P a n d e m i
Versjon:19.02.2023
Denne planen må sjåast i samanheng med
planane våre knytt til planen 'Trivsel og tryggleik'.
Denne planen høyrer til del 3 'Akuttnivå>>'
Sagvåg skule 18.august 2009 *Oppdatering 19/8: Prognose for fråvere er redusert til 25% |
I samband med samfunnsmessige konsekvensar av ein pandemi må einingane no arbeida med:
|
Vår plan bygger på dette brevet frå smittevernlegen og kommunal -sjefen: |
Stord kommune Teneste- og støtteeiningar TILTAK I SAMBAND MED HØGT PERSONELLFRÅVER VED INFLUENSAPANDEMI. Det går føre seg ei spreiing av H1N1 influensa over heile verda (pandemi), men sjukdommen har til no vore lite alvorleg for den einskilde. Alvor og smittespreiing er litt meir enn vanleg sesonginfluensa. Mykje tyder på at dette i større grad vert ei utfordring for samfunnet, heller enn eit sjukdomsproblem for dei einskilde. I første fase er det viktig å dempa smittespreiinga gjennom god hygiene (sjå råd på www.pandemi.no) slik at epidemitoppen vert lågast råd. Utover sommaren må vi rekna med spreidde einskildtilfelle av influensa H1N1 og det vert vernetiltak kring desse. Utover hausten og vinteren vert det spådd auka utbreiing. Ein pandemi kan føra til betydlege samfunnsmessige konsekvensar med omfattande auke i fråver av arbeidskraft. Alle verksemder med kritisk samfunnsfunksjon bør planleggja for å halda oppe leveransane nærmast utan omsyn til kva vanskar som kjem og arbeida aktivt for å førebyggja driftsavbrot.
Sentrale styresmakter ventar at kommunen har gått gjennom beredskapsplanverket sitt med tanke på at det og skal innehalda ein beredskap mot pandemi:
I samband med samfunnsmessige konsekvensar av ein pandemi må einingane no arbeida med:
Ytterlegare informasjon kan finnast i rettleiaren ”Kontinuitetsplanlegging – pandemisk influensa” (DSB, Helsedir.) på www.pandemi.no.
Planleggingsføresetnader:
Det er viktig å merka seg at dette er planleggingsføresetnader ut frå korleis stoda vert tolka i dag. Det er ikkje fakta om korleis epidemien vil vera hjå oss. Viruset kan endra seg og erfaringar med utbreiinga kan gje nye føresetnader I Noreg er det mange verksemder som er aktørar for å halda oppe helse og tryggleik. I første omgang (sommaren -09) vil sentrale styresmakter retta seg mot alle departement og deira etatar, alle fylkesmenn og alle kommunar. I neste omgang kan det vera aktuelt å vurdera kva private verksemder som er relevante aktørar. Vi ber om tilbakemelding frå einingane til smittevernlegen om korleis de vil møta ein situasjon med høgt personellfråver innan 20.8.09. Til slutt nyttar vi høvet til å gjera merksam på gode vanar som førebyggjer smitte og vil oppmoda om å ta ut informasjonsbrosjyren ”Vanar som førebyggjer influensa” frå www.pandemi.no og fordela den mellom personalet i eininga. Med helsing Knut J. Gram Lars Helge Sørheim Kommunalsjef/beredskapsansvarleg smittevernlege |