Vekeoppdraget våren 2012

Veke 25 Samling Fredag 15.juni
 
Veke 24 Samling Fredag 8.juni
Veke 23 Samling Torsdag 31.mai

1.klasse:
- Me brukar låg stemme når me er inne

2.klasse:
- Me går roleg frå slangen til arbeidsplassen. /Me går roleg frå arbeidsplassen til slangen.

3.klasse:
- Me går roleg når me byter plass

4.klasse:
- Me skal rekkje opp handa når me skal seia noko.

5.klasse:

•Læraren slepp å gje meir enn ein beskjed
•Ikkje snakka høgt når me et
•Gå fint i gongane
•Me er greie med kvarandre og alle får vera med i leik og arbeid.

6.klasse:
- Kaste boss i bossbøttene.   Innfart inne.   Rett stad til rett tid.

7.klasse:
- Me får ei kjekk veke på leirskule


Vekesamling
Fredag 1.juni 2012

Det var eit orkester med 12 musikantar som stor for kulturinnslaget på vekesamlinga på torsdag. Det er kjekt å sjå kor mange elevar som klarer å handtere så mange ulike instrument  
Vekeoppdraget neste veke heiter "Vårt vekeoppdrag". Kvar klasse skal då laga eit oppdrag som passar for klassen. 7.klasse har eit oppdrag som må passa perfekt: "Me får ei fin veke på leirskule!"

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Veke 22 Samling Fredag 25.mai


Fiolinkonsert og vekeslutt
Fredag 25.mai 2012

Det er blitt ein fin tradisjon å avslutta veka i amfiet med eit kulturinnslag og evaluering av veka som har gått og nytt vekeoppdrag. I dag var det Mariell som spelte for oss.
Vekeoppdraget om kjekke friminutt held fram i neste veke.

Tekst & foto: Lars Bakka

 
Veke 21 Samling Onsdag 16.mai
Nytt oppdrag for perioden 21.-25.mai:
Veke 20 Samling Fredag 11.mai

Danseshow og vekeoppdrag
Fredag 11.mai 2012

Flinke jenter i 7.klasse framførte flott danseshow under veksesamlinga i dag. Det viste seg at mange av klassane ikkje fekk så mange poeng for  vekeoppdraget 'Høyr etter når andre snakkar'. Oppdraget held fram neste veke og kanskje stig poengsummen då!

Tekst & foto: Lars Bakka

Veke 19 Samling Fredag 4.mai

Veke 18 Samling Fredag 27.april

Vekeoppdrag og konsert
Fredag 27.april 2012

Det var Eva i 1.klasse som stod for kulturinnslaget på vekesamlinga i dag. Det vart ein fin minikonsert. Elles har klassane jobba godt med oppdraget "på rett plass til rett tid". I neste veke er det berre tre skuledagar. Oppdraget held difor fram desse tre dagane.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Veke 17 Samling Fredag 20.april

Vekesamling
Fredag 20.april 2012

Det var Håvard i 6.klasse som hadde minikonsert for oss i vekesamlinga i dag. Menge av klassane hadde gjort det svært godt i vekeoppdraget om lekse og det vart delt ut heile tre 6-arar! Det neste vekeoppdraget handlar om å vera presis. Det er m.a. slik at elevane som ikkje her tilbod om SFO ikkje bør vera på skulen før 08.15 om morgonen då dei ikkje har tilsyn før den tida. Elevane bør difor komma til skulen mellom 08.15 og før det ringer inn 08.30

Tekst: Lars Bakka Foto: Turid Gjellestad

 

Oppdrag frå 5.klasse:

Me leverer leksene inn til rett tid.

 

Veke 15 Samling Fredag 13.april


 

Konsert med 5.klasse
Fredag 13.mars 2012

Det var 5.klasse som innleia fredagssamlinga i dag med ein flott konsert med mange gitarar og mange keyboards.
Det neste vekeoppdraget er ein ynskjereprise av det oppdraget som 5.klasse laga før jul: 'Me leverer leksa til rett tid!'
 

Tekst & foto: Lars Bakka


 Påskeferie veke 14
(2/4-9/4)
 

Veke 13 Samling Fredag 29.mars

   

Veke 12 Samling Fredag 23.mars

Vekeoppdraget: Vårpuss!  -me ryddar ute  del2

!

Ryddekart 19.-23.mars

Veke 11 Samling Fredag 16.mars

Vekeoppdraget: Vårpuss! -me ryddar ute!
     
 

Vekeoppdraget

Alle elevane ved Sagvåg skule er i full gang med vekeoppdraget. Denne veka er det vårpuss i uteområdet som står i fokus.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Katrine Tjøsvoll Amundsen

Veke 10 Samling Fredag 9.mars
5.-9.mars 2012
Oppdrag frå 3.klasse: Dei vaksne må sleppa å gje meir enn ein beskjed


Vinterferie veke 9
(27/2-2/3)
 

Veke 9 Samling Fredag 24.februar (Samling før vinterferien)

Vekesamling
Fredag 24.februar 2012

Me avslutta siste veka før vinterferien med  luftige svev frå dansarar i 7.klasse og fin fiolinkonsert med Jenny og Elena frå 1.klasse. Elevane ved Sagvåg skule har hatt ei god arbeidsøkt mellom jul og vinterferie med fokus på fag og på vekeoppdraga som skal bidra til å gjera skulen vår endå betre.

Tekst & foto: Lars Bakka

Veke 8 Samling Fredag 17.februar

20.-24.februar 2012
Oppdrag frå 3.klasse:
Dei vaksne må sleppa å gje meir enn ein beskjed

Flinke artistar
Fredag 17.februar 2012

Ny fredag og nytt vekeoppdrag. Den neste veka har me fokus på å høyra etter når beskjedar vert gitt. Det er elevane i 3.klasse som har laga oppdraget denne gongen.
Også denne fredagen hadde me flinke artistar på scenen. Her er det Amalie i 3.klasse som spelte keyboard.

Tekst & foto: Lars Bakka

Veke 7 Samling Fredag 10.februar

13.-17.februar 2012
Oppdrag frå 4.klasse: Vaska hendene før mat

Vekesamling
Fredag 10.februar 2012

Mathilde i 3.klasse var solisten vår under vekesamlinga i dag. Det er alltid like kjekt når samlinga vert innleia med eit musikkinnslag.
Elles lar me vekeoppdraget om handvask før me et gå ei veke til.
Mediaoppslaga tyder på at den årlege influensa er på veg. God handhygiene er eit godt tiltak mot smitte. Dei fleste klassane hadde vore nøye med dette i veka om gjekk.

Tekst & foto: Lars Bakka

Veke 6 Samling Torsdag 2.februar

6.-10.februar 2012
Oppdrag frå 4.klasse:
Vaska hendene før mat

Nytt vekeoppdrag
Torsdag 2.februar 2012

Denne gongen var det elevane i 4.klasse som hadde laga det nye vekeoppdraget. I desse tider med mange forkjølte elevar og vaksne er det viktig med god handhygiene. Oppdraget er: Me vaskar hendene før mat!  

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Veke 5 Samling Fredag 27.januar

30.januar-3.februar 2012
Oppdrag frå 5.klasse: Me leverer leksene inn til rett tid.(Kjem igjen!)

Jone kan spela ukulele
Fredag 27.januar 2012

Det var Jone som stod for det musikalske innslaget på vekesamlinga ved Sagvåg skule i dag. Han er ein flott musikant som viste oss at han også kan spela ukulele.
 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Veke 4 Samling Fredag 20.januar

23.-28.januar 2012Oppdrag frå 6.klasse

Veke 3 Fredag 13.januar

 BlimE-veke

Les meir>>  BlimE-songen>>

Glimt få samlinga 13.januar:

 

Veke 2 Fredag 6.januar

Vis respekt del 2

Veke 1 Tysdag 3.januar

Godt nytt år og ny start med nye vekeoppdrag!
Tysdag 3.januar 2012

Det nye året starta me nyttårshelsing og nytt vekeoppdrag. Denne gongen er det 7. klasse som står bak forslaget til vekeoppdrag som handlar om å ha respekt for kvarandre. Takk til 7. klase for godt og viktig forslag.

Tekst:Hildegunn S. Heimro

J u l e f e r i e

Måndag 19.desember2011


Siste vekeoppdraget i 2011

Måndag 19.desember 2011

Det siste vekeoppdraget me fekk frå rektor var å koma med gode forslag til vekeoppdrag i 2012. Alle klassane hadde minst 6 forslag og alle klassane fekk terningkast 6 for gode forslag :-)

No ser me fram til juleferie og startar friskt opp med nye gode vekeoppdrag i 2012.Premie for god innsats var ein kakemann til alle. Den smaka godt! Tusen takk til dei flinke elevane våre for fin julemusikk på fiolin og piano :-)

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Ein kakemann til kvar elev
Måndag 19.desember 2011

Alle elevane fekk ein julemann i gåve frå skulen for godt gjennomførte vekeoppdrag etter haustferien. Kva veke har elevane fått oppdrag som skal bidra til å gjere Sagvåg skule til ein betre skule. Det var elevane i 5.klasse som hadde vore aller flinkast og fått best terningkast med 5,6 i snitt sidan haustferien!

Tekst & foto: Lars Bakka 

Måndag 12.desember 2011
Nytt vekeoppdrag:
- Kva klasse skal laga seks forslag til Vekeoppdrag for våren 2012.
Måndag 5.desember 2011

Del 2

 

Lett å gløyma....
Vekeoppdraget førre veke handla om å ikkje gløyma. Det er ikkje alltid like enkelt og denne gongen trilla ikkje terningen så høgt som den pleier. Alle klassane må difor prøva å bli flinkare til å hugsa og same vekeoppdrag held fram ei veke til.
 
Takk til den flinke baritonisten som opna samlinga med ein fin julesong:-)
 
Tekst: Hildegunn HemroFoto: Åshild Giving

Frå samlinga 5.desember

Måndag 28.november2011


garderobane.... orden...
ransel... bøker... lekser...

 

Vekeoppdrag 28/11-2/12-
Måndag 28.november 2011

Har du hugsa å ikkje gløyma....
Vekeoppdraget denne veka handlar om å ikkje gløyma saker og ting. Hugsa å ta med seg bøker heim og på skulen, hugsa å rydda etter seg, hugsa å gjera og levera inn lekser osv...
Vekeoppdraget frå førre veke om sunn matpakke har no gått over to veker. I dag fekk elevane vita terninkastet for sin klasse og terningen trilla høgt denne veka. Dei fleste klassane fekk terningkast 6 for sunn og god matpakke:-)

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

 

Fredag 18.november 2011

Nytt oppdrag:
Matpakken del 2
Måndag 14.november 2011

Nytt oppdrag:
Matpakken
Fredag 4.november 2011

 BlimE
Vekeoppdraget for neste veke er å BlimE! Du kan bestilla BlimE-band her>> 

Bilete av flott kor og solistar du finn du her

Refleksveka var ein stor suksess med terningkast 5 til alle klassane og terningkast 6 til 4.klasse!!! GRATULERET!!
 

Fredag 28.oktober 2011
 Nytt oppdrag (Forslag): Bruk refleks!

Fredagssamling!
Fredag 27.oktober 2011

Denne veka hadde me òg terningkast på inne-og utestemme. Alle klassane bestod og har tenkt gjennom at det er viktig å kva stemme me nyttar ute og og korleis me snakkar inne.

Neste vekeoppdrag handlar om å bruka refleks!
Rektor meinar at dei som nyttar refleks er kule..... ;-) Heng deg på og ver kul du òg!

Takk til korpsmusikantane for musikalsk innslag

Tekst & Foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 

Måndag  24.oktober 2011

Innestemme/utestemme Del 1

Fredag 14.oktober 2011


H a u s t f e r i e
 

Fredag 7.oktober2011

 

Siste fredagssamling før haustferien
Fredag 7.oktober 2011

I dag var det samling i amfiet og resultat frå vekeoppdraget 'På rett stad til rett tid' vart offentleggjort. Klassane hadde gjort ein flott jobb med oppdraget. Frå sommarferien fram til haustferien har alle klassane fokusert på nye vekeoppdrag. Som takk for innsatsen fekk alle elevane pølse i brød den siste dagen før haustferien.
Fleire bilete her>>

Nytt oppdrag kjem måndag etter haustferien.
Kva trur du det handlar om??

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Fredag 1.oktober2011

Rett stad til rett tid
Fredag 30.september 2011

Neste vekeoppdrag heiter 'Rett stad til rett tid'. Då handlar det om å vera presis og klar til undervisning for elevar og dei vaksne. Den siste veka før haustferien set då fokus på å komma i rett tid til skulen, inn frå friminutt til rett tid og om å ta del i undervisninga og dei ulike aktivitetane på skulen på ein god måte.For vekeoppdraget 'Hemmeleg ven' var det mange flotter 4-arar og 5-arar til klassane.  Du finn tidlegare vekeoppdrag her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn Heimro

Fredag 23.september 2011

Hemmeleg ven del 2

Fredag 16.september 2011

Hemmeleg ven del 1

Måndag 9.september 2011

Fredagssamling på skulen!
Fredag 9.september 2011

I dag hadde me igjen fredagssamling for heile skulen. Samlinga starta med eit musikalsk innslag. I dag var det fine tonar på fiolin. Deretter fekk alle klassane vita kor godt dei har jobba med vekeoppdraget "Me er snille med kvarandre og alle får vera med å leika og me snakkar fint til kvarandre".

Dette vil heile tida vera i fokus i tillegg til eit nytt vekeoppdrag: Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar ol. er unnateke. Alle klassane må ta med kart og gå ein runde rundt skuleområdet slik at alle veit kvar det er lov å opphalda seg.

Takk til fiolinisten vår :-) Kjekt at enkeltelevar torer å stilla opp! Har du lyst?

Tekst og foto: Hildegunn Heimro

Fredag 2.september 2011

 Fredagssamling om mobbing
  Fredag 2.september 2011

Kvar fredag har heile skulen ei samling frå kl. 10.30 - 10.45
Der er det skulen sin Visjon som er tema og me jobbar systematisk med ulike mål for at alle skal trivast og ha eit godt læringsmiljø på skulen. Neste veke er det nasjonal mobbekampanje og difor er målet for veka: Me er snille med kvarandre, alle får vera med å leika og me snakkar fint til kvarandre!

Samlingane har starta me eit musikalsk innslag og denne gongen var det trommesolo. Takk for spoty innsats!  Meir info om kampanjen mot digital mobbing>>

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

Fredag 26.august 2011

Søppelplukk til terningkast 6!
  Fredag 19.august 2011

Det var elevane i 5. og 6.klasse sin tur til å plukka søppel i dag. Det passa kjempebra då vekeoppdraget til alle born og vaksne ved Sagvåg skule er trivselsregel nr 2:

Me er med på å halda skulen rein og fin. Me tek vare på alt det fine me har inne og ute.

Om dette vert nok til terningkast 6 vil resten av veka vise. På fredagssamlinga 2.september får klassane svaret.

Fleire bilete på sida til 5. og 6.kl

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Fredag 26.august 2011

Første vekeoppdrag:

Visjon 

 

 

Vår visjon er at
alle ved Sagvåg skule, er trygge,
trivst og får utvikla seg i et godt læringsmiljø.

Me er greie med kvarandre, alle får vera med å leika.
Me snakkar fint om kvarandre og til kvarandre.

 

Oppdrag frå 1.klasse: Me må setja opp stolane når me går heim. (Vert gjeve før vinterferien)
Oppdrag frå 2.klasse: Ingen får lov til å avbryta når andre snakkar

Heimearbeid/innlevering

Gym, bøker, mat, Eg har gløymt!! Har hugsa!