Trivsel og Tryggleik
Oppdatert:13.12.12

<<Innleiing <<Del 1 Førebyggande arbeid>> Del 2 Risikonivå Del 3 Akuttnivå>>

Del 2  Risikonivå

INNHALD:

Risikonivå

FELLES FOR HEILE SKULEN risikonivå
Ressursgruppe på skulen
Beredskapsplan
Kartlegging av elevar i risikosona

KLASSEN risikonivå

INDIVIDUELT risikonivå
Kommunikasjon med eleven
Totalsituasjonen til eleven
Prosedyre for tiltak for elevar er i risikosona

Risikonivå

FELLES FOR HEILE SKULEN risikonivå

Konkrete tiltak

Møtepunkt på skulen
Sagvåg skule har to sosiallærarar. Tverrfagleg møte med barnevern, PPT, sosiallærar, lærar, rektor, foreldre og helsesyster. Ressursgruppemøte med sosiallærar, rektor og PPT.Fasttid-samarbeid PPT/den einskilde lærar.  Ansvarsgruppemøte for elevar med spesielle behov.

Beredskapsplan
Den kommunale planen fokuserer på rettleiing til læraren i vanskelege situasjonar som varer over lang tid. Her har rektor eit klårt ansvar. Alle lærarane vert innkalla til medarbeidarsamtale ein gong i året.

I denne planen er det også laga ein beredskapsplan for dei akutte situasjonane i Kap 3 akuttnivå, felles for heile skulen.

Kartlegging av elevar i risikosona
Elevane vert sett i fokus  jevnleg i tysdagsmøte med kollegiet. På klasse-nivå vert det arbeidd både i team og med eleven og foreldra.Hjelpeapparatet vert dradd med der det er bruk for det.(Sjå også prosedyre for det vidare arbeidet under Individuelt nivå)

 

KLASSEN risikonivå

Konkrete tiltak

På foreldremøtet om hausten vert det sett av datoar (haust og vår) til to sosialesamlingar for klassen. Klassekontaktane har ansvar for å setje dette i verk. Kontaktlærarane minner om dette på planane.
 

INDIVIDUELT risikonivå

Konkrete tiltak

Kommunikasjon med eleven
Kontaktlærar tek  initiativ overfor eleven dersom han/ho meiner at eleven har problem i høve til åtferd eller anna. Me legg vekt på eit godt  samarbeid med heimen. Sosiallærar, rektor eller PPT vert kopla inn derssom det er nødvendig.

Livssituasjonen til eleven

Når ein elev opplever krise i familien som skilsmisse, alvorleg sjukdom e.l., ynskjer skulen at foreldra informerer. Likeins ynskjer skulen å ta kontakt for å få nødvendig informasjon. Der det er naturleg, vert hjelpeapparatet t.d. helsesyster kalla inn.
 
Det vert utarbeidd individuell opplæringsplan (IOP) for elevar som har fått ressursar etter §5. Ressursen skal brukast til beste for eleven både fagleg og sosialt.

 

Prosedyre for tiltak for elevar er i risikosona.

Læraren

 

 

Slik var planen før desember 2012:

Del 2  Risikonivå

INNHALD:

Risikonivå

FELLES FOR HEILE SKULEN risikonivå
Ressursgruppe på skulen
Beredskapsplan
Kartlegging av elevar i risikosona

KLASSEN risikonivå

INDIVIDUELT risikonivå
Kommunikasjon med eleven
Totalsituasjonen til eleven
Prosedyre for tiltak for elevar er i risikosona

Risikonivå

FELLES FOR HEILE SKULEN risikonivå

Konkrete tiltak

Ressursgruppe på skulen
Sagvåg skule har to lærarar som også er sosiallærarar. Hjelpetenesta fungerer også som ressursgruppe.

Beredskapsplan
Den kommunale planen fokuserer på rettleiing til læraren i vanskelege situasjonar som varer over lang tid. Her har rektor eit klårt ansvar. Alle lærarane vert innkalla til medarbeidarsamtale ein gong i året, situasjonen i klassane vert også kontinuerleg drøfta, m.a. fast tid kvar veke i felles møtetida (morgonmøtet)

I denne planen er det også laga ein beredskapsplan for dei akutte situasjonane i Kap 3 akuttnivå, felles for heile skulen.

Kartlegging av elevar i risikosona
Elevane vert sett i fokus i faste møte med kollegiet. På klasse-nivå vert det arbeidd både i team og med eleven og foreldra. Dessutan vert hjelpetenesta nytta til førearbeid i denne samanhengen.
(Sjå også prosedyre for det vidare arbeidet under Individuelt nivå)

 

KLASSEN risikonivå

Konkrete tiltak
Kvar klasse lagar ein sosial årsplan. Under er det laga ein "fellesplan" som inneheld ei opplisting av det ein ved Sagvåg skule stiller som minstekrav til denne planen på dei ulike klassestega.

Generelt:
Planen skal lagast saman med foreldra, eller klassekontakten. Planen skal så leggjast fram i klasseforeldremøtet om hausten. (Dersom den vert laga som 1/2-årsplan må den handsamast igjen etter nyttår.)
Den sosiale årsplanen skal i det minst innehalde. [Les meir om "Sosial årsplan i del 1>>]

 

INDIVIDUELT risikonivå

Konkrete tiltak

Kommunikasjon med eleven
Klassestyrar må ta initiativ overfor eleven dersom han/ho meiner at enkeltelevar har problem i høve til åtferd eller anna. Det må vera godt samarbeid med heimen, og ein må vurdere om sosiallærar, rektor eller PPT må koplast inn.

Totalsituasjonen til eleven NB! Oppdatert april-07
Når ein elev opplever kriser i familien som skilsmisse, alvorleg sjukdom e.l. vert foreldra så raskt som råd er innkalla til samarbeidsmøte saman med rektor og kontaktlæraren

For elevar med ressursar til spesialundervisning vert det utarbeidd individuell opplæringsplan (IOP). Ressursbruken vert vurdert i klassen og på heile skulen.

Prosedyre for tiltak for elevar er i risikosona