|
10-postane:
På rekneskap 10-postane har me 250.000 i
overforbruk. Denne vil bli redusert fordi øvingsopplæring for vår og haust
2011 ikkje er kompensert. 90.000,- er overforbruk knytt til lovpålagte
undervisningstimar og spesialundervisning.
Elles er det fleire av 10-postane som
ikkje er budsjettert med utgifter. Ein barneskule MÅ setje inn vikar og kan
ikkje permittere elevane. Her har me difor overforbruk.
Ein god del vikar for langtidssjuke er også ført her. Dette
håper me at me har fått refundert.
11-postane:
Sjølv om me gjer harde prioriteringar
knytt til innkjøp av lærebøker, får me på denne 11-posten ei overskriding på
heile 13.000,- Også posten ‘anna undervisningsmateriell’ er ei utfordring
då det ikkje er budsjettert med utgifter her. Me har hatt kr 42.000,- i
utgifter på denne posten.
12-postane:
På desse postane har Sagvåg skule etter seks års drift gjort nokre innkjøp i
2011 som måtte gjerast. Dette er utstyr som burde vore i skulen då han var
ny.
Det er kjøpt 1 stk Smartboard og 2 stk
PC-skap då IKT-avd. forlangte trygg lagring av dei nye maskinane som kom i
vår. Elles er det også på mange av desse postane ikkje budsjettert med
utgifter. Dette fører til minus i rekneskapen frå første innkjøp.
13-postane:
Her er det post 13.500 som har ei overskriding på ved årsslutt på 12.000,-
Dette er ei feilføring som gjeld dette at me sendte 25 elevar på leirskule.
Dette vert to grupper på Gullingen då dei har delingstal på 23. I følgje Tor
vart kompensasjonen for dette ført til Litlabø skule, men vert tilbakeført
til oss slik at denne posten skal gå i balanse. |
Pr dags dato har me brukt 73,64% av
budsjettet. Det må vera eit mål av me i perioden fram mot årsslutt får
klarer å redusera det prosentvise avviket som no er på heile 6,02% |
På postane 11- og 12 vil me ikkje ha
store utgifter hausten 2011. Her er dei innkjøpa som måtte gjerast gjort
våren 2011
Når det gjeld 10-postane vil me gå inn i
den siste delen av året med eit overforbruk på 7 undervisningstimar i veka.
|