         Verneombod (hovudverneombod for nye skular, lokalt verneombod for eksisterande skular som skal få nybygg)

§         Foreldrerepresentant 

§         Elevrepresentant(ar) iallfall i aktuelle fasar/spørsmål

 

Dersom funksjonane for tillitsvald og verneombod er delt på to personar, avgjer rektor kven som skal vera med i gruppa.

 

Bygg – og eigedom og Fagleg samordning har primært samme personar med i alle prosjektgrupper.

 

I tillegg møter andre etter behov: Fagfolk – entreprenørar –

 

Alle planar vert  drøfta med aktuelle samarbeidspartar.

 

 

 

 



[1] SFO ; Skule Fritids Ordninga