|
Innleiing
om mappevurdering ved Sagvåg skule
Denne planen er eit
resultat av arbeidet lærarane ved Sagvåg skule gjorde våren 2003 med
LærarIKT. Planen er svar på moduloppgåve 7.
Oppgåva vert sendt inn fredag 25.april 2003
Michel de Montaigne, 1538: ”Når man, som det er skikk og bruk her hos oss,
gir seg til å dirigere mange elever med høyst forskjellige evner og anlegg med
en og samme innlæringsmetode, og i et og samme tempo, er det intet under, at det
kan være vanskelig å finne bare noen få blant en stor flokk, som får noe ut av
undervisningen”.
Sagvåg skule 25.april 2003
Gro A.
Halvorsen Brita Flatøy Annbjørg Luggenes Kari Myhre Lars
Bakka
|
|
Generelt
om mappevurdering
Mappevurdering eller porteføljevurdering inneber
at ein ikkje får vurdering på kvart enkelt arbeid, men på grunnlag av fleire arbeid som
blir samla. Mappa skal innehalde eit representativt utval av arbeid. Elevane kan etter kvart
sjølv velja ut kva arbeid som skal vera med. Det skal knytast eigenvurdering
til dei arbeida som ligg i mappa.
Nyare bruk av mappevurdering er mindre orientert
mot vurderingsaspektet, men meir mot utviklingsaspektet. Her er det ikkje berre
interessant å velja ut det beste, men også velja ut det som syner utvikling hos den
enkelte.
Heftet
finn du her>>
[12
sider] |
|
Bruk av målark
Ved Sagvåg skule vil det bli etablert MÅLARK
til bruk i faga norsk, matematikk og engelsk på alle aldersstega. Les
meir om dette her>>
Sentrale prosessar i
arbeidet med mapper (Kjelde: LærerIKT
Modul 7)
(Dette er også vår disposisjon for oppgåva)
|
Innsamling |
- Variasjon, bredde, kontekst, sjanger
osv.
- Tilbakemelding/rettleiing
|
|
Refleksjon |
- Sjølvevaluering
- Elevkontroll/oversikt
- Refleksjon gjennom logg
- Feedback frå lærer, elever og
eventuelt andre
|
|
Utval |
- Arbeidsmappe
- Presantasjonsmappe
- Evaluering - eksamen
|
|
Framtidige mål |
- Mål for neste periode eller tema
- Mål for neste semester, skoleår
- Mål etter avslutta skuleår
- Mål i forhold til mappenettverk
|
|
Mappenettverk |
- Presentasjonsmappe til evaluering,
foreldremøte, eksamen
- Nettverk mot offentlige og private
institusjonar
- Elevnettverk, andre skuler/klassar
- Globalt nettverk, internasjonalt
|
Arbeidet kan også illustrerast slik:

Eit
døme på etablering og arbeid med mappa til 'Hans'
Litt om 'Hans':
Hans går i 5.klasse og skal i denne perioden arbeida med temaet EGYPT. Arbeidet
vert gjennomført etter oppsettet under.
Innsamling
- Variasjon, bredde, kontekst, sjanger
osv.
I samarbeid med Hans vert det klargjort
kva som skal med i mappa frå arbeidet om antikken. Me tek
utgangspunkt i arbeidsboka som eleven nyttar i arbeidet. Tekst og
teikningar frå boka skal nyttast i mappa.
Elevane skal nyta desse læremidla: (Henta frå heimesida til
5.klasse)
- Tilbakemelding/rettleiing
Hans vil få tilbakemelding og rettleiing frå læraren
i heile perioden.
Refleksjon
- Sjølvevaluering
Hans skal også sjølv vurdera arbeidet
før og etter at andre vurderer det
- Elevkontroll/oversikt
Eleven skal sjølv så til at han finn
det lærestoffet han treng for å arbeida med emnet. Han nyttar
oppsettet over.
- Refleksjon gjennom logg
Under heile arbeidsprosessen er det
dialog mellom elevane, heimen og skulen. Her har me illustrert dette i
ei døme. (Sjå under)
Eleven arbeider med BALSAMERING i arbeidsmappa
-
Feedback frå lærer, elever og
eventuelt andre
Hans vil få tilbakemelding og rettleiing frå læraren
og medelevar. Her er eit døme på tilbakemelding i
arbeidsprosessen i ei av deloppgåvene:
| Tema:
Egypt / Emne: Balsamering |
| Det
første utkastet slik det vart presentert i arbeidsmappa:


|
Kontaktlærar:
a) Du fortel ein del om kva
balsamering er, men kvifor vart enkelte balsamerte?
b) Du har nokre skrivefeil i teksten. Kor mange av desse finn du
sjølv?
c) Du har ei fin og lett leseleg handskrift.
Svar frå elev:
Det vart balsamerte fordi dei
skulle bruka den same kroppen i ditt neste liv.
Eg har funna alle skrivefeila (trur eg) |
Kontaktlærar:
Bra svar, og alle feila er
retta!
Det ser ut som om du har hatt ei vanskeleg teikneoppgåve denne
gongen. Du hat teikna egyptiske gudar. Det hadde vel vore meir
naturleg med ein illustrasjon med balsamering som tema...
Kan du også klara å gje illustrasjonane er farge? Kva om du
då brukte teikneark?
Svar frå elev:
Kan eg få skriva inn teksten
på datamaskin før han vert lagt inn i presentasjonsmappa?
Kontaktlærar:
Ja, det er greitt, men me
bør ta med den handskrivne versjonen også. Du skriv svært fin
lykkjeskrift no! |
Det endelege
resultatet vert nytta i presentasjonsmappa:


|
| side
6 i arbeidsmappa |
1.feedback
+ svar |
2.feedback
+ svar |
Endeleg
resultat i presentasjonsmappa |
Utval
Framtidige mål
- Mål for neste periode eller tema
A) Fagleg kompetanse:
- Kunnskap om det gamle Egypt
- Skrive kortfatta om emnet
- Skrive slik at andre lett kan lesa det
B)
Sosial kompetanse:
- Arbeide godt saman med gruppa med oppgåva:
Lag ein modell av eit miljø frå det gamle Egypt.
(Sjå bilete frå arbeidet til høgre)
C) Metodisk kompetanse:
- Arbeida sjølvsendig, og saman med andre med å tilegna seg
fagkunnskap ved hjelp av desse kjeldene: Lærebøkene, fagbøker frå
skulebiblioteket, fagstoff frå Internett og faktakunnskap frå
CD-romen om Egypt. (Sjå
oversikta over.)
D) Interesse for faget:
- Uttale frå 'Hans':"Det var kjekt å arbeida med Egypt. Eg
har lært ganske mykje som eg ikkje visste frå før. No vil eg
arbeida med det neste temaet som er "Landet mellom Euphrat og
Tigris".
-
Mål for neste semester, skoleår
Måla over er i stor grad dei same,
men skal overførast til nye tema.
- Mål etter avslutta skuleår
Sjå A-B-C
- Mål i forhold til mappenettverk
For å gjera arbeidet med denne presentasjonen vel
me å skanna alle papirdokumenta for presentasjon digitalt. Denne digitale mappa
vert lagt i eleven si mappe i "Skulenettet".
Mappenettverk
- Presentasjonsmappe til evaluering,
foreldremøte, eksamen
Dei ulike produkta som elevane skal ha
med i presentasjonsmappene vert i første omgang ein del av den
presentasjonen var enkelt elev skal gje for eigen klassen. Desse
produkta vert også utstilte i klassen i ein periode. I
utviklingssamtalen med foreldra vert dette eitt av produkta frå
presentasjonsmappa som vert nytta i vurderinga saman med lærar, elev
og foreldra.
- Nettverk mot offentlige og private
institusjonar
Alt dette stoffet vert stoffet om emnet
som vert lagt i presentasjonsmappe vert denne gongen skanna og lagt i
eleven si mappe på Skulenettet.
(Då 'Hans' er anonym i denne presentasjonen/modul 7, lagt ut på Internett.)
- Elevnettverk, andre skuler/klassar
Den digitale Egypt-mappa vert lagt i mappa
til 'Hans' i klasserommet. Elles ligg bilete og bakgrunnsinformasjon om emnet
på heimesida til klassen.
- Globalt nettverk, internasjonalt
Det som ligg på nettsida til klassen
veit me at vert nytta av andre skular i landet. Me får mange positive
tilbakemeldingar.
VEDLEGG:
Idédugnad
om innhaldet i mappene ved Sagvåg skule:
Døme på produkt: |
|
1.klasse
-
Formingsarbeid
-
Sjølvlaga
bøker
2.klasse:
-
Formingsarbeid
-
Skrivearbeid
-
Matematikk
-
Sjølvlaga
bøker
3.klasse
4.klasse
-
Sjølvproduserte bøker
-
Greivevar
-
Finskrift
-
Teikningar
-
Div. Formingsprodukt
-
Temabok
|
5.klasse
6.klasse:
-
Temahefte. Heile eller deler
-
Dataprogram
-
Formingsprodukt
-
Finskriving
-
Lesing -engelsk, norsk -diskett, kassett
7.klasse:
|
|
PS!
§ 7-4 Klassestyrartenesta
(Gsl. §
17 nr 5)
(
)
3. Klassestyraren skal halde god kontakt med foreldra
og mellom anna arrangere foreldremøte/konferansar i samråd med klassekontaktane og
lærarane til klassen.
(
)
5.
I samband med ein av dei konferansane som vert halden
mellom klassestyraren og foreldra, skal foreldra informerast om innsynsretten i elevmappa,
og få høve til å gå gjennom innhaldet i elevmappa.
(
)
|
|