Her finn du Reguleringsplanen for Rukjen . Eg har ikkje lagt med fylgjeskriva frå Stord kommune. Dette er planen Plan Vest utarbeidde for Stord kommune.
Lars Bakka |
||||||||||||||
REGULERINGSPLAN FOR RUKJEN

FORORD
Reguleringsplan for Rukjen, med tilhøyrande føresegner er utarbeidd av Plan Vest AS, på oppdrag frå Stord kommune. I samband med planarbeidet er det utarbeidd vegplanar med lengdeprofil for dei ulike vegar i planområde.
Føremålet med planen er å leggja til rette for areal til skule, bustader, samt å sikra vegtilkomst til området.
Oppstart av planarbeidet vart varsla gjennom annonse i Sunnhordland feb. 2000.
Planoppstart er og varsla naboar, grunneigarar og offentlege etatar gjennom brev.
Vurdering av Rukjen-området som framtidig utbyggingsområde er tidlegare gjort i arealanalyse for Rukjen, som vart utarbeidd av Plan Vest i 1996 etter oppdrag frå Stord kommune.
Stord 12.07.00
Plan Vest AS
Vedlegg:
Reguleringsføresegner datert 30.06.00
Forslag til reguleringsplan for Rukjen, datert 30.06.00 – nedfotografert (A3)
Illustrasjon – basert på tidlegare arealanalyse (A3).
Vegplanar m/ lengdeprofil for fylgjande vegar:
Veg 1, 1b,1c,
Veg 1d
Veg 1e
Veg 1f, 1g, 1h,
Veg 2, 2b, 2c,
Veg 3
Veg 4.
INNLEIING
BAKGRUNN FOR PLANEN
Stord kommune har gjort vedtak om bygging av ny skule i Sagvåg, og at denne skal lokaliserast til Rukjen. Området er og vurdert som aktuelt framtidig kommunalt bustadområde. Utbygging av området som skule- og bustadområde føreset at det vert utarbeidd reguleringsplan. Ein privat utbyggjar ønskjer og å byggja ut eit tilgrensande område på Vikanes. Dette område er teke inn i planforslaget.
GEOGRAFISK PLASSERING
Området ligg nordvest for Sagvåg sentrum. Planområdet er avgrensa av Rv. 545 i aust, busetnaden ved Jensanesvegen og Vikaneskleivo i aust. I nord er området avgrensa av Drengjafjellsnuten, og i vest til naturmark og busetnad på Vikanes.
PLANTILHØVE
Området er ikkje tidlegare omfatta av reguleringsplan. Planforslaget grensar til fylgjande reguleringsplanar:
Reguleringsplan for Rv. 545 Parsell Dybvik – Utslettevegen.
Reguleringsplan for Jensanesvegen
Reguleringsplan for Kleivo (Vikaneskleivo).
Området er i kommuneplanen for Stord vist som framtidig skule- og
bustadområde.
EIGEDOMSTILHØVE
Området er i hovudsak eigd av Stord kommune. Kartet nedanfor viser eigedomsstrukturen i Rukjen-området. Den ubebygde delen av området omfattar fylgjande eigedomar:
| gnr. 58, bnr. 4 gnr. 58, bnr. 28-1 gnr. 58, bnr. 35 gnr. 58, bnr. 48 gnr. 58, bnr. 51 gnr. 58, bnr. 54 gnr. 58, bnr. 236 gnr. 58, bnr. 159 gnr. 58, bnr. 296 gnr. 58, bnr. 307 gnr. 58, bnr. 314 Dessutan er det innanfor planområdet fleire bustadeigedomar i Skifteslono. |
![]() Fig. 1 Eigedomskart for Rukjen-området (DEK) |
OMRÅDEBESKRIVELSE
NATUR OG LANDSKAP
Rukjen er eit markert høgdedrag i Sagvåg, med ein topp på 117 moh. Området rundt toppen er kupert og brattlendt. Området er grunnlendt, og vegetasjonen er sparsom. Dei høgastliggjande områda framstår som snaue knausar utan trevegetasjon. Elles i området består vegetasjonen hovudsakleg av furuskog med lyng og einer, eller myrvegetasjon. Området er noko vindutsett.

Fig. 2 Deler av Rukjen området, med Utslettefjellet i bakgrunnen
.Terrengforholda
i Rukjen-området er generelt vanskelege, og store deler av området eignar seg difor ikkje til utbygging. Det er likevel område som terrengmessig er godt eigna som byggjeområde. I nemnde arealanalyse for Rukjen har ein vurdert at område med helning under 1:5 kan bebyggjast, og vist område sentralt i området som eignar seg for utbygging. Forslaget til reguleringsplan byggjer på desse vurderingane.
![]()
Fig. 3 Helningskart over Rukjen (frå arealanalyse 96)
Soltilhøve og eksposisjon er varierande. Mykje av terrenget er vendt mot nord/ nordaust, men for det sentrale partiet nord for Rukjen og områda vest for Rukjen er soltilhøva gode.
Utsikt frå området er begrensa, p.g.a høge toppar som
stengjer.
Områda nærast kanten av platået har likevel god utsikt sørover og vestover.
Desse områda er også mest utsett for siluettverknad.
Siluettverknad
for Rukjenområdet er tidlegare vurdert, og ein har konkludert med at områda
ytst på platået mot Sagvåg er særleg utsett for siluett-verknad. Jfr.
skisse.
Det er naturleg at det for desse område vert sett større krav til byggjehøgd og utforming av bygningsmassen enn for resten av området. Fig. 3 Snitt – synslinje frå Sagvåg.

Fig. 4 Rukjen sett frå Sagvåg sentrum
OMTALE AV PLANFORSLAGET
AREALOPPGÅVE
Planen omfattar eit areal på totalt 365 daa.
Ca 100 daa består av skogsmark med middels god bonitet og ca 100 daa består av skogsmark med låg bonitet. I området finn ein ikkje dyrka eller overflatedyrka areal.
Planframlegget har følgjande arealfordeling:
- Byggeområde - frittliggjande bustader 76 daa
- Byggeområde - konsenterte bustader 47 daa
- Offentleg område, skule 44,9 daa
- Spesialområde – kommunalteknisk verksemd 0,7 daa
- Friområde – leik 6,1 daa
- Friluftsområde 170,8 daa
- Vegar – parkering 19,5 daa
Det meste av området er i dag ubebygd naturområde, men også deler av eksisterande busetnad i Skifteslono er teke med i planforslaget. Det er vist ny vegframføring for deler av Skifteslono.
VEGFRAMFØRING
Utbygging i området føreset ny tilkomst frå Rv. 545. Riksvegen på strekninga har låg standard, og det ligg føre planar om omlegging og opprusting av denne. Ein viser til vedteken reguleringsplan for Rv. 545 parsell Dybvik – Utslettevegen, der framtidig kryss til Rukjen området er regulert inn. Forslag til reguleringsplanen for Rukjen er tilpassa vedteken regulerings-plan for Rv. 545, med nytt kryss.
Hovudveg inn i området (Veg 1) er vist som samleveg med fortau. Vegen er vist 5,5 brei + 0,5 m skulder, med fortau 3 m.
Sidevegar (bustadvegar) er vist 5m breie, fyllings- og skjeringsareal er lagt til tilgrensande bustadareal eller friluftsområde.
Stigningstilhøva på vegen varierer, men dei fleste vegar har under 10 % stigning. Siste del av felles privat veg 1f har stigning på inntil 12 %, noko som er svært bratt og som kan medføre problem vinterstid.
Det er vist ny vegframføring for deler av Skifteslono. (Veg 3)
OMRÅDE FOR SKULE
I tidlegare arealvurdering er området nærast Rv. 545 vist som aktuelt skuleareal. Sjølv om soltilhøva i området ikkje er dei beste, ser ein området som eigna til skuleområde.
Valg av område er gjort ut frå fylgjande forhold:
- Enkel atkomst frå rv. 545
- Tilfredsstillande topografiske forhold
- Nærleik til eksisterande busetnad
- Nærleik i høve til riksveg (buss)
- Gode klimatiske tilhøve
- Formiddagssol
Området for skule er på ca 45 da. I planen er det vist ei utnytting på BYA=25%.
I planen er stipla ei mogeleg avgrensing av skulebygg på tomten, der det er føresett eit bygg i fleire etasjar tilpassa terreng på fleire nivå. Planen gir imidlertid rom for ulike plasseringar innanfor dei byggegrenser som er vist mot tilgrensande vegar.
OMRÅDE FOR BUSTADER
Som tidlegare nemnt byggjer arealdisponeringa på tidlegare utført arealanalyse for Rukjen.
I forslaget til reguleringsplan er det lagt inn mange små bustadfelt, basert på vurderingar av kva område som er eigna til utbygging. Felta er lagt til område der kriterier som helning, soltilhøve og andre bukvalitetar er vurdert som tilfredsstillande.
Det er i planen vist 21 felt med formål bustad, av desse er 10 felt med konsentrert utbygging og 11 felt med einebustader. For felt med konsentrert utbygging føreset ein ei utbygging med rekkehus eller utbygging i tun.
Samla areal vist som bustadareal er 123 da. Storleik på dei ulike felt varierer, og er vist i tabell nedanfor. Tabellen viser også potensiale når det gjeld antall bustader.
Med den utnyttingsgrad som er lagt opp til i planforslaget, har området eit potensiale på kring 190 bustader. Dette er inkludert eit privat felt (Bt5) ovanfor Vikanes, der ein har stipulert ei utbygging med 20 bustader, og fortetting på private eigedomar i området ved Skifteslono, område B12, 13 og 14, med ca 30 bustader.
Oversikta er basert på ei gjennomsnittleg tomtestorleik på 750 m2 på einebustadtomter og 400 m2 pr. bustad for konsentrert utbygging.
Det vert i reguleringsføresegnene sett krav om bebyggelsesplan for dei enkelte felt før utbygging av områda. Planen skal visa m.a. atkomst til bustadene, felles leikeplass, parkeringsareal osv.
For enkelte område med frittliggjande busetnad (einebustader) er det vist felles leikeareal i tilgrensande område. Generelt er det likevel føresett at det innanfor område regulert til bustader skal finnast plass til felles leikeområde og anna naudsynt fellesareal.
Det skal også setjast av areal for miljøstasjon og trafo, desse kan vera felles for fleire bustadfelt.
Som vedlegg til planforslaget er det vist ein illustrasjon som viser mogeleg plassering av bustadbygg innanfor dei enkelte område. Denne er utarbeidd som del av tidlegare utarbeidd arealanalyse, og områda er ikkje heilt identiske med planforslaget. Illustrasjonen gjev likevel eit uttrykk for dei intensjonar som ligg i planforslaget.
Tomtestorleik og tomtegrenser må fastleggjast i bebyggelsesplan før utbygging.
|
BUSTAD |
|
|
|
|
POTENSIALE |
|
|
|
|
FELT |
AREAL |
BYA |
|
VEGTILKOMST |
BUSTADER |
|
MERKNAD |
|
|
M2 |
||||||||
|
Bs1 |
3443 |
20 % |
Veg 2 |
4 |
||||
|
Bs 2 |
2056 |
20 % |
Veg 2 |
3 |
||||
|
Bs 3 |
2217 |
20 % |
Veg 2 |
3 |
||||
|
Bs 4 |
819 |
25 % |
Veg 2 |
1 |
||||
|
Bs 5 |
2656 |
20 % |
Veg 2 |
4 |
||||
|
Bs 6 |
3507 |
20 % |
Veg 1 |
4 |
||||
|
Bs 7 |
2042 |
20 % |
Veg 1 |
2 |
||||
|
Bs 8 |
7100 |
20 % |
Veg 1 |
9 |
||||
|
Bs 9 |
3111 |
25 % |
Veg 1 |
3 |
||||
|
Bs 10 |
4465 |
25 % |
Veg 1 |
5 |
||||
|
Bs 11 |
1132 |
25 % |
Veg 1 |
2 |
||||
|
Bs 12 |
27790 |
20 % |
Veg 3/4 |
32 |
Delvis bebygt (6) |
|||
|
Bs 13 |
8981 |
20 % |
Veg 4 |
10 |
Delvis bebygt (6) |
|||
|
Bs 14 |
6717 |
20 % |
Veg 3/4 |
8 |
Delvis bebygt (6) |
|||
|
Sum Bs |
76036 |
90 |
||||||
|
Bt 1 |
693 |
30 % |
Veg 2 |
2 |
||||
|
Bt 2 |
1040 |
30 % |
Veg 2 |
3 |
||||
|
Bt 3 |
2374 |
30 % |
Veg 2 |
6 |
||||
|
Bt 4 |
661 |
25 % |
Veg 2 |
2 |
||||
|
Bt 5 |
8852 |
25 % |
Veg 1 |
20 |
||||
|
Bt 6 |
4252 |
25 % |
Veg 1 |
8 |
||||
|
Bt 7 |
5000 |
30 % |
Veg 1 |
12 |
||||
|
Bt 8 |
8591 |
25 % |
Veg 1 |
18 |
||||
|
Bt 9 |
7555 |
30 % |
Veg 1 |
14 |
||||
|
Bt 10 |
5885 |
30 % |
Veg 1 |
12 |
||||
|
Bt 11 |
2170 |
30 % |
Veg 1 |
3 |
||||
|
Sum Bt |
47073 |
100 |
||||||
|
Sum Bs + Bt |
123109 |
190 |
||||||
Fig. 5 Tabell over bustadfelt.
FRILUFTSOMRÅDE
Store deler av området er foreslått regulert til friluftsområde. Det sentrale partiet kring Rukjen er særleg viktig som turmål. Naturlege stiar i området opp til Rukjen må ivaretakast. I planen er det også vist tursti som knyter saman bustadfelta i øvre del av området med bustadområdet i vestre del av planområdet.
ANDRE FØREMÅL
Eit mindre område (Ka) er foreslått regulert til område for anlegg og drift av kommunalteknisk verksemd.
Området er tenkt nytta til høgdebasseng for vassforsyning i Sagvågsområdet.
TEKNISKE ANLEGG
Det vart utarbeidd ein kalkyle av Sørli As i 1996, i samband med forprosjektet.
Høgdebasseng
Området for kommunaltekniske anlegg vil romme eit høgdebasseng for vassforsyning. Dette er ein føresetnad for utbygging i området. Ytterlegare trykkforsterkning inn i området vil skje ved hydrofor.
Leidnigsnett
Leidningsnettet vil følgje vegsystemet. Det er mogeleg å få til gravitasjon på alt leidningsnett med naturleg fall langs vegen. Tilkoblingspunkt for spillvatn ved offentleg område, og vidareføring av dette til kommunalt renseanlegg, er ikkje avklart.
For bustadomåde på gnr. 58 bnr. 159, langs veg 1f, er det to alternative løysingar:
Alt 1: Gravitasjon frå bustadområdet blir ført ned mot nordre del av Vikanes og knytt saman med eksisterande leidningsnett ved hovudveg (usikre på standard).
Alt 2: Gravitasjon frå bustadområdet inn mot trykkleidning og samankobling på Rukjen, med samla avløp derifrå med resten av feltet.
Vegar
I området er det lagt ut tilsaman 2900 lm med veg. Det er planlagt ført fram fortau frå kryss Rv 545 og opptil bustadområdet langs veg 1, lengd ca 450 m. Det er elles ikkje lagt ut separate gangvegar i området. Alle vegar et føresett asfaltert, kvalitet AGB 11, 160 kg, fortau 110 kg.
Vegbreidd
Veg 1; 5,5 m, skulder 0,5 m, fortau 3,0 m. Andre off. vegar har reguleringsbreidd 5,0 m og 0,5 m skulder på kvar side. Felles private vegar har vegbreidd 5,0 m.
Veg 1b-c til skuleområde er ført fram under veg 1b. Dette er gjort av terrengmessige grunnar, og for å utnytte arealet mellom veg og fjellnabb i nord. Fri høgd i passasjen er 4,2 – 4,5 m.
Kostnader
Ifølgje overslag frå Sørli AS i 1996 er kostnader for tekniske anlegg sett til:
(løysing for område Bt5 er ikkje medrekna)
| Vassverk/skule | bustadfelt Rukjen | ||
| Vegar: | 1,9 mill | 5,5 mill | |
| vatn og avlaup: | 0,8 mill | 3,4 mill | |
| 2,7 mill | 8,9 mill | ||
| Sprenging av haug: | 0,7 mill | ||
| Kostnader bustadfelt Rukjen: | 9,6 mill |
Totale kostnader: (9,6 + 2,7)mill x 1,07: 13,1 mill, (prisjustert med 7
% i 2000)
Kostnader bustadfeltet: 9,6 mill x 1,07: 10,3 mill