|
Referat frå møte i SU & SMU
Tysdag 4.oktober 2016 kl 19.00-20.00
Saker:
1. Konstituering og val
2. Eit lite tilbakeblikk på arbeidet
frå i fjor (sjå under)
3. Nytt frå skulen v/ rektor. Økonomi
m.a. 4. Plan for arbeidet 2015/16
5. Ymse
Saker til SU:
(Skulemiljøttvalet)
Sak 1 Konstituering og val
Leiar: Erlend Thoresen (Var leier
2015/16)
Nestleiar: Bjarte Leth (Var nestleiar 2015/16)
Politisk rep. Asbjørn Aasheim (Ap) Skrivar: Lars Bakka
(fast) Rep. pedagogisk pers.:
Erlend Thoresen (Var med 2015/16) Rep. pedagogisk pers.: Gro A
Halvorsen (Ny) /Vara Ingrid Kvernenes Misje (Var med 2015/16)
Rep andre tilsette: Elin Macsik Vara: Jorunn Bendiksen
Sak 2 Nytt frå skulen v/ rektor. Økonomi
m.a.
Prosjekt og satsingar dette skuleåret:
-
Kunnskapsløftet frå 2006 held fram>>
(Nasjonalt) -
Satsinga "Rekning i alle fag"
(Kommunalt) -
BTI
(Betre Tverrfagles Innsats)>>
(Kommunalt)
Info om heim-skulesamarbeid "analogt og
digitalt"
-Presentasjon av
nettsida og gjennomgang av møterutinar (www.sagvagskule.no
)
Økonomi: orientering om
rekneskap pr september 2016 og budsjettarbeid
2017
- Sagvåg skule har dei
siste skuleåra ved årsslutt hatt eit par
prosent overskriding på budsjettet. Me vonar at
me i løpet av skuleåret 2016 vil klara å
redusera underskotet
Sak 3 Plan for arbeidet
Sagvåg skule 2016/17
og nye saker
- Rekning i alle fag
- Mitt val
- Bruk av iPad i undervisninga
Sak 4:
Saker frå FAU
2015/2016
Rundkjøring før ballbingen
– er er no teken i
bruk og fungerer stort sett greitt...det kan
iblant vera litt kø

Solskjerming i klasserom – klasseromma der 6. klasse (skuleåret 2013/2014) var
plaga med mykje sol. Solskjerming er no komen
på plass. Me har sjølve montert nokre
rullegardiner frå Jysk ved sjekkbrettet og i
1.klasse hausten 2015 og i sjakkbrettet 2016
Amfi
ute – FAU 2013/2014 ynskjer dette klart
til skulen sitt 10 års jubileum i februar
2016. Det ligg inne på kommunen sitt budsjett
for 2016. Amfiet kjem like etter haustferien


Kjeldesortering
– Etter haustferien 2016 får Sagvåg skule nytt
søppelsystem med kjeldesortering


Sak 5 Ymse
Sak frå 2015: SU tok opp
spørmålet om gratisskuleprinsippet knytt til Bergensturen som vert
arrangert i skuletida for 7.klasse. Under drøftinga kom også
teaterturen Mostraspelet fram som eit anna døme der foreldra er
med på å betala via gåvekassen. Rektor skal sjå nærare på om dette
er i strid med gratisskuleprinsippet.
Oppdatering 2016: Sagvåg
skule har no avskaffa klassekassar og pengeinnsamling. Sagvåg
skule er då gratis. Det kan likevel bli bede om dugnad
knytt til transport.
Saker til SMU:(Skulemiljøutvalet)
(Denne saka var også orienteringssak i FAU)
Sak 1:
Trygg skuleveg
Det er sett i gang eit arbeid med
analyse av trygg skuleveg. I første omgang har eg og Egil gjennomført
trafikkteljing på riksvegen og Vikanes. Me ventar på at det skal bli
etablert ei tverrfagleg gruppe som skal definera farleg skuleveg som
løyser ut skyss. (Nokre akutte tiltak er sett i kraft denne hausten m.a.
trafikkpatrulje . Me har heller ikkje endra kven som har fått busskort
denne hausten.
Tala viste 0,3 bilar i minuttet på Vikanes (18
bilar) og 3 bilar i minuttet (172 bilar) på riksvegen mellom kl 07.30 og
08.30 26.mai 2016
Ymse saker til orientering frå
FAU-møtet
A. Det vart orientert om at Sagvåg skule
tek sikte på å gjennomføra foreldrekveld med tema "Nettvett" saman
med Barnevakten.no hausten 2017. Då vert alle foreldremøta denne
kvalden samla til same tidspunktet. Dette er sjølvsagt ei ulempe
for dei som har born i fleire klassar...men denne gongen er eit
unnatak.
B.
FAU spør om det er behov for
fleire leikeapparat og meiner det evt kan brukast 17 mai
overskot til det.
- Har Rektor, lærarar eller elevråd
innspill på dette? Dette punktet vart også teken opp i SMU.
Innspel frå Rektor og lærarar var at dei er godt nøgde med
leikeapparata som er der i dag, fleire apparat er også
plassert litt rundt langs stiane i området rundt skulen.
Fleire apparat vil og krevja meir vedlikehald. - Sak til
neste FAU møte
-Mulighet for evt anna støtte fra
kommunen?, Anita L sjekker muligheter.
C.
Ynskje om å sjå på alternativ betalings
løysing tillegg til kontantar for 17 mai etc. Einar A sjekker
muligheter til neste FAU møte.
D.
Sykling til skulen
- FAU er uroa over forholda på gang
og sykkelvegen frå skulen ned mot Skifteslono og undergangen
ved Utslettevegen, der det har vore fleire nesten ulykker og
samanstøt på denne strekka. Uroa er først og fremst for dei
yngste borna. Det har også vore tilbakemelding på dette frå
naboar i området.
"Som nabo har eg fleire gonger måtta
hjelpa born som har sykla i kvarandre på grunn av stor fart.
Det har også vore ein del «nestenulykker».
Turgåarar og andre elever har mest
blitt nedkjørt av elever på sykkel, særleg i bakken ned frå
skulen og vidare nedover Skifteslono. Trist om born skal bli
skada på veg heim frå skulen."
- Det
er foreldra sitt ansvar å vurdere om deira born kan sykla til
skulen. Anbefalinga frå FAU er at ein ventar til 5 klasse med
å sykla til skulen. Rektor lagar til eit skriv på dette,
liknande som i fjor, som ranselpost.
- Sak til neste FAU møte: Vurdere om
vi bør søkja om fartsdempande tiltak. http://www.vegvesen.no/_attachment/61426
side 8.
Ref.
Lars Bakka
|