oppdater.gif (883 bytes)Oppdatert: 19.02.2023

Framlegg til:
Verksemdsplan 2004 
 
nb.gif (887 bytes)Web-plan: Denne planen er laga med tanke på at han skal lesast på Internett.
Ein papirversjon  gjev ikkje tilgang til linkane som er ein viktig del av planen!

Verksemdsplanen er er del 2 av Strategisk plan 2004/07>>
Planen vert oppdatert gjennom heile planperioden.

No-situasjonen

Sagvåg skule  2004

No-situasjonen

Elevtalutviklig pr.19.02.23
Alltid oppdaterte tal>>

1997-98 1998-99 1999-2000 2000-01 2001-02 2002-03 2003-04 2004-05
1.klasse 22 19 25 22 21 22 23 24
2.klasse 23 22 19 25 23 21 21 25
3.klasse 21 23 22 19 27 23 17 20
4.klasse 24 21 23 21 19 26 22 18
5.klasse 16 24 21 22 21 20 25 22
6.klasse 23 16 24 23 23 22 19 24
7.klasse 20 23 16 25 24 23 21 20
149 148 150 157 158 157 148 153

Elevtal

Ved Sagvåg skule har ei gruppe på kvart årssteg og SFO, også den nye skulen i Rukjen  er planlagt for sju årssteg.

Romsituasjonen og utearealel

Ved Sagvåg skule er god bruk av inne- og uteområde avgjerande for at me skal kunna gje elevane og dei tilsette brukande arbeidstilhøve. Mangelen på plass vert ikkje løyst før den nye skulen i Rukjen står klar. [LES MEIR]

Organisasjonskart

    Lars Bakka
Rektor
   
    Kari Almås
Undervisningsinspektør
   
Olaug S Imsland
Sekretær
     
 
Arild Båtsvik
Leiar SFO
Kari Almås
Teamleiar 1-4
Egil Petterteig
Teamleiar 5-7
Andre tilsette

Økonomi

Budsjettet 2004 er delt i to. Årsaka til at skulane berre har fått tildelt lønsmidlar fram til august 2004 er at det kan bli relativt store endringar i arbeidstidsavtalen til lærarane. Innstillinga til Kvalitetsutvalet kan også frå konsekvensar for fordelinga av ressursar til skulane.

I rapporten 'Analyse av skuledrift i Stord kommune 2001-02' vart det laga ei prioritering. Desse oppgåvene er ikkje lovpålagt, men gruppa skreiv: 

Tiltaka finn me ikkje omtalt som krav i sentrale og lokale vedtak, men skal ein skule fungera etter intensjonane i sentrale planar, er det viktig å ha ressursar nok til å fylla tiltaka og funksjonane det her er snakk om etter eiga prioritering. Oversynet har med døme på ressursomfang som kan vera eit utgangspunkt for skulane i deira vurdering. 
Atle Bjørn Mæhle (Prosjektansvarleg), Mari Espeland (Prosjektleiar, sekretær), Tor Langeland (Økonomiavdelinga), Torger Tvedten (rektor barneskule, John Karsten Raunholm (Rektor ungdomsskule), Anne Greth Hillesdal (Utdanningsforbundet)

 

  Tiltak Ressurs Merknad Kommentar
1 Tiltak til elevar som treng litt ekstra hjelp. Assistent, ”kurs”, deling i grupper, to lærarar i klassen m.m 10 % av bunde undervisnings- timetal  (utanom 1.klasse) § 5 – timar går då kun til dei som treng mest hjelp, og denne 10 % ressursen er heilt nødvendig for å kunna halda talet på tilmeldingar til PPT nede på eit akseptabelt nivå.

Assistent vert her vanlegvis halde utanom § 5-tildelinga

Ligg inne i framlegg 
til budsjett for 2003
2 Vikar Min. 4.5 % av grunnressurs  (inkludert §5- ressurs m.m) Skulane kan løysa vikarspørsmålet  ulikt i praksis (t.d flytande timar, fast på teama osv.) Ingen kan klara seg utan vikar-ressurs Ligg inne i framlegg 
til budsjett for 2003
3 Teamleiar 2 t/v pr teamleiar Team er ei prioritert ordning i kommunen, jfr tidlegare felles satsingsområde og forventningar frå strategisk leiing til skulane.Ulike løysingar er aktuelle etter korleis skulane definerer team, men alle bør tenkja ”storteam” i denne samanhengen, med ansvar utover eitt klassesteg. Døme på ressursbruk: 
Barneskulen: 1 parallellar: 2 team , 2 parallellar: 3 team, Nysæter u.skule: 3 team . , Stord ungd. skule: 6 team
Ligg inne i framlegg 
til budsjett for 2003
4 Delingstimar til heimkunnskap, kunst-og handverk,  tilvalsfag  

Heimkunnskap: 3 t/v pr 6. og 9.klasse
Kunst-og h.verk: 2 t/v pr kl 5.- 10.steget
Tilvalsfag u.steget, 1 t/v pr klasse

78% er fjerana i budskjettframlegg 2003. 
(Sagvåg skule har då 2 t/v til deling av klassar)
5 IKT-ansvarleg

 0.25 t pr klasse

Må skilja i teknisk hjelpebehov og pedagogisk rettleiing og tenkja bruken av ressursen ut frå behovet.Greia ut alternative modellar og innhald i tenesta i samarbeid med IKT-avdelinga Fjerna i budsjettframlegg 2003
6 Bibliotekansvarleg 1 t/v pr skule 
0.5 t /v 
pr 100 elev
Ordninga sikrar orden og oppfølging av system på biblioteket, som også er ope elles for elevar og tilsette. Fjerna i budsjettframlegg 2003

 

Satsingsområde for Sagvåg skule før og no:

Satsingsområde 2004

steg_fronr1.jpg (4807 bytes)

Trivsel & tryggleik

Skulen har utarbeidd eigen planen Trivsel og Tryggleik. Dette er eit sentralt satsingsområde for Sagvåg skulen i heile planperioden.
Det vert gjennomført trivselsundersøkingar ved skulen kvart skuleår.
I desember 2000 vart den reviderte utgåva av planen Trivsel og Tryggleik ved Sagvåg skule gjort klar.
Denne er omfattande og tek opp i seg dei innarbeidde rutinane me har ved Sagvåg skule på dette området. [LES MEIR]

Vurdering med fokus på basisfaga

Sagvåg skule har etter innføringa av L-97 i perioden 1997-2000 set fokus på kvalitetsutvikling i perioden 2000-2003. Dette arbeidet vert i 2004 ført vidare gjennom arbeidet med å utarbeida målark for faga  norsk, matematikk og engelsk.
I planperioden vert det også set fokus på vurdering i vid forstand. Planen for arbeidet er delt i to delar A. Skulebasert vurdering og B. Elevvurdering  [LES MEIR]

Ny Sagvåg skule

Når det no er klart for oppføring av ny Sagvåg skule Rukjen er det viktig at alt pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen tek omsyn til dette. På denne måten vil dei nye fysiske rammene bli utnytta frå første stund. Utsiktene for ny skule er sjølvsagt også eit stort pluss med tanke på motivasjonen for nytenking og utviklingsarbeid ved skulen vår fram mot skulestart 2005.

 

Omtale av dei tidlegare satsingsområda våre

Natur og miljø

Miljøplan for Sagvåg skule syner arbeidet som er gjort. Denne planen vert revidert kvart år og inneheld m.a. ei rettleiing for arbeidet i kvart klassesteg. Sagvåg skule har revidert planen og tilpassa han til Natur & Miljøfaget i L-97. Det er også lagt stor vekt på lokal tilpassing. [LES MEIR]

terpsikore.jpg (5491 bytes) Terpsikore

Med utgangspunkt i den kommunale planen vert det laga ein lokal plan for Terpsikore. Også denne planen knyter verksemda ved Sagvåg skule tett opp til L 97. Det er spesielt sett fokus på Musikk og Kunst & handverk. [LES MEIR]

webf1.jpg (5381 bytes) IKT og skulebiblioteket

Dei siste åra har Sagvåg skule sett fokus på IKT og skulebiblioteket. 
Datautstyr er dyrt, men med ei langsiktig satsing på innkjøp er me no oppe på eit akseptabelt nivå. Det er likevel slik at utstyret fort vert forelda, og ein kan lett tru at store mengder gamalt utstyr er greitt nok, men nye program og krav til rask Internett stiller store krav til datamaskinane. 
Skulebiblioteket fekk i samband med denne satsinga elektronisk utlånssystem og websøk for bøkene i biblioteket. [Test websøk her]  Ei satsing på skulebiblioteket er sjølvsagt også ei oppgradering av innkjøpsplan for bøker. Ved Sagvåg skule har me dei siste åre auka budsjettet for innkjøp av bøker til skulebiblioteket kraftig. 
LES MEIR: [IKT-planen]  [skulebiblioteket]

Verksemda 2004
þ'Knytt til dette kommunale satsingsområdet'  

Trivsel og tryggleik  Hovudmål for Stord kommune:
Me rustar oss for framtida. Aktivitet og trivsel for alle. Brukartilpassa og effektive tenester. Effektiv omstilling av næringslivet.
oDelmål A: Fysisk miljø, inne og ute
þDelmål B: Helsefremjande og førebyggjande tiltak
oDelmål C: Organisasjonsutvikling med vekt på samordning og kvalitetsutvikling
oDelmål D: Infrastruktur og samfunnsplanlegging
RESULTATMÅL INDIKATOR TILTAK

Elevane ved Sagvåg skule er trygge og trivest. [LES MEIR]

Visjonen vår:
Alle ved Sagvåg skule
 er trygge og trivest.
Me viser omsorg for-, 
og tek vare på kvarandre.
Miljøet er kreativt og 
inkluderande og gjev rom for sjølvstende.

Trivsels- undersøkinga viser at elevane trivest.

Lite fråvær grunna mistrivsel. 

Lite mobbing, hærverk.... 

Tiltaka i planen "Trivsel og tryggleik" vert sett ut i live. 

Fokus på: 
Læringsmiljøet til eleven 

  • utvikling av positivt læringsmiljø 
    + delt friminutt

  • førebygging og meistring av problemåtferdsamarbeid 

  • samarbeid mellom heim og skule 

  • samspelet mellom skule og lokalsamfunnet

Sagvåg skule har satsa på opplegget til Nasjonalforeningen for folkehelsen "Steg for Steg" [LES MEIR>>]
 

Evaluering januar 2005:
.....(kjem i jan-05)......

 

Vurdering
- med fokus på basisfaga 
 
Hovudmål for Stord kommune:
Me rustar oss for framtida. Aktivitet og trivsel for alle. Brukartilpassa og effektive tenester. Effektiv omstilling av næringslivet.
oDelmål A: Fysisk miljø, inne og ute
oDelmål B: Helsefremjande og førebyggjande tiltak
þDelmål C: Organisasjonsutvikling med vekt på samordning og kvalitetsutvikling
oDelmål D: Infrastruktur og samfunnsplanlegging
RESULTATMÅL INDIKATOR TILTAK
a) Arbeid med basisfaga matematikk, norsk og engelsk. Det vert utarbeidd  for desse faga a) Målarka er i bruk på alle klassesteg

Matematikk:
- Elevane oppnår betre resultat i faget
Norsk:
- Elevane oppnår betre resultat i faget
Engelsk:
- - Elevane oppnår betre resultat i faget

a) I løpet av våren 2004 er måla prøvd ut på alle klassesteg.
Matematikk:
- Samarbeid med Nysæter ungdomsskule om mattematikkopplæringa
[Sjå også matematikkens dag>>]
Norsk:
- Det er blitt utarbeidd MÅLARK for dette faget hausten 2003
[Les meir>>]
Engelsk:
- Det vert utarbeidd målark for faget våren 2004
b) Det vert søkt om midlar til utprøving av systematisk bruk av elevsamtale i samband med bruken av MÅLARK og kontaktlærar

b) Alle elevane ved skulen nyttar målarka som ein del av mappevurderinga. Dette vert knytt til utviklingssamtalar mellom elev og kontaktlærar,.

b) Dersom me får midlar til dette vert tiltakla gjennomført i full skala frå august 2004

Evaluering januar 2005:
.....(kjem i jan-05)......
Ny Sagvåg skule Hovudmål for Stord kommune:
Me hustar oss for framtida. Aktivitet og trivsel for alle. Brukartilpassa og effektive tenester. Effektiv omstilling av næringslivet.
þDelmål A: Fysisk miljø, inne og ute
þDelmål B: Helsefremjande og førebyggjande tiltak
þDelmål C: Organisasjonsutvikling med vekt på samordning og kvalitetsutvikling
þDelmål D: Infrastruktur og samfunnsplanlegging
RESULTATMÅL INDIKATOR TILTAK
2004 Del 5 
På nyåret 2004 tek det fysiske arbeidet til med ny skule i Rukjen. Målet er at skulen er klar til innflytting til skulestart 2005.  [LES MEIR]
Det generelle arbeidet med pedagogisk utviklingsarbeid tek omsyn til at me hausten 2005 er inne i ny skule Utviklingsarbeidet ved Sagvåg skule ber preg av at den nye skulen er klar i 2005
Evaluering januar 2005:
.....(kjem i jan-05)......
Tilbakeblikk på dette resultatområdet:
2000 Del 1 
Dette er eit prosjekt som set fokus på dei fysiske tilhøva inne og ute i ein moderne skule. 
(Finansiert med "søylemidler" i 2000)
Personalet ved Sagvåg skule vert inspirerte til å tenkja nytt med tanke på dei moglegheitene som ligg i ein ny skule. Ekskursjonar på Stord, til Bømlo, Bergen og Haugesund/Karmøy 
Evaluering februar 2001:
Dette vart gjennomført etter planen. Les meir>>
2001 Del 2 
a)
Ny organiseringa av skuledagen [LES MEIR]
b) Det pedagogiske personalet ved Sagvåg skule får høve til å vera med i utforminga av den nye skule i Rukjen. [LES MEIR]
c) Gjennomføring av forsøk med auka fleksibilitet i  SFO-tibodet [LES MEIR]
a) Utprøving av fleksitid etter "Sagvåg-modellen"
b) Møte med dei ulike partane i arbeidet våren 2001 og skuleåret 2001/02
c) Elevane og foreldra får eit betre SFO-tilbod
a) Forsøk med forprosjekt våren 2001 og hovudprosjekt skuleåret 2001/02
b) Samarbeid med bygg & eigedom og arkitekt om utforminga av den nye skulen i Rukjen
c) Tiltaket ver gjennomført skuleåret 2001/02
Evaluering februar 2002:
a) Desse tiltaka vert gjennomført. Les meir>> Sjå også brukarundersøking HER>>
b) Pr. februar 2002 har ikkje det pedagogiske personalet ved Sagvåg skule blitt tekne med på råd i samband med ny skule. 
Dette er oversakande og  skuffande
2002 Del 3 
a)
Den nye organiseringa av skuledagen vert evaluert. Rundt årsskiftet 2001/02 vert det avgjort om me skal søkja om å få hald fram med forsøket skuleåret 2002/03 [LES MEIR]
b) Det pedagogiske personalet ved Sagvåg skule får høve til å vera med i utforminga av den nye skule i Rukjen etter at juryen ha
r bestemt kva skule som skal byggjast. [LES MEIR]
c) Forsøket  med auka fleksibilitet i  SFO-ti
lbodet vert avslutta. Kan bli gjennomført som fast ordning. [LES MEIR]
a) Utprøving av fleksitid etter "Sagvåg-modellen" vert evaluert.
b) Arbeidet  arbeidsgruppa, "byggjenemnda" bør ta til våren 2002.
c) Elevane og foreldra får eit betre SFO-tilbod
a) Forsøk vert gjennomført skuleåret 2001/02. Kanskje vert dit ført vidare for 2002/03.....
b) Byggjenemnda gjennomfører møte om den nye skulen.
c) Forsøket 2001/02 ver vert gjort permanente.
Evaluering februar 2003:
a) Les førebels rapport HER>>. Det vert laga endeleg rapport etter skuleslutt 2003>>
b) Sjølv om dei tilsette ved skulen og rektor hadde ønska større grad av gjennomslag med tanke på korleis skulen bør sjå ut, har skuleleiing og rektor blitt tekne med på råd. Les meir om vegen mot ny skule HER>>
c) Forsøket vart avslutta sommaren 2002
2003 Del 4 
a)
Organisering av skuledagen vert evaluert. Det vart avgjort at me ikkje skal søkja om å få halda fram med forsøket  2003/04. 
På mellomsteget er likevel håpet at det vert gjeve rom for ei fleksibel organisering av skuledagen etter at den nye arbeidstidsavtalen til lærarane er ferdigforhandla på vårparten 2003.  [LES MEIR]
b) Det pedagogiske personalet ved Sagvåg skule fekk hausten 2002 høve til å uttala seg om planane for ny skule i Rukjen. [LES MEIR]
c) (Forsøket  med auka fleksibilitet i  SFO-ti
lbodet er avslutta.)
a) Utprøving av fleksitid etter "Sagvåg-modellen" vert evaluert.
b) Arbeidet  i plangruppa går mot slutten.
c) (Forsøket  med auka fleksibilitet i  SFO-tilbodet er avslutta.)
a) Forsøk vert gjennomført skuleåret 2002/03. Det vert avgjort seinare om forsøket held fram 2003/04
b) Kjell Nesbø kallar inntil møta.
c) (Forsøket  med auka fleksibilitet i  SFO-ti
lbodet er avslutta.)
Evaluering januar 2004:
.....(kjem i jan-04)......

Oversikt over planarbeid ved skulen Sjå heimesida til skulen>>