Musikk på dei ulike klassestega: || 1.klasse || 2.klasse || 3.klasse || 4.klasse || 5.klasse || 6.klasse || 7.klasse ||

Terpsikore
-plan for arbeid musikkfaget ved Sagvåg skule
Web-plan: Denne planen er laga med tanke på at han skal lesast på Internett.
Ein papirversjon  gjev ikkje tilgang til linkane som er ein viktig del av planen!

 Ta kontakt med Anne Elisabeth Trevland eller Lars Bakka dersom du har spørsmål om planen.

 Sjå også: "Den kulturelle skulesekken">>

Innhald

Føreord
Innleiing v/ Anne Elisabeth Trevland
Kva er eigentleg "Terpsikore"?
KAPITTEL 3: FAGPLANAR, SAGVÅG SKULE
KAPITTEL 1. RESULTATMÅL Musikk

Resultatmål for prosjektet terpsikore
Ressursbruk/ behov, Stord kommune og Sagvåg skule
Rom og utstyr; Utfordringar knytt til det fysiske miljøet.
Viktige prinsipp for musikk, dans og drama, Stord kommune.

KAPITTEL 2, RESULTATOMRÅDE
Stord kommune barnehage og grunnskule og fylgjer for Sagvåg skule

 

Føreord

 Planen "Terpsikore -Sagvåg skule" byggjer på den kommunale planen "Terpsikore" som kom sommaren 1997. Vår plan vert laga over ein periode på tre år med MUSIKK skuleåret 1998/99 og KUNST- OG HANDVERK 1999/2000.

I kapittel 1 og 2 er det teke med ein del tekst frå den kommunale "Terpsikore- planen". Dette er gjort for at det skal vera lettare å sjå samanhengen mellom dei kommunale måla, og arbeidet ved Sagvåg skule. På same viset er hovudmomenta i musikkfaget i L 97 tekne med i andre delen av planen. Sjølv om ein del av innhaldet er teke frå desse to andre, kan ein ikkje lese planen isolert, ein bør nytte både L 97 og den kommunale planen i arbeidet med musikkfaget.

I kapittel 3 er planen delt inn etter klassestega, og for kvar klasse er det teke med kva utstyr o.a. me har ved Sagvåg skule. Dette er gjort for å hjelpe dei som skal undervise i faget med å realisera L 97 i klasserommet. Det er likevel ein realitet at gamle Sagvåg skule på ingen måte har dei romma som skal til for å kunna realisera alle momenta i L 97 fullt ut.

Når det gjeld utstyr har me ei "desentralisert" ordning der kvart klasserom har CD-spelar og det vert undervist i musikk i alle klasseromma. I gangen ved gymsalen er det eit "musikkskap" til det utstyret som me stå "sentralt". Skulen har også kjøpt ny keyboard og dataprogrammet Musicator til hjelp til komponering i musikk.

Planen er omfattande, og er i første rekkje tenkt brukt som eit oppslagsverk i samband med års- og timeplanlegging. Strukturen i planen er stort sett den same som i "Natur & Miljø- planen" for Sagvåg skule. Planen er også den siste lokale planen i rekkja av kommunale satsingsområde. (Natur & Miljø, Trivsel & Tryggleik og Trepsikore)

Håpet er at planen kan vera eit godt verkty for dei som underviser i kunstfaga ved Sagvåg skule i åra som kjem, og at han kan vera eit verkty i samband med planlegginga av ny skule i Rukjen.

Det meste arbeidet med denne planen har Anne Elisabeth Trevland gjort, men i den første delen av arbeidet var også Kari Myhre og Kirsten Kyte Framnes med. Kari og Kirsten var musikkfagleg ansvarlege skuleåret 1997/98.

 

Sagvåg skule mars 1999

Lars Bakka
-rektor-

 

 

Innleiing v/ Anne Elisabeth Trevland
- Lokal plan for Terpsikore ved Sagvåg skule

 

Musikkplanen til Sagvåg skule er ikkje meint som ein plan der ein startar med byrjinga og sluttar med slutten. Den er meint som ein idèbank som ein kan bruka for å realisera L-97. I og med at planen er ein idèbank, så vil den eigentleg aldri verte ferdig. Det vil alltid finnes nye idèar. Meininga er at alle som har idèar, noterer i planen. Planen vil så verte revidert av og til. Eg har brukt Magne Espeland sitt musikkverk mykje når eg har arbeidd med planen. Han har i fleire av bøkene sine vist direkte til L-97, og det har vore ei stor hjelp når ein ikkje er spesielt utdanna innen faget.
Slik finn du fram i planen: Når du har funne fram til det aktuelle klassesteg, finn du fram til punktet i L-97 som du treng idèar for å gjennomføra. Under "Konkretisering ved Sagvåg skule" finn du idèane nummerert med a,b…… Under "Ved Sagvåg skule har me…" finn du under tilsvarande punkt meir om kva bøker, utstyr m.m. du treng.

"Musikk gir universet sjel, den gir vinger,
fantasien flukt, alvoret sjarm,
den gir munterhet og liv til alt.
"

Platon (Ca. 427-347 f. Kr)

Sagvåg skule, februar 1999
Anne Elisabeth Trevland
-musikksfagleg ansvarleg 1998/99-

 

Kva er eigentleg "Terpsikore"?

*Musene er kjent som kunstens gudinner. De var: Kleio (historie-skrivning), Evterpe (musikk), Thalia (komedie), Melpomene (tragedie), Terpsikore (dans), Erato (kjærlighetsdiktning), Polyhymnia ( hymnediktning), Urania (astronomi) og Kalliope (episk diktning).

 

De ni *muser av Tore Hugubakken

Før de ble til en kafé i Trondheim, var de greske gudinner beskyttere og inspiratorer. Muser er greske skytsgudinner og barn av Zevs og Mnemosyne som etter ni netter med lidenskapelig favntak, unnfanget de ni muser. Det sies at sjefsguden Zevs laget disse da han fikk høre at det manglet noen i gudeverden som kunne uttrykke glede over det skapte. Og musene skulle synge og danse.

Syngende gudinner
Opprinnelig tror man at musene var kildenymfer som fikk en høynet status da greske skalder måtte ha en guddom de kunne takke for sin dikterevne og ikke minst inspirasjon. Etter hvert fikk nymfene andre oppgaver. De ble gudinner som beskyttet diktning og musikk, og etter hvert alle kunstarter. Diktere anropte musene som kunne gi dem kraft og inspirasjon til sine verselinjer. Musene er gudinner for menneskelige kreative evner, og flere greske storheter, som Pythagoras og Platon, påberopte seg en musisk kraft etter musene. På den andre siden følger de menneskene; de plukker ut bestemte kvinner og menn som skal bære frem musenes idéer.

Musenes oppgaver
Den greske ånd var på musenes tid ikke spaltet i vitenskapelige disipliner og retninger, det skjer først med Aristoteles. Den enkelte muse får likevel tildelt særlige arbeidsoppgaver, særlige retninger innenfor det greske åndsliv som skal kunne knyttes opp mot den enkelte muse. Kalliope får ansvaret for den episke og elegiske diktning, Klio blir muse for historien, Erato tar hånd om den lyriske kjærlighetsdiktningen, Melpomene av trageiden og Talia av komedien, Terpsikore styrer dansen, Urania gir kraft til de greske astronomiinteresserte, Polyhymnia er gudinne for religiøs sang og myte og Eviterpe for fløytespilling.

 

 

KAPITTEL 1. RESULTATMÅL

 

Resultatmål for prosjektet terpsikore

Terpsikore skal føra til at kunstfag blir eit felles grunnlag for alle barn og unge i arbeidet med ulike fag og tverrfaglege prosjekt.

TILTAK INDIKATOR
STORD KOMMUNE  
Gje undervisning i kunstfag som musikk, dans, drama, kunst- og handverksfag Innan 1. februar kvart år i prosjektperioden skal skular og barnehagar gje oversyn over kva som har vore gjort og arbeidd med i faga.
SAGVÅG SKULE  
Gjennomføra undervisning i musikk, dans, drama, kunst- og handverkfag etter L 97 og eigne lokale planar. (konkretisering/ lokal tilpassing)

 

 

 

Hovudmomenta i L 97 vert realisert i undervisninga i musikkfaget. Rapporteringa syner at arbeidet vert gjort.
STORD KOMMUNE  
Dei ulike kunstfaga skal vera likestilte og i stor grad integrerte i kvarandre. Innan 15. april kvart år i prosjektperioden skal skular og barnehagar har arbeidd ut planar for arbeid med musikk, dans og drama. Desse planane skal også visa prosjekt- og tverrfagleg arbeid.
SAGVÅG SKULE  
Ved Sagvåg skule er dette ei stor utfordring grunna rom-situasjonen, men mykje kan gjerast ved at ein i årsplanane for faget tek standpunkt til kva rom som skal nyttast. (Gymsalen, "Sløydrommet", "Kjøkenet" eller klasserommet) Revidert plan for Terpsikore er klar innan 15.april kvart år. Denne inneheld tiltak for det neste året og evaluering av året som har gått.

 

TILTAK INDIKATOR
STORD KOMMUNE  
Aktivitetane skal integrerast og tilpassast undervisninga i grunnskule og barnehage.

 

Oversyn over kor mange aktivitetar innanfor musikk, dans og drama som er integrert i faglege og tverrfaglege prosjekt.

 

SAGVÅG SKULE  
Aktivitetane vert integrert i fleire fag, ikkje berre Musikk og Kunst & Handverk.

 

 

 

Denne oversikta vert ein del av undervisningsplanlegginga og Terpsikoreplanen. (Sjå temaplanane til klassane.)

Ressursbruk/ behov, Stord kommune og Sagvåg skule

Rom og utstyr; Utfordringar knytt til det fysiske miljøet.

Utfordringane vil særleg vera knytt til tre faktorar:

1. Musikk som lydfag.
2. Musikk, dans og drama som fag med store behov for plass til gruppeaktivitet.
3. Musikk, dans og drama som fag med stort behov for plass til å dansa, til å framføra og til å leggja til rette for deltaking i musikalsk og sosialt fellesskap i ulike samanhengar.

 

1. Musikk som lydfag.

Stord kommune

  1. Musikk som lydfag må takast omsyn til ved planleggjing av det fysiske miljøet uansett kva skulemodell ein utviklar. Dersom ein vel opne, landskapsprega skular krev dette svært godt samarbeid om undervisning og mange ekstra rom som tåler lydaktivitet frå grupper av elevar eller einskildelevar.
  2. Musikk treng spesialrom, men ikkje først og fremst med sikte på isolert musikkundervisning. L-97 krev meir eit spesialrom som ressursbase etter modell av mediateket, der "tungt" musikkutstyr kan hentast, der spesielle musikkprosjekt, så som øving til ein elevkonsert eller danseframsyning kan foregå og der noko undervisning kan finna stad, t.d. lytteundervisning med avspeling på eit godt lydanlegg, eller felles innføring i bruk av trommer, og der kassettinnspelingar av elevane sine komposisjonar og framføringar kan gå føre seg i eit ministudio med eit minimum av lydkvalitet på innspelinga.

Sagvåg skule:

  1. Sagvåg skule har ikkje eige musikkrom, ein nyttar difor klasseromma. Utstyr til fagte er plassert i "musikkskapet" og rundt i klasseromma. Kvar klasse har m.a. gode CD-spelarar.
  2. Sagvåg skule har ikkje spesialrom til musikk, Rukjen neste..... Grupperomma og klasseromma vert nytta.

2. Musikk, dans og drama som fag med stort behov for plass til gruppearbeid.

Stord kommune:

  1. Det er grunn til å hevda at det nye musikkfaget ikkje kan gjennomførast i ei undervisningsform der formidlande fellesundervisning er sterkt dominerande.
  2. Dersom ein ynskjer å utnytta musikk, dans og drama sitt potensiale for tema- og prosjektarbeid bør alle fellesarenaer, så som klasserom eller undervisningsområde etter ein sonemodell, t.d. for småskulesteget, ha grupperom knytt til seg. Desse grupperomma bør planleggjast med tanke på ein viss lydisolasjon slik at lydaktivitet i alle høve kan bli noko dempa.

Sagvåg skule:

  1. Stor grad av elevaktiviserande aktivitetar kan også gjennomførast ved Sagvåg skule, me har fleire grupperom som kan nyttast. Elevaktiviserande aktivitetar kan også samordnast i samla klasse og i grupper.

     

  2. Gamle Sagvåg skule har ingen grupperom som er spesielt lydisolert, nokre er likevel godt eigna til aktivitetar med ein del lyd fordi romma eigg borte frå klasserommet. (Nr 7 og "stillerommet".)

 

3. Musikk, dans og drama som fag med stort behov for plass til å dansa, til å framføra og til å leggja til rette for deltaking i musikalsk og sosialt fellesskap.

Stord kommune:

  1. Dans er sterkt markert i det nye musikkfaget og i det nye kroppsøvingsfaget. Behovet for danseplass kan i noko mon takast vare på ved bruk av gymnastikksalen. Dette gjeld likevel først og fremst for fellesinnlæring av dansar eller grupper av elevar som øver inn dansar til same musikk. Skal bruken av dans gjennomførast etter inten-sjonane, må elevane også ha andre "rom" for å driva med dette i enn gymsalen. Slike rom kan vera eit fleksibelt innreia klasserom eller felles undervisningssal, eit gangareal, eller eit grupperom.
  2. Det er eit behov for at det fysiske miljøet blir utforma med plassar der elevar kan formidla musikk og dramaaktivitetar til kvarandre, t.d. i form av ein samlingskrok, ein scene eller eit anna samlingsområde.

Sagvåg skule:

  1. Berre gymnastikksalen er stor nok for felles danseundervisning. Gangareal ved Sagvåg skule kan ikkje nyttast til slike aktivitetar.
  2. Her kan også klasseromma nyttast når elevar skal framføre arbeidet for eigen klasse.

 

 

Viktige prinsipp for musikk, dans og drama, Stord kommune.

 

  1. Det er grunn til å hevda at det fysiske miljøet er heilt avgjerande for om musikkplanen kan gjennomførast.
  2. Musikk som lydfag må takast omsyn til ved planleggjing av det fysiske miljøet uansett kva for skulemodell ein utviklar.
  3. Musikk treng spesialrom, men ikkje først og fremst med sikte på isolert musikkundervisning. L-97 krev meir eit spesialrom som ressursbase etter modell av mediateket.
  4. Både musisera, dansa og lytta vil krevja gruppeaktivitet, men behova her er likevel ikkje så opplagde som for aktivitetsforma komponera. Dersom ein ynskjer å utnytta musikkfaget sitt potensiale for tema- og prosjektarbeid bør difor alle fellesarenaer ha grupperom knytt til seg.
  5. Skal bruken av dans gjennomførast etter intensjonane må elevane også ha andre "rom" for å driva med dette enn gymsalen.
  6. Det fysiske miljøet må bli utforma med plassar der elevar kan formidla musikk og dramaktivitetar til kvarandre.

 

Konsekvensar Sagvåg skule

Då har Sagvåg skule eit problem...

 

Stord kommune, timebruk, grunnskulen.

(Utdrag frå den kommunale planen)

Premissar

Timebruken i samband med aktivitetar innan Terpsikore tek her utgangspunkt i den nye fag- og timebyteplanen for L-97.

Dei faga som har mest direkte relevans for Terpsikore er :

Kunst og handverk, Natur- og miljøfag ,Musikk, Kroppsøving, Frie aktivitetar (sjå tidsbruk i L 97)

Drama er ikkje eige fag, men vil vera ein viktig arbeidsmåte i fleire fag med hovudansvar lagt til norskfaget.

Timebruken knytt til Terpsikore tek vidare utgangspunkt i desse prinsippa:

KONKRETE DØME MED UTGANGSPUNKT I VIKTIGE ELEMENT I L-97

(frå den kommunale planen)

Tema- og prosjektarbeid

Temaveker

Ein variant av tema er heile temaveker som fleire skular har gode tradisjonar for å gjennomføra. I ei slik veke vert timar samla opp, omorganisert og lagt ut til felles aktivitetar kring eit likt tema for delar av eller heile skulen.

Ei slik organisering gjev høve til å gje musikk, dans og drama ein sentral plass og aktivitetane kan bli mange og varierte (sjå døme Hystad skule i den kommunale planen).

Denne forma er eit godt utgangspunkt for å byggja vidare den modellen læreplanane legg opp til med tema som ein naturleg del av heile årsplanen.

 

Aldersblanda grupper

Læreplanen legg vekt på at elevane skal møtast til aktivitetar på tvers av alder. Musikk, dans og drama er gode utgangspunkt for slike samlande aktivitetar.

Timeplanmessig må dette løysast gjennom tett samarbeid i dei lærarteam som vert involvert. Ofte løyser skulane dette gjennom samarbeid i storteam, eit for kvart hovudsteg.

Timar til musiske aktivitetar kan liggja fast på timeplanen på tvers av klassar, slik at det er lett å organisera felles aktivitetar. Dette er ein modell som er mykje nytta av skular som prioriterer ei enkel organisering av musiske aktivitetar på tvers av alder. I høve til dei nye planane må ein i tillegg vera opne for fleksible løysingar der tid til musikk, dans og drama skiftar etter kva hovudmoment ein planlegg å ha med i opplegget.

 

Overføring av tid mellom fagområde

I ei fleksibel planleggjing er det naudsynt å låna timar frå andre fag. Dømet frå Litlabø skule visar korleis ein på mellomsteget har lånt timar frå andre fag for å gjennomføra et Terpsikore-opplegg. Eit rekneskap visar korleis timane skal "betalast tilbake".

Dette dømet omfattar også aldersblanda tiltak, men prinsippet om timelån kan også brukast ved planleggjing innan eit klassesteg.

Eit døme frå Majorstua skole i Oslo viser eit permanent lån av timar frå fag til fag. Dette vil vera ei fast overføring av tid. Skulen har to parallellar og har felles undervisning for kvart klassesteg med musiske aktivitetar. Tida vart lagt ut med 150 min. kvar dag og teke frå musikk, kroppsøving og kristendom sidan desse faga vart tilført musiske aktivitetar som dans og song.

Stord ungdomsskule har gjennomført opplegg med intensiv gitarundervisning for alle 7.klassane der musikk vart organisert med timelån får andre fag i ein periode.

 

 

Periodelesning

Musiske fag kan leggjast ut i blokker på timeplanen fast, istadenfor å verta spreidde med t.d. 1 t/v gjennom alle år. Ser ein eit skuleår under eitt, vil det vera meir effektiv bruk av tid å gje t.d. musikk ein dobbeltime enn spreidde enkelttimar, som den enklaste varianten. Større blokker vil gje enno større spelerom i høve til aktivitetar.

Periodelesning må sjåast i samanheng med den fleksible bruk av timeplanen som L-97 legg opp til.

TIMAR SOM I FAG- OG TIMEBYTEPLANEN ER LAGT I BLOKK

(frå den kommunale planen)

1. Frie aktivitetar.

Dette er det 4. største "faget" i småskulen, og skal i hovudsak nyttast til leik og aldersintegrerte aktivitetar. Det er naturleg at ein legg til rette for at elevane får utfolda seg innan musikk, dans og drama som del av sine frie uttrykk.

Skulen og elevane sine val

Denne timeblokka er lagt ut som eit ansvar for kvar skule. Timane skal takast frå timetalsramma på hovudsteget, rimeleg fordelt mellom dei praktiske og teoretiske faga.

Ein skule som vil satsa spesielt på musiske aktivitetar, har her sjanse til å prioritera dette i tid innan skulen sitt val. Samstundes er det rimeleg å stimulera til og leggja til rette for at elevane vil prioritera sine val innan musikk, dans og drama.

Inndeling av dagen

Læreplanen gjev klåre signal om at den tradisjonelle inndelinga av 45 min. timar med påfølgjande friminutt er eit tilbakelagt stadium.

Heilskap og samanheng er stikkord, fleksibilitet og utgangspunkt i eleven sine behov gjev skulane vink om at skuledagen bør leggjast om til større heilskap og samanheng både mellom tid til læring og mellom læringstid og fritid.

Konsekvensar kan verta

- lengre samanhengande økter både til læring og fri. Her peikar midttimeordning seg ut som eit alternativ.

- midtimeaktivitetar kan vera å leggja til rette for musikk, dans og drama-aktivitetar.

 

2. Skulefritidsordning i samanheng med skuletida

Skular med skulefritidsordning vil kunna bruka av SFO som eit forsterkande element for barn som er opptekne av musikk, dans og drama. Det kan leggjast inn "kurs" i tida SFO er opne for spesielt interesserte. I stor stil kan dette gjelda alle elevane i småskulen dersom ein innfører "utvida skuledag" som ein mellomdel mellom skuletime og den opprinnelege tida til SFO. Fleire elevar vil ha interesse av eit slikt tilbod, og dette kan verta gratis. (Tiltaket Utvida skuledag, Leirvik skule)

 

KAPITTEL 2, RESULTATOMRÅDE

Stord kommune barnehage og grunnskule og fylgjer for Sagvåg skule

 

RESULTATMÅL TILTAK RESULTATINDIKATOR
STORD KOMMUNE    
Skular og barnehagar har kompetanse i faga innanfor samordna kunstfagopplæring Skular og barnehagar kartlegg faglege ressursar og melder behov for fagkompetanse til musikkskulen innan 1. mars kvart år

 

Dei skulane og barnehagane som ynskjer det blir tilført fagkompetanse frå musikkskulen
SAGVÅG SKULE    
Dette er eit svakt punkt for Sagvåg skule då me har få med "musikkfagleg bakrunn". Dette bør det satsast på i samband med plan for kompetanseutvikling i åra som kjem. Skulen kjøper timar frå musikkskulen og byggjer opp eigen kompetanse.
     
STORD KOMMUNE    
Skular og barnehagar har materielle ressursar til gjennomføring av samordna kunstfagopplæring Skular og barnehagar kartlegg rom og utstyr til samordna kunstfagopplæring Konkrete planar viser kostnad og behov innanfor samordna kunstfagopplæring
SAGVÅG SKULE    
Sagvåg skule er i ferd med å byggje opp dei materielle ressursane innan Musikk-faget Det vert satsa på innkjøp av utstyr som me kan ta med oss til ny skule. Lærarane med spesielt ansvar for musikkfaget får midlar til innkjøp i tråd med L-97

Desse innkjøpa også konkret vert gjort synlege i denne planen.

STORD KOMMUNE    
Skular og barnehagar gjennomfører eit utviklings- og etterutdanningsprogram innanfor kunstfagopplæring Skular og barnehagar nyttar seg av kurs retta mot samordna kunstfagopplæring og brukar fagkrefter i kommunen i etterutdanning Barna har praktisk kunnskap i samsvar med planar for samordna kunstfagopplæring og for moment og mål i L97 og Rammeplan for barnehagar
SAGVÅG SKULE    
Dette er ein del av arbeidet med kompetanseutvikling ved Sagvåg skule

 

 

Sjå planen "Kompetanseutvikling Sagvåg skule 1997-2000" Tiltaka vert gjennomført.

 

RESULTATMÅL TILTAK RESULTATINDIKATOR
STORD KOMMUNE    
Musikk, dans og drama er ikkje berre tre ulike fag, men også tre ulike uttrykksmåtar i kunstfaga Dei ulike faga er likestilte og i stor grad integrerte i kvarandre Musikk, dans og drama er like delar i arbeid med tema- og prosjektarbeid (jfr. L97), og i dagleg arbeid med estetiske fag i barnehage
SAGVÅG SKULE    
Det vert arbeidd med å integrere Musikk, Dans, Drama i musikkfaget. Denne planen gjev ein del konkrete framlegg til tiltak. Terpsikore vert styrkja i arbeidet ved Sagvåg skule
STORD KOMMUNE    
Barna opplever musikk, dans og drama som ein del av kvardagen Musikk, dans og drama vert brukt som arbeidsmetodar i andre fag og aktivitetar Aktivitetane er integrerte og tilpassa undervisninga og gjeremåla i grunnskule og barnehage
SAGVÅG SKULE    
Barna opplever musikk, dans og drama som ein del av kvardagen ved Sagvåg skule

 

 

Musikk, dans og drama vert brukt som arbeidsmetodar i andre fag og aktivitetar der det høver Aktivitetane er integrerte og tilpassa undervisninga og gjeremåla ved Sagvåg skule

 

 

KAPITTEL 3: FAGPLANAR, SAGVÅG SKULE

Musikk -Sagvåg skule

 

Musikk på dei ulike klassestega:
|| 1.klasse || 2.klasse || 3.klasse || 4.klasse || 5.klasse || 6.klasse || 7.klasse ||