Vekeoppdraget 2012/13 Vekeoppdraga 2011/12

Fredag 26.april 2013 Forslag frå elevane til gode vekeoppdrag våren 2013
(Forslag som me har brukt til no våren 2013)

1.klasse

  • Ha med sunn mat på skulen
  • Gjera fint skulearbeid.
  • Vera ein god ven.

2.klasse

  • Sunn matpakke
  • Me må ikkje plaga andre
  • Me må ikkje kasta boss ute

3.klasse

  • Et sunn mat
  • Hald orden
  • Ikkje snakk utan at du har fått ordet

4.klasse

  • Aktivitetsveke
  • Me held orden på toalettet – trekk i snora og tørkar opp etter oss
  • Inne og utestemme

5.klasse

  • Vera flinke til å inkludera alle i leik på tvers av klassar
    (i friminutta).
  • Rydde pulten etter kvar undervisningsøkt.

6.klasse

  • Aktivitetsveke på tvers av klassane
  • Leikelotto - trekkje ein leikeaktivitet (for klassen) kvart storefri.
  • Passa på og ta vare på tinga ved skulen - dvs ikkje teikna på pultar, stolar o.l
  • Passa på at alle har nokon å vera med.

7.klasse

  • Me skal snakka fint til og om kvarandre og ikkje bruka stygge kraftuttrykk.
  • Me ønskjer ei aktivitetsveke. Då vil me gjerne vera med å laga til.
  • Me skal tenkja på at alle må ha nokon å vera saman med.

Sos.l.

  • FairPlay
  • Glede
  • BlimedX2
Vekesamling
Fredag 26.april 2013

Fredagen starta med vekesamling. Oppdraget om å høyra etter når andre snakkar vart vurdert og me fekk nytt oppdrag. Dette handlar om å hekpe til å halde skuleplassen, og området rundt, reint og fint. Me finn litt for mange mjølkekartongar og fruktrestar ute.
Tekst:Lars Bakka Foto: Åshild Giving


Fredag 19.april 2013

Vekesamling med våre eigne artistar
Fredag 19.april 2013
 
Fredag starta me dagen med vekesamling. Det er ingen grunn til å reisa til Oslo på konsert når me har så mange flinke artistar på skulen vår. I dag var det Hannah Mathea og Synne som gav oss underhaldninga. Etter ei veke me oppdrag om kjekke aktivitetar ute er det no tid for ein ny runde med:

Tekst & foto: Lars Bakka
Fredag 12.april 2013

Flotte artistar og publikum i vekesamling
Fredag 12.april 2013


Det er ikkje farleg å vera artist på Sagvåg skule når publikum er flinke til å støtta dei som står framme på scenen. I dag vart det både trompetkonsert og danseframsyning før me gjekk gjennom veka som gjekk og la ein plan for neste veke. Det vert m.a. opna for at elevar i 1.-4.klasse også skal få lov til å bruka skaterampen i friminutta! Vekeoppdraget frå denne veka held fram ei veke til.

Tekst og foto: Lars Bakka
Fredag 5.april 2013
 

Musikalsk vekesamling
Fredag 5.april 2013

 
Det var vinnarane av instrumetal-klassen i MGP 2013, Hallvard og Sølve, som gav oss ei musikkoppleving i vekesaminga i dag. Deretter var de evaluering av veka som gjekk og nytt oppdrag for den neste veka.
Oppdraget denne veka har vore "Høyr etter når andre snakkar". Det var 7.klasse som var flinkast til det.
Neste veke er oppdraget "Ei aktiv og kjekk veke". Alle elevane fekk kvar sin jo-jo, og leikekassar med nokre nye uteleikar vert det no i alle klassane!



Tekst & foto: Lars Bakka
Fredag 22.mars 2013


Fredag 14.mars 2013


Konsert for full sal
Fredag 15.mars 2013

Vilde og Håvard akkompagnerte oss under allsongen på vekesamlinga i dag. To flinke gitaristar og eit flott konsertpublikum på over 180 vaksne og elevar. Her kan du lesa meir om det neste vekeoppdraget


Tekst & foto: Lars Bakka
Fredag 8.mars 2013

Fredags-show på Sagvåg skule
Fredag 8.mars 2013
Ein heilt vanleg fredag med vekesamling på Sagvåg skule, likevel får elevane oppleva både danseframsyningar og musikalske innslag. Elevene er flinke artistar og eit godt publikum!
Vekeoppdraget med kjekke aktivitetar i friminutta held fram også neste veke.
Flott om alle øver på "Jeg snører min sekk" til neste fredag!

Tekst & foto: Lars Bakka


Fredag 22.februar 2013


Vekesamling med fløytespel
Fredag 22.februar 2013

I den siste vekesamlinga før vinterferien var det Evelina i 1.klase som stod for kulturinnslaget med ein fin liten melodi på blokkfløyte. Elevane hadde vore flinke til å hjelpe til med å halde orden i garderobane i veka som gjekk, og flinkast var 1. og 2.klasse som begge fekk terningkast 6!
I den første veka etter vinterferien er det godt leikelag i friminutta som er tema.

 God vinterferie til alle!



Tekst & foto: Lars Bakka
Torsdag 15.februar 2013

Enkelt vekeoppdrag?
Fredag 15.februar 2013
I den siste veka før vinterferien handlar vekeoppdraget rett og slett om å hjelpe vaskarane slik at det vert lettare å halda garderoben rein. Me set skoa i skohylla vår!

Tekst & foto: Lars Bakka
Takk til Eline for flott konsert!!
 
4.februar til 15.februar
Fredag 25.januar 2013
Den andre veka med oppdraget
Fredag 18.januar 2013

Vekesamling og nytt oppdrag
Fredag 18.januar 2013

Veka vart som vanleg avslutta med samling i amfiet med evaluering av veka som gjekk, og presentasjon av nytt vekeoppdrag. I neste veke har me framleis fokus på god handhygiene i desse influensatider. Me hjelper også til med å halda dei fine toaletta våre reine og fine slik at det ikkje er nokon av dei 170 elevane som kvir seg for å gå på do.


Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje
Fredag 3.januar 2013
 (Vekeoppdraget om sunn matpakke held fram.) 
Måndag 3.januar 2013
Sunn mat over heile linja!
Onsdag 9.januar 2013

Denne veka har me hatt sunn matpakke som vekeoppdrag og då synes me at me måtte fylgja dette opp i mat og helse.
Tema var sunn mat og energi. Ikkje alle ingrediensane er sunne, men i kombinasjon med andre ingrediensar, lærte me at dette gjev oss god energi.
Menyen bestod av sandwich, milkshake (av mjølk og bringebær) og gulrot + dip!

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Desember 
 Me har ikkje vekeoppdrag i desember 
30.november 2012
 Forslag frå elevane til gode vekeoppdrag våren 2013
(Forslag som me har brukt til no våren 2013)

1.klasse

  • Ha med sunn mat på skulen
  • Gjera fint skulearbeid.
  • Vera ein god ven.

2.klasse

  • Sunn matpakke
  • Me må ikkje plaga andre
  • Me må ikkje kasta boss ute

3.klasse

  • Et sunn mat
  • Hald orden
  • Ikkje snakk utan at du har fått ordet

4.klasse

  • Aktivitetsveke
  • Me held orden på toalettet – trekk i snora og tørkar opp etter oss
  • Inne og utestemme

5.klasse

  • Vera flinke til å inkludera alle i leik på tvers av klassar
    (i friminutta).
  • Leikelotto - trekkje ein leikeaktivitet (for klassen) kvart storefri.
  • Rydde pulten etter kvar undervisningsøkt.

6.klasse

  • Aktivitetsveke på tvers av klassane
  • Passa på og ta vare på tinga ved skulen - dvs ikkje teikna på pultar, stolar o.l
  • Passa på at alle har nokon å vera med.

7.klasse

  • Me skal snakka fint til og om kvarandre og ikkje bruka stygge kraftuttrykk.
  • Me ønskjer ei aktivitetsveke. Då vil me gjerne vera med å laga til.
  • Me skal tenkja på at alle må ha nokon å vera saman med.
 23.november 2012 


Ukulele,song og tuba i samlinga i dag

 Fredag 23.november 2012


Flinke elevar gav oss ei musikalsk innleiing på vekesamlinga også i dag. Me har hatt to veker med oppdraget Hemmeleg ven. I neste veke skal klassane  komma fram til tre gode oppdrag for våren 2013.

 Tekst & foto Lars Bakka

16.november 2012


Vekesamling med trommesolo
Fredag 16.november 2012

Tommy gav oss ein flott trommesolo i amfiet på vekesamlinga i dag. I veka som gjekk har elevane arbeidd med "Hemmeleg ven". Dette oppdraget held fram også den neste veke.
Les meir om vekesamlingane og vekeoppdraga her>>

Tekst & foto: Lars Bakka
 
12.november 2012 (Måndag)
På måndag fekk klassane nytt oppdrag. Oppdraget denne veka er "Hemmeleg ven" Det vert vurdering og treningkast på fradag.
2.november 2012
 

Heile skulen dansa!
Fredag 2.november 2012

I dag var heile skulen med på Blime-dansen ute på skuleplassen. Vekeoppdraget var å øva på dansen. Biletet over er frå filmen som me laga.

Resultatet for alle klassane var terninglast:


Her er kan du sjå heile filmen:(Filmen i høgare oppløysing)iPad-versjon

Tekst & foto: Lars Bakka
 
26.oktober 2012 

Fredagssamling

Fredag 26.oktober 2012

På fredagssamlinga i dag framførte "Politimester Bastian" songen sin for oss. Både 4. og 5. klasse er no godt i gong med øving til Egner-forestillinga 5. desember. Etterpå dansa alle elevane (og nesten alle vaksne) BlimE-dansen saman i gymsalen. Alle hadde øvd godt på dansen denne veka, og neste veke skal me øva enno meir!
Har du lyst å øva heime finn du dansen her:
Blime!
Tekst: Jenny S. Skjønberg, Foto: Egil Petterteig
 
19.oktober 2012

Vekesamling
Fredag 19.oktober 2012

Det var Eva i 2.klasse som gav oss ein fin liten pianokonsert på vekesamlinga i dag.
Dei neste vekene vert det Blime-veker. Du kan øva deg på dansen her>>


12.oktober 2012

Haustferie
5.oktober 2012 

Vekesamling
Fredag 5.oktober 2012

I dag var det tid for den siste vekesamlinga før haustferien. I veka som gjekk har me snakka om kva som er viktig på Sagvåg skulen. For elevane er gode vener noko av det alle viktigaste.  Dette gjeld i alle klassane.
Det var Eline i 3.klasse som spelte for oss i dag.



Tekst & foto: Lars Bakka
 28.september 2012 
 
F
iolinkonsert avslutta veka på Sagvåg skule

Fredag 28.september 2012

Ingeborg i 3.klasse gav oss ein fin lite konsert på vekesamlinga i dag. Vekeoppdraget med fokus på refleksbruk vart avslutta, men oppmodinga om bruk av refleks står fast!
I det nye oppdraget skulle alle elevane skrive tre ord om kva Sagvåg skule er for dei. Alle orda vert samla på store ark. Slik for me vite kva som er viktig for elevane. Her er arket frå ein av klassane. Jo større orda er jo fleire elevar har skrive dei.

Tekst & bilete: Lars Bakka

 14.september 2012 


Vekseamling
Fredag 14.september 2012
 
Også i dag vart vekesamlinga innleia med ein fin liten konsert. I dag var det Haakon i 3.klasse som imponerte oss på chello. Han vart også akkompagnert av mamma Tone på piano. 
Nytt vekeoppdrag heiter BRUK REFLEKS!
 7.september 2012 

Minikonsert & vekeoppdrag
Fredag 7.september 2012

Også denne fredagen var det vekesamling i amfiet for heile skulen. Mariell innleia med ein fin liten minikonsert før me vurderte veka som har godt. Det viste seg at klassane hadde arbeidd godt med vekeoppdraget. Også neste veke fokuserer me på godt skulearbeid heime og på skulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

 

 31.august 2012 


Nytt vekeoppdrag
Fredag 31.august 2012

Etter ein fin pianokonsert med Casper så gjekk me over til vekeoppdraget. I denne veka har elevane vurdert leikeapparata ute. Det var "sykkelrampen", pyramiden og fuglereir-reia som fekk "best i test" med terninkast 6.

Det neste vekeoppdragat handlar om GOD ARBEID. Elevane skal diskutera kva som er godt arbeid og elevane skal visa at dei kan gjere godt arbeid heime og på skulen.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 Veksesmling 24.august 2012


Vekesamling
Fredag 24.august 2012

Flinke elevar frå 1. til 7.klasse presenterte trivselsreglane ved Sagvåg skule og sa noko om kva dei tyder. ALLE klassane fekk terninkast 6 for jobben!
I det neste vekeoppdraget skal elevane ut og vurdera dei ulike leikeapparata me har ved Sagvåg skule. Elevane i 5.-7.klasse skal også tilsetje nye trivselsleiarar og etablera nye rutinar for fordelinga av utstyret me har.

   Vurderingsskjema for leikeapparat

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

 
 Veksesmling 17.august 2012
 


Første vekeoppdrag
Fredag17.august 2012

Det første vekeoppdraget handlar om at alle klassane skal studera reglane på Sagvåg skule og lesa Visjonen vår. Her finn de visjonen og reglan

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig