SU (Samarbeidsutvalet)  og  SMU (Skulemiljøutvalet)   2015/16

Arkiv>>

Oppdatert 08.01.2016   

Det siste møtet i FAU>>

Rettleiar for Skulemiljøutval
(feb-2012)

Kven er min vara?>>

 

Innkalling møte i SU & SMU
Tysdag 19.januar 2016

kl 18.00-19.00 FAU-møte
-
Om Kommunalt foreldreutval v/Iren
- 17.mai 2016
- Info frå rektor
- Ymse


kl 19.00-19.30 SMU-møte (To elevar er med på dette møtet)
- Presentasjonsrunde
- Elevane og SMU/SU... v/ Lars
- Resultat frå Elevundersøkinga hausten 2015
- Informasjon om "Mitt val"
- Ymse


kl 19.30-20.00 SU-møte
- Informasjon om arbeidet ved Sagvåg skule våren 2016 v/ rektor
-
Budsjett og økonomiarbeid
- Ymse

 

Referat frå møte i SU & SMU
Tysdag 22.september kl 19.00-20.00


Saker:
1. Konstituering og val
2. Eit lite tilbakeblikk på arbeidet frå i fjor (sjå under)
3. Nytt frå skulen v/ rektor. Økonomi m.a.
4. Plan for arbeidet 2015/16
5. Ymse

Saker til SU:
1. Konstituering og val
Leiar: Erlend Thoresen (Ny)
Nestleiar: Bjarte Leth (Ny)

Politisk rep. Silje Vatna (er på val og var med på det siste møtet i dag)
Skrivar: Lars Bakka (fast)
Rep. pedagogisk pers.: Erlend Thoresen (Ny)
Rep. pedagogisk pers.: Gro A Halvorsen (Ny) /Vara Ingrid Kvernenes Misje møtte
Rep andre tilsette: Møtte ikkje


2. Eit lite tilbakeblikk på arbeidet frå i fjor
- Sjå referata frå i fjor>>

3. Nytt frå skulen v/ rektor. Økonomi m.a.
- Fakta om elevtalutvikling i skulekrinsen
- Økonomi: Me kan rekna med å gå med eit underskot på omlag 3% i skule 2015

4. Plan for arbeidet 2015/16
 
- Rekning i alle fag
  - Bruk av iPad i undervisninga

Sjå m.a. prosjektsida vår>>

5. Ymse
    SU tok opp spørmålet om gratisskuleprinsippet knytt til Bergensturen som vert arrangert i skuletida for 7.klasse. Under drøftinga kom også teaterturen Mostraspelet fram som eit anna døme der foreldra er med på å betala via gåvekassen. Rektor skal sjå nærare på om dette er i strid med gratisskuleprinsippet.


Saker til SMU:

(Desse to sakene var også orienteringssaker i FAU)


Sak 1 Sykling til skulen og SMU/SU/FAU si rolle
Les meir på: Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/Regelverk/Finn-regelverk-for-opplaring/Finn-regelverk-etter-tema/Laringsmiljo/sykling-pa-skoleveien/
Trygg Trafik: http://www.tryggtrafikk.no/nyheter/skole-og-fau-ma-samarbeide-om-sykling/

Det vart drøfta kva rolla skulen og foreldra no har etter vertaket om at:

Det er foreldrene som avgjør om elevene får sykle på skoleveien eller ikke.

Foreldra stiller spørsmål om lærarane ha tilsyn med elevane i samband med sykling ned brekka frå skulen. Dette vart avvist av rektor då me ikkje har kapasitet til å nytta tilsette til slik tilsyn. Skulen har tilsyn med elevane som ventar på bussen.

SU ynskjer at skuleleiinga og leier FAU skriv eit felles infoskriv om sykling til skulen til alle heimane.


Sak 2: Ny rundkøyring og trafikktryggleik

Rundkøyringa er så og seie ferdig og allereie no ser me at foreldra har teke ho ibruk. Utover hausten vert det nok offisiell opning. Dette vert eit godt trafikktrygginstilkat ved skulen vår.

Ref. Lars Bakka

 

Møtestruktur


Dersom det er saker det skal røystast om i SU  så skal skulen ha fleirtal. (SU er ikkje brukarstyrt)
I Skulemiljøutvalet skal foreldra ha fleirtalet.

  • Organisering:
    1. Klasserådet: Alle elevane
    2. Elevrådet: Ein elevrep. frå kvar klasse
    3. FAU: Ein foreldrerep. frå kvar klasse (7 stk)
    4. Skulemiljøutval: 8 brukarar (7 foreldre + 1 elev)+ 5 frå skule
    5. Samarbeidsutval:
      4 brukarar (3 foreldre
    (2.kl-4.kl-6.kl) + 1 elevar) +
    5 frå skulen
    (1 stk rektor + 2 stk lærar + 1 stk andre tilsette+ 1 stk politikar)

  • Om vurdering av orden og åtferd

Veileder for skolemiljøutvalg

Utdanningsdirektoratet har i samarbeid med representanter for elever, foreldre, ansatte og interesseorganisasjoner utarbeidet veiledningsmateriell for arbeid i skolemiljøutvalg.
Det er skoleeiers og rektors ansvar at skolemiljøutvalg blir opprettet og fungerer i samsvar med bestemmelsene i opplæringsloven.
Vi oppfordrer alle skoler til å lenke til denne veilederen fra sine hjemmesider.
Les mer her:
http://www.udir.no/templates/udir/TM_Artikkel.aspx?id=2599

Vennlig hilsen
Utdanningsdirektoratet
http://www.utdanningsdirektoratet.no

 

5 skulerepresentannar (1 stk rektor + 2 stk lærar + 1 stk andre tilsette+ 1 stk politikar)
6 brukarar ( 2 stk elevar + 4 stk foreldre
[2.st, 4.st, 6.st, 7.st])