Oppdatert 23.12.05

 NY SAGVÅG SKULE byggeprosessen
Dersom du føl med på denne sida i tida framover kjem du til å få ei grei oversikt over utviklinga i arbeidet med ny skule i Sagvåg. 
Du kan også lesa om skulehistoria
» » vår og vitja Sagvåg skulemuseum» på Internett.
Om Sagvåg skule i dag finn du alltid oppdatert informasjon på heimesida vår
»

Denne sida har vore i bruk sidan 12.mars 2004 då det første spadestikket til ny Sagvåg skule vart teke og fram til skulen no vert teken i bruk 3.januar 2006

Siste skuledag
ved gamle Sagvåg skule

22
.desember 2005

Torsdag 22.desember er den aller siste skuledagen i skulehuset som vart innvigd måndag 12.april 1940. Her kan du lesa meir om skulehuset som me i dag tek farvel med.

Første skuledag etter jul er tysdag 3.januar. Skuledagen tek til kl 08.30 og SFO er ope frå kl 07.00 som vanleg. I ferien kan du gjere deg kjent med den nye skulen ved å studera kva dei ulike romma heiter, eller du kan sjå tilbake halvåret som gar gått

Her har årssteget heimebasane sine:
1.steget: 'Utslettefjellet' 5.steget: 'Jensanes'
2.steget: 'Dovamyra' 6.steget: 'Skifteslono'
3.steget: 'Drenjafjellet' 7.steget: 'Limbuvikjo'
4.steget: 'Sætre'  

Alle romma finn du snart her

 
 

Kunsten er godkjent
9
.desember 2005

Fredag 9.desember var det synfaring og godkjenning av kunstutsmykkinga ved nye Sagvåg skule. Det er kunstnaren Turid Uldal som har ansvaret for utsmykkinga på nye Sagvåg skule.

Tekst: Lars Bakka Foto: Toril Sandvik Bruket

 

'Ferdigsynfaring'
6
.desember 2005

Tysdag 6.desember vart deg gjennomført ferdigsynfaring ved nye Sagvåg skule. Dei ulike faga har no to veker på seg til å utbetre det som vart påpeikt. Ikkje noko av dette vil ha noko å seier for våre planar om å ta til i nyskulen tysdag 3.januar.

Tekst & foto: Lars Bakka

Lærarane på ny-skulen
17.november 2005

Medan studentane frå HSH har overteke som lærarar ved Sagvåg skule, er lærarane på ny-skulen og HSH. Me nyttar tida til å planlegge flyttinga og bruken av den nye skulen planlagt i detalj. Me flyttar i løpet av desember og første skuledag i nye Sagvåg skule er 3.januar 2006!

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Blå metallic elv i amfiet
3.november 2005

Det første som møter deg når du kjem inn i den nye Sagvåg skule er den blå metallic elva som renn nedover amfiet. Det er kunstnaren Turid Uldal som har ansvaret for utsmykkinga på nye Sagvåg skule.

Tekst : Lars Bakka

 

Den første pulten er på plass!
3.november 2005

I dag vart den første skulepulten frakta til nye Sagvåg skule. Det var snikkarane som ville sjå kor høge pultane var med tanke på ei list som kan hindre slitasje på veggane i undervisningsareala.

Tekst : Lars Bakka

 


(Arkivfoto: Terje Lamo viste elevane på 5.steget Ottesen Båtbyggeri i april 2005)

Gamleskulen kan bli husvære
28.oktober 2005

Arkitekt Terje Lamo har i brev til Stord kommune skissert nokre tankar om etterbruk av gamle Sagvåg skule. Lamo skriv mellom anna: Forslaget mitt er å bygga om til leilegheiter som kan brukast til både unge og eldre,(...)  Les heile brevet frå Terje Lamo her

Tekst : Lars Bakka

 

Me tek til i den nye skulen 3.januar 2006
24.oktober 2005

(Utdrag frå ref. byggemøte 12.10.05)

Ferdiggjering av bygg

  • Ferdigbefaring vert utført veke 46 – 47
  • Innregulering av ventilasjonsanlegg /varmeanlegg veke 46 – 47 (ferdig til 01.12.05)
  • Eventuelle feil og manglar skal rettast innan 01.12.05

Inventar

  • Byggherre skal snarast bestemma levering og montering av møbler/inventar
  • Montering kan starta 05.12.05

Flytting  

  • I veke 50 og 51 ønskjer Sagvåg skule å gjera seg kjend på nye skulen  
  • Flytter til nye skulen 19.12.05
  • Første vanlege skuledag i nye Sagvåg skule tysdag 3.januar 2006!

 

Bilete frå nye Sagvåg skule
20.oktober 2005

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Vil du kjøpe gamla Sagvåg skule?
3.oktober 2005

Stord kommune vil selje det gamle skulehuset vårt. Når me flyttar inn i den nye Sagvåg skule vert gamleskulen ståande tom. No vil Stord kommune ha innspel om kva skulehuset kan brukast til i framtida.
Les meir på nettsida til Stord kommune

Tekst: Lars Bakka

 

Avlyser tilbodskonkurranse
22.september 2005

På nettsida til Stord kommune kan me i dag mellom anna lesa:

Stord kommune avlyser tilbodskonkurransen som galdt reinhald, drifts- og vedlikehaldsoppgåver på den nye Sagvåg skule i Rukjen.

Årsaka var at det berre kom inn eitt tilbod som femna heile tilbodsforespørselen.

- Me ser difor tilbodskonkurransen som misslukka, og avlyser den med bakgrunn i manglande konkurranse og forskrifter for offentlege anskaffelsar, § 17, opplyser leiar Odd Magne Agdestein i Interkommunalt innkjøpsforum for Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes.

Les meir på nettsida til
Stord kommune

Tekst : Lars Bakka

Den nye skulen tek form
[16.september 2005]

Dette biletet vart teke i undervisningsarealet til dei yngste elevane. I biletet ser du det store fellesrommet og to grupperom med skyvedører.

Tekst & foto : Lars Bakka

 

Nytt panoramabilete
 av nye Sagvåg skule

[9.september 2005]

Her finn du eit nytt bilete frå nye Sagvåg skule.

Tekst : Lars Bakka

 

Møblar, tekstilar og gardiner til Sagvåg skule
[24.august 2005]

Stord kommune ynskjer tilbod på møblar, tekstilar og gardiner til nye Sagvåg skule i Rukjen og inviterer til open tilbodskonkurranse. Tilbodsfrist er 9. september.
Sjå fullstendig lysingstekst.

Tekst : Torleiv Agdestein

 

Aktivitet i fellesferien
[25.juli 2005]

Sjølv om dei fleste har ferie er det aktivitet ved nye Sagvåg skule.
Det første ein legg merke til er ei fine murane i naturstein.

Tekst & foto: Lars Bakka

 
 


Vil du sjå den nye skulen?

[27.mai 2005]

Fredag 27.mai tok me oss ein tur til den nye skulen vår. No er mange av dei indre veggene på plass og det er lett å få eit inntrykk av kor lott det nye skulebygget vert.

Tekst og foto : Lars Bakka

Kontor (inspektør)

Kontor Arbeidsplass 5.-7.st Arbeidsplass 1--4.st Personalrom
1.-4.årssteg 1.-4.årssteg 1.-4.årssteg 1.-4.årssteg 1.-4.årssteg
Elevarbeidsplassar mellom heimebasane Elevarbeidsplassar mellom heimebasane Elevarbeidsplassar mellom heimebasane 5.-7.årssteg 5.-7.årssteg
Areal ved biblioteket Skulebiblioteket Foajeen Dusjane Heimkunnskap
       
Gymsal        

                     

21.april 2005

Interiørarkitekt på vitjing

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 



Ny Sagvåg skule sett
frå Utslettefjellet

31.mars 2005

På Utslettefjellet
 

6 årssteg var onsdag på ein kjempeflott fjelltur på Utslettefjellet. Det var supert vær. Me laga 3 firkantbål som me steikte pølse og pinnebrød på. Me fekk litt kunnskap av Kjell, om brenning av bål. Me måtte tenne på bålet med berre ei fyrstikke, lage til bålet og sløkke bålet slik at det ikkje viste noko igjen. Me leikte bom 50 på slutten, det var veldig kjekt. Du finn fleire bilete frå turen her>>

Tekst av elevane : Ola Polden & Håkon Mundal Andreassen

 

1.mars 2005

Kranselag for ny Sagvåg skule

Tysdag 1.mars var det kranselag for nye Sagvåg skule. Det det vart feiring med betasuppe og kake.

Dersom du ikkje får til å sjå filmen på din maskin kan du lasta ned Mediaplayer gratis her>>
 

[Bileta der tekne med stor oppløysing. Det tek difor tid å laste dei ned dersom du vil sjå nærare på dei.]

Tekst: Lars Bakka

15.februar 2005

Vindauga på plass

No er også vindauga på plass i den nye skulen.

Tekst/foto: Lars Bakka/ Laila Magnussen

14.januar 2005

Nye bilete frå nye Sagvåg skule

Fredag 14.januar vart det teke ein serie nye bilete frå den nye Sagvåg skule.  Du finn mellom anna bilete av den fine naturstien som går i terrenget rundt skulen.

Tekst : Lars Bakka
 

10.desember 2004

Velkommen inn!

No er me under tak. Nye Sagvåg skule har fått vegger og tak. Taksperrene til gymsalen er også på plass.

 


Biblioteket

Amfiet

Biblioteket

Gymsalen

Undervisningsareal 1.-4.stet

Snart grupperom

Undervisningsareal 5.-7.steget

Utsikten frå personalrommet

Biblioteket mot amfiet

Utslettefjellet i desembersol

        

Tekst : Lars Bakka

19.november 2004

Plan for uteområdet til ny skule

Her finn du ein flott teikning som viser alle detaljane slik planen no ser ut for uteområdet ved ny Sagvåg skule:  Utomhus>>[2,7MB]

Tekst: Lars Bakka

 

18.november 2004

Eitt år igjen!!

18.november 2005 er datoen for ferdigstilling av ny Sagvåg skule. Det er med andre ord eitt år igjen til me flyttar inn i den nye skulen.

Tekst: Lars Bakka

2.november 2004

Omvisning på nye Sagvåg skule

I dag har det vore møte i prosjektgruppa for ny Sagvåg skule og omvisning på skuletomta for dei tilsette og nokre elevar. Fredag 18.november 2005 er innflyttingsdatoen! Referatet frå prosjektgruppemøtet>>

Foto: Lego League-gjengen

       

21.oktober 2004

Den nye skulen idag

Her er nye bilete frå den nye Sagvåg skule. Alle bileta er tekne torsdag 21.oktober. No er reisverket til hovudetasjen også på plass.

(Alle foto: Laila Magnussen)


 

23.august 2004

Gymsalen er "klar"

No er det meste av grunnarbeidet til ny Sagvåg skule er unnagjort. Murane viser tydeleg korleis skulen vil sjå ut. Her ser du gymsalen.
 
(Alle foto: Laila Magnussen)

  

21.juli 2004

panorama_nyskule_210704.jpg (572802 byte)Den nye skuletomta

Den 21.juli 2004 såg det slik ut på den nye skuletomta til Sagvåg skule.
 

28.05.04
Ny skuletomt i 360 grader

Fredag 28.mai vart det tekne nye bilete frå skuletomta. Denne gongen finn du eit bilete som viser tomta i 360 grader.
Klikk på biletet for å sjå stor versjon.

 

14.05.04
Her er sløydsalen

Fredag 14.mai var det sett opp forskaling for sløydsalen og heimkunnskapsrommet. I løpet av mai vil det vera lett å sjå korleis skulen vert liggjande i terrenget.
Klikk på biletet for å sjå større versjon:

 

03.05.04
Den nye skuletomta sett frå Utslettefjellet

Her finn du bilete av skuletomta i "flyfoto". Biletet vart teke frå Utslettefjellet laurdag 1.mai.
Klikk på biletet for å sjå større versjon:
 

Foto:Egil Petterteig

26.03.04
Skuletomta i dag

Lurer du på korleis det ser ut på skuletomta til ny Sagvåg skule i dag?

Klikk på biletet for å sjå større versjon:

 

21.03.04
Store endringar på den nye skuletomta 

Etter berre ei veke er det gjort mykje arbeid på den nye skuletomta, og det kjem nok til å vera mange som legg Søndagsturen innom området for å fylgje utvinklinga.

Panorama bilete frå søndag 21.mars [klikk på biletet for å sjå større versjon]

rujen_panorama_210304a.jpg (959163 byte)

 

12.03.04
Me er i gang!

Det ver Sigrid Skogseide som fekk den store æra å starte bygginga av ny Sagvåg skule saman med ordførar Magne Rommetveit. Fredag 12.mars 2004 kl 11.00
 Sjå også: Heimesida til Stord kommune>>
 

10.03.04
Ein historisk dag!

Fredag 12.mars kl 11.00 vert det første spadetaket teke til ny Sagvåg skule. 
Alle elevane kjem til å vera med på denne historiske hendinga for skulen vår. Det kjem meir informasjon om arrangementet etter kvart.