Sosial samling ved Sagvåg skule

Sosial samling
Publisert: Torsdag 25.mars 2010 kl 14:30

Torsdag 25. mars var det sosial samling for klassane på småskulesteget. Songane alle song handla om vår.
Alle klassane deltok med song, dikt og dans.

Fleire bilete

Tekst og foto: Kari Almås


Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse
Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55

I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås

 


Publisert: Fredag 15.mai 2009

Vårsamling i amfiet

Det var ei fin samling for småskuleelevane. Me las dikt, song og dansa.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes


Publisert : Fredag 20.februar kl 11:45

Tema samling

Alf Prøysen var tema for samlinga 1. til 4.steget hadde i amfiet i dag. Songar og teaterstykke av Alf Prøysen vart framført av elevane i løpet av den timen framsyninga varte.

Tekst : Lars Bakka   Foto: Lars Bakka

       
 

Publisert: Tysdag 28.oktober kl 16:15

I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Haust var temaet for samlinga denne gongen og elevane på dei ulike stega hadde førebudd seg godt. Me fekk høyra både fine songar og flotte dikt. Hallvard og Solveig frå 2.steget gjorde ein glimrande jobb som programleiarar!

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 


Samling på småskulesteget

Publisert: 15.mai  2008 kl 09:30

I dag har småskulesteget hatt samling i amfiet. Temaet denne gongen var Vår og 17.mai. Elevane song og las. Det er kjekt å sjå kor flinke elevar me har.

Tekst: Brita Flatøy Bilete: Aasne Vikanes/Brita Flatøy

T


Samling på småskulesteget
Publisert: 17.april  2008 kl 14:10

Torsdag 16. april hadde småskulesteget samling i amfiet. Me song songar av Astrid Lindgren. Dei ulike årsstega hadde øvd inn songar som dei framførte, og me song nokre fellessongar. Elevane var flinke, og me hadde ei kjekk stund!

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes 

Sosial samling
Publisert: 26.oktober 2007 kl 14:00

Elevane på 4. steget hadde i dag ansvaret for den sosiale samlinga i amfiet. Daniel og Simona var flinke programleiarar, og temaet denne gongen var Venner. Elevane hadde mange fine innslag med både song, dikt og dans!

Tekst: Jenny Sætre Skjønbergfoto: Liljan Vestbøstad Waage

Sosial samling
Publisert: 17.03.07 kl 17:00

Fredag 16.mars hadde 1.-4.trinnet sosial samling i amfieet. Det var 4.steget som hadde ansvaret denne gongen, og temaet var "Torbjørn Egner". Me song, spelte og las frå Hakkebakkeskogen og Kardemommeby. Det var mange flotte innslag!

 

Tekst: Kari Myhre Foto: Kari Myhre m-f.

Samling for 1. til 4.steget
Publisert: 01.02.07 kl
15:30

1 -4 steget har hatt sosial samling i Amfiet. Vinter og vintersongar var temaet denne gongen.

Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Jenny Sætre Skjønberg

Sosial samling for 1. til 4.steget
Publisert: 09.11.06 kl 11:45

Denne gongen var tema for samlinga dyr. Mathias og Malin på 2. årssteget leia samlinga. Alle songane og dikta handla om dyr. Alle elevane var med i programmet. Me hadde ei kjekk stund.

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

Sosial samling
Publisert: 19.10.06 kl 12:45

Torsdag 19. oktober var småskulesteget saman i Amfiet. Der hadde klassane songar, dikt og dans som dei synte fram.

Denne gongen var det 3. steget som hadde ansvaret for samlinga.

 

Tekst & foto: Kari Almås

 

 

   Sosial samling

12.mai 2005

Småskulesteget har hatt sosial samling i gymsalen.
Kvart årssteg bidrog med ulike innslag. Alle var med og song vår- og fedrelandssongar.

Tekst og foto : Brita Flatøy 

 

14.desember 2004

Adventssamling

Fredag 10 desember var det adventssamling for 5-7 årssteg.  Me tente lys og song julesongar saman. Årsstega deltok med kvart sitt innslag. Det var ei triveleg stund for elevar og lærarar.

Tekst :Anne Elisabeth Trevland


 

13.05.04
Sosial samling på småskulesteget

Elevane på 1. til 4.steget fekk oppleva ei flott sosial samling i gymsalen. Det var elevane sjølve som stod for underhaldninga.

  

05.12.03

Sosial samling i småskulen

Fredag 5.desember hadde småskulen ei stemningsfull "Sosial samling" i gymsalen. Alle klassane hadde flotte framføringar. Klassane fekk også oppleva medelevar spela gitar og framføring med tverrfløyte.

 

 

01.12.03
Sosial samling på mellomsteget

Måndag 1.desember var det sosial samling for storskulen:
Programmet innehaldt diktlesing, song og det første adventslyset vart tent

Helsing
Kjell 

 

Sosial samling på mellomsteget

Måndag 1.desember var det sosial samling for storskulen:
Programmet innehaldt:
Det var diktlesing, song og det første adventslyset vart tent.
Du finn fleire bilete på heimesidene til 5.klasse>>, 6.klasse>> og 7.klasse>>

Helsing
Kjell 

 

15.11.02
Sosial samling i småskulen
Torsdag 14.november var det "Sosial samling" i gymsalen for 1.-4.klasse. Temaet for samlinga var "haust".
Elevane song, las dikt og dansa. Me hadde ei triveleg sund saman.

Kari Myhre

sossam_smaa_nov_02_1.JPG (73758 byte)  sossam_smaa_nov_02_2.JPG (93062 byte) sossam_smaa_nov_02_3.JPG (77307 byte) sossam_smaa_nov_02_4.JPG (30951 byte) sossam_smaa_nov_02_6.JPG (49047 byte) sossam_smaa_nov_02_7.jpg (39812 byte) sossam_smaa_nov_02_5.JPG (15101 byte)

24.10.02
Sosial samling for mellomsteget

I dag har det vore "Sosial samling" for elevane i 5. til 7.klasse i samband med FN-dagen.
Elevane hadde framføringar med songar og dikt.

sos_sam_okt_02_1.JPG (65963 byte) sos_sam_okt_02_2.JPG (69484 byte) sos_sam_okt_02_3.JPG (41435 byte) sos_sam_okt_02_4.JPG (50089 byte) sos_sam_okt_02_5.JPG (12314 byte) sos_sam_okt_02_6.JPG (46871 byte) sos_sam_okt_02_7.JPG (55324 byte)    

Ved Sagvåg skule er det tradisjon for at det vert arrangert "sosial samling" for 1.-4.klasse og 5.-7.klasse to gonger i året. I desse samlingane er det elevane i dei ulike klassane som har framføringar for kvarandre.
Under ser du nokre bilete frå ei slik samling i gymsalen.