Oppdatert 19.02.2023 
 

SU (Samarbeidsutvalet)  og SMU (Skulemiljøutval)      2021/22
Den store oversikta>>

Stord kommune

 

Referat

 

Dato: 25.05.2022

 

 

 

 

Referat møte SU Sagvåg skule 24.05.22

 

Møtedato:

24.05.2022

Møtestad:

 

Sagvåg skule

 

 

Tilstades:

Susanne Aarskog Nesse, Anita Litlehamar, Jan Roar Hovland, Gunn Marit Nytræ, Lise Klementsen, Tom Martin Hahtokari, Hanne Almås, Helene Tislevoll Almås, Ingelin Petterteig, Silje Vatna, Lars Bakka og Egil Petterteig

Ikkje tilstades:

SFO sin representant i SU

 

 

Kopi til:

 

 

Sak 1:Retningsliner for permisjonssøknader

Rektor informerte om endring i prosedyre for permisjonssøknader i samband med nye reglar og nytt skuleadministrativt system. Me gjekk gjennom retningslinene for permisjonssøknader.

Rektor nevnte spesiel regelen om at det kunne gjevast permisjon i 10 dagar (2 veker), med fokus på at det ikkje var ynskjeleg at familiar «brukte kvoten sin».

Innspel:

-          Med 2 veker i løpet av skuleåret er Stord strengare enn loven. Ein representant meiner at den setninga burde vore vekke.

o   Det kom spørsmål om dette har vore eit problem ved Sagvåg skule?  Det har det ikkje

o   Det kom innspel om at det er ein trygghet i at det vert passa på dette, for normalen er jo at ein skal gå på skule når det er skule.

o   SU konkluderer etter å ha diskutert det med at  dei meiner den kan stå som den står.

-          Fri til køyreopplæring: Dette bør ein ha like reglar som vidaregåande på.

-          Om feriar: Burde ein presisert at det er økonomiske grunnar som må til for å kunna reisa på ferie i skuletid?

-          Det vart av nokon opplevd litt uklart av reglementet om småpermisjonar på 1-2 dagar som kontaktlæraren gir, kjem i tillegg til dei ti, eller var del av dei ti dagane per skuleår.

o   SU enda med å lesa det som at det er maks 10 dagar totalt, inkludert «småpermisjonar»

-           

Sak 2: Reviderte vedtekter SFO

-          Ein representant viste til «Fitjar-modellen» for betaling, som held lenger på 3.- og 4.klassingane i SFO. Representanten frå kommunen seier dette har vore vurdert, men Stord har landa på sjølvkost-prinsippet.

-          SU meiner det er flott at 1.klassingane får 12 timar gratis SFO.

-          Vedtektene såg heilt fine ut.

 

Skrivar:

Egil Petterteig

 

 

 

Referat møte SU og SMU 16.november 2021.

 

Representantar:

Representant pedagogar: Ingelin Ida Marie Petterteig
Representant pedagogar: Simen Grov
Representant andre tilsette: Beate M Føyen

Politisk representant: Silje Vatne
1.klasse: Susanne Aarskog Nesse
2.klasse: Anita Litlehamer
3.klasse: Robert Helland
4.klasse: Trine Kvalnes Røstbø
5.klasse: Lise Grundvold
6.klasse: Tom Martin Hahtokari
7.klasse: Hanne Almås
(Ved skulen vår er alle foreldrerepresentantane med over i SU/SMU-møtet som tek til etter ar FAU-møtet er slutt.)

 

Saker

 

1.      Val SU


Leiar: Anita Litlehamar
Nestleiar: Trine Røstbø
Ikkje på val:
Representant pedagogar: Ingelin Ida Marie Petterteig
Representant pedagogar: Simen Grov
Representant andre tilsette: Beate M Føyen
Politisk representant: Silje Vatne
Skrivar: Lars Bakka



2.     Informasjon Frå FAU

 

a)     FAU etterlysing av kommunalt foreldreutval (KFU)

Aktiviteten i kommunalt foreldreutval har vore fråverande dei siste åra. Lars Bakka tar ansvar for å etterlysa KFU.

Kommentar frå SU: SU tek tek det til orientering og ber rektor fylgje opp saka

b)     Hjartesone ved Sagvåg skule

 

Mange born blir køyrde til skulen. I nærområdet til Sagvåg skule er det naudsynt at ein er ekstra obs på elevar som kjem gåande og syklande. For å få mindre trafikk i rundkøyringa, kan det vera ei løysing å sleppa av elevar i busslomma ved tunnelen (v/innkøyrsla til Nysæter). Då har elevane ein trygg skuleveg gjennom tunnelen opp til skulen.
Under Beintøft-aksjonen blei det ofte observert kaos og farlege situasjonar når mange skulle setja borna sine av eit stykke frå skulen. Særleg i krysset ved Skifteslono og Vikanes.
FAU meiner at rundkøyringa ved Sagvåg skule er den tryggaste plassen å sleppa av ungane. Her er det flyt og kontroll, men ein må hugsa på at dette er ei hjartesone.

 FAU ynskjer at elevar blir oppmoda om å gå til skulen, og Beintøft-aksjonen var eit flott og motiverande tiltak her. Eit liknande tiltak er ynskja når det lysnar om morgonane.

Kommentar frå SU: SU tek dette til orientering

c)      Rekneskap 2021 og budsjett 2022

 

:  Rektor kan informera om at tala ser gode ut, og at dei driftar innan det lovverket som er. Investeringsmidlar har i tillegg gitt dei mogleik til å blant anna oppgradera skjermar.

 

d)     Matpausen og friminutta til elevane

Elevane har etter ynskje frå FAU 2020/2021 fått utvida skuledagen sin med 20 minutt til å gjera det som tidlegare var heimearbeid, på skulen. Som ei løysing på dette, er det no fagarbeidarane som har ansvaret for elevane i dei 20 minuttane elevane et.
I matstunda blir det ofte nytta skjerm til underhaldning for elevane medan dei et.
FAU meiner det blir mykje skjermtid i løpet av ein dag, både på skulen og heime, og ynskjer at elevane får eit anna tilbod enn å sjå på skjerm i denne tida. Føresette opplever at born kjem heim utan å ha ete nista si, for dei har gløymt seg vekk.
Alternativ kan vere å bli lese for og snakka saman om det ein les, eller at elevane kan berre sitja og prata saman. Det er ikkje alltid at dei treng eit ytre stimuli, ein må kunna sitja å eta maten sin utan underhaldning.

Ut i frå elevundersøkinga kan ein sjå at ikkje alle elevar alltid har nokon å vera saman med. Kan trivselsleiarane få hjelp til å organisera aktivitetane slik at alle som vil får bli med? Det er ikkje alle som har lett for å oppsøka TL-aktivitetane sjølv, men kanskje kjenner at det hadde vore kjekt å blitt invitert inn i leiken.  FAU er samd i at TL er eit kjempeflott tiltak, og at TL-leiarane gjer ein super jobb.

Kommentar frå SU: SU ber skulen arbeide vidare med desse problemstillingane

e)     Ymse sakar frå FAU

 

Uteområde.
Det er ikkje så mykje for dei eldste å gjera på ute. Her er ballbingen det mest populære tilbodet, og denne treng opprusting . Lars Bakka er på saka her.
Skogen er mykje brukt av alle elevane, men også her trengst det gjerast noko. FAU vil invitera til dugnad, der føresette og elevar kan vera med å ta i eit tak.

FAU ynskjer og eit tilbod med fleire apparat. Gjerne ei zip-line og  «street work-out» apparat (Nordbygdo har dette), som kan nyttast til trening av andre utom skuletida.
Det er viktig at apparata og underlaget er etter forskriftene.
FAU skal søka midlar, og håpar at det kan hjelpa til med at uteområdet blir enno kjekkare og attraktivt.

Kommentar frå SU: SU tek dette til orientering

El-sparkesykkel

Det er observert skumle situasjonar der elevar køyrer fleire på ein sparkesykkel, køyrer utan refleks og/eller hjelm til og frå skulen. FAU vil fatta eit skriv ut til føresette, og oppmoda dei om å ta ein skikkeleg prat med borna sine om trafikktryggleik og bruk av el-sparkesykkel.

Kommentar frå SU: SU tek dette til orientering

Leksebevisst skule

FAU stiller seg positiv til at Sagvåg skule er ein leksebevisst skule, og at elevane har 20 minutt øve-tid på skulen. Det ser ut til at det er ein god kultur blant elevane, at dei ynskjer å gjera det beste ut av desse 20 minutta. Positivt at det er leselekse der føresette skal høyra ungane i lesing.
Me ynskjer at skulen held fram som ein leksebevisst skule.

Kommentar frå SU: SU tek dette til orientering og ver skulen arbeide vidare med saka.

Vekeplan

Mange føresette saknar vekeplanen i papirutgåve. Det skal presiserast at det er den generelle vekeplanen med felles informasjon me ynskjer på papir, ikkje den tilpassa dagsplanen/arbeidsplanen.
Ikkje berre er det praktisk at planen er lett tilgjengeleg, men ein får lettare høve til  å snakka litt gjennom dagen som kjem – og dagen som har vore. For mange barn kan det vera tryggande og forutsigbart å få ein enkel og rask gjennomgang av kva som skal skje i løpet av dagen, før dei kjem på skulen.  Det er lettare å fletta skulen inn som ein naturleg del i kvardagspraten, utan at ein må opp med ein skjerm – anten på mobil eller PC. Føresette, og ikkje berre den som opnar planen på skjermen,  kan spørja spesifikt korleis det har gått i eit fag eller ein aktivitet som har vore i løpet av dagen, og få eit konkret svar frå barnet. Har ein fleire born som går på skulen, går det mykje tid til med på- og avloggingar for å sjå over vekeplanen – i staden for å kasta eit raskt blikk på ein papirplan som er hengt opp.  FAU har eit sterkt ynskje om at elevane får vekeplanen i papirform i sekken.

Kommentar frå SU: SU tek dette til orientering

SFO-tilbodet.

SFO har eit godt tilbod til borna, men prisane er stive. FAU ynskjer at kommunen kan sjå til Fitjar og Bømlo korleis dei løyser kjøp av SFO-tid. I staden for å kjøpa plass i prosent, kan det vera eit alternativ å kjøpa plass i timar? På Fitjar gjer denne løysinga at fleire elevar går på SFO, og mange held på SFO-plassen sin opp til 3. og 4.klasse.

Kommentar frå SU: Silje Vatne (Politisk representant) tek saka med seg i budsjettarbeidet

 
ARKIV