|
Du skal
ikkje tru det blir sommar
før vi jagar vinteren bort
og gjer slik at sola
for skine,
så det
kan bli sommar litt fort.
Eg trollar så blomane blømer,
og graset blir grønt kvar du går.
Ta av deg dei støvlane dine.
Eg sopte bort snøen i går.
Eg gjer
mykje vatn i bekken
som hoppar og brusar av stad.
Eg gjer fullt av
svaler i lufta
og myggar som svala
kan ta.
Eg gjer nye lauvblad
på trea,
og fullt opp av
fuglereir små.
Eg gjer himmelen
vakker om kvelden,
heilt rosa, med
gullskyar på.
Og jordbær det gjev eg til barna,
for det meiner eg dei skal få,
og andre små artige
saker
som passer når barna
er små.
Så lager eg festlege
stader
der barna kan springe
så lett,
og da blir dei fulle
av sommar
og beina av hopp og
av sprett.
|