Siste oppdatering: 13.01.14

Teiknspråkprosjekt oktober 2013 til desember 2014
Revidert plan etter møte 20.februar 2014

Vår eiga ressurside>>

Bakgrunn:

Detaljplan for Sagvåg skule pr 20.11.13 (Oppdatert 13.01.14-grøn skrift)

"Tiltak 1. Tre pilotprosjekter knyttet til tegnspråk i opplæringen
Gjennom tre pilotprosjekter i en region skal barn/elever og voksne i barnehage, grunnskole og videregående skole bli kjent med norsk tegnspråk. Utdanningsdirektoratet er i dialog med kommuner på vestlandet. Oppstart: Høst 2013" ”Tegnspråkpakken” – Et trepartssamarbeid for norsk tegnspråk
 
Lage detaljplan for Sagvåg skule innan 20/11-13

Motto: "Teiknspråk for alle"

Vårt prosjekt vil fokusera på "dei andre elevane". Me det meiner me å understreka at me ynskjer å gje alle borna i klassen til ein hørselshemma elev teiknspråk-kompetamse.  Målet er at alle elevane skal læra seg teiknspråk på ein naturleg måte med progresjon frå 1. til 7.klasse.

Årsaka til at me ikkje ynskjer å plassera den hørselshemma i sentrum er at kompetanse om teiknspråk då vert det vanlege i klassen, og ikkje det spesielle. Indirekte kjem dette sjølvsagt også den høyrselshemma til gode.

Prioriteringane våre knytt til økonomi i prosjektet er gjort med tanke på at det som er høgt prioritert let seg gjennomføra også utan prosjektetmidlar, andre skular bør også ha desse kompetanse- og samarbeidstiltaka på plass.
Når det gjekd vår søknad om teknisk utstyr frå prosjektet, erkjenner me at dette er ei investering som det ville vore vanskeleg å funne rom for utan eksterne midlar. Dette prosjektet kan gje oss ein flott start med utprøving av iPad som verkty i teiknspråkolllæringa.


Sagvåg skule
12.11.13
Lars Bakka, Jenny S Skjønberg og Joy Turner

1.prioritet
Kompetanseheving
Styrkja vårt fagmiljø - Meir robust fagmiljø

1.1

Kompetanseheving to vekers teikspråkkurs for ein lærar.
(Då er det to lærarar hos oss som har dette kurset)

Kostnad: kr 37.000,- (Vikarkostnad og reiser til Bergen)
Ansvar: Lars Bakka (rektor)
Oppdatering 13.01.14: Ann Kristin Brakedal er på dette kurset 6.-17.januar 2014



1.2
Kompetanseheving slik at engelskspråkleg teiknspråklærar får norsk teiknspråkkompetanse.
Kostnad: ca 37.000,- (To veker i Bergen?)
Ansvar: Joy Turner
Oppdatering 13.01.14: Joy har no undersøkt dette og har komme fram til at det diverre ikkje finnes eit slikt etterutdanningstiolbod om kan innpassast i vårt prosjekt. Denne delen av projektsum kr 37.000 verd det difor ikkje søkt om.

1.3
Kompetanseheving team 1-4:

- "Kurs-stunt"vår og haust 2014
Kostnad: 15.000,- (Statped Vest)
Ansvar: Jenny S Skjønberg

2.prioritet
Samarbeid

2.1.
Samarbeid med døv person frå Stord, Haugesund eller Bergen.
Kostnad . ca 35.000,- (samarbeidstid 2-3 veker)
Ansvar: Joy Turner

2.2
Samarbeid med foreldregruppa
Kostnad: Gratis
Ansvar: Jenny S Skjønberg (Kontaktlærar)

2.3
Samarbeid med andre klassar
Kostnad: Gratis
Ansvar: Jenny S Skjønberg (Kontaktlærar)

2.4
Samarbeid i klassen
Utvikla aktivitetar som stettar arbeid med teiknspråk
Kostnad: Gratis
Ansvar: Jenny S Skjønberg (Kontaktlærar)

2.5
Digitalt samarbeid
Vidareutvikla nettsida vår slik at ho har eit godt tilbod til elevane og eomen knytt til teiknspråk. Døme på innhald vil vera lenkljer til aktuelle sider, bilete, video og tekt frå arbeidet på skulen, vår eiga teiknspråkurs med bilete og video. Sida skal bli kompatibel for PC og iPad (Sjå neste punkt)
Kostnad: Gratis
Ansvar: Lars Bakka (rektor), Jenny S Skjønberg, Joy Turner


3.prioritet

3.1
Gje elevane eit "kult" og motiverande verkty for å læra teiknspråk. Med denne investeringa vil me både kunna gjera eit nyttig arbeid som me trur er unikt. Me vil også kunna bruka dette utstyret som ein del av vår sju-årige plan for "teiknspråk for alle"


Utstyr:

- iPad2 16GB til kvar elev (kr 2990,- * 21= 62.790-)
- Cover til iPad: (kr 369,-*21= 7749,-)
- App: 1000 ord, FaceTime, (gratis)

[Til 18 elevar og tre lærarar)
Kostnad: 70.539,-

Revidert plan etter møte 20.februar 2014:
Det vert opna for at me kan kjøpa inn 4 stk iPad til prosjektet ved Sagvåg skule
Utstyr:
- iPad2 16GB til kvar elev (kr 2990,- * 4= 11.960-)
- Cover til iPad: (kr 369,-*4 = 1479,-)
- App: 1000 ord, FaceTime, (gratis)


Ansvar: Lars Bakka

Søkjer totalt om prosjektmidlar: 194.539,-

Mer har:
- PC-ar (Ein kvar 3. elev)
- SmartBoard i det aktuelle klasserommet
- Fleksibelt skulebygg ....
-

Samarbeid:
Foreldrerepresentant og lærarepresentant arbeidsgruppa (to møte i halvåret)

Lokale ressursar:
- Skulen: Joy, Jenny, Ann Kristin
- Lokale eksterna: Grete Bransdal ("konsulent"?)
- Stat Ped Vest:.....

Fokus på læreplanen (innhald)
- Halvårsplanar for tegnspråk

Kritiske suksessfaktorar:
- Motiverte elevar
- Motiverte foreldre
-
Plan for 2014 vår "Fokus på kompetanseheving og oppstart"
  • Oppstartmøte med foreldra i klassen januar 2014
  • Kurs i januar for lærar (teiknspråkkurs to veker) februar 2014
  • Kurs for engelsk tegnspråklærar (to veker?) mars (?) 2014
  • Opplæringsperiode for bruk av iPad i teiknspråk våren 2014
  • Oppstart samarbeid med teiknspråkbrukar Framhald samarbeid heim & skule
Plan for 2014 haust "Fokus på drift og vedlikehald"
  • "Stuntkurs" for alle tilsette ved skulestart
  • Framhald samarbeid heim & skule
  • Framhald samarbeid med teiknspråkbrukar

Sluttrapport innan 31.12.14