Utstyr i utearealet 

Planen for utearealet>>[2,7MB]

Fotorunde og tilsyn  21.november 2017
Ballbingen Skaterampen
Status:
+
Vart måla sommaren 2017 av oss (Bygg & eigdom betalte måling)
- Rotne bord er ikkje blitt skifta. )Meldt inn august 2017)
Status:
+
Vart måla sommaren 2017 av oss (Bygg & eigdom betalte måling)
+ Nye plater vart lagt på av oss (Platene betalt av Bygg & eigedom)
 
Pyramide  Smash-ballar 
Status:
+
Me har sjølve kjøpt eitt nytt wire -tau og sett i nye skruar når det trengs
Status:
+ Ser til at dei står greitt og har ballar 
   
Bordtennisbord  Banansklie 1 
Status:
+ Me held elevane med rackertar og ballar
Status:
+ Treng ikkje vedlikhald
   
  Banansklie 2   1.)Soppgruopppe (3stk) 
Status:
+ Treng ikkje vedlikehald
Status:
+ Ser greie ut
   
2.) Soppgruppe (2stk)  "Øyhopping" 
Status:
+ Ser greie ut
- Ein er teken inn dpå han var laus
Status:
+ Ser greitt ut.. Fyller i ssand når det trengs.
- Grøfta med pallar ved banen bør reinskast
   
Tunell  Klatrestativ 
Status:
+ Ser grei ut
Status:
+ Ser grei ut
   
Nettstativ  3.) Suppgruppe (3stk)
Status:
+ Ser grei ut
Status:
+ Ser grei ut
   
4.) Soppgruppe (3 stk)  Ballanseapparat
Status:
+ Ser grei ut
Status:
+ Ser grei ut
   
Rutsjebane  Kinareile 
Status:
+ Ser grei ut
- Kan godt legje matter heilt it til kanten av bassenget. (Me har slike nmatter)
Status:
+ Ser gre ut
- Kan legga matter i bassenget. (Me har matter)
   
Sandkasse  Vippe 
Status:
+ Me laga denne ny august 2016 då den frå 2006 var roten
 
Status:
+ Ser grei ut
   
1) Ballansebord  2.) Ballansebord (2 stk)
Status:
+ Ser grei ut
Status:
+ Ser grei ut
- Det eine bordet er delt og plata bør bytast
   
Ballansestokk  Sklie 
Status:
+ Ser grei ut
Status:
+ Ser grei ut
Uteamfi
(Uteamfiet er iikkje eit leikeapparat, men vert nytta i leik og treng vedlikehald og tilsyn på lik linge mad andre leikeapparat)
Status:
+ Var nytt vinteren 2017. Har til no berre hatt tilsyn og reinhald (Les meir om uteamfiet vårt>>)
Bilete frå 2009
Flytta sandkassen?

Flott klatrevegg
Publisert: Måndag 9.november kl 16:00

I dag var dei første 50 grepa på plass i klatreveggen. På tysdag ettermiddag vert det montert 50 nye og då er veggen heilt ferdig.

Tekst & foto: Lars Bakka

PS! Denne klatreveggen vart demontert våren 2017 då han var lite i bruk, og underlagsmattene vart øydelagt i samband med slamtøming i kommane

 

DAG 16: Måndag 2.november 2009

Klatrepyramiden er open
Publisert: Måndag 2.novemberkl 12:50

I dag opna klatrepyramiden. Då er alle leikeapparata, med unnatak av klatreveggen, klare til bruk. Klatrepyramiden var ein stor suksess! Følg arbeidet med uteområdet her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

DAG 15: Laurdag 31.oktober 2009

Fin veg opp til sklia
Publisert: Laurdag 31.oktober kl 17:00

I dag er det blitt laga til ein sandbakke som skal gjere det lettare å ta seg opp til den store sklia. Fjellveggen ved garderoben til mellomsteget er også reingjort, så no er alt klart for montering av klatregrep. Når du kjem på skulen på måndag kjem også klatrepyramiden til å vera klar til bruk!  Følg arbeidet med uteområdet her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

DAG 14: Fredag 30.oktober 2009



 

DAG 13: Torsdag 29.oktober 2009

I dag opna bananskliene
Publisert: Torsdag 29.oktober kl 14:30

I dag opna bananskliene. Det vert nok endå betre fart på dei ein regnftung dag med regnbukser, men dei fungerte i dag og.
Den store rutsjebanen kan godt få ein liten pause til det har komme sand der me går inn til han. Slik det er no er det mykje mold og skit rundt, og inne denne rutsjebanen.

Tekst & foto: Lars Bakka

DAG 12: Onsdag 28.oktober 2009
 
DAG 11: Tysdag 27.oktober 2009
- Det vart ikkje arbeidd denne dagen.
DAG 10: Måndag 26.oktober 2009
- Det vart ikkje arbeidd denne dagen.
DAG 9: Fredag 23.oktober 2009
- Det vart ikkje arbeidd denne dagen.
DAG 8: Torsdag 22.oktober 2009
DAG 7: Onsdag 21.oktober 2009

Leikeapparat -premiere!
Publisert: Onsdag 21.oktober kl 11:15

I dag var fyrste dagen elevane fekk lov til å ta i bruk nokre av dei nye leikeapparata. 2.klasse var fyrst ute i dag, og entusiasmen var stor! Det var tydeleg at dette var etterlengta, og alle stod fint og venta på tur.Både rutsjebanen og "fuglareiret" falt i smak.  Fleire bilete>> Her er også ein liten film>>

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik


Det berre MÅTTE bli kø
Publisert: Onsdag 21.oktober kl 11:15

Med première på den nye rutsjebanen berre måtte det bli lang kø. Allereie i morgon opnar fleire leikeapparat rundt om i skogen så då vert det meir å finne på!

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

DAG 6: Tysdag 20.oktober 2009
- Lek & Park kjem ikkje tilbake før måndag 26/10

Betongfundament
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15

I dag vart betongfundamentet til kaltrepyramiden støypt. Alle elevane har vore flinke til  la alle leikeapparata stå i fred no medan dei vert monterte! 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

DAG 5: Måndag 19.oktober 2009
DAG 4: Fredag 16.oktober 2009

Stor aktivitet
Publisert: Fredag 16.oktober kl 15:30

Så stor aktivitet, med gravemaskinar og arbeidarar, har ikkje vore i sving sidan skulen var ny for snart fire år sidan. Elevrådet har lenge etterlyst fleire leikeapparat ute, og no er det her!! No må berre alt få stå i fred til sementen et tørr.Det kjem lapp på apparatet med 'klar til bruk' når dei kan brukast.

Tekst & foto: Lars Bakka

DAG 3: Tordag 15.oktober 2009

DAG 2: Onsdag 14.oktober 2009


Elevane hjelper til
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30

I dag har menge elevar vore flinke til å hjelpe til med å ta bort belegningshstein der det eine leikeapparatet skal komma.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

DAG 1: Tysdag 13.oktober

No skjer det nok.....
Publisert: Tysdag 13.oktober kl 19:20

I dag kom det første utstyret til uteområdet vårt til skulen. I dagane som kjem vil utstyret bli montert på skuleplassen og i løypa rundt i skogen. Det er viktig at det utstyret som ikkje er på plass får ligge i fred.

Tekst & foto: Lars Bakka


Den som ventar på noko godt....
Publisert: Fredag 9.oktober kl 11:00

Det var meininga at ein de arbeid skulle blitt gjort i uteområdet vad Sagvåg skule i løpet av haustferien, men eit manglande graveløyve har ført til ei utsetjing. No seier firmaet 'Lek & park' at arbeidet tek til den første veka etter haustferien. Då er det ein del leikeapparat rundt skogsløypa som kjem først. Me kjem til å stenge av delar av løypa når det vert arbeidd der.

Tekst: Lars Bakka  Fotomontasje 

 

Trøbilane: bilete_2013/i-sept-2003/trøbilane.pdf

Arbeid med å få tippemidlar våren 2008: