Rundkøyring ved Sagvåg skule

10.september 2015
10.august 2015

10.september 2015
 

Rundkøyring ved Sagvåg skule

Onsdag 5.august 2015

I går tok arbeidet med ny rundkøyring til ved Sagvåg skule. No vil me få ein mykje betre trafikksitiasjon ved skulen vår der bilane kan snu før ballbingen. Planen var å komma igang ei veke før fellesferien. Når arbeidet ikkje tok til før 4.august vil dette føre til at arbeidet må halda fram til 1.september. Me kjem tilbake med meir informasjon om korleis dette vil påvirka skulestart med tanke på trafikk og aktivitet i friminutta i t.d. ballbingen.
Tekst & foto: Lars Bakka
 
6.juni 2015
5.august 2015


No vert det rundkøyring!
Måndag 15.juni 2015

Ikkje før har elevane teke sommarferie, så er entreprenørane i gang med å laga rundkøyring før ballbingen ved Sagvåg skule. Då vil me få ein mykje betre trafikksituasjon ved Sagvåg skule når borna kjem tilbake til skulen i august. Her er det Terje Vikestrand frå Plan Vest og fagsjef for veg , trafikk og parkering i Stord kommune Harald Oddvar Sæbø på synfaring.

Tekst & foto: Lars Bakka