Oppdatert 09.05.2017 
SU (Samarbeidsutvalet)  og SMU (Skulemiljøutval) 2016/17
ARKIV
Det siste møtet i FAU>>
Rettleiar for Skulemiljøutval (feb-2012)

Kven er min vara?>>

 

Referat til  møte i SU & SMU
Tysdag 4.april 2017  kl 19.00-20.00

Leiar: Erlend Thoresen (i permisjon)  Vara Kari Myhre vart innkalla
Nestleiar: Bjarte Leth
Politisk rep. Asbjørn Aasheim (Ap)
Skrivar: Lars Bakka (fast)
Rep. pedagogisk pers.: Erlend Thoresen
Rep. pedagogisk pers.: Gro A Halvorsen (Ny) /Vara Ingrid Kvernenes Misje (Var med 2015/16)
Rep andre tilsette: Elin Macsik Vara: Jorunn Bendiksen
Elevråd: Samuel Andersland og Malene Tveidt
+ Resten av FAU


Saker:

Sak 1
Omvising auteamfiet

Sak 2
Prosjekt ved Sagvåg skule 2017/18
- Disko: Prosjekt knytt til Rikskonsertane
- Rekning i alle fag: Kommunalt prosjekt knytt til rekning
- (Kunnskapsløftet er under revisjon. M.a. ny generelle del)

Sak 3
Nytt frå skulen v/ rektor. Økonomi m.a.
- Rekneskap 2016: 101.9% -> kr -266.530
- Rekneskap så langt 2017: Balanse i januar-mars

Sak 4
Mobilfri skule?
- Saka vart drøfta.
Vedtak: SU går einstemmig inn for at Sagvåg skule er mobilfri i skuletida.

Oppslag på nettsida vår frå 2000:

20.11.00
Tyggis og mobiltelefon på skulen.......

Elevrådet vil at elevane kan få ha  tyggis og mobil på skulen. Det er spesielt dei store elevane som er opptekne av dette. 
No har elevrådet vedteke prøveordnig med tyggis på skulen fram til 1.februar 2001
Men det er uansett foreldra dine som til sjuande og sist avgjer om du får lov til å ha sukkerfri tyggis på skulen!

Tidlegare har det også kome spørsmål om bruk av mobiltelefon. Til dette har me så langt sagt at telefonen i alle høve må vera avslått i timane!  Det er med andre ord ikkje ulovleg å ha telefon med på skulen. Telefonane kan berre nyttast i friminutta.

Les nokre argument for og mot tyggis og mobiltelefon på skulen: 
Om tyggis på skulen >>

Om bruk av mobiltelefon på skulen >>
Gratis mobiltelefon til alle i 6.klasse! >>

  Simen Hatlevik
-Leiar elverådet-
  Gro A Halvorsen
-Elevrådskontakt-
Lars Bakka
-rektor-

 

 

Resulta frå undersøking mellom elevane om spørsmålet mobilfri skule:



Sak 5
Uttale: "Ein inkluderande barnehage og skule" (Les meir>>>)
- Uttale frå SU Sagvåg skule: SU ser positivt på det fokuset på heilskap som ligg i prosjektet. SU drøfta også korleis foreldra i større grad kan bli delaktige i skulegangen til borna. Dette med å vise interesse og spørja om korleis borna har det på skulen kan vera ein god start. Fokus kva som skjer på skulen med tanke på fag, vekeoppdrag og trivsel er viktig.


Sak 6
Ymse
- Foreldra er opptekne av at borna får nok tid til å matpause. Mange elevar kjem heim med fulle matboksar. Kor mykje tid har elevane til å eta?
- Svar frå rektor: Borna bør ha 20 minutt til matpause. Lærarane opplyser at borna i praksis har omlag 15 minutt pause, saka vil bli drøfta av skulen. Målet må vera at borna får nok tid til å eta nista.

 

 

Møtestruktur:
Dersom det er saker det skal røystast om i SU  så skal skulen ha fleirtal. (SU er ikkje brukarstyrt)
I Skulemiljøutvalet skal foreldra ha fleirtalet.

  • Organisering:
    1. Klasserådet: Alle elevane
    2. Elevrådet: Ein elevrep. frå kvar klasse
    3. FAU: Ein foreldrerep. frå kvar klasse (7 stk)
    4. Skulemiljøutval: 8 brukarar (7 foreldre + 1 elev)+ 5 frå skuleeigar
    5. Samarbeidsutval:
      4 brukarar (3 foreldre (2.kl-4.kl-6.kl) + 1 elevar= 4 rep for brukarane
    5 frå skulen
    (1 stk rektor + 2 stk lærar + 1 stk andre tilsette+ 1 stk politikar)

  • Om vurdering av orden og åtferd

5 skulerepresentannar (1 stk rektor + 2 stk lærar + 1 stk andre tilsette+ 1 stk politikar)
6 brukarar ( 2 stk elevar + 4 stk foreldre
[2.st, 4.st, 6.st, 7.st])