Oppdatert: 15.10.2007

Plan for bruk av
SKULEBIBLIOTEKET

nb.gif (887 bytes)Web-plan: Denne planen er laga med tanke på at han skal lesast på Internett.
Ein papirversjon  gjev ikkje tilgang til linkane som er ein viktig del av planen!

Sjå også "Biblioteksida" vår!
[Den grå teksten i denne planen er sitat frå rettleiinga; Bruk av skulebiblioteket, frå KUF]

Innhald

Innleiing v/ Lars Bakka, rektor
Føreord v/ Annbjørg Luggenes, bibliotekansvarleg

1 Skulebiblioteket sin plass i opplæringa
1.1 Innhald i, og organisering av skulebiblioteket vårt
1.2 Oppgåver og kompetanse knytt til skulebiblioteket ved Sagvåg skule
1.3 Bruk av skulebiblioteket i prosjektarbeid
1.4 Tilrettelegging for alle elevane

2 IKT i skulebiblioteket
2.1 IKT-verkstad og kommunikasjonssenter
2.2 Nære databasar
2.3 Internett
2.4 Rom og utstyr
3 Skulebiblioteket ved Sagvåg skule
3.1 Opplæring i bruk av skulebiblioteket

3.2 Temaorganisering av innhaldet
3.3 Lesestimulering og fritidslesing
3.3.1 Lesestimulering
3.3.2 Fritidslesing
3.4 Skulebiblioteket som aktivitets- og kultursenter
4 Samarbeid med andre bibliotek

4.1 Bibliotekfilialen på Litlabø
4.2 Hovudbiblioteket i kulturhuset

4.3 Bibliotek på Internett

Innleiing

Denne planen er ein del av det samla arbeidet med bruk av ulike læremiddel ved Sagvåg skule, planen må også sjåast i samanheng med andre lokale planar m.a. Lokal plan for innføring av L 97 ved Sagvåg skule, og Plan for arbeid med IKT ved Sagvåg skule.
Gjennom prosjektet Skulebiblioteket og IKT set Sagvåg skule fokus på to sentrale læremiddel i L 97.

Parallellt med dette planarbeidet er det gjort ein god del praktisk arbeid. Mellom anna vart kontoret, arbeidsrommet til lærarane, skulebiblioteket og klassane på mellomsteget "kabla". Det vert også kjøpt inn fleire nye datamaskinar til skulen. Dessutan er eit elektronisk registrerings- og utlånsystem for bøkene i skulebiblioteket insatalert.

 

Sagvåg skule
autograf.gif (2233 bytes)
Lars Bakka
-rektor-

Føreord

Ved Sagvåg skule har skulebiblioteket hatt høg prioritet. I skuleåret 91/92 fekk me, trass i få klasserom, ominnreidd eitt av desse til bibliotek.

Me visste ikkje då at skulebiblioteket skulle få ein så viktig plass i det nye læreverket, L 97.

Ved inngangen til eit nytt tusenår, der det å kunna skaffa seg informasjon er svært viktig, er det godt å ha eit skulebibliotek der både bøker og IKT er lett tilgjengeleg.

Som lærarar må me ikkje gløyma den viktige oppgåva me har når det gjeld å få elevane å bli glade i god litteratur. Sjeldan er dei så engasjerte som når me les ei god bok til dei.

Håpar alle får glede og nytte av biblioteket vårt.

 

Annbjørg Luggenes
- bibliotekansvarleg Sagvåg skule -

 

1. Skulebiblioteket sin plass i opplæringa

Eit overordna mål for denne planen er å setje fokus på bruken av skulebiblioteket ved Sagvåg skule. Skulebiblioteket må i større grad enn i dag bli tatt i bruk som eit viktig læremiddel i opplæringa. Den sentrale plassen skulebiblioteket har fått i L 97, må få konsekvensar m.a. ved at ressursane til skulebiblioteket aukar. Me må nok også innsjå at denne auken må skje ved omprioriteringar innan skulen sitt eksisterande budsjett.
Denne planen vil gje konkrete framlegg til kva som må gjerast ved Sagvåg skule i åra framover, og planen vil heile tida vere tett knytt til dei sentrale statlege styringsdokumenta. - På kommunalt plan i Stord er det ikkje blitt laga ein plan på dette området.

Et bredt syn på kunnskap skal ligge til grunn for opplæringen, både i grunnskole og i videregående opplæring. Opplæringen skal ikke bare overføre kunnskap, men også gi elevene kompetanse til å vinne ny kunnskap gjennom egen aktivitet. Slik må det være i et samfunn som ønsker å ta vare på sin kultur og sine tradisjoner, samtidig som informasjonsmengden øker og kravene til kunnskap raskt forandres. Livslang læring og kontinuerlig oppdatering er nøkkelord både i skolens opplæring, i videre studier, i arbeidslivet og i detprivate liv.
Dette har fått konsekvenser for mål, arbeidsmåter, roller og samarbeidsformer i skolen. Blant annet skal opplæringen legge til rette for at elevene i større grad skal ta ansvar for egen læring. Skolebibliotek som læringsverksted og informasjonssenter i skolen blir et viktig redskap i arbeidet mot disse målene.
I læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97) står det på s 78 i "Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskulen":
Skulebiblioteket skal ha ein sentral plass i opplæringa og tene som senter for kulturell verksemd, for informasjon og materiell. Det skal stimulere til eigeninnsats og fremje gode arbeidsvanar. Skulebiblioteket skal fremje lese-glede, stimulere til fritids-lesing og fagleg fordjuping, og vere ein stad der elevane aktivt kan lære å søkje informasjon gjennom ulike kjelder.

Satsinga på m.a. skulebiblioteket og IT som læremiddel må få konsekvensar for den totale ressursbruken i skulen.
(Frå IKT-plan for Sagvåg skule)

Det er liten tvil om at m.a. den sentrale plassen den tradisjonelle læreboka har hatt, må tonast ned. På dette området har Sagvåg skule gjort store omprioriteringar etter innføringa av L 97 hausten 1997.

Det bør være et mål for skoleeiere og for skolene å utvikle og utnytte best mulig den pedagogiske ressursen som ligger i biblioteket. Tilgjengelighet, hensiktsmessig innhold, samarbeid mellom ulike instanser og utvikling av bibliotekfaglig og pedagogisk kompetanse vil være sentrale elementer i dette. De prioriteringer som foretas, vil være avgjørende for kvaliteten og standarden på skolebiblioteket og bibliotektjenesten.

 

1.1 Innhald i, og organisering av skulebiblioteket vårt

Skulebiblioteket ved Sagvåg skule har eit rom på 58 m2 til disposisjon, i tillegg til dette har kvart klasserom ei lita samling med bøker frå biblioteket. På arbeidsrommet til lærarane er det eit lite fagbibliotek. Eldre fagbøker er plassert på eit grupperom nr 1 ("studentrommet") grunna plassmangel.
Skulebiblioteket har omlag 2500 titlar og eit utlån på omlag 2000 titlar i året, d.v.s. omlag 14 bøker pr. elev i året.

I dag er skulebiblioteket organisert slik:
(Dewey-systemet)

Fargekode: Kategori:
Blå Skjønnlitteratur

- Ordna alfabetisk etter forfattar.

Kvit Fagbøker

(000) Oppslagsbøker/ Biblioteklære
(100) Filosofi
(200) Religion
(300) Samfunnslære
(400) Språk
(500) Naturfag
(600) Anvendt vitenskap (Praktiske fag)
(700) Kunst
(800) Litteratur
(900) Geografi og historie

- Innført i tilførselsboka

Raud Biletbøker
- Innført i tilførselsboka
Grøn Eventyrbøker (390)
- Innført i tilførselsboka
Gul Diktbøker
- Innført i tilførselsboka
Brun Bibelforteljingsbøker
- Innført i tilførselsboka

I framtida vil skulebiblioteket ved Sagvåg skule bli organisert på same måte, men det vert trekt eit skilje mellom desse hovuddelane:

Opplæringsbibliotek
for elevene
Læremiddelsamling
Studie- og oppslagsbibliotek

Det allmennkulturelle
bibliotek

Skjønn- og faglitteratur

  Fagbibliotek for lærere
Dokumentbibliotek
Håndbokbibliotek

IT-senter
Katalogtjenester
Programvare
Internett
Teletjenester

 

1.2 Oppgåver og kompetanse knytt til skulebiblioteket ved Sagvåg skule

Skulebiblioteket har 1 1/2 klokketimar til disposisjon i veka til å ajourføre, og ha oppsyn med biblioteket. Det seier seg sjølv at det er lærarane som nyttar biblioteket med klassane som sjølv må vera bibliotekarar. Dette har sjølvsagt den positive effekten at alle lærarane må gjere seg godt kjent i biblioteket, men det må vere eit mål å auke ressursane til skulebiblioteket.

Oppgåver skissert i rettleiinga "Bruk av skolebiblioteket", og framlegg til vårt arbeid:

Oppgaver i skolebiblioteket kan være:
("Bruk av skolebiblioteket s 11-14)
 Tiltak ved Sagvåg skule:

Trinn1

  • Vedlikehold av skolebibliotekets katalog:
    Katalogen kan være elektronisk. Her er det nødvendig med et bibliotekprogram med katalogdata i marc-format. Alle læremidler kan i utgangspunktet legges inn her.
    Katalogen må oppdateres jevnlig.Oversikt over ulike typer informasjonsmateriell
    Læremiddelkataloger fra forlag, kompetansesentre o a og informasjonsmateriell fra organisasjoner og offentlige etater samles og plasseres lett tilgjengelig.

1 steg:

  • Også dette har vore ei av dei "gamle" oppgåvene til bibliotekansvarleg, og dette ansvaret må førast vidare.
  • Opplæring av elever og lærere i bruk av bibliotek
    Oppgavene kan deles mellom skolebibliotekar, lærere og elever.
  • Også dette arbeidet vert ført vidare. Det vert konkretisert i denne planen.
  • Vurdering av materiell
  • Vert ført vidare.
  • Budsjett, innkjøp, kassering, fornyelse
    Læreplanene danner grunnlag for innkjøp av bøker og annet materiell i skolebiblioteket. Budsjett og innkjøpsplan utarbeides. Kassering av gammelt, uaktuelt eller slitt materiell er viktig.
  • Vert ført vidare.
  • Statistikk
    Det føres årlig statistikk over bokstammen i skolebiblioteket. Statistikken inngår i den nasjonale bibliotekstatistikken og brukes bl a som grunnlag for vederlag til forfattere.
  • Vert ført vidare.
  • Utlån
    Det kan legges opp til selvbetjent utlån. Et elektronisk utlånssystem gjør det enkelt å holde rede på hva som er utlånt, hvor det befinner seg, og når det skal purres. Det er nødvendig å bruke tid på innarbeiding av lånerutiner.
  • På dette området vil ny teknologi gjere arbeidet lettare.

Trinn 2

  • Informasjon til elever og lærere om ny barne-, ungdoms- og voksenlitteratur
  • Informasjon om læremidler
  • Veiledning i bokvalg
  • Vedlikehold av klipparkiv

2.steg

  • Det er i første rekkje klassestyrarane som informerer elevane om nye bøker og litteratur, bibliotekansvarleg informerer lærarane.
Trinn 3
  • Bruk av og opplæring i elektroniske hjelpemidler i skolebiblioteket, til søk i skolebibliotekets egne samlinger og f eks folkebibliotekets base
  • Bruk av og opplæring i å søke i aktuelle baser og finne informasjon på Internett
  • Bruk av og opplæring i elektroniske læremidler og pedagogisk programvare
3.steg
  • Desse oppgåvene vil ved vår skule bli løyst av ansvarleg for skulebiblioteket og IKT-ansvarleg.

1.3 Bruk av skulebiblioteket i prosjektarbeid

Tilhøva må leggjast til rette slik at skulebiblioteket vert gjort tilgjengeleg for elevane gjennom heile skuledagen. Detteer m.a. gjort ved at arkivet til biblioteket er registrert digitalt og lagt ut på skulen sitt intranett, og på skulen sine Internettsider. Også i dag er biblioteket ope for elevane heile dagen, men det vert ikkje nytta så mykje som ønskeleg. Med eit elektronisk utlånssystem kan utlån gjennomførast utan at klassen har "lånetime" med lærar til stades.

1.4 Tilrettelegging for alle elevane

For lærerne kan det også være en stor pedagogisk utfordring å tilrettelegge opplæringen for elever som har spesiell begavelse på ulike felt. I skolebiblioteket skal også disse elevene finne fag- og skjønnlitteratur og annet materiell som stimulerer og utfordrer deres evner og interesser.

For dei ressurssterke elevane vil eit stort utval lærestoff vere svært positivt. Tilgang til kunnskap frå fleire "kanalar" vil gje desse borna eit godt utgangspunkt for å tileigne seg kunnskap på eiga hand.
Men også for elevar med spesielle krav til tilrettelagt undervisning kan biblioteket bli ein ekstra ressurs m.a. med lydbøker og multimediaprogram for spesialundervisning. Skulen har ein del program som kan nyttast, men også på dette området har skulebiblioteket til no komme i bakgrunnen fordi mange av dei elektroniske læremidla ikkje er blitt knytt til dette biblioteket.
No vert alle lydbøker og multimedia-hjelpemiddel registrert og gjort tilgjengeleg for elevane på alle maskinane i skulen sitt nettverk.

 

2. IKT i skulebiblioteket

Ved Sagvåg skule er koplinga mellom IKT og skulebiblioteket sett i sentrum gjennom arbeidet med denne planen og IKT-plan for Sagvåg skule. Håpet er at desse to sentrale læremidla kan knytast saman på ein slik måte at dei kan bli ei betre kjelde til læring.

Læreplanene legger vekt på at elevene skal vinne erfaring med bruk av moderne informasjonsteknologi og søke informasjon fra ulike kilder. Det framheves at datateknologien skal være allment tilgjengelig og bl a motvirke tradisjonelle kjønnsskiller.

Om skolebibliotekets rolle heter det i"IT i norsk utdanning. Plan for 1996-99" s 27:

"Ikke alle har tilgang til IT-utstyr hjemme. Og de som har utstyr, har ikke alltid tilgang til de tjenester de har behov for. For å bidra til bedre tilgang for dem som ikke har nødvendig utstyr, bør det arbeides med tilgang til utstyr, programvare og nettjenester gjennom folkebibliotekene og skolebibliotekene."

Den grunnleggjande filosofien bak dette arbeidet, er at barna skal vera aktive i læringsprosessen og sjølv søkje kunnskap. For å nå dette målet, må tilhøva leggast til rette.
I dette kapitlet vil me syne korleis me tenkjer oss bruken av IKT i skulebiblioteket ved skulen vår.

2.1 IKT-verkstad og kommunikasjonssenter

Et godt utbygd skolebibliotek med aktuelt teknologisk utstyr kan være et hjelpemiddel til å bringe barn og unge i kontakt med hverandre. Dersom skolen/skolebiblioteket har Internett-tilknytning med adresse for elektronisk post, kan elever og lærere kommunisere med elever og lærere i andre land via e-post. Nasjonalt læremiddelsenter har tilbud til alle elever og lærere om gratis e-postadresse.

Alle elevane på mellomsteget har tilgang til Internett i klasseromma sine og i dei grupperomma klassane nyttar. Dessutan er maskinen på skulebiblioteket knytt til internett. Elevane i 5,-6.- og 7.klasse har også eigne e-postadresser knytt til "Skolepost". Dette er ei teneste med så mange avgrensingar m.a. med tanke på kva format som vert godkjent , vedlegg m.m. Det gjer at dette ikkje har vore eit brukbart system for lærarane. Lærarane er knytt til online.no med eigne e-postadresser.

Skulebiblioteket kan ved hjelp av Internett  bli ein IKT- verkstad og eit kommunikasjonssenter for elevane ved Sagvåg skule. Bruken av skulebiblioteket må også sjåast i samanheng med bruken av IKT-rommet.

2.2 Nære databasar

I heftet "Informasjonsteknologi i skolebibliotek" fra KUF/SFG (1992) sier kapittel fem noe om hva som kreves av et edb-basert skolebiblioteksystem. Her nevnes bl a at det må være mulig å katalogisere, søke og importere katalogdata og få utskrift på papir av søkeresultat og lister. Systemet må bruke standard katalogisering kunne registrere annet materiell enn bøker. Det må kunne importere og bør kunne eksportere MARC-poster. MARC-formatet er et internasjonalt standardformat for utveksling av katalogdata (bibliografiske poster). Det bør inneholde utlånsfunksjon.

Registrering av bøkene i database er nytt for Sagvåg skule, til no har bøkene, som tidlegare nemt i planen, blitt registrert manuelt. Ulike system vart vurdert:
-Access som er ein del av Office-97.
-Bibsys
-Bibliofil
-Mikromarc

Vurderinga somlåg til grunn for valet vårt av system:

Access

  • Skulen har lisensar på Office-97 noko som gjer systemer billig
  • Registrering av bøker vert tungvint
  • Det er ikkje utlånsystem i Access

Bibsys

  • Anerkjent biblioteksystem
  • Etter samtale med fagfolk m.a. på HSH vert me råda til å ikkje bruke dette systemet fordi det er for avansert og "tungt" for eit bibliotek på vår storleik.
  • Det er også for avansert for unge brukarar.

Bibliofil

  • Folkebiblioteket på Leirvik nyttar dette systemet
  • Systemet er for stort for vårt bibliotek

Mikromark

  • Mikrogram er godt tilpassa skulebibliotek på vår storleik
  • Systemet har utlånsfunksjon
  • Systemet gjer registrering av bøker lett
  • Rettleiinga "Bruk av skolebibliotek" anbefaler "Mark"-systemet
  • Systemet er dyrt i drift, total kostnad for berre abonnementet er på over 6500 kr, programmet kostar i førstegongsinvestering kr 13.000,- på NLS-avtalen.

KONKLUSJON:  Skal ein satsa på skulebiblioteket må det også gjerast omprioriteringar i budsjettet, ein bør difor "ta seg råd til" ei elektronisk registrering med utlånsystem; skulen har valt Micromarc.

2.3 Internett

Søkemetodene på Internett er svært enkle, og informasjonen blir lett tilgjengelig på grunn av hyper-tekstprinsippet (klikk på det aktive ordet). Utskriftsmulighetene er også enkle, og man kan lettvint innhente oppdatert aktuell informasjon.

Sagvåg skule tok tidleg Internett i bruk. Sjølv om det har teke tid før alle føler seg "heime på nettet", bør alle som arbeider i skulen kunne nytte dette læremiddelet. Bruken av Internett i undervisninga er under utprøving i norsk grunnskule, men med ei god planlegging bør også Internett vere ei god kjelde til kunnskap for elevane i mellomsteget. (5.-7.klasse) Sjå også heimesida til skulen [http://www.stord.kommune.no/skular/sagvaag/index.htm], og IKT-planen  for meir informasjon om korleis me nyttar Internett i undervisninga

Flere CD-ROM-produsenter lager produkter som er interaktive med Internett. Dermed kan ny informasjon og oppdateringer gjøres kontinuerlig.

I første omgang gjeld dette dei nye multimedia leksika elevane nyttar ved skulen vår. Desse er ein god innfallsvinkel til bruk av IKT i undervisninga.

Fylkes- og folkebibliotek er i ferd med å legge sine baser på Internett. Skolebibliotekene kan derfor etter hvert få muligheter for å søke i de offentlige bibliotekenes baser med enkle søkerutiner. Man vil kunne få svar på om biblioteket har læremidlet, om det er tilgjengelig for utlån, om det er reservert, osv. Mange steder kan man bestille eller reservere direkte.

På Sagvåg skule er det lagt ut peikarar til søkjemotorar til litterære kjelder. Skulen har også lagt ut bibliotek sitt på Internett.

2.4 Rom og utstyr

Det er viktig at en lokalt vurderer hvordan de praktiske forholdene kan legges til rette når det gjelder tilgang til og plassering av IT-utstyr.

I IKT-planen er det laga detaljerte oversikter over kva utstyr me har og plasseringa av det i skulebygget. Her er også skulebiblioteket teke med. 

 

bibkart.gif (6700 bytes)

3. Skulebiblioteket ved Sagvåg skule

3.1 Opplæring i bruk av skulebiblioteket

Småskulen

Om skulebibliotek i L-97: Konsekvensar for vår skule:
I læreplanen for norsk står det bl a under

Mål for småskulesteget
(1.-4. klasse):

 
Kunnskap om språk og kultur:
Dei skal kunne bruke skulebiblioteket
Elevane i 1.-4.klasse nyttar skulebiblioteket slik:
Hovudmoment for ulike klassesteg
I opplæringa skal elevane:
 
1. klasse/førskulen:
vitje skulebiblioteket eller eit anna bibliotek og gjere seg kjende der
  • 1.klasse/ fs. nyttar både skulebiblioteket og folkebiblioteket på Litlabø.
2. klasse:
venje seg til å bruke biblioteket og få hjelp til å finne fram bøker
  • elevane i 2.klasse nyttar skulebiblioteket ved skulen.
3. klasse:
få øving i å finne fram bøker på skulebiblioteket
  • elevane i 3.klasse skal m.a. også besøke biblioteket på Litlabø. (sjå ekskursjonsplan)
4. klasse:
bruke biblioteket til å få ei viss oversikt over bøker av forfattarar dei kjenner, og lese eit tekstutval som kan levandegjere éin eller fleire av dei
  • elevane i 4.klasse arbeider med fleire barnebokforfattarar som dei kjenner.

 

Mellomtrinnet

På mellomtrinnet blir elevenes selvstendige bruk av biblioteket framhevet. Ved bruk av biblioteket kan det være naturlig å legge vekt på momenter som å

  • finne fram i skjønn- og faglitteraturen, søke på forfatter, tittel og emne
  • bruke skolebiblioteket i forbindelse med leseprosjekter
  • skrive bokmeldinger og finne måter å presentere dem på
  • arrangere opplesning for yngre elever, vise dem rundt og veilede dem i bokvalg
  • lage utstillinger i skolebiblioteket f eks om et tema, en forfatter, egen hobby
  • få erfaring med faglitteraturens oppstilling og plassering
  • bruke leksikon og andre oppslagsverk
  • bruke aviser og finne fram i klipparkiv
  • bruke katalogen, også elektronisk katalog
  • finne forskjellige typer materiell til bruk i et faglig og tverrfaglig emne
  • besøke folkebiblioteket for opplæring, informasjon og opplevelse, få trening i å bruke tjenestene der

Når forholdene ligger til rette for det, kan aktuelle momenter også være (tilpasset elevenes alder) å

  • bruke AV-midler
  • bruke Internett for å finne informasjon
  • bruke elektronisk katalog og oppslagsverk på CD-ROM
  • kommunisere gjennom elektroniske nettverk
Norsk:
Mål for mellomsteget (5.-7. klasse)
Kunnskap om språk og kultur: Dei skal kunne bruke skulebiblioteket meir sjølvstendig og skal ha noko kunnskap om korleis media kan brukast til å samhandle med andre

Hovudmoment for ulike klassesteg
I opplæringa skal elevane:

 
5. klasse:
hjelpe yngre elever med å finne bøker i skulebiblioteket
5.klasse samarbeider med elevane i 1.-4.klasse.
6. klasse:
hente aktuell informasjon frå leksikon, oppslagsverk, fagbøker, diagram og bilete
elevane i 6.klasse nyttar ulike læremiddel i arbeidet. (læreboka, skulebiblioteket, IT m.m.)
7. klasse:
gjere seg kjende i tilgjengelege offentlege bibliotek og søkje aktivt etter fag- og skjønnlitterære bøker dei vil lese, og skrive bokmelding om ei av dei
7.klasse vitjar folkebiblioteket på Litlabø og/eller på Leirvik.

 

3.2 Temaorganisering av innhaldet

Ved Sagvåg skule vert det stilt krav til temaorganisering av innhaldet i undervisninga som går ut over krava i L 97. Dette vert gjort ved at prosentdelen av temaorganiseringa av undervisninga vert konkretisert for kvart klassesteg:

Gjennomsnitt tidsbruk i småskulesteget og mellomsteget

Småskulen Mellomsteget
1.kl./førskule 2.klasse 3.klasse 4.klasse 5.klasse 6.klasse 7.klasse
Minst 60% Minst 30%
80% 70% 50% 40% 35% 30% 25%
16 t/v 14 t/v 10 t/v 8 t/v 9,5 t/v 8 t/v 7 t/v

Timar til temaorganisering fordelt på klassesteget: ( Oppgitt som minimumskrav til bruk av temaundrvisning)

 

I temaorganisering av innhold samordner en lærestoff fra flere fag i meningsbærende enheter (temaer). Et tema kan i innhold ha tyngdepunktet i ett fag, og innhold fra andre fag kan knyttes til.Samordningen omfatter også det lokale lærestoffet. Se nærmere omtale i L97 s 71-72.
elevene bli mest mulig selvstendige og kunne søke, vurdere og bearbeide informasjon under arbeidet med et tema.

Frå L 97: Konsekvensar for vår skule:
Elevene skal

bruke alfabetet (innholdsfortegnelser, registre, leksikon)

Elevane skal:
  • Å finna fram i innhaldslister, register og leksikon vert svært viktig når elevane i større grad enn i dag skal søkje kunnskap sjølv. På mellomsteget må elevane meistra dette.
  • Bruke ulike søkeverktøy
  • Elevane på mellomsteget får bruka søkjarverkty m.a. under arbeid med Internett (t.d. Kvasir), og i søk i skulebiblioteket vårt (Mikromarc), og andre databasar.
  • finne fram til informasjon på egen hånd
  • Dette er grunnleggjande i arbeidet til elevane. Det vert spesielt viktig i prosjektarbeid
  • kunne kjenne til ulike informanter
  • Elevane skal læra seg å bruka meir enn den tradisjonelle læreboka som "informant".
  • søke etter svar på sine spørsmål i flere kilder
  • (sjå over)
  • kunne kjenne til hvordan de kan vurdere kildenes pålitelighet
  • Spesielt i samband med bruk av Internett er kjeldekritikk viktig. Når ein skal vurdera kjelda er kunnskap om "informanten" avgjerande.
  • gjøre notater fra kilden
  • Elevane må arbeida med å kunna trekkja ut det viktigaste stoffet, ikkje berre "skrive ut alt".
  • bearbeide notatene og bruke dem til muntlig eller skriftlig kommunikasjon
  • (sjå over)

 

Frå L 97: Konsekvensar for vår skule:
Lærerens oppgaver vil være knyttet til å  
  • integrere informasjonskunnskap i det valgte temaet
  • I undervisningsplanlegginga må læraren i stor grad leggja til rette eit utval kjelder til kunnskap om ulike tema
  • legge til rette for tilpasset opplæring
  • Etter lova skal også kravet til tilpassa opplæring bli oppfylt. Dette kan bli lettare når elevane får arbeida med ulike kjelder.
  • vurdere leseferdighet og leseforståelse
  • Grunnlaget for lesedugleik og leseforståing vert lagt i småskulesteget, men er eit kontinuerleg arbeid.
  • vurdere kildematerialet
  • (sjå over)

 

3.3 Lesestimulering og fritidslesing

3.3.1 Lesestimulering

Lesestimulering er eit kontinuerleg arbeid gjennom heile skulen. Sjølvsagt vil norskfaget ha ein sentral plass i dette arbeidet, men det er også viktig å understreka at interessene til elevane i stor grad vil avgjera om dei får "lyst til å lese meir". Slik vert alle fag og arbeidsområde i skulen er viktige for å stimulera til lesing.

3.3.2 Fritidslesing

Forutan lærarane si oppmoding om fritideslesing, er sjølvsagt tilgangen til "kjekke bøker" avgjerande. Gjennom arbeidet på skulen med lesetimar, høgtlesing og andre lesestimulerande tiltak, kan ein påverke elevane til meir fritidslesing. Her bør sjølvsagt også skulebiblioteket spela ei aktiv rolle, både ved presentasjon av dei titlane ein har, og ved innkjøp av nye bøker som kan appellera til elevane. Utlånsstatistikken er ein av indikatoren på om me lukkast på dette området.

3.4 Skulebiblioteket som aktivitets- og kultursenter

Dei fysiske rammene skulebiblioteket ved Sagvåg skule set gjer det vanskeleg å tenkja seg dette biblioteket som eit " aktiviters- og kultursenter". Med ny skule i Rukjen bør ein ha dette i tankane når ein planlegg m.a. plasseringa av biblioteket i skulebygget.

 

4. Samarbeid med andre bibliotek

Samarbeid mellom skole og kommunale folkebibliotek og fylkesbibliotek er lovfestet. Folkebibliotekene er pålagt et organisert samarbeid med skolebibliotekene i grunnskolen, og det er utarbeidet veiledende retningslinjer for dette samarbeidet.

4.1 Bibliotekfilialen på Litlabø

Elevane ved Sagvåg skule skal besøke bibliotekfilialen på Litlabø som vist i ekskursjonsplanen vår. Dette samarbeidet vert konkretisert for kvart klassesteg.

4.2 Hovudbiblioteket i kulturhuset

Hovudbiblioteket vert i første rekkje nytta i samband med Skulen og eleven sitt val. Då kan elevane sjølv få reisa til Leirvik og låne dei bøkene dei treng. Hovudbiblioteket vert også nytta ved at det vert bestilt bokkassar i samband med t.d. temaarbeid i klassane.

4.3 Bibliotek på Internett

Ein har tilgang til ei rekkje bibliotekbasar på Internett. Også biblioteket til Sagvåg skule har eiga Internettside og med ei elektronisk registrering av titlane vil me kunna søkja i biblioteket vårt via Internett. Då vil mange elevar ha tilgang til biblioteket vårt også heimanfrå.