Kvalitetsutvikling
Sagvåg
skule 2000-2003
Web-plan: Denne planen er laga med tanke på at han skal
lesast på Internett.
Ein papirversjon gjev ikkje tilgang til linkane som er ein viktig del av planen!
Sjå også "Plan for vurdering">>
Innhald |
|
| Kva
er kvalitetsutvikling i skulen ? |
|
| Hovudområda | |
| Hovudområde 1 Elevane i aktivt arbeid med fag og på tvers av fag |
Lærestoff Arbeidsmåtar Skapande verksemd og kreative uttrykksformer Leik Praktisk arbeid Sjølvstendig arbeid og fordjuping Prosjektarbeid Elevvurdering utan karakterar Aktualisering og relevans for aldersgruppa Samspillet mellom teori og praksis Rutinar for overgangen mellom barnehagen og skulen Overgangen mellom hovudstega i grunnskulen Overgangen mellom barneskule og ungdomsskule Språklige minoritetar |
| Hovudområde
2 Læringsmiljøet til elevane |
Utvikling av positivt
læringsmiljø Førebygging og meistring av problemåtferd Samarbeid mellom heim og skule Samspillet mellom skole og lokalsamfunn
|
| Tid Skuleåret Skuleveka Skuledagen Rom (bygningar, areal) Gruppering av elevane (klasse, gruppe, einetimar mm.) Læremiddel
|
|
| Kjelder |

Dettne planen er ei
oppfølging av plan for "Innføring av L-97
ved Sagvåg skule 1997-2000" . Ein bør difor
sjå arbeidet som vert skissert for den neste treårsperioden i lys av arbeidet med
innføringa av L-97.
Mykje av arbeidet vert ført vidare m.a. med satsinga på IKT i opplæringa, opprustinga
av skulebiblioteket, utprøvinga av nye arbeidsmåtar med større fokus på elevaktivitet.
Fokus vil likevel i dei neste tre åra i større grad bli sett på kvalitetsutvikling og vurdering av arbeidet.
Vår plan byggjer
også på heftet frå KUF om "Kvalitetsutvikling i skolen 2000-2003". Strukturen i planen er i stor grad henta frå den nemnte planen. Kuf-planen vert sitert med innramma med gul bakgrunn.
| ( ..) Det skal stimuleres til lokalt engasjement gjennom nytenking og nyskaping for å utvikle en god skole for elevene. Utfordringen er å skape utvikling i det daglige arbeidet i skole og klasserom, slik at innsatsen når fram til eleven. ( .) |
God opplæring er ikkje berre undervisning, det er også sosial læring i arbeid med å utvikla heile mennesket. Kvalitet i skulen må med andre ord femna vidt. Denne planen tek mål av seg å setje fokus på dei fleste områda som bør drøftast i samband med kvalitetsutvikling i skulen.
Arbeidet med kvalitetsutvikling i grunnskolen skal bidra til
«Skolen er opprettet for målrettet og systematisk
læring. I skolene blir elevene undervist av et personale som har dette som sin jobb og er
utdannet med dette som formål. Men læring og undervisning er ikke det samme. Læring er
noe som skjer med og i eleven. Undervisning er noe som blir gjort av en annen. God
undervisning setter læring i gang men den fullbyrdes ved elevens egen innsats. Den
gode lærer stimulerer denne prosessen. (
) Vellykket læring krever en dobbelt
motivering: både hos eleven og hos læreren.» (L97 s. 28 ) I St.meld. nr. 28 (199899) uttaler departementet at det er en hovedutfordring å innrette innsatsen for kvalitetsutvikling slik at den når fram til eleven og får innvirkning på det daglige arbeidet i skole og klasserom. Innsatsen må også legge til rette for en god arbeidssituasjon for lærere og andre ansatte i skolen, og bidra til å gjøre skolen til en spennende, kreativ og attraktiv arbeidsplass. |
Det er naturleg å
retta søkjelyset mot kor god kvaliteten er på det arbeidet som vert gjort i skulen no
etter at me har vore inne i ein fase med innføring av ei ny skulereform. Slike
omstillingar vil alltid føra med seg element av prøving og feiling, men: "Den som
intet vaager
"
Vurdering av det som er gjort dei siste åra vert eit grunnlag for kvalitetsutviklinga,
men det er også svært viktig å halde endringsprosessane i gang. Det må vera eit mål
å gjera skulen i stand til å handtera kontinuerleg endring som ein naturleg del av
organisasjonsutviklinga. Dette å vurdera det som vert gjort, treng med andre ord ikkje å
vera nokon hindring for å gjera seg nye erfaringar gjennom forsøk- og utviklingsarbeid.
Norsk forskningsråd har sett i gang eit prosjekt som i 2004 skal munna ut i ei evaluering Reform 97. Nokre av dei spørsmåla dei stiller vil også vera aktuelle i vårt arbeid med kvalitetsutvikling og vurdering:
Mål Programmet har flere formål: ·
kartlegge
endringer og utvikling som gir bakgrunn for videre planlegging, justering og oppfølging
av grunnskolesektoren ·
vurdere
om de løsninger som er valgt er egnet til å realisere de mål som er satt ·
peke
på sterke og svake sider samt utilsiktede positive og negative virkninger · få fram forslag til forbedringspunkter og tiltak knyttet til disse Det legges opp til en helhetlig evaluering, der både juridiske, økonomiske, administrative, faglige og pedagogiske sider ved reformen blir forskningsmessig belyst. Sentrale FoU-oppgaver Hovedspørsmålene for evalueringen er: - i hvilken grad reformen gjennomføres i tråd med mål og intensjoner - hvordan skolen kan forbedres og videreutvikles i tråd med reformens intensjoner I forlengelsen av dette kan aktuelle problemstillinger være: - hvordan de ulike styringsnivåene ivaretar sine oppgaver og hvordan samspillet mellom nivåene er · hvordan finansieringen slår ut for kommunene · hvordan er ressursbruk og effektivitet i kommunene · hvordan endringer i lover og regler er fulgt opp · hvordan skoleledelsen bidrar til gjennomføring av reformen · hvordan informasjonstiltakene knyttet til reformen har virket · hvordan forskrift om elevvurdering og skolevurdering har innvirket på gjennomføring (Norsk forskningsråd: "Evaluering av Reform-97") |
Mål: Arbeidet med kvalitetsutvikling skal bidra til bedre tilrettelegging av opplæringen og til at elevene lærer bedre gjennom aktivt arbeid med fag og på tvers av fag:
|

L-97 har ei relativt detaljert framstilling av kva lærestoff som skal gjennomgåast på dei ulike klassestega i grunnskulen, det "sentralt fastsett lærestoffet". Det vart ved vår skule tidleg i innføringsfasen av L-97 peika på at mengda av sentralt fastsett lærestoff var så omfattande at det var vanskeleg å gje det lokale lærestoffet den plassen det skulle ha i følgje figuren under.
Det vart hevda at mykje måtte gjennomgåast "med harelabb" dersom det skulle bli tid til overs til lokalt arbeid med konkretisering og tilval. Dette synet er framleis dominerande frå 1. til 7.klasse ved vår skule. Det som no vert ei utfordring, vert å finna ut korleis me kan klara å løyse denne tidsklemma.
I forskrifta til Opplæringslova vart det opna ei oppmjuking av det mange såg på som detaljstyring i læreplanen.
Forskrift til
opplæringslova Fastsatt
28. juni 1999 av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i lov 17. juli
1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
(Opplæringslova
§§ 1-3, 2-2 første ledd og femte ledd, 2-3 andre ledd, 2-6, 2-8, 3-2 første ledd, 3-4
første ledd og § 13-3 andre ledd) § 1-1 Opplæringa i grunnskolen I
grunnskolen skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for den 10-årige
grunnskolen, men med desse justeringane og unntaka: a.
Opplæringa skal til vanleg omfatte alle hovudmoment i læreplanane for faga. Når
pedagogiske omsyn tilseier det, kan ein likevel, som ledd i det lokale arbeidet med
læreplanane for faga, erstatte eller velje bort enkelte hovudmoment dersom opplæringa
framleis er eigna til å nå dei felles måla for faga og måla for hovudtrinna. b.
Plasseringa av hovudmoment på klassetrinn er rettleiande, men ein er forplikta til å
arbeide med dei i løpet av det hovudtrinnet hovudmomenta er lagde til, så langt
hovudmomenta ikkje er valde bort i samsvar med reglane for bortval. I fådelte skolar som
har klassar med elevar frå fleire hovudtrinn, er det høve til å arbeide med det
sentralt fastsette lærestoffet på tvers av hovudtrinna når pedagogiske omsyn tilseier
det. I
heimkunnskap skal likevel ein så stor del av hovudmomenta i læreplanen leggjast til 6.
og 9. klassetrinn at heimkunnskap står som eige fag på desse trinna i samsvar med fag-
og timefordelingskapitlet i Prinsipper og retningslinjer for opplæringa i grunnskolen. c.
Det skal arbeidast mykje med temaorganisert opplæring og prosjektarbeid. Det Prinsipper
og retningslinjer for opplæringa i grunnskolen seier om prosentdelar av tid som skal
setjast av til dette, er rettleiande. d.
For spesialundervisning gjeld opplæringslova § 5-5. Reglane
i a,b,c og d gjeld også for opplæring med utgangspunkt i dei læreplanalternativa som
går fram av dei andre ledda i denne paragrafen. Elevar
i samisk distrikt, jf. opplæringslova § 6-1, skal ha opplæring i samsvar med Det
samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen. Det same gjeld elevar utanfor
samisk distrikt som får opplæring på samisk, jf. opplæringslova § 6-2 andre ledd. Med
"Det samiske læreplanverket for den 10-årige grunnskolen" er det i denne
forskrifta meint læreplanverket med endringar i den nye utgåva 09.10.98 av Prinsipper og
retningslinjer for opplæringen i grunnskolen etter det samiske læreplanverket. ( ..)
|
Ved Sagvåg skule er det blitt utarbeidd ei oversikt som i form av ei "sjekkliste" viser at arbeidet med dei ulike hovudmomenta i L-97 er gjennomgått. Denne lista kan vera eit godt utgangspunkt når me vil "som ledd i det lokale arbeidet med læreplanane for faga, erstatte eller velje bort enkelte hovudmoment dersom opplæringa framleis er eigna til å nå dei felles måla for faga og måla for hovudtrinna." Eller om me ynskjer å flytta hovudmoment mellom hovudstega. Dette arbeidet må gjerast på skulenivå slik at alle veit om dei endringane som vert gjort.
Planane og den fysiske
organiseringa av Sagvåg skule må gje rom for skapande verksemd i vid forstand. Skulen
har laga lokal plan for arbeid med musikkfaget og Kunst og handverk.
(sjå: planen "Terpsikore">> )
Lærarane, spesielt i småskulen, må arbeida med å gje leiken større plass i skulekvardagen. Frå skuleåret 2000/01 vert dei to småskuleteama slått saman til eitt. Dette vert m.a. gjort for å gje større rom for drøfting av felles pedagogikk i 1.-4.klasse.
Dei fysiske rammene, og undervisningsplanane må opna for praktisk arbeid både inne og ute.
Klasseromma må også gje rom for sjølvstendig arbeid og fordjuping. Fleksibilitet i møblering og organisering vert viktig. Med sterkt fokus på elevaktivitet og prosjektarbeid er det viktig å ikkje gløyma den trongen elevane har til sjølvstendig arbeid og fordjuping. Det er ei stor utfordring å gje fysisk rom for dette i ein skule med alt for lite plass.
Det er utarbeidd metodisk rettleiing for arbeid med temaarbeid. Denne må utvidast til også å kunne nyttast i arbeidet med prosjektarbeid. I kva form prosjekt skal gjennomførast i småskulesteget må me vurdera nærare. Hausten 1997 vart "Lindgrenprosjektet" gjennomført i heile skulen. Også arbeidet med "Eleven sitt val" vil ofte ha element av prosjekttankegang i seg.
Det vert våren
2000 utarbeidd ein eigen plan for vurderingsarbeid ved Sagvåg skule. Denne planen vil
laga retningsliner for skulevurdering og elevvurdering.
(sjå plan for VURDERING>> )
Aktualisering og relevans for
aldersgruppaDet er ein utfordring å møta elevane på deira eigne premissar, og samstundes vera eit korrektiv og førebilete. Det å ha kunnskap om den kulturen elevane veks opp i, er ein naturleg del av det å arbeida med born. Først då kan ein vera ein premissleverandør og korrektiv til for elevane.
Det er dei siste åra blitt laga ein del lokale planar ved Sagvåg skule. Målet er at planane skal gje alle som arbeider ved Sagvåg skule ei oversikt over måla kollegiet saman har sett for arbeidet. Desse planane bør også gjera det lettare å komma som ny lærar til skulen vår. Skal planane ha nokon verdi, må det vera samanheng mellom den teorien planane legg fram, og det praktiske arbeidet i skulekvardagen. Vurdering vert her eit nøkkelord. Me bør vurdera kvaliteten på dei planane me har laga, og vurdera i kva grad me har klart å gjera ord om til handling. Dette vert eit svært sentralt mål i den treårsperioden me no står føre.
På dette feltet er det laga rutinar for overgangen i "Spesialpedagogisk handbok". Revisjon og vurdering av desse rutinane bør vera ein del av oppdateringa av denne handboka.
I overgangen mellom 4. og 5.klasse ynskjer me å skapa ein merkbar endring i skulegangen. Timetale vert auka frå 20 til 27 timar i veka, og faga skal tre tydlegare fram. Småskulesteget vil i stor grad bera preg av barnehagemetodikk, spesielt i dei første åra, men etter kvart må skulen skifta karakter. Skal sju år ved den same skulen vera inspirerande og spanande for elevane, bør overgangen mellom småskule- og mellomsteget markerast med m.a. at ein stiller andre krav til desse større elevane.
Det er ikkje sikkert at me er flinke nok til å markera denne overgangen, og dette kan nok vera eit utgangspunkt for kvalitetsutvikling på dette området.
Kjem frå Olav
F
.
Sagvåg skule har ikkje elevar i denne gruppa. Med mogleg nedlegging av asylmottaket i Sagvåg ser det heller ikkje ut til at me kjem til å få denne kategorien elevar med det første. Me fekk ei viss erfaring gjennom den norskopplæringa elevane frå mottaket fekk skuleåret 1999/2000, desse erfaringane tek me med oss, og denne planen vil bli oppdatert på dette området dersom utfordringa igjen vert aktuell.
| Mål: Arbeidet med kvalitetsutvikling skal bidra til å utvikle et bedre læringsmiljø for elevene. |
Læringsmiljøet til elevane
vert grundig omtala i planen "Trivsel og tryggleik". Det er difor også naturleg
at kvalitetsutvikling på dette området vert knytta til denne planen.
(sjå: plan
for TRYGGLEIK & TRIVSEL >> )
Sagvåg skule har satsa tungt på opplegget til
Nasjonalforeningen for folkehelsen som vert kalla "Steg for
steg". Også arbeidet med "Samtak"
står sentralt i dette arbeidet.
(sjå:
plan for TRYGGLEIK & TRIVSEL >> )
Sagvåg skule har ei eiga
nettside som berre omhandlar aspekt ved heim/skule-samarbeidet. Det er naturleg å knytta
kvalitetsutvikling på dette området til det som står der.
(sjå: KLASSEKONTAKTPERMEN>> )
For at elevene skal få et godt læringsutbytte, er læringsmiljøet av sentral betydning. Et aktuelt delområde er ulike tiltak for å utvikle et positivt og inkluderende læringsmiljø generelt sett. Det kan være med og forebygge problematferd. Samtidig er det viktig med tiltak som er mer direkte rettet mot å forebygge, forholde seg til og mestre slik atferd når den oppstår. Her bør en være oppmerksom på muligheter for kobling til tiltak knyttet til SAMTAK som er kompetanseutviklingsprogrammet for PPT og skoleledere. I lokale prosjekter som setter elevenes læringsmiljø i fokus, er det viktig å legge vekt på samarbeid mellom skole og hjem og mellom skole og lokalsamfunn. Slikt samarbeid er aktuelt og verdifullt også i arbeid med prosjekter innenfor de øvrige hovedområdene. |
Kvar klasse lagar kvart år ein "Sosial årsplan". Denne bør vera eitt av utgangspunkta for samarbeidet mellom heimen og skulen. Skulen har også utarbeidd ein "Ekskursjonsplan". Planen vil bli revidert før det neste skuleåret slik at han i større grad følgjer intensjonane i rundskriv frå KUF datert 15.03.00
Alle andre utgifter til grunnskoleopplæring skal kommunen dekke, eksempelvis utgifter i forbindelse med ekskursjoner. Dersom skolen tar elevene med på en teaterforestilling eller til et museum, må kommunen betale eventuell transport og billett. Annen nødvendig transport i skoletiden, for eksempel til svømmehall og bibliotek, skal også betales av kommunen.
| Mål: Arbeidet
med kvalitetsutvikling skal bidra til bedre og mer fleksibel organisering og
tilrettelegging av opplæringen, slik at det skaper gode læringsvilkår for elevene. Gjennom lokale prosjekter er det aktuelt å rette oppmerksomhet mot hvordan en kan utvikle sin egen praksis med sikte på økt fleksibilitet når det gjelder bruk og organisering av både tidsressurser, rom, arealer og læremidler. Det kan også gjelde måtene en grupperer elevene på. Det er en utfordring å kunne forholde seg til og utnytte de rammebetingelser som er gitt både for å skape gode læringsvilkår for elevene og for å sikre lærerne gode arbeidsvilkår. Dersom det er behov for å gå ut over regelverket, kan forsøk komme på tale. Det blir satt i gang forsøk i noen kommuner med alternative modeller for tildeling av timer til skolene på ungdomstrinnet, slik at timetildelingen i større grad knyttes til elevtallet på hvert årstrinn.
|
Skuleåret er i stor grad "låst" ved at kommunen vedtek skuleruta for det komande året. Sjølvsagt kan kvar enkelt skule fremja ønskje om forsøk med alternativ skulerute, men det er nok klokare å setja fokus på skuleveka og skuledagen i første omgang.
Ved skulen vår går alle elevane på skulen fem dagar i veka. Småskulen (1.-4.kl) har fire timar kvar dag, medan storskulen har 6t måndag, 5t tysdag, 6t onsdag og 5t torsdag og fredag. Organiseringa av skuleveka vart endra hausten 1997 då fridagen for småskulen om onsdagen vart avskaffa. Det vert ikkje lagt opp til endringar av skuletida for elevane i skuleveka i den neste treårsperioden.
Ved Sagvåg skule har skuledagen i fleire år vore ordna slik:
08:30 - 09:15 |
Arbeidsøkt
mellomsteget |
09:15 - 09:25 |
Luftepause for
mellomsteget |
09:25 - 10:55 |
Arbeidsøkt |
10:55 - 11:20 |
Midttime. [Dei som
ynskjer det kan vera inne.] |
11:20 - 11:35 |
Middtime [Alle er
ute.] |
11:35 - 13:05 |
Arbeidsøkt |
13:05 - 13:15 |
Skuleslutt
småskulen (storskulen tys, tors, fre.) |
13:15 -14:00 |
Arbeidsøkt
mellomsteget (mån, ons) |
Ei av oppgåvene i arbeidet med kvalitetsutviklinga av verksemda vår må vera å evaluera organiseringa av skuledagen vår.
Den nye arbeidstidsavtalen til
lærarane opnar for større fleksibilitet og meir binding av tid til skulen. Kanskje kan
fleksitid for elevane gje større grad av elevaktive arbeidsmåtar og større grad av
tilpassing. Modellen under skisserer fleksibel tidsbruk før og etter ei obligatorisk
kjernetid.
Det ver arbeidd med ny organisering av skuledagen ved Sagvåg skule våren 2001.

Personalet ved Sagvåg skule kjem i planperioden til å bruka mykje kreftet på arbeidet med den nye skulen i Rukjen. Den eksisterande bygningsmassen vert utnytta 100% m.a. med ei detaljert planlegging om bruk av romma.
Sagvåg skule har ein klasse
på kvart steg frå 1. til 7.klasse. I 1.klasse er det to pedagogar dersom det er over 18
elevar i klassen, maks 28 elevar. I 2.- 7.klasse er det maks 28 elevar pr. klasse. Elevane
vert i stor grad gruppert etter klassane dei går i. Det siste åra er det likevel blitt
tradisjon for å inngå eit nærare samarbeid mellom lærarane gjennom teamorganisering.
Dette har m.a. ført til at ein i større grad arbeider med elevar i aldersblanda grupper.
I småskulen er det vanleg med felles utedag for 1. og 2.klasse ein gong i veka. Også
organiseringa av verkstaddagar o.a vert ofte gjort på tvers av klassane.
I mellomsteget er det mindre tradisjon for å arbeida i aldersblanda grupper. Her har
skulen ei utfordring som det kan vera naturleg å drøfta i den neste treårsperioden.
Også organiseringa av spesialundervisninga er ein naturleg del av denne drøftinga. Dette
vert gjort i planen "Trivsel og tryggleik" under kapitlet om
spesialundervisning.
(sjå: Plan for TRYGGLEIK
& TRIVSEL >> )
I L-97 fekk IKT og skulebiblioteket ein
sentral plass. Sagvåg skule tok frå og med hausten 1997 konsekvensane av dette og satsa
langt meir på desse to læremidla enn det som hadde vore vanleg til då. Skulebiblioteket
har i mange har stått sentralt ved Sagvåg skule. Dette at skulen trass svært vanskelege
romtilhøva sette av eit eige rom til skuleboksamlinga, viser at ein lenge før
innføringa av L-97 såg verdien av eit godt skulebibliotek.
(sjå: SKULEBIBLIOTEKPLANEN>> )
IKT er ung teknologi, men sidan hausten 1997 har det skjedd ein liten revolusjon på dette
området ved skulen vår. (sjå: IKT-PLANEN>>
)
I planen for innføringa av L-97 vart ressursbruken på desse tre læremidla skissert som vist under. No i ettertid har det vist seg at me langt på veg har nådd dette målet om omfordeling av ressursane mot skulebiblioteket og IKT.
| Mål Arbeidet med kvalitetsutvikling skal bidra til å videreutvikle og styrke en elev- og lærerrolle i samsvar med læreplanverket og ledelsesutvikling i skolen, slik at det fremmer elevenes læring. Det
fjerde hovedområdet skal inspirere til lokale prosjekter der en søker å utvikle en
elev- og lærerrolle i pakt med det som er vektlagt i L97/L97 S. Det kan angå blant annet
elevmedvirkning og elevansvar i opplæringen, og det kan dreie seg om læreren både som
faglig ressursperson, arbeidsleder, veileder og omsorgsperson. Prosjektene kan legge
særskilt vekt på den samarbeidende lærer, og på et samarbeid som utvikles slik at det
engasjerer hele kollegiet. Fornyelse av lærerrollen kan også omfatte samarbeid med andre yrkesgrupper, som trekkes inn i arbeidet for å avlaste og bistå lærerne. På dette området vil det bli satt i gang forsøk. På ungdomstrinnet vil en gjøre forsøk med utvikling av lærerrollen gjennom samarbeid mellom lærere og andre yrkesgrupper. På barnetrinnet vil en utprøve ulike ordninger for bruk av personale i 1. klasse/førskolen. Elev- lærer- og lederrollen henger nøye sammen og er gjensidig avhengige. Utvikling av lærerrollen skal bidra til å skape en god og interessant arbeidssituasjon for lærerene, og fornye kompetanse og opplæringspraksis i skolen. Derigjennom skal en også utvikle bedre vilkår for elevenes læring. Det skal bidra til å gjøre skolen til en spennende, kreativ og attraktiv arbeidsplass for både elever og lærere. Også samspillet mellom lærer- og lederrollen på den enkelte skole og en god ivaretakelse av ledernes pedagogiske og administrative oppgaver har stor betydning for arbeidet med kvalitetsutvikling. Det vises til ledelsesutvikling i skolen (LUIS) og kompetanseutviklings-programmet for PPT og skoleledere (SAMTAK). En bør regionalt og lokalt vurdere hvilke muligheter til samordning som er til stede mellom disse programmene og strategi for kvalitetsutvikling. |
I strategi for kvalitetsutvikling er fire perspektiv gjennomgåande:
| Mål: Arbeidet med kvalitetsutvikling skal bidra
til at alle elever, også de med særlige vansker eller særlige evner på ulike områder,
får opplæring som er bedre tilpasset deres evner og forutsetninger Tilpasset opplæring er et overordnet prinsipp (se nærmere omtale av prinsippet i L97/L97 S) som det er viktig å ivareta i lokale tiltak for kvalitetsutvikling innenfor alle de fire hovedområdene. Det innebærer for det første at det bør legges vekt på tilpasset opplæring i prosjekter som er knyttet til arbeid med fag og/eller går på tvers av fag. For det andre vil hensyn til tilpasset opplæring stå sentralt i utviklingen av elevenes læringsmiljø. Et viktig siktemål med økt fleksibilitet i organisering av opplæringen vil være å legge til rette ulike rammefaktorer slik at det skapes bedre vilkår for den enkelte elevs læring og utvikling. På samme måte vil tilpasset opplæring være et sentralt hensyn i utviklingen av lærer- og elevrollen |
| Mål: Arbeidet med kvalitetsutvikling skal bidra
til å videreutvikle og styrke elevenes og lærernes bruk av IKT som pedagogisk redskap i
opplæringen, slik at det fremmer elevenes læring. IKT står svært sentralt i satsingen på kvalitetsutvikling. Pedagogisk bruk av IKT bør være et viktig element i prosjekter som er knyttet til alle hovedområdene i planen. Det vil ikke minst være aktuelt i arbeid med fag, temaer og prosjekter, hvor IKT gir muligheter for videreutvikling av både innhold og arbeidsmåter. IKT gir også muligheter i utviklingen av læringsmiljøet som det kan være aktuelt å utprøve og utnytte. IKT kan være et sentralt element også med tanke på å bidra til mer fleksibel organisering av opplæringen, og for å legge til rette for mer variasjon og tilpasning. På samme måte kan IKT spille en viktig rolle med tanke på utvikling av både lærer- og elevrollen. IKT kan være et viktig redskap for både skolens ledelse og lærere, for å utvikle egen kompetanse og opplæringspraksis, og for elevene, for å øke motivasjon og lærelyst og fremme aktiv og fleksibel læring. Gjennom strategi for kvalitetsutvikling ønsker en å stimulere til bruk av IKT i opplæringen på alle trinn, men spesielt på ungdomstrinnet, der det settes av egne midler. |
Sjå SKULEBIBLIOTEKPLANEN>> og IKT-PLANEN>>
| Mål: Arbeidet med kvalitetsutvikling skal bidra
til å videreutvikle og styrke entreprenørskap i opplæringen Entreprenørskap er et perspektiv som bør ivaretas i lokalt arbeid på alle de fire hovedområdene, slik at en inspirerer og legger til rette for aktivitet og kreativitet, nytenking og nyskaping i opplæringen både blant elever og voksne (se læreplanverkets vektlegging av den aktive og kreative elev). Se for øvrig egen plan for entreprenørskap. |
| Mål: Arbeidet med kvalitetsutvikling
skal bidra til å videreutvikle og styrke likestilling i opplæringen.
Likestilling er det fjerde gjennomgående perspektivet i strategi for kvalitetsutvikling. Arbeidet innenfor de fire prioriterte områdene bør bidra til å ivareta jenters og gutters læring og utvikling like godt. Arbeidet med kvalitetsutvikling bør også legge vekt på å fremme likeverdig opplæring uavhengig av elevenes bosted, sosiale bakgrunn, religion, kulturelle og språklige bakgrunn. Problemstillinger som er knyttet til utviklingen av et mer flerkulturelt samfunn og derfor en mer flerkulturell skole vil også være aktuelle for arbeidet. |
St.meld. nr. 14 (199798)
Om
foreldremedverknad i grunnskolen og Innst. S. nr. 117 (199798)
St.meld. nr. 23 (199798)
Om
opplæring for barn, unge og vaksne med særskilde behov og Innst. S. nr. 228
(199798)
St.meld. nr. 25 (199899)
Morsmålsopplæring
i grunnskolen og Innst. S. nr. 110 (199899)
St.meld. nr. 12
(19992000)
og yrke skal båten bera
Handlingsplan for rekruttering til læraryrket
rundskriv F-120