|
|
Dersom du føl med på denne sida i tida framover kjem du
til å få ei grei oversikt over utviklinga i arbeidet med ny skule i Sagvåg.
Du kan også lesa om skulehistoria» » vår og
vitja Sagvåg skulemuseum» på Internett.
Om Sagvåg skule i dag finn du alltid oppdatert informasjon på heimesida
vår» |
|
Denne sida er no erstatta av sida: "Bygginga av ny Sagvåg
skule">> |
|
10.03.04
Ein
historisk dag!
Fredag 12.mars kl 11.00 vert det første spadetaket teke til
ny Sagvåg skule.
Alle elevane kjem til å vera med på denne historiske hendinga
for skulen vår. Det kjem meir informasjon om arrangementet
etter kvart.
|
|
17.02.04
Klar-ferdig-GRAV!
Kjell Nesbø uttaler i dag til Sunnhordland at det fysiske
arbeidet med ny Sagvåg skule tek til i månadsskiftet
februar/mars.
Les heile
artikkelen her>>
|
|
16.02.04
Dei siste brikkene
snart på plass?....
Torsdag
12.februar stod det å lesa i bladet Sunnhordland at
Rådmannen må be Fylkesmannen om å få lån til å byggja ny skule i
Sagvåg.
Les heile artikkelen frå
Sunnhordland her>>
|
18.12.03
Nytt
om ny Sagvåg skule
På heimesida til Stord
kommune kan me i dag lesa:
Forhandlar om
entreprisar for Sagvåg skule
Rådmannen har valt ut dei
firma han vil forhandla vidare med når det gjeld entreprisar på
den nye Sagvåg skule i Rukjen.
Sjå namna på firma.
|
|
25.09.03
Møblar
til den nye skulen
Torsdag var
Mari Espelend, Odd Magne Agdestein og rektor til Oslo
for å sjå på skulemøblar.
Me vitja firmaet
Kinnarps
som er ein av to moglege leverandørar av nye møblar til nys
Sagvåg skule. Det andre firmaet ligg i Haugesund og heiter
Sterling.
Me vitja også
Karlsrud
skole og
Sørumsand
videregående skole
Sjå bilete frå
turen
HER>>
|
26.09.03
Møte i
utsmykkingskomiteen , Sagvåg skule
Torsdag 23 oktober
kl.11.30
atelieret til Turid Uldal . Søre Skogvei 14 ,Bergen
(bak Ny Kronborg skole i
Solheimslien)
Turid
Uldal vil vise utsmykkingskomiteen foreløpige skisseutkast
til utsmykking ved Sagvåg skule. Vi
velger et møte nå, før arbeidet har fått en endelig form , slik
at komiteen kan komme med synspunkter / ønsker. For
at vi skal få et inntrykk av Turid Uldals arbeider vil møtet
holdes på hennes atelier i Bergen.
Klokkeslettet for møtet er satt etter Flaggrutens ankomst Bergen
kl.11.10 for dere som kommer med båt .
Hvis dere kjører bil ,og ønsker møtet tidligere på dagen gi meg
tilbakemelding innen 3 oktober.
Vennlig hilsen Marianne Berg
kunstnerisk konsulent
Tlf priv. 55
90 33 42 Verksted 55
32 22 23 bergmari@online.no
|
|
22.08.03
Ny skuleveg opna
Med ordførarane
i Stord og Fitjar til stades vart den nye gang- og sykkelstien
langs den nyopprusta riksveg 545 opna fredag 22.august kl
12.00
Også 5.klasse ved Sagvåg skule var med på opninga.
Etterpå tok klassen seg ein tur til Rukjen der den nye skulen
skal liggja.
<<Sjå
heile biletet her
|
|
27.07.03
Open anbodskonkurranse om ny Sagvåg skule
No
er det klart for anbodsrunde for ny Sagvåg skule. Les
meir i Norsk
lysningsblad>>
|
|
05.07.03
Utsmykkingsoppdraget
Det
vart Turid Uldal som fekk
utsmykkingsoppdraget til ny Sagvåg skule.
Utsmykkingskomiteen v/ Marianne
Berg skriv:
Utsmykkingsplan , og
vårt valg av kunstner Turid Uldal er godkjent av RSU, Regionalt
samarbeidsutvalg ved Hordaland kunstsenter. Valg av kunstner er nå
offisielt og kan informeres om på skolens hjemmeside. Hvis dere
ønsker å vise tidligere arbeider kan dere henvise til Turid Uldals
hjemmeside. Turid Uldal og jeg har hatt et møte der vi så på
tegninger og gikk i gjennom oppdraget.
|
|
17.06.03
Sagvåg
skule ferdig etter planen
Bladet
Sunnhordland hadde 17.juni ein større reportasje om ny m.a. ny Sagvåg skule
etter møtet i formannskapet førre fredag.
| Sunnhordland
skriv på side 5 tysdag 17.juni 2003 |
Sjølv
om spaden ikkje kjem i jorda i år, vil Sagvåg skule stå ferdig etter
planen, klar til bruk ved skulestart i 2005.
Dette kom fram då formannskapet reviderte budsjettet for inneverande år,
og etter at det var kome reaksjonar på rådmannen sine premissar i saka,
der det heiter at det på grunn av den usikre økonomiske situasjonen i
år er uaktuelt å inngå byggjekontraktar.
varaordførar Magnhild Furdal (KrF) tok til ordet for at det ville vera
eit dårleg utgangspunkt å starta valkampen utan at Sagvåg skule var
sikra, slik dei fleste partia har sagt det i sine program for den
perioden, og også gjort vedtak om.
Rådmannen presiserte i møtet at det ikkje vil få konsekvensar for
sluttføring av skulen om ein ikkje startar byggjearbeidet i inneverande
år. Han la til at kommunen heller ikkje har høve til det, av di det er
turvande med eit nytt budsjettvedtak som må godkjennast av fylkesmannen
før arbeidet kan starta opp.
Ordførar Magne Rommetveit stadfesta dette, og la til at ein nok kunne
spadd opp nokre kroner, og sett spaden i jorda i 2003. Han meinte likevel
at poenget ikkje er kva tid ein startar arbeidet, men at ein held den
tidsramma som er sett for å ta skulen i Sagvåg i bruk. Han viste òg til
at det no ser ut som om ein ved byggestart i 2004 vil kunna få 100
prosent refusjon på momsen på prosjektet, det vil gi ei innsparing på
12 millionar kroner. I dag er momsrefusjonen 33 prosent på slike
prosjekt. |
|
|
11.06.03
Ny skule til hausten
2004?
I
eit oppslag i bladet Sunnhordland uttaler Lars Åge Myhre (H) m.a.
-
Me finn rådmannen si innstilling i sak til formannskapet komande fredag
heilt uakseptabel. Det gjeld Sagvåg skule, det gjeld ny ungdomsskule og
det gjeld ny sjukeheim. Lars Åge Myhre (H) seier på vegne av partiet at
dei ikkje kan finna seg i at rådmannen legg opp til at bygginga av
Sagvåg skule vert utsett. I premissane i saka seier rådmannen at det er
uaktuelt med byggestart i år. I det gjeldane kommunestyrevedtaket er det
lagt opp til at skulen skal stå ferdig til bruk i 2004 [...] |
Dette
skriv Rådmannen i saka til Formannskapet 13.06.03:
Sagvåg
skule
Det er budsjettert 3 mill kr til planlegging av Sagvåg skule i 2003.
Dette er finansiert med fondsmidlar, i tillegg er det frå 2002
budsjettert att om lag 3,1 mill kr. Skulen vil innan året vere
ferdig planlagt og klar for byggestart dersom kommunen sin økonomi betrar
seg.
Regjeringa har i framlegg til revidert nasjonalbudsjett lagt in 1 Mrd kr
meir til finansiering av skulebygg. Rådmannen vil koma attende til ei
samla finansiering i økonomiplanen til hausten. Det er på grunn av den
usikre økonomiske situasjonen uaktuelt å inngå byggjekontraktar i
år.
|
|
|
10.06.03
Slik skal ny Sagvåg
skule sjå ut
No
har Stord kommune motteke dei endelege planløysingane for ny Sagvåg skule.
Dersom du klikkar på dei to lenkjene under vil du frå sjå utforminga av den nye skulen.
1.høgd
med m.a. gymsal (frå mars-03)>>
2.høgd
med m.a. heimebasane til elevane>
For
å kunna nytta pdf.-fila treng du Acrobat Reader.
Om du ikkje
har programmet kan du henta det her>>
|
|
01.04.03
Ny Sagvåg
skule snart klar
- på
teiknebrettet
Tysdag
1.april var det ei rekkje møte om ny Sagvåg skule. Det var møte mellom representantar
frå kommunale-
administrasjonen og m.a. arkitektane frå Trondheim.
Prosjektgruppa hadde møte i biblioteket ved Sagvåg skule. Det var stor
semje om at elevane ved Sagvåg skule kan sjå fram til eit flott skulebygg.
Alle var i det store og heile svært nøgde med teikningane som vart lagt fram.
I tida fram mot påske vil det bli gjort nokre små justeringar i teikningane
for undervisningsarealet til småskulen. Etter dette er teikningane endelege.
Då vil dei bli offentleggjorte.
Som mange av dykk veit har skulen ei eiga web-side som føl utviklinga i dette
skuleprosjektet.
|
|
21.04.03
Svar
frå Kjell Nesbø
Som
de kanskje hugsar stilte Lars Heine Kaldefoss (Ap) spørsmål til
kommune- administrasjonen om skulen vil stå klar til skulestart
2004 slik kommunestyret har gjort vedtak om:
Til
dette svarer Kjell Nesbø i eit notat datert 25.03.03:
Planlegging
av Sagvåg skule
Det
vert synt til spørsmål vedkomande planlegging av Sagvåg skule
datert 06.03.03 frå Lars Heine Kaldefoss.
Prosjektleiar
arbeidar etter same framdriftsplan som Levekårskomiteen tidlegare
er orientert om. Dette inneber at anbodsdokumenta skal vera klar for
utsending før ferien 2003.
I
kommunestyret sitt budsjettvedtak er det uttalt at Sagvåg skule
skal stå ferdig til skulestart hausten 2004. I budsjettet 2003 er
det ikkje lagt inn midlar til oppstart av bygging i 2003, og Fylkesmannen
har heller pr. dags dato ikkje godkjent Stord kommune sitt
låneopptak for 2003 og for økonomiplanperioden 2003-2006.
Om
prosjektet skal sendast ut på anbod, vert avgjort når Stord
kommune sitt budsjett 2003 og økonomiplanen 2003-2006 endeleg er
godkjent av Fylkesmannen.
Dersom
det ikkje vert lagt meir investeringsmidlar til Sagvåg skule i
2003, er det ikkje mulig å ha skulen ferdig til skulestart hausten
2004.
Med
helsing:
(sign)
Kjell Nesbø
|
|
08.03.03
Skal
Sagvåg skule bli husvære?
Arkitekt
Terje Lamo meiner at gamle Sagvåg skule bør bli omgjort til
bustadar når den nye Sagvåg skule står klar om eit par år.
Bygget kunne omgjerast til mange mindre husvære for ungdom og
unge familiar, og det ligg også godt til rette får å leggja ein
barnehage der, seier Lamo til bladet Sunnhordland.
Les
også "Vegen mot ny Sagvåg skule">>
Artikkelen
stod i Sunnhordland 7.mars>>
|
|
27.01.03
Ope
møte om nærmiljøutval
for Sagvåg og Litlabø
Stord kommune og
Sagvåg Forum skipar til
ope møte om nærmiljøutval
i Litlabø-Sagvåg samfunnshus
tysdag 28. januar klokka 19.00.
Tema:
Skal me starta nærmiljøutval?
Program:
- Politiske og administrative ynskje frå
kommunen
- Erfaringar frå arbeid med nærmiljøutval andre stader
- Vidare arbeid - ope ordskifte
- Om status for skuleutbygginga i Rukjen
Innleiarar:
Sigurd Sandvoll
frå Nærmiljøutvalet for Nordbygdo og Huglo vil fortelja om
korleis dei arbeider og erfaringar dei har gjort seg.
Kjell
Nesbø vil orientera om
status for utbygginga av den nye skulen i Rukjen.
Kulturkonsulent Ingrid Fitjar
innleiar om kvifor ein startar nærmiljøutval, og korleis.
SLT-koordinator Terje Eriksen
arbeider med førebyggjande tiltak i kommunen og vil informera om
sitt arbeid.
Kjelde:
Heimesida til Stord kommune>>
|
|
23.01.03
Ny Sagvåg
skule etter planen?
Fylkesmann
vil ikkje godkjenne nye låneopptak for Stord kommune.
I telefonsamtale med økonomisjef
Jarle Nakken vart det slått fast at Stord kommune ikkje ville få
godtkjent nye låneopptak for første halvår 2003. Biletet er
likevel ikkje heilsvart då hovudinvesteringane i samband med ny
skule kjem i 2004.
Ein kan vona at ein vurderer det slik at dei relativt små
investeringane som er planlagt i 2003 vert gjort, og at ein så har
råd til å få gjennomført prosjektet etter planen innan
skulestart 2004.
Les
heile artikkelen i Sunnhordland her>>
|
|
20.12.02
Ny
Sagvåg skule
klar til skulestart 2004!
Kommunestyret
gjorde i går vedtak om å byggja Sagvåg skule slik det først vart
planlagt. Då skal skulen stå klar til innflytting hausten 2004,
ikkje våren 2005, slik rådmannen gjorde framlegg om. Dette
vedtaket er ein flott julepresang til alle ved Sagvåg skule. Ikkje
berre skal me koma inn i ny skule i løpet av hausten 2004,
kommunestyret krev at skulen skal vera klar til innflytting ved skulestart
i august 2004.
FAU Sagvåg skule v/ Laila Støle skal også ha stor takk for
arbeidet som er lagt ned for å syne politikarane at det no var
Sagvåg skule sin tur... Bladet
Sunnhordland skriv m.a. om leiaren i Komité for levekår
Berit
Øvrebø Wiersen (Ap):
Eitt krav sette
ho fram, nemleg at utbygginga av Sagvåg skule vert gjennomført
etter planen og kan takast i bruk hausten 2004. Haugesunds
Avis skriv i dag:
Politikerne
vedtok enstemmig at den nye skolen i Sagvåg ikke skal utsettes. For
å få skolen ferdig til høsten 2004 vil de ta 1,5 millioner kroner
som er satt av til ungdomsskolen. Les
meir
|
|
18.12.02
Ny
Sagvåg skule i Rukjen klar i 2004 eller 2005?
- Torsdag
19.desember får me svaret...
Under
handsaminga av Økonomiplanen 2003-2006 i kommunestyret 19.desember
vert det avgjort om ny Sagvåg skule skal stå klar slik det er
planlagt i 2004, eller om framlegget til rådmannen om utsetjing til
2005 vert vedteke.
Møtet tek til kl 14:00 Slik
ser framlegget til framdriftsplan frå rådmann Martin Dahle ut:
Overordna
framdriftsplan:
Med utgangspunkt i vedteken rammeløyving/økonomiplan
og vedtak i prosjektgruppa er følgjande framdrift lagt til grunn
for utbygging av Sagvåg skule:
a) Godkjenning forstudierapport – 27.02.01
b) Frist påmelding prosjektkonkurranse
01.03.01
c) Innlevering konkurranseforslag – 26.06.01
d) Jurykåring – 17.09.01
e) Oppstart forprosjekt – 09.10.01
f) Igongsetjingsvedtak – 05.11.02
g) Utsending anbud – juni 2003
h) Utvelging av utførande entreprenørar –
oktober 2003
i) Oppstart grunn- og betongarbeid – desember
2003
j)
Ferdigstilling – mars 2005
k) Innflytting – april 2005
|
|
31.10.02
Klart
for vedtak om ny Sagvåg skule i Rukjen
 No
meiner rådmann, Martin Dahle at planen for utbygging av ny Sagvåg
skule er så gjennomarbeidd at det er tid for politisk handsaming. I
saksutgreiinga går rådmannen inn for at skulen ikkje skal stå
klar før i mars 2005, ikkje slik skulestart 2004 slik planen til no
har vore.
Les
meir på heimesida til Stord kommune
Du
finn hele utgreiinga her
|
|
30.10.02
Open
høyring om framlegg til budsjett 2003 Det
var Laila Støle som representerte foreldra i den opne høyringa om framlegget
frå rådmannen til budsjett 2003.
| Bladet
Sunnhordland 30.10.02:
Utsett
i Sagvåg
Laila Støle representerte foreldra på Sagvåg skule og var
både overraska og skuffa over at den lenge etterlengta skulen
på ny er utsett.
- Me trur ikkje det vil løna seg å utsetja arbeidet med
skulen, sa Støle som peika på alle manglane ved den verkeleg
gamle Sagvåg skule, som branntilsynet har karakterisert som
ei brannfelle, og som har så dårleg toalettilhøva at borna
ventar med å gå på do til dei kjem heim.
Haugesunds
avis 30.10.02:
Ba
for borna
Laila Støle ser veldig alvorleg på skulesituajsonen i Sagvåg:
– Den gamle skulen er godkjend med mange atterhald, mest
fordi det skulle byggjast ny. Skulen er brannfarleg, det er
for liten plass og toaletttilhøva er elendige. Det hender at
borna ikkje orkar å gå på do når dei er på skulen. Hugs
at dei fleste av dykk gjekk til val på å byggje ny skule i
Sagvåg, sa ho.
Berit Wiersen, leiar i Komite for levekår, lova å ta med
alle innspela i den vidare budsjettbehandlinga og inviterte
publikum til å fylgje debattane.
|
|
|
18.10.02
Budsjettframlegg
2002 Fredag
18.oktober la rådmannen fram budsjettframlegg for 2003. Her var ny
skule i Sagvåg sluttfinansiert i 2005

Les
heile budsjettframlegget her.
..og
her er kortversjonen
|
|
18.10.02
Nye
teikningar Fredag
18.oktober mottok Sagvåg skule forposjektet til NY SAGVÅG SKULE. [Klikk
på teikningane under for å sjå stort format.]
|
|
18.06.02
Nye
teikningar Tysdag
18.juni mottok Stord kommune dei reviderte teikningane til ny Sagvåg
skule frå arkitektfirmaet "Vis-A-Vis" i Trondheim.
Arkitektane har vore lydhøyre for innspela som kom frå foreldra og dei
tilsette ved skulen. [Klikk
på teikningane under for å sjå stort format.]
|
02.04.02
Med
5.klasse til den nye Sagvåg skule!
Torsdag
4.april var 5.klasse på oppdagingstur til Rukjen.
Klassen fann ut kor skulen skal liggje. Dei fann dessutan
"Eventyrkollen", bålplassen, lavoen, handballbanen cross-løypa
og mykje meir.
Statens vegvesen gjer
også ein flott jobb med utvidinga av riksveg 545 med sykkel- og gangveg
til den nye skulen.
Her er oversiktskart over
heile området:
Plasseringa av skulen:
Klikk
på bileta for å sjå dei større!

På ny skuleveg.. |

..snart framme.. |

..her er skulen! |

..her er er
klasserommet vårt.. |

..på eventyrkollen... |

..på bålplassen.. |

..sjå utsikta frå "utsikten skulecamp"..
|
|
|
21.03.02
Frå Askeladd til
ny Sagvåg skule Torsdag
21.mars fekk nokre elevar og dei tilsette for første gong sjå dei
nye teikningane av ny skule i Sagvåg.
Arkitektkontoret "Vis-A-Vis" har gjort store endringar på
teikningane sidan dei første utkasta frå hausten 2001.
Kjell Nesbø vil orientera om høyringsfristar m.m. etter påske.
Referent
frå møtet i Plangruppa>>
[Klikk på
teikningane for å sjå dei større!]

Sjå
også artikkelen i "Arkitektnytt" nr 1/02 om Sagvåg skule>>
|
07.03.02
Møte i prosjektsgruppa
for ny skule i Sagvåg 7.mars 2002Det
andre møtet i prosjektgruppa for ny skule i Sagvåg vert avvikla i
skulebiblioteket ved Sagvåg skule torsdag 7.mars.
Les
referatet frå møtet HER>>
Torsdag 21.mars kjem
arkitektfirmaet Vis A Vis frå Trondheim. Her er programmet for
dagen:
| 11:00
- |
Vis-A-Vis
kjem til rådhuset |
| 11:00
– 12:00 |
Møte
med Mari Espeland og Kjell Nesbø på rådhuset |
| 12:30
– 13:30 |
Møte
med prosjektgruppa i biblioteket på Sagvåg skule.
Arkitektfirma Vis-A-Vis AS orienterer om justerte planar for
ny skule i Sagvåg |
| 13:30
– 14:00 |
Vis-A-Vis
orienterer personalet og elevrepresentantar
om
dei justerte planane |
| 14:30
– 15:00 |
Avsluttande
møte på rådhuset med Mari og Kjell |
| 15:00 |
Til
fri disposisjon for Vis-A-Vis |
|
19.02.02
Kva
skal Sagvåg skule
nyttast til etter 2004?
Det
var lita interesse for temaet då "Sagvåg Forum"
arrangerte møte i gymsalen 19.februar.
Berre tre tilhøyrarar møtte utanom arrangørar innleiarar og
journalist frå Sunnhordland.
Dei frammøtte fekk m.a. vita at det var uaktuelt for Stord kommune å
stå som eigar av skulehuset i Sagvåg etter 2004.
Les meir i Sunnhordland på
torsdag 21.februar>>
|
12.02.02
Kva
skal gamle Sagvåg skule
brukast til når me får ny skule?Sagvåg
Forum inviterer til møte i gymsalen ved Sagvåg skule TYSDAG
19.FEBRUAR kl 18:00
Forumet vil kartlegga trongen for etterbruk av Sagvåg skule.
Nokre av
ideane som er komne fram er desse:
- kunstlokale / handverk-verkstad
- allaktivitetshus
- samlingsstad for generasjons- fellesbruk
Invitasjonen
er sendt frå leiaren i Sagvåg Forum Solveig Almås i brev datert
08.01.02
Les meir om den nye skulen>>
|
LEVERKÅRSKOMMITEEN:
Om ny Sagvåg
skule i Rukjen i Levekårskomiteen
Utdrag
frå innkalling til Levekårskomiteen 11.12.01
s 25:
Bakgrunn / faktiske opplysningar
I møte 13.03.01 - sak 0012/01 – tok Levekårskomiteen sak om
utbygging av grunnskulane i Stord – organisering, prinsipp og
framdrift til orientering. Forstudierapporten som låg ved saka
skisserte opplegg for det vidare arbeidet med skuleutbyggingane, og
gav klarsignal for oppstart av forprosjektfasen. Prioritering av
skuleprosjekta er gjort av kommunestyret i samband med vedtak av
revidert skulebruksplan 2001-2008. Denne statusrapporten omhandlar
følgjande skuleutbyggingar i prioritert rekkefølgje:
- Leirvik skule
- Sagvåg skule
- Nordbygdo ungdomsskule
- Stord ungdomsskule
- Kårevik skule
Statusrapportperioden er frå 28.02.01 til 30.11.01.
Levekårskomiteen er i møte 05.06.01 munnleg orientert om status
skuleutbyggingar.
Vurdering
Hovudmålsetjinga med utbygging av grunnskulane i Stord er
formulert slik:
"Mål for hovudprosjekt er å byggja 2 nye barneskular
og 1 ny ungdomsskule på klart definerte områder. Vurdere tilsvarande
for eventuelt tilbygg for Leirvik skule om ombyggingar/tilpassingar
ved Stord ungdomsskule".
[....]
s 26
3. Sagvåg skule har prioritet nummer 2.
For dette prosjektet er det også gjennomført prekvalifisert
prosjektkonkurranse etter Lov om offentlige anskaffelser og
tilhøyrande forskrifter. Omfanget av dette tenestekjøpet ligg over
dei såkalla terskelverdiane (kr 1,65 mill NOK), noko som medfører at
konkurransen måtte kunngjerast i EØS-området.
5 prosjekteringsgrupper vart vald ut til å delta i konkurransen.
Ved innleveringsfristen sitt utløp 26. juni 2001 hadde alle 5 levert
inn løysingsforslag for ny skule i Sagvåg (Rukjen). Juryen kåra
mottoet "Askeladd" som vinnar av konkurransen. Bak
vinnarutkastet står arkitektfirma Vis-A-Vis AS med prosjekteringsteam
frå Trondheim. Styringsgruppa har slutta seg til juryen sitt forslag,
og det er inngått prosjekteringsavtale med Vis-A-Vis AS. Arbeidet med
forprosjektrapport er sett i gong. Rapporten skal vera ferdig i løpet
av mars 2003. Dette er ca 5 månader etter opprinneleg grovskisse i
forstudierapport. Oppstart av detaljprosjektering vil etter dette ta
til mai/juni 2002. Avviket skuldast meirarbeid med innkomne
konkurranseforslag og utvida forprosjektfase, for å kvalitetsikra
forprosjektarbeidet. Forskyvinga vil ikkje ha betydning for
ferdigstilling av Sagvåg skule i løpet av 2004 som skissert i
forstudierapport.
Det er oppretta eiga prosjektgruppe for Sagvåg skule med
brukarrepresentantar (FAU), fagorganisasjonar, rektor og relevante
kommunale einingar.
Arbeidet med utbetring/utviding av RV 545 er sett i gong og vil
vera ferdig i god tid før oppstart byggearbeid for ny skule i
Rukjenområdet. I samband med vegutvidinga vil det også verta ført
fram naudsynt infrastruktur for vatn, overvatn, avlaup, straum , IKT
og telefoni. Det er også innarbeidd trafikksikringstiltak i
riksvegprosjektet. Omfang og kostnader med infrastrukturtiltak er
ikkje endeleg avklart, ma fordi plassering av høgdebasseng ikkje er
fastsett. Det hastar med å få dette på plass.
Forprosjektrapport er planlagt lagt fram for Levekårskomiteen i
løpet av vinteren 2002 (mars/april).
Kostnadsramma for prosjektet er i budsjett 2002 og økonomiplan
2002-2005 auka frå kr 41.0 mill til 47.5 mill.
Pr 10.11.01 har prosjekt Sagvåg skule eit forbruk på kr 668.037.
[Les
heile møteinnkallinga her>>]
|
SUNNHORDLAND:
Må ha auka
rammer
I
Sunnhordland 8.november vert det referert frå møtet i Levekårskommiteen:
|
"-Alt vert dyrare når det vert utsett. Me kan ikkje utsetje
bygging av Sagvåg skule endå eit halvt år. Det kan me ikkje
utsetja innbyggarane for. Og det vil gå ut over vårt truverde som
politikarar, sa Heine Kaldefoss.
Levekårskomiteen vedtok til slutt samrøystes å gje uttale til
økonomiplanen ved å peika på fleire av områda som dei er urolege
for. |
|
| |
HAUGESUNDS AVIS 01.11.01:
Kvir seg for å gå
på do på skulen.
Les kva
elevane meiner om Sagvåg skule i Haugesund avis idag.
LES
MEIR>>
|
HAUGESUNDS AVIS 01.11.01:
Brannvesenet om
branntryggleiken ved Sagvåg skule.
Les kva
brannvesenet meiner om Sagvåg skule i Haugesund avis.
LES
MEIR>>
|
FAU 31.10.01:
Open høyring om
budsjett 2002
Det var
Laila Støle som representerte FAU ved Sagvåg skule i den opne høyringa om budsjett 2002
og økonomiplanen 2002-05. LES
MEIR HER>>
|
oktober
2001
NY
SAGVÅG SKULE:
Økonomiplan 2002-2005
ute på høyringRådmannen
sitt framlegg til Økonomiplan 2002.2005 er no ute til høyring. Dette
står å lesa om Sagvåg skule:
|
Økonomiplan 2002-2005 Målstyringsdokumentet
(s 31)
Sagvåg skule
Det er gjennomført prosjektkonkurranse for utbygginga for ny
skule i Sagvåg.
Opphavleg kostnadsramme på kr 4,1 mill er justert til kr 18,0 mill
grunna sterk prisauke i marknaden siste året.
Enkelte kostnadstal vert lagt fram i forprosjektrapport.
I økonomiplanen er det løyvd 46,10 mill kr. Det er tidlegare løyvd
1,4 mill til Sagvåg skule, løyving i økonomiplanen fordeler seg med
kr 1,8 mill 2002, 11 mill i 2003 og 28,3 mill i 2004
Forprosjektet vil vera ferdig medio januar 2002 med oppstart
byggjearbeid hausten 2003 og ferdigstilling årsskiftet 2004/05
|
Framdrifta i arbeidet med ny skule i
Rukjen kan illustrerast slik:

|
oktober
2001
NY
SAGVÅG SKULE:
"På veg
mot ny skule…."
Arbeidet
med utbetring av riksveg 545 Utslettevegen vil starta med skogrydding
ca 15 oktober.
Dette arbeid vil pågå ca 2 veker
frametter.
I denne perioden vil det normalt berre verta stengt i korte periodar,
maks ein halv time om gongen. Dette arbeid vil verta tilpassa
bussrutene.
Omkring 5 nov. reknar ein med at
sprengingsarbeidet vil starta. Stengings periodane for
sprengingsarbeidet vil også verta tilpassa oppsette bussruter. Desse
stengings periodane vil verta annonsert seinare med annonse i avisene
og med opplysningsskilt på Meatjønn og Fitjar.
Når riksveg 545 er stengt, vil også
fylkesveg 70 via Vikanes verta stengt i nordre ende for
gjennomkjøring. Ein har likevel funne det rett å tillata at drosjar
får kjøra igjennom. Dette på grunn av flyplass trafikken.
Ein reknar med at det vil verta ein
viss auke av trafikken på fylkesveg 70 som fylgje av ovannemnde
regulering. Trafikkstasjonen ynskjer at dette vert gjort kjent for
oppsitjarane langs denne vegen og spesielt for foreldre som har barn
som ferdast til og ifrå Sagvåg skule.
Når det gjeld eksakte
stengingstider, vil ein koma attende med klokkeslett for dette både
med direkte info. til Sagvåg skule og via annonse i lokal avisa.
Vonar at du kan formidla desse
opplysningane til foreldra som har skuleborn på Sagvåg skule.
Helsing
Svale Naterstad
Statens vegvesen |
|
oktober
2001
NY
SAGVÅG SKULE:
Kva
med Sagvåg "gamle" skule ? I
Sunnhordland 12.oktober 2001 stiller Sagvåg Forum spørjeteikn med
kva gamle Sagvåg skule skal nyttast til etter at den nye skulen står
klar.
Klikk på avisartikkelen
for å sjå han større>>
|
|
oktober
2001
NY
SAGVÅG SKULE:
Ny
skule utsett 1/2 år?
I
Haugsund Avis stod det lesa onsdag 11.oktober:
"Som et av sparetiltakene ønsker
rådmannen å forskyve de store skoleutbyggingene i kommunen med
et halvt år for å lette rentekostnadene de neste to år."
For
ny skule i Sagvåg har pengane vore inne på budsjetta 2003 og
2004. Dersom ein forskyv prosjektet eit halvt år ligg heile
summen inne i budsjettåret 2004
Lars
Bakka
-rektor-
Les
meir om ny skule i Sagvåg her>>
|
september 2001
Det vart "Askeladden"!
Det vart skulen med mottoet "Askeladden"
som gjekk av med sigeren i arkitektkonkurransen om ny skule i Rukjen.
Juryen presenterte vinnarutkastet på
pressekonferansen ved Sagvåg skule måndag 17.september.
Den nye skulen er teikna av Vis-A-Vis Sivilarkitekter AS i Trondheim. Her er ein teikning
av skulen saman med bilete av modellen.
Etter kvart skal me presentera teikningane på ei eiga nettide.
Sjå fleire bilete>>
<Teikningen viser gymsalen
og hovudinngangen til den nye skulen. |
24.august 2001Fredag 25.august fekk alle elevane
ved Sagvåg skule sjå dei fem utkasta. Elevrådet kjem til å skriva brev til juryen der
dei legg fram kva skule elevane likte best. |
23.august 2001
Torsdag
24.august 2001 vart det arrangert foreldremøte der Mari Espeland og Kjell Nesbø viste
dei fem framlegga til ny skule i Rukjen. Desse modellane og teikningane er resultatet av
arkitektkonkurransen mellom fem arkitektkontor. (sjå under)
|
Frå heimesida til Sagvåg
skule 05.04.01:
Torsdag 5.mars var det synfaring i
Rukjen.
Då fristen gjekk ut hadde 17 ulike firma gjeve skriftleg tilbod, av desse gjekk fem
"til finalen".
Me har laga peikar til dei som har heimeside på Internett.
Lars
Bakka |