Førebygging
FELLES FOR
HEILE SKULEN førebygging
Konkrete
tiltak
Systematisk
arbeid mot felles mål, verdiar, normer og kultur
Sagvåg skule
vil med jamne mellomrom drøfte kva pedagogisk grunnsyn og elevsyn ein
byggjer tiltaka på. (Ofte med utgangspunkt i "menneska" i K-06
Generell del)
Arbeidet med "Steg for steg" vil også stå sentralt i desse drøftingane.
Pedagogisk
grunnsyn
Konkrete
tiltak:
Elevsyn
Dei tilsette har felles haldning i møte med einskildbarnet
·
Alle skal
behandle elevane med respekt
·
Leggje vekt
på å sjå eleven sine positive sider
·
Syta for at
eleven vert sett og opplever skulen som ein trygg stad
Læringssyn
Bygga opp
sosial kompetanse hos kvar elev
·
Gje eleven
kunnskap og forståing av reglar og rammer for åtferd og sosial omgang ved
Sagvåg skule. Sjå reglar for trivsel og tryggleik
·
Leggje til
rette for å gje elevane oppgåver dei kan meistre, og gje ros og oppmuntring
under vegs. Ein må også ta praktiske konsekvensar av K 06 med tanke på
elevmedverknad, arbeidsmåtar og grunnleggjande elevsyn.jmf. § 9.a-5
Kunnskapssyn
·
Eleven skal
jobba etter måla i K 06
Kultur og
samfunssyn
Skulen gjer
bruk av den kulturelle skulesekken
Samarbeid
heim- skule
- Det formelle samarbeidet med heimen er knytt til foreldremøte og to
utviklingssamtaler i skuleåret, ein haust og ein vår. (sjå K 06 ?
og Rundskriv F-107-97) om endring av forskrifter
Tryggleik og
Trivsel i undervisningssituasjonen
Skuleåret
2000/01 tok skulen i bruk opplegget "Steg for steg".
Tryggleik og Trivsel utanom undervisning
I friminutta er det alltid fleire vaksne ute. Desse har først og fremst til
oppgåve å vera synlege for å førebygge ikkje-ønska åtferd. Dei kan også ta
aktivt del i leik og andre aktivitetar, men dei må også ha eit "overoppsyn".
Elevrådet
Reglar for
pausetid inne
-
Me brukar
ikkje utestemme inne.
-
Me skal
ikkje springa når me er inne.
Dette brevet
går heim til foreldra til 1. og 5.klasse kvart år:
TIL
ORIENTERING:
Skulen
har ansvar for tryggleiken til elevane
Me
ynskjer å bruka nærmiljøet aktivt i den daglege undervisninga. Også
læreplanen stiller krav til samarbeid mellom skulen og lokalsamfunnet.
Dette fører til at elevane til tider er med på aktivitetar også
utanfor skuleområdet. Dette gjev oss sjølvsagt utfordringar med tanke
på tryggleiken til elevane. Me ynskjer likevel å ta nærmiljøet i bruk,
det vert då til tider aktuelt med:
-
Transport av elevar i private personbilar. (Sjå baksida av dette
arket)
-
Elevane kan vera med på tur til sjøen.
-
Elevane kan vera med på båttur. (Båten må vera godkjent for talet
passasjerar, og alle nyttar redningsvest)
-
Sykling til og frå skulen og sykkelturar
-
Elevane kan bada ute. (Sjå baksida av dette arket)
-
Elevane kan vera med på fjelltur med klassen og heile skulen.
Spesielt ved vår skule:
Det er
fleire vaksne ute i friminutta, og det er vaksne som passar borna
medan dei ventar på bussen. (Elevane samlast ved hovudinngangen.)
Lov om
grunnskulen §4 Skyss og innhysing
[...] Kommunen har ansvar for tilsyn med elevane når det vert
ventetid, og for at elevar som ikkje kan reise åleine, får følgje.
Frå
1.klasse til 7.klasse:
-
Elevane får arbeida ute på skulen sitt område utan kontinuerleg
tilsyn i undervisningstida.
-
Elevane får også fylgje til og frå bading det året dei går i
2.klasse.
Dette
skrivet vert sendt ut til alle elevane i 1.- og 5.kl. Det vert
informert munnleg om emnet på foreldremøta kvar haust.
De finn
alltid informasjon om spesielle aktivitetar på vekeplanenane til
elevane Ta kontakt med skulen dersom de har spørsmål.
Med
helsing:
Lars Bakka
-rektor-
Kopi
til: Arkiv,
Klipp:-------------------------------------------------------------------------------------------
Namnet
til eleven: ____________________________ Klasse:_____________
Eg samtykkjer at barnet mitt er med på aktivitetane.
Føresetnaden er at reglane for aktiviteten vert følgd.
Sign:___________________________
Returner lappen til skulen innan ___
[Baksida av brevet:]
Stord,
07.08.95
Ansvarstilhøve ved ikkje offentleg elevskyss
[.....]
4. Ved all anna skyss set skulesjefen slike vilkår får erstatning
utover det som vert dekka av "skadevolder eller forsikring":
-
Skyss
etter pkt. 4 må nyttast i minst mogleg grad.
-
Rektor/styrar har ansvar for at det ikkje er fleire elevar i kvar
bil enn det bilen er sertifisert for.
-
Rektor/styrar må sikra seg at bilen har forsikring.
-
Rektor/styrar må ha sett i verk køyringa slik at det er ei
"pliktmessig deltaking" -ikkje berre frivillig køyring, som ikkje er
kjent for rektor/styrar. Vedtekne turplanar er dekka av ordninga.
Skulen/barnehagen vil på denne måten til ei kvar tid ha oversikt
over slik køyring.
-
Rektor/styrar kan delegera avgjer etter pkt. 4 skriftleg til
ansvarleg person.
-
Ved
eventuelle uhell under slik køyring må skulekontoret straks få
melding
Ovanståande ordning gjeld for skuleåret 1995/96. Mogleg lenging vert
teken opp for kvart skuleår.
Med
helsing
Atle Bjørn Mæhle
-oppvekstsjef-
Rundskriv frå KUF 30/92
[.....]
Utendørs bading:
-
Læraren må ha skriftlig samtykke frå føresette før slik bading kan
skje.
-
Det
må setjast minst like strenge krav om tilsyn under slik bading, m.a.
til livbergingskompetansen hos dei vaksne som har dette tilsynet,
som ved innandørs symjeopplæring. Læraren har hovudansvaret for
heile turen, og også for eventuell bading.
-
Ein
må velje badeplass med omhug, slik at tilsynet og tryggleiken for
alle elevane blir best mogleg. Badeområdet må vere avmerkt.
-
Er
det ein stor klasse, kan beste løysinga vere å dele klassen. Da må
minst to vaksne ha tilsyn med dei som er i vatnet, og ein med dei
som har aktivitetar på land.
-
Det
vil styrkje tryggleiken om to og to elevar blir motiverte til å
halde auge med kvarandre.
Til og
frå bading
Elevane
får fylgje den første perioden dei går til og frå bading i 2.klasse.
Dei føljer sykkel og gangsti til og frå bading.. Elles går dei denne
vegen utan tilsyn. |
Rutinar for
samarbeid om eleven si sosiale - og faglege utvikling
Teama er organisert i 1.til 4.team, og 5.til 7.team. Det er her dette vert
drøfta.
Sosiallæraren
Sagvåg skule har to sosiallærarar. Sosiall I har 1,5 t , og sosiallærar II
har 1 t pr. veke til arbeidet. Det skal vera omlag 1/2 t pr. klasse til
sosiallæraressurs.
Sosiallærarinstruks (Døme frå skuleåret 2000/01)
Generelt:
ARBEIDSOMRÅDE: Sosialpedagogikk
RESSURS: 2 1/2 undervisningstime [ konvertert: è 3t 45 min]
TIDSBRUK: Noko fast noko variabel.
OPPGÅVER:
Kontaktlærarane tek oftast initiativet:
-
Samtalar
med, og oppfølging av einskilde born med sosiale vanskar.
-
Vera med på
konferansetimar, eller ha samtalar med foreldre til born ein har
oppfølging med.
-
Vera med å
arbeida ut klassemiljøtiltak. Vera med i deler av gjennomføringa av desse.
-
Utføra
testing av enkeltelevar når kontaktlærar ber om dette.
Andre
oppgåver:
-
Gjennomføra
tverrfaglege møte
-
Vera med å
utarbeida trivsel og tryggleiksplanar / undersøkingar.
-
Ha ansvar
for elevråd, førebuing, gjennomføring og etterarbeid.
-
Ansvar for
gjennomføring av nokre sosiale arrangement ved skulen.
Bruk og
fordeling av ressursen:
Sosiallærar 1-4
(2
klokketimar i veka) |
Sosiallærar 5-7
(1,5
klokketimar og 15minutt i veka) |
-
Oppfølging av born [oppgåve 1, 2 og 3]
-
Sjå
til at elevar vert testa. (sjå spesialpedagogisk handbok) [oppgåve
4]
-
Delegert ansvar for tverrfaglege møte [oppgåve 5]
-
Ansvar for gjennomføring og oppfølging av elevråd. [oppgåve 7]
-
Ansvarleg og koordinator for nokre sosiale arrangement:
- Grand Prix i juni
- Sommarfesten i juni
|
-
Oppfølging av born [oppgåve 1, 2 og 3]
-
Sjå
til at elevar vert testa. (sjå spesial- pedagogisk handbok) [oppgåve
4]
-
Oppfølging, revidering av planen Trivsel & Tryggleik, undersøkingar.
[oppgåve 6]
-
Ansvar og koordinator for nokre sosiale arrangement:
- Sosiale samlingar
- Trivsel & Tryggleik- kampanje i september
-
Fordeling av rom til midttimen
|
Planar og
tiltak for situasjonar der elevar kan bli utsette for hendingar som krev
ekstra omsorg.
Sjå planane i kap 3 akuttnivå : "Når nokon døyr",
"Alvorlege ulykker" og "Handlingsplan mot mobbing Sagvåg skule"
Prioritera
ressursane slik at evt. vanskar blir fanga opp tidleg
Tverrfagleg møte . Der kant enkeltelevar drøftast. Anten anonymt, eller med
namn om foreldra er med, eller har gjeve samtykke.
Det fysiske miljøet som trivselsfaktor
Me har gode uteareal og eit fint nytt skulebygg som me tek vare på.
Overgangane
frå barnehage til skule og frå barneskule til ungdomsskule
Skulen har samarbeidsmøte med barnehagane i området om enkeltelevar før dei
tek til i skulen. Førskuledagane våren før ungane tek til på skulen, vert
også nytta til samarbeid med foreldra og eleven.
Samarbeidet med Nysæter ungdomsskule føljer fast oppsett med m.a.
informasjonsmøte for foreldra og besøk på ungdomsskulen for elevane. Det er
også eigne samarbeidsmøte om enkeltelevar.
Sjå plan
overgang barnehage/skule og skule/ungdomsskule
Når nye
elevar tek til ved skulen
flytting i
skuleåret
Ny elev til
skulen:
Når ein ny elev kjem til skulen vert eleven og foreldra først mottekne hos
rektor, der får dei generell informasjon om skulen, og skulen får
informasjon frå foreldra og eleven.
Rektor føljer så eleven til klassen. (Dersom eleven ynskjer det kan også
forelder vera med.)
Tilpassa
opplæring
-
det fysiske
læringsmiljø
-
aktive
arbeidsmåtar som krev anna utstyr enn lærebøker
-
styrking av
elevane si sjølvkjensle, elevsyn
-
bruken av
m.a. ressursane til spesialundervisning
Øve opp
eleven sine sosiale og emosjonelle evner og styrkje sjølvkjensla
Alle har behov for å føle at dei meistrar kvardagen. For dei svakaste
elevane vert det særs viktige å fokusere på det dei meistrar for slik
å styrke dei svake sidene. Her vil ei drøfting av spesialundervisninga stå
sentralt. Sjå også ny "Handbok for spes.ped. tiltak"
Foreldresamarbeid
[Les meir>>]
Samarbeidet heim skule vert ført vidare.. Det viktigaste samarbeidet skjer
på klassenivå i samarbeidet mellom heim skule om enkeltelevane og
klassemiljøarbeid
Åtferdsmodifikasjon
Lærarane ved Sagvåg skule kjenner teknikkane som vert brukt i denne metoden,
m.a. lønn (forsterking) av ønska åtferd og ignorering av uønskt åtferd.
(Sjå vedlegg i den kommunale planen Trivsel og Tryggleik) "Steg for
steg"-opplegget står også sentralt i dette arbeidet.
Planarbeidet
ved Sagvåg skule
For kvar
elev
-
IOP- plan
-
Det vert
ikkje laga individuelle opplæringsplanar for andre elevar.
Undervisningsplanar for kvar klasse
For heile
skulen
Dei planane
som til ei kvar tid gjeld for skulen finn ein ei oppdatert liste over på
heimesida til skulen.
Førebygging
Bygga opp
sosial kompetanse hos kvar elev
Gje eleven kunnskap og forståing av reglar og rammer for åtferd og sosial
omgang ved Sagvåg skule. Dette arbeidet vert hovudsakleg gjort på
klassenivå, men for enkelte elevar må dette arbeidet førast vidare
individuelt.
Positiv
sjølvbilete hos eleven
Leggje til rette for å gje elevane oppgåver dei kan meistre, og gje ros og
oppmuntring under vegs. Ein må også ta praktiske konsekvensar av L 97 med
tanke på elevmedverknad, arbeidsmåtar og grunnleggjande elevsyn.
Samarbeid
heim- skule
- Det formelle samarbeidet med heimen er knytt til foreldremøte og to
utviklingssamtaler i skuleåret, ein haust og ein vår. (sjå K 06 om
vurdering og Rundskriv F-107-97) om endring av forskrifter)
|