Tenn lys!
eit lys skal brenna
for denne jorda vår,
den blanke himmelstjerna,
ho heile verda når
Må alle dela vona:
så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtast!
Eit lys er tent for det.
Tenn lys! To lys skal skine
for kjærleik og for tru,
for dei som viser omsorg
og alltid byggjer bru.
Må fangane få fridom
og flyktningane fred!
Tenn lys for dei som sørgjer
og dei som trøystar med.
Tenn lys! Tre lys skal flamma
for alle som må slåst
for rettferd og for fridom,
dei treng all hjelp frå oss.
Må ingen mista motet
før alle folk er eitt.
Tenn lys for dei som kjempar
for fridom og for rett!
Tenn lys! No strålar saman
dei fire lysa klårt
for han som elskar alle
og kjenner livet vårt.
Tenn lys for himmelkongen
som gjetarflokken såg,
for jord- og himmelbarnet
som i ei krubbe låg.