NATUR- OG MILJØPLAN
Web-plan: Denne planen er laga med tanke på at han skal
lesast på Internett.
Ein papirversjon gjev ikkje tilgang til linkane som er ein viktig del av planen!
Innhald
Innleiing
Grunnlaget
for planen
Denne planen bygger i første rekkje på det nye Natur- og miljøfaget i L 97.Dette
faget er delt inn i tre målområde.
- Kropp og helse
- Mangfaldet i naturen
- Stoff, eigenskapar og bruk
Utgangspunktet for planen var sjølvsagt også den kommunale planen
"Piggsvinet" og den første utgåva av Miljøplan for Sagvåg skule. Begge desse
to siste planane vart utarbeidd før L 97, og tek difor ikkje opp i seg denne planen. Når
me no har knytt vår lokale plan nokså tett opp mot Natur- og miljøfaget er det for å
skape ei forpliktande konkretisering av dette faget i skulekvardagen, og fordi dette er
eit nytt fag.
Natur & Miljøplanen for Sagvåg skule må også lesast saman med "Foreløpig
utgave av Veiledning til Natur- og miljøfag" KUF-19.12.97
Det hadde sjølvsagt vore naturleg å trekkje inn ein god del andre fag i denne planen,
spesielt kroppsøving og samfunnsfag, dette vil bli gjort i neste utgåve av planen. Denne
gongen er dette ikkje gjort fordi arbeidet då ville blitt for omfattande, men dette må
ikkje tolkast slik at planen ikkje er meint å vera tverrfagleg!
Planen vert kontinuerleg oppdatert .
Sagvåg skule
19.02.2023

Lars Bakka
Lokal plan
i Natur & Miljø for Sagvåg skule
Miljøplanen for Stord kommune ligg til grunn for denne planen. I den finn du mange
opplysningar mellom anna med tanke på kva som finst av mangfald i naturen.
Denne planen må vurderast og justerast med jamne mellomrom.Ein bør, i så stor grad som
råd, nytta nærområda i undervisninga. Alt frå blomekassane til Stordafjellet. Elevane
bør få så varierte utfordringar som råd er. Alt frå sjø til fjell og frå sommar til
vinter.
Viktige prinsipp:
- "Det ein kan gjera ute skal ein gjera ute."
- "Respekt for alt levande"
- "Plantar du ikkje finn mange av, eller ikkje kjenner, kan vera freda."
Skulen må leggja tilhøva til rette for at elevane kan nytta nærområda på ein god
måte. Skuleplassen /området på den andre sida av vegen gjev no ein del utfordringar,
men saman med elevane bør lærarane ein finna nye aktivitetar i dette området.
Ein bør og finna andre område som gjev høve til fysisk aktivitet. Områda må vera slik
at elevane får nytta sansane sine.
Skulen bør sørga for å byggja opp eit utval av læremiddel som kan nyttast i
undervisninga.
Tankar rundt bruken av skuleområda.
Det er naturleg at ein den første tida nyttar nærområda til skulen. Etter kvart kan
ein gå lengre bort. Så snart som råd bør ein prøva å finna eit område nært det nye
skuleområdet ved Rukjen. Ein kan og nytta området til å planta t.d. tre. På den
måten, kan ein på sikt skapa eit spanande område for leik og aktivitet. - Dette er
heilt klart noko ein må samarbeida om.
" Lære med skogen" er nyttig til det meste som har med skogen å
gjera. (Permen står på lærarrommet.)
Sagvåg skule april 1998
Kjell Byrknes
1.årssteg/
førskule:
I 1.kl/fs ved Sagvåg skule skal
elevane
- Sagvåg skule har ein kompostbinge der elevane kan få ei konkret oppleving av korleis
stoff blir brote ned i naturen. Ein kan også grava ned avfall og sjå på kva som hender
over tid.(Det er 4.årssteg som har ansvaret for kompostbingen.)
- Oppleva naturen til ulike årstider, laga mat på bål. Grilla.
- Finna mat i naturen om hausten.
Idébank:
- Smaksopplevingar: Smaka på safta av t.d bjørk. om våren, furunål om vinteren.
- Lytteøvingar. Vera "usynlege" og "musestille". Finna sine eigne
"hemmelege" stader. Lytta etter lydar frå t.d. fuglar.
- Bruka sansane til å kjenna på steinar i t.d. i ein bekk, i fjæra og elles i naturen.
- Øve seg på å klatra i berget med og utan hjelp av taua.
Ekskursjonsplan for årsstegsteget
- Elevane i 1.årssteg/ førskule nyttar "skogen vår" mykje til
naturopplevingar, uteaktivitetar og leikar.
- Fjelltur med heile skulen.
- Skidag med heile skulen
Ekskursjonsplan for 1.årssteg/førskule:
Finansiering: Les meir her>>
| Faste
aktivitetar |
Idebank |
- Biblioteket, Litlabø
- Nyttar "skogen vår" mykje (sjå Natur & Miljøplanen)
|
- Dokketeater
- Skulekino haust og/eller vår
- Fjelltur, Bømlo, Fitjar eller Stord
- Skidag med hele skulen
- Påskevandring i kyrkja
|
2.årssteg:
I 2.kl ved Sagvåg skule skal
elevane
- Elevane plantar frø på skulen som dei tek med seg heim om sommaren. Her kan ein godt
planta frø frå frukter.
- Fuglar i Sunnhordland.
- Elevane føl eit tre gjennom dei ulike årstidene. Brukar skulen sitt fotoapparat til
dokumentasjon av endringar. Dette bør vere gruppearbeid der gruppene føl ulike treslag!
- Hefte, lysbilete og kassett.(Står på arbeidsrommet)
Elevane skal læra namn på nokre av fuglane som er nemnt i heftet på s. 1.
Observasjonar kan t.d. gjerast når fuglane får mat frå forautomatane om vinteren
Idébank
- Hente Seljekvistar før påske (læra om Selje)
Ekskursjonsplan
for årsstegsteget (sjå også vedlagt "Ekskursjon- og samarbeidsplan")
- På dette årsstegsteget er det naturleg å gå litt lengre og finn eigna stader der ein
kan finna t. d. blomar og frukter. (I Hustredalen er det t.d bjørnebær og
bringebær om hausten)
- Elevane utvidar området dei nyttar; frå "skogen vår" til Storafjellet.
- Fjelltur med heile skulen
- Skidag med heile skulen
Ekskursjonsplan for 2.årssteg:
Finansiering: Les meir her>>
| Faste
aktivitetar |
Idebank |
- Fottur til Hustredalen (sjå Natur & Miljøplanen)
- Bedriftsbesøk på Valvatne trelast i samband med hyttebygging, arkitektur o.a.
|
- Skulekino haust og/eller vår
- Fjelltur,Bømlo,Fitjar eller Stord
- Museet (Jul,desember) Leirvik
- Skidag med hele skulen
|
3.årssteg:
I 3.kl ved Sagvåg skule skal
elevane
- Elevane i 3.årssteg tek ansvar for blomekassane langs veggen på framsida av skulen.
Dei set ned lauk om hausten.
- Spiringsforsøk. Karse eller andre frø.
- Elevane finn ein stad der dei kan "dyrka" ein plante eller fleire. Ein enkel
kjøkenhage der ein nyttar kompost som gjødsel t.d.
- Laga og setta opp enkle nedbørsmålarar. (Av avkutta plastflasker t.d.) Måla
temperatur og fører målingane i eit enkelt skjema. (Elektronisk termometer
på "tarmen")
- Gardsbesøk (sjå vedlegg)
Idèbank:
- Bruka fuglekassar og foringsautomatar for å finna ut kva for fuglar ein kan sjå der.
Når det gjeld dyr, kan spor i snø fortelja oss noko.
Fuglar i Sunnhordland. Hefte, lysbilete og kassett.(Står på arbeidsrommet)
Elevane skal læra namn på nokre av fuglane som er nemnt i heftet på s. 1.
- Vinteraktivitet: Aking, snøleik, skigåing og leik på isen.
Ekskursjonsplan for årsstegsteget
(sjå også vedlagt "Ekskursjon- og samarbeidsplan")
- Elevane gjer seg kjent i området rundt Rukjen. Dei nyttar området til
leik og andre aktivitetar.
- Fjelltur med heile skulen
- Skidag med heile skulen
- Gardsbesøk
Ekskursjonsplan for 3.årssteg:
Finansiering: Les meir her>>
| Faste
aktivitetar |
Idebank |
- Biblioteket, Litlabø
- Musikkorpset rekrutterer aspirantar (kjem til skulen)
- Fottur til Rukjen (området er fast "utebase") sjå Natur & Miljøplanen
|
- HSH, sjukepleie [snakk med Anne E]
- Fjelltur, Bømlo, Fitjar eller Stord
- Skulekino haust og/eller vår
- Skidag med hele skulen
- Gardsbesøk (sjå Natur & Miljøplan)
|
4.årssteg
I 4.kl ved Sagvåg skule skal
elevane
- Ha ansvar for tilsyn og tøming av kompostbinge. Elevane i 4.årssteg får
"kurs" i kompostering og vert "autoriserte" av SIM( Sjå vedlegg)
- Nye laukar i blomekassane om hausten
- Nytta nærområda til leik, dramatisering, og gjeremål t.d. i samanheng med emnet
steinalderen. (Hefte om miljødramatikk på arbeidsrommet)
- Fuglar i Sunnhordland. Hefte, lysbilete og kassett.(Står på arbeidsrommet)
Elevane skal læra namn på nokre av fuglane som er nemnt i heftet på s. 2.
- Turar i skog og mark. Læra å laga og å tenna bål. (Reglane må følgjast!)
Idébank
- I Vinteraktivitet: Aking, snøleik, skigåing og leik på isen.
- Besøk på museet (?)
Ekskursjonsplan for årsstegsteget
(sjå også vedlagt "Ekskursjon- og samarbeidsplan")
- Havet med strandsone bør vera ein naturleg biotop å ta fatt i. Området i Bleikjevikjo
er godt eigna. (Sjå kart over Sagvåg) Månefasar,flo og fjære vil naturleg inngå som
ein del av emnet. (Det fysiske verdsbilete) I samband med dette arbeidet bør ein samla
bos på stranda.
- I samarbeid med SIM bør elevane læra om kjeldesortering og det som skjer med avfall.
- Ferskvassbiotop ( Vår ). Sjå vedlagt kart med fin turløype over
Litlabø.(Dalsløkjen.)
Ved hjelp av bestemmelsesdukar ,kan ein øva seg i ulike måtar å gruppera dei
insekta ein finn i bekken. Ein kan nytta funna vidare til å sjå på
bygningstrekk.(Utstyr i samband med ekskursjonar finn ein på "Tarmen")
- Fjelltur med heile skulen
- Skidag med heile skulen
- Tur til museet
Ekskursjonsplan for 4.årssteg:
Finansiering: Les meir her>>
| Faste
aktivitetar |
Idebank |
- Fottur til Bleikjevikjo
- Fottur til Dalsløkjen
- Biblioteket, Litlabø
|
- Besøk til SIM i Svartasmoget, og besøk til skulen frå SIM SIM kjem til skulen!
- Fjelltur, Bømlo, Fitjar eller Stord
- Skulekino haust og/eller vår ( à kr 40,-)
- Teaterbåten Innvik (nokre år)
- Skidag med hele skulen
- Museet på Leirvik
- Tur til Stord kyrkje
|
5.årssteg
I 5.kl ved Sagvåg skule skal
elevane
- Læra fjellvitsreglar.
- Nytta skriftlege kjelder og datanett til å søkja etter informasjon. " Lære med
skogen" er nyttig til det meste som har med skogen å gjera.(Permen står på
arbeidsrommet.)
- Utemiljø og trafikk. Samarbeid med politiet.
- Det er eit mål at elevane på dette årsstegsteget skal bli kjende med ulike byggeskikkar
gjennom tidene. Ein kan og koma inn på t.d. kulturhistorie.
- Fuglar i Sunnhordland. Hefte, lysbilete og kassett.(Står på arbeidsrommet)
Elevane skal læra namn på nokre av fuglane som er nemnt i heftet på s. 2.
Idébank
- Årstidsvariasjonar, knoppdanning, frøing bruksområder for ulike treslag er det
naturleg å ta med her. Ein kan og nytta området til t.d. øvingar med kart og kompass.
Skulen har ein del utstyr som kan nyttast til dette.
- Få anvar for foring av stamfuglar i vinterhalvåret. Forautomatar kan lagast i
samarbeid med storskulen.
- Planta frø og/ eller korn om våren t. d havre og solsikker. Elevane kan stella dei
heime. Kornet eller frøa kan nyttast til foring av fuglar seinare.)
- Dyr, plantar og fuglar i fjellet. Her er det naturleg å ta ein tur i fjellet, der ein
kan observera t.d. fuglar, og gjera seg praktiske erfaringar med det å vera i fjellet.
- På skulen har me no fleire stormkjøken som kan nyttast på turar.
Ekskursjonsplan for årsstegsteget
(sjå
også vedlagt "Ekskursjon- og samarbeidsplan")
- Museet på Leirvik har utstillingar om t.d. jernalderen o.l.
- Skogen er eit stort emne her. Nytta området t.d. i Rossneset til å
studera skog som leveområde for dyr og plantar Elevane på dette steget kan nytta den
oppsette løypa der. (Der er det skilt som fortel om tre, plantar og fuglar.)
- Insekt. Fanga og studera dei ved t.d. å ha dei i eit glas deretter -artsbestemma dei.
Kan arbeida vidare med biotopen i Dalsløkjen. NB! Hugs respekt for alt
levande.
- Fjelltur med heile skulen
- Skidag med heile skulen
Ekskursjonsplan for 5.årssteg:
Finansiering: Les meir her>>
| Faste aktivitetar |
Idebank |
- Samarbeid med kyrkja.
- Fottur til Rossneset
- Fottur til Dalsløkjen
- Valvatne trelast (hyttebygging, arkitektur)
- Biblioteket, Litlabø
|
- Hystadmarkja
- Skulekino haust og/eller vår
- Fjelltur,Bømlo,Fitjar eller Stord
- Bankbesøk i samband med leirskulesparing
- Mostraspelet
- Skidag med hele skulen
- Museet jernalderen/ bronsealderer
- Fredsstafetten (10 elevar)
|
6.årssteg:
I 6.kl ved Sagvåg skule skal
elevane
- Gjennomføra opplæring i brannvern. (Samarbeid med brannvesenet)
- Ha ansvar for å laga, setta opp ,og vedlikehalda fuglekassar i
Rukjen. Fuglekassane
kan nyttast i undervisninga. Dei må tømast kvar haust.( Sjå kart.)
- Fuglar i Sunnhordland. Hefte, lysbilete og kassett.(Står på arbeidsrommet)
Elevane skal læra namn på nokre av fuglane som er nemnt i heftet på s. 3.
Naturleg å sjå dette i samanheng med fuglekassane, der meiser er vanlege gjestar.
- Sanka sopp om hausten. Læra om nedbrytarar
Idébank
- Planlegga og gjennomføra ulike eksperiment med planter, og slik læra om faktorar som
kan påverka vekst og formering hjå blomar.
- Vera med i ei landsomfattande, eller større, undersøking .Bruk av IT-er her sentralt.
(Sjå N&M) permen for idear.
- Samla og undersøkja nokre blomsterlause plantar. Nytta nøklar for å artsbestemma dei.
- Turar i skog og mark. Laga "hytter", enkel gapahuk.
Ekskursjonsplan for årsstegsteget
(sjå også vedlagt "Ekskursjon- og samarbeidsplan")
- Kulturhistorie: Mostraspelet på Bømlo ( Billettar bør tingast rett
etter nyttår.)
- Nytta området på Jensaneset og læra om Sagvåg som båtbyggjarstad.
(Hefte på arbeidsrommet.)
- I- Korte og lange turar, i skog og mark, til ulike årstider.
- Skidag med heile skulen
- Fjelltur med heile skulen.
NB!
Det finst ein del sjeldne plantar på Stord. Det er difor viktig å understreka at ein
ikkje plukkar t.d. blomar som ein ikkje kjenner, eller som det er få av.
Ekskursjonsplan for 6.årssteg:
Finansiering: Les meir her>>
| Faste aktivitetar |
Idebank |
- E-verket ,besøk til skulen
- Brannvesenet, besøk til skulen
- Bedriftsbesøk Seglneset (sjå Natur & Miljøplanen)
- Besøk på Jensaneset
- Biblioteket, Litlabø
|
- Museet mellomalderen
- Skulekino haust og/ eller vår
- Fjelltur,Bømlo,Fitjar eller Stord
- Huglo(natursti)
- Bladet Sunnhordland
- Fredsstafetten (10 elevar)
- Skidag med hele skulen
- Mostraspelet
|
7. årssteg
I 7.kl ved Sagvåg skule bør
elevane:
- Ekskursjon til ei eigna biotop i ferskvatn eller elv der ein kan studera næringskjeder,
undersøkja t.d. temp, pH, insektlarvar, fisk o.l. (pH -kan undersøkjast av
næringsmiddeltilsynet)
- Fuglar i Sunnhordland. Hefte, lysbilete og kassett.(Står på arbeidsrommet)
Elevane skal læra namn på nokre av fuglane som er nemnt i heftet på s. 4.
Vadefuglar i Sævarhagsvikjo kan og vera aktuelt. (Sjå hefte på arbeidsrommet)
- Havbruk. Hefte: "Fisk på timeplanen" kan nyttast her.
- Forsøk i akvarium/terrarium.
- Akvarium kan og nyttast til å ha froskeegg og rumpetroll
Idébank
- Plantar og frø.
- Gjennomgå/ repetera bruk av kart og kompass før turen.
Ekskursjonsplan for årsstegsteget
(sjå også vedlagt "Ekskursjon- og samarbeidsplan")
- Leirskuleopphald: Må førebuast og sjåast i samanheng med planen, slik at ein
oppsøkjer eit anna miljø enn det elevane opplever til kvardags. Det sosiale aspektet er
og viktig på ein slik tur.
- Tur til ei strand/Livet i fjøra Her bør det vera høve til å driva fiske, slik at
ein. t.d. kan studera mageinnhald i fiskar o.l. Bleikjevikjo er godt eigna
til formålet.
- Skidag med heile skulen
- Fjelltur med heile skulen
Ekskursjonsplan for 7.årssteg:
Finansiering: Les meir her>>
| Faste
aktivitetar på årsstegsteget ved Sagvåg skule |
Idebank |
- Leirskule
- Fotturtil Bleikjo (sjå Natur & Miljøplanen)
- Biblioteket, Litlabø
|
- Risnes & sønner
- Fjelltur,Bømlo,Fitjar eller Stord
- Skulekino haust og/eller vår
- Fredsstafetten (10 elevar)
- Skidag med hele skulen
|
Momentliste for miljøarbeid
Naturgeografi
-
Artskunnskap
- Naturkunnskap
- Økologi/biologisk mangfald
- Feltarbeid/uteskule
Korleis me påverkar naturen
- Forureining
- Arealdisponering
- Kulturvern
- Kulturkunnskap
- Lokalhistorie
- Feltarbeid
Friluftsliv
- Ta seg fram/greia seg i naturen
- Sansetrening
- Samarbeidspartar
- Utstyr/ materiell
- Idrettsaktivitetar
- Ekskursjonsmål/aktivitetar
Etikk/forvaltaransvar -Etikk
- Globalt perspektiv
- Forvaltaransvar
- Praktisk arbeid /rydding
Litteratur/oppgåver
|