STRATEGISK PLAN 2001-2004
Web-plan: Denne planen er laga med tanke på
at han skal lesast på Internett.
Ein papirversjon gjev ikkje tilgang til linkane som er ein viktig del av planen!
Slik det no ser ut vil det nye skulebygget i Rukjen stå klar i løpet av skuleåret 2003/04. Tida fram mot innflytting vil me nytta godt, og arbeida med både innhaldet i, og organiseringa av skulen. Den
strategiske planen gjeld for tre år om gongen, han vert likevel fornya kvart år. Denne
planen vert slik gjeldane for perioden 2001-04. I denne utgåva av Strategisk plan er det
lagt stor vekt på å redusera tekstmengda. Dette er gjort ved at det der det er aktuelt
vert vist til andre planar som gjeld for arbeidet ved Sagvåg skulen i perioden. Sagvåg skule
1.april 2001 |
|
Før skulestart i august vert det laga oppdatert faldar med
tenesteomtale for Sagvåg skule 2001/02 Teksten i omtalen under er ikkje oppdatert for det nye skuleåret. |
Sagvåg skule eit offentleg skuletilbod for born frå 6-13 år. Skulen har tilbod frå 1.til 7.klasse med ein klasse på kvart steg. Elevane i 1. til 4.klasse har 20 t/v med 4 timar kvar vekedag (kl 09.12-13.05). Mellomsteget har tilbod frå kl 08.30 til 13.05 (tys, tors, fre) og til kl 14.00 (mån, og ons). Det vert arbeidd med eit meir fleksibelt skuletilbod. [LES MEIR]
Borna som er elevar ved Sagvåg skule skal få ei opplæring som er i tråd meg gjeldande planar og føreskrifter.
Skulen har også ei gruppe skulefritidsordning plass til 22 born. Alle i 1.-4.klasse som ynskjer det har dei siste åra fått plass. Tilbodet har opningstid frå kl 07.15 til 16.00 før og etter skuletid. Ein kan også søkje "utvida tilbod" med om lag 20 dagar ekstra i året. SFO er eit betalt tilbod. Det vert også arbeidd med eit meir brukartilpasse tilbod i SFO. Det kjem meir informasjon om dette på heimesida til SFO. [LES MEIR]
Informasjon og kva brukarane kan forventa av Sagvåg skule kjem også til uttrykk i informasjonsheftet som vert sendt til alle heimane i august, og i "Info.-skriv" frå Sagvåg skule gjennom skuleåret. Oppdatert informasjon om tenestetilbodet er lagt ut på heimesida til skulen. Desse skriva er såleis ein naturleg del av tenesteomtalen til skulen.
![]() |
Kvalitetsutvikling ved Sagvåg skule
2000-2003
|
![]() |
Vurdering
|
![]() |
Trivsel & tryggleik
|
Satsingsområde som det er lagt ned mykje arbeid i å "få på plass" har ingen verdi dersom ein ikkje maktar å føra arbeidet vidare etter at "satsingsperioden" er over. Det er gjort mykje godt arbeid med, og målet er at planane som vart laga vert nytta i det daglege arbeidet ved Sagvåg skule. (Eit unnatak er som sagt planen for Innføringa av L-97 1997-2000. Denne er no eit historisk dokument og vert erstatta av Kvalitetsutvikling ved Sagvåg skule 2000-2003) [LES MEIR]
![]() |
Natur og miljø Miljøplan for Sagvåg skule syner arbeidet som er gjort. Denne planen vert revidert kvart år og inneheld m.a. ei rettleiing for arbeidet i kvart klassesteg. Sagvåg skule har revidert planen og tilpassa han til Natur & Miljøfaget i L-97. Det er også lagt stor vekt på lokal tilpassing. [LES MEIR] |
![]() |
Terpsikore Med utgangspunkt i den kommunale planen vert det laga ein lokal plan for Terpsikore. Også denne planen knyter verksemda ved Sagvåg skule tett opp til L 97. Det er spesielt sett fokus på Musikk og Kunst & handverk. [LES MEIR] |
![]() |
IKT og skulebiblioteket Dei
siste åra har Sagvåg skule sett fokus på IKT og skulebiblioteket. |
Del 2 av Strategisk plan 2002-2004 er Verksemdsplanen 2001/02 >>