til Sagvåg skule

Simen Stjernespelar
Onsdag 5.september 2012

Onsdag føremiddag fekk 1., 2. og 3. og 5. trinn besøk av Simen Stjernespelar, og teatergruppa frå DKS Hordaland (Den Kulturelle Skulesekken). Me hadde øvd litt på førehand, og fekk bli med på refrengsang. Ein liten time med musikk, sang og stjernestøv i gymsalen. "Litt skummelt, men veldig kjekt!", meinte mange førsteklassingar.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Full trøkk frå første tone
Onsdag 1.februar 2012

I dag hadde me konsert på skulen. Det var tre Bergensmusikarar som hadde laga norske tekstar til gamla rockelåtar. Elevane var heilt med frå første tone, og det svinga skikkeleg heile vegen!

Tekst & foto: Egil Petterteig

Fantastisk rikskonsert!
Onsdag 28.september 2011

I dag har småskulen vore på ein fantastisk konsert i amfiet. "Lektor Bjerkes orkester" spelte og song kjekke songar på både vanlege og uvanlege instrument ...:)

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage


Samba og fengjande rytmar på Sagvåg skule
Publisert:
Fredag29.april kl 14.30

Kjempeflinke musikarar frå rikskonsertane vitja oss i dag og spela svingande musikk til god applaus frå elevane.
Musikken var inspirert frå Latin- Amerika og det var berre karnevalsutstyret som mangla på store og små i dag

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Fantastisk konsert!!
Publisert: Fredag 28mai 2010 kl 15:30

I dag var heile skulen samla i amfiet. Me var kjempeheldige og fekk kome på konsert. Det var stor jubel og engasjerte  elevar. Musikarane fekk full merksemd alle dei 45 minuttane konserten varte.

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Hildegunn Heimro og MAlene Risnes


 


Kongen og Harlekin
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15

Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og  Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag.  Ein liten film>>

Tekst & foto: Egil Petterteig


Publisert : Onsdag 4.februar kl 13:55

Fløytelåt

Onsdag 4. februar hadde me besøk av rikskonsertane med ein kjekk konsert. Den heitte "Fløytelåt". Me fekk høyre musikk som var laga fleire hundre år sidan, og musikk som er laga på vår tid. Dei spelte på ulike blokkfløyter og på gitar.

TURNÉ: Fløytelåt (2009 vår)

MED: Anette Bjørnenak og Gjermund Fredheim

Tekst & foto: Kari Almås


Rikskonsert
Publisert: Tysdag 23.september 2008 kl 10:
00

Det var stemningsfylt i gymsalen då Hildegunn Pettersen, Solfrid Molland og Trond Viggo Solås frå Rikskonsertane vitja Sagvåg skule med konserten 'Se min ild - og andre skumringshistorier i dag. Musikarane skrøyt  over kor kjekt det hadde vore å ha konsert for kjekke elevar ved Sagvåg skule!

Tekst : Lars Bakka Foto Hildegunn Heimro


Rikskonsert
Publisert: 11.mars 2008 kl 15:16

Tysdag 11. mars hadde me besøk av Rikskonsertane med framsyninga 'Tomlane opp'. Denne gongen var det konsert både for småskule- og mellomsteget. Me hadde ei kjempekjekk stund!

     

Riskskonsert
10.oktober 2007 kl
15:15

5-7 steg fekk vere med på konserten "Vi improviserer" idag. Musikarane var kjempeflinke, og me koste oss veldig både elevar og lærarar.

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Konsert for elevane
Publisert: 28.05.07 10.20

I dag var Rikskonsertane på vitjing til Sagvåg skule. Elevane på alle årsstega fekk med seg ei flott konsertoppleving denne første dagen etter pinsehelga.Musikarane i framsyningaÄlvor- alvar & troll' var Knut Hamre, Anne Nitter Sandvik og Kersti Ståbi.

Tekst & foto: Lars Bakka & Jenny Sætre

Konsert
10.mai 2006

Visste du at Ole Bull hadde konsert på toppen av ein pyramide? Eller at Geirr Tveitt fekk frakta eit piano mellom to dromedarar inn i Sahara for å ha konsert? Det, og mange andre artige fakta om avdøydde og nolevande komponistar, veit me, etter at me var på ein kjekk konsert med Trio Vest onsdag 10. mai. Dei spela variert og fin musikk, og elevane var gode publikummarar.

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

'Guds gjøgler'
5.mai 2006

Fredag 5.mai fekk elevane på 1.-4.steget oppleva framsyninga 'Guds gjøgler'

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Rikskonsert
[1.juni 2005]

Elevane på 5.-6. og 7.årssteget fekk oppleva Rune Alver på piano og skodespelar Oddbjørn Hanto i framsyninga 'Eg sat i eika og drøymde det i natt-' i gymsalen ved Sagvåg skule i dag.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Anne Elisabeth Trevland

Frå mettsida til Fylkesmannen:

Programmet byggjer på Pianosonate i h-moll av Franz Liszt og ulike folkeforteljingar. Ei folkeforteljing blir gjerne brukt for å syna korleis menneske burde oppføra seg mot kvarandre, mot dyra og i forhold til naturen. Det finnst mange historier om det same temaet. I Pianosonate i h-moll valde Franz Liszt å nytta nokre få musikalske tema. Desse dukkar sidan opp fleire gonger i komposisjonen - litt eller mykje endra - mest som nye forteljingar. 

Musikk, tekst og bilete dannar eit samla heile i denne nyproduksjonen.

Rune Alver – piano
Oddbjørn Hanto - skodespelar 

 


Spikersuppe!
[23.mai 2005]

I dag fekk elevane på 1. til 4.steget oppleve Øystein Bergsvik (perkusjon) Anders Bitustøyl (bass og fløyte) og Øystein Fosshagen (fele, gitar, mandolin m.m.)
Dette var ein skulekonsert i regi av Rikskonsertane.


Frå heimesida til Rikskonsertane:
Musikarane i dette småskuleprogrammet har med seg ein stor kjele, litt salt og kryddar - og sjølvsagt instrumenta sine. Saman med elevane vil dei prøva å stella til ei musikalsk snaddersuppe av ulike ingrediensar - sterke og milde, lyse og mørke, skarpe og runde, lange og korte osv. Smaksstoffa, råvarene og hjelpa dei får på den einskilde skulen, avgjer i stor mon kor vellukka retten blir.

Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent Rhoda Achieng Ondeng
Produsent: Rhoda Achieng Ondeng, Fylkeskonsertane Hordaland

Bilete frå konserten ved Sagvåg skule:

28.01.04
Flott konsertoppleving

Musikarane Åsne Sunniva Søreide, Torstein Hatlevik og Øystein Fosshagen heldt ein flott konsert for elevane ved Sagvåg skule i dag. Det var to konsertar, ein for småskulen og ein for mellomsteget.

Konserten til 1.-4.klasse

Konserten til 5.-7.klasse:

 

16.09.03

Rikskonsert 22.oktober

Onsdag 22.oktober kjem Rikskonsertane på vitjing til Sagvåg skule.
Det vert konsert for alle elevane ved skulen vår . 1.-4.klasse kl 09.15 og 5.-7.klasse kl 10.15.

Gips Bokarabo!/Baga-bo Pooh!

Konsert for 1. - 4. klasse / 5. - 7. klasse    1.03H.N04

Olav Dale - saxofon/fløyte
Per Jørgensen - trompet/gitar
Helge Lilletvedt - synthesizer

I småskuleprogrammet Gips Bokarabo! inviterer musikarane elevane med på ei oppdagingsferd i musikkverda. Tittelen på konserten er henta frå ein av elevaktivitetane i programmet, og dette signaliserer at forarbeidet og elevmedverknaden får innverknad på korleis konserten utviklar seg.

Elevane får bli med inn i musikarane sin verkstad og får sjå og høyra korleis musikarane nyttar dei musikalske byggesteinane - puls, rytmikk, melodi, dynamikk, farge, temperatur og kjensle. Gjennom song, regler, rørsle og andre aktivitetar vert elevane trekte med i den kreative prosessen.

Baga-bo Pooh! er eit program for mellomtrinnselevane som byggjer på mange av dei same idéane som småskuleprogrammet. Gjennom song og ulike "cue"-aktivitetar vert elevane trekte med i den kreative prosessen.

Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med produsenten
Produsent: Kjell Olav Heggstad, Fylkeskonsertane Hordaland

Kommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Stord

Periode: September/oktober

 

15.05.03 
Rikskonsert for 1. til 4.klasse

I dag fekk elevane i småskulen oppleva rikskonsert i gymsalen ved Sagvåg skule. 

rikskons_15mai_03_1.JPG (113581 byte) rikskons_15mai_03_2.JPG (101852 byte)
 rikskons_15mai_03_3.JPG (155553 byte) rikskons_15mai_03_4.JPG (146225 byte)

Dette skriv Rikskonsertene om konserten:
Konsert for 1. - 4. klasse
Grethe Hylland – fløyte
Lena Wegemo – piano
Eleanor Young – cello

Distriktsmusikargruppa på Stord skal denne våren presentera ein nyproduksjon for småskulesteget. Dei vil ta utgangspunkt i dei fire elementa jord, eld, vatn og luft og byggja ei forstilling med lyd, musikk og visuelle verkemiddel kring dette.

 

07.04.03
Rikskonsert for 1.-4.klasse 15.mai 2003

Stad: I gymsalen ved Sagvåg skule 15.mai  kl 09.00 


Rikskonsertane skriv på heimesida si:


Fire element

Konsert for 1. - 4. klasse

Grethe Hylland – fløyte
Lena Wegemo – piano
Eleanor Young – cello

Distriktsmusikargruppa på Stord skal denne våren presentera ein nyproduksjon for småskulesteget. Dei vil ta utgangspunkt i dei fire elementa jord, eld, vatn og luft og byggja ei forestilling med lyd, musikk og visuelle verkemiddel kring dette. (Programtittelen ikkje klar pr. 15.10)

Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med produsenten Produsent: Rhoda Achieng Ondeng, Fylkeskonsertane Hordaland
Kommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar og Stord
Periode: 7. – 28.mai (onsdag/torsdag/fredag)

 

03.12.02
Rikskonsert med futt og fart

Tysdag 3.desember hadde Sagvåg skule vitjing av Rikskonsertane. Det vart ein flott konsert med afrikanske rytmar.

rikskons_031202_1.jpg (60912 byte) rikskons_031202_2.jpg (82909 byte) rikskons_031202_3.jpg (54127 byte) rikskons_031202_4.jpg (50733 byte) rikskons_031202_5.jpg (67549 byte) rikskons_031202_7.jpg (75884 byte) rikskons_031202_8.jpg (67960 byte)

 

30.05.02
Flott konsertoppleving!

Elevane ved Sagvåg skule fekk i dag ei flott konsert- oppleving då Hildegunn Pettersen og Annabell Guaita vitja skulen med konserten "SPEL LEVANDE" 

Les meir om 
"spel levande">>

 

KONSERT:
Rikskonsert
Måndag 5.november hadde Sagvåg skule vitjing av Rikskonsertane. Tilbodet var todelt, med ein konsert til småskulen, og ein for mellomsteget.

<<Klikk på biletet for å sjå det større

 

01.12.00

Fylkeskonsertane 
på besøk !

Onsdag 1.november hadde Sagvåg skule besøk av fylkeskonsertane Hordaland. Det ver Grete Hylland (fløyte) frå Bergen, Vivian Sunnarvik (cello) frå Flotø og Lena Wegemo (piano) frå Sverige som hadde to forskjellinge framføringar ved skulen.