Protokoll frå oppstartsmøte med felles synfaring prosjektkonkurranse ny skule Sagvåg.

Torsdag 05. april 2001 vart det halde oppstartsmøte med felles synfaring for prosjektkonkurranse ny skule Sagvåg – jfr skriv av 28.03.01 og punkt 4 i prosjektkonkurransedokument (PKD).

Tilstades på møte og synfaring:
Mette & Morten Molden AS  - Mette og Morten Molden
Narud-Stokke-Wiig AS  - Tore Schjetlein
Link arkitekter AS - Svein Halleraker og Jo Ketil Nielsen
Arkon AS - Ingse Andersen
Arkitektene Vis-A-Vis AS - Hans Sorger
Stord kommune - Kjell Nesbø (prosjektleiar) og Mari Espeland

På synfaring møtte i tillegg rektor Lars Bakka, tillitsvalt frå kommuneforbundet og lærarlaget og FAU-representant.

Møtet vart halde i Stord rådhus og synfaringa var på skuletomten i Rukjen.

Stord kommune sin prosjektleiar Kjell Nesbø ynskte vel møtt og leia møtet og synfaringa. Mari Espeland orienterte kort om ”Prinsipp for skuleutbyggingar i Stord kommune”. Etter  gjennomgang av PKD og anna relevante opplysningar vart det opna for spørsmål frå deltakarane. Følgjande vart avklart/avtala:

1.      Andre dokument/opplysningar

-          Reguleringsplanskriv med føresegner for Rukjen vart utlevert

-          Ved prosjektering skal tilpassa arkitektfagleg ytelsesbeskrivelse leggjast til grunn

-          Stord kommune vil nytta internt kvalitetssikringssystem for byggeprosjekt

-          Ved endeleg val av prosjekt skal det nyttast eit eige vurderingsskjema med vektlegging av kunngjorte kriterier – jfr IV.2 i utlysingstekst (NL) og punkt 2.4 i PKD. Skjema med vekttal vert ettersendt.

-          Reguleringsplanen for Rukjen er vedteken av Kommunestyret

-          Frist for innlevering av materiale er tirsdag 26.06.01 – jfr pkt 5.3 i PKD. Framdrift elles går fram av pkt 6.6.

 

2.      Prosjektgrupper

Det presiseres at dei utvalde prosjektgrupper er godkjent av oppdragsgjevar (OG), og OG vil ikkje henta inn alternative tilbod.

 

3.      Honorar

Etter opplysningar frå NPA er prosjektkonkurranse honoraret på kr 50.000,- avgiftsfritt.

 

4.      Krav til materialet

-          Det skal leverast inn 1 sett stive plansjar i format A1 med motto i nedre høgre hjørne + 6 eksemplar av nedfotograferte teikningar og beskrivelse i A3 format.

-          Kostnadsoverslag for utbygginga går ut, men spesielle konstruksjonar/løysingar skal kommenterast/prisast. Ved val av spesielle tekniske løysingar vil juryen trekkja inn ekstern ekspertise.

-          Oppdragsgjevar undersøkjer om det er mogeleg å få kart oversendt elektronisk.

5.      Modell

Kvar gruppe lagar sjølv modell i M=1:500 som vert tilleggshonorert med kr 20.000,- pr gruppe. Dette honoraret inngår som eit samla prosjektkonkurransehonorar på kr 70.000 (avgiftsfritt).

6.      Priskonvolutt

Priskonvolutt ettersendes seinast innan 03.07.2001.

7.      Spørsmålsrunde

Det vert opna for ein spørsmålsrunde med frist innan 01.05.01. Oppdragsgjevar skal gje felles svar innan 10.05.01.

 

8.      Frå synfaringa

-          Vegtrace, plassering skulebygg som vist som illustrasjon på reg.plan og gangvegtrace sør/austside vart synfart.

-          Området er i hovudsak grunnlend med ikkje verneverdig skog

-          Ver obs på bratte skrentar – spesielt mot aust/nordaust

-          Vegtilkomst til skuleområdet skal ta utgangspunkt i vedteken reguleringsplan. Det presiseres at all motorisert tilkomst til skulen skal vere frå ny tilkomstveg frå RV 545.

-          Illustrert skuleplassering på reguleringsplan er ikkje bindande, men rettleiande.

 

9.      Supplerande opplysningar

Alle prosjekteringsgrupper vil få felles informasjon/opplysningar fram til innleveringsdato. Dette inneber at ingen grupper får eksklusiv info.

 

10.  Anna

-          Partane var samd i at det ikkje var trong for eige møte etter synfaringa.

-          Merknad til protokoll må meldast til prosjektleiar snarast og seinast innan 20.04.01.

 

Stord, den 05. april 2001

Kjell Nesbø
prosjektleiar