Sist revidert: juni 2011

Plan for kompetanseplan 2011/12
   Kurskatalog FOS>>   

Dette er plan for kompetanseutvikling for dei tilsette ved Sagvåg skule kalenderåret 2011/12.
Planen inneheld oversikt over ynskje om kurs og ei oversikt over gjennomføret tiltak.
Planen vert oppdatert etter kvart.
Samarbeid med andre skular om kompetanseutviklingstiltak på tysdagstid er framleis på planleggingsstadiet.


Lars Bakka
- rektor-

 

SAGVÅG SKULE

Dei lokale fokusområda for 2011-2012 konkretisert for Sagvåg skule

  • Leseprosjekt, gjeld alle skulane.
    - Sagvåg skule gjennomfører leseprosjektet for alle elevane i 1.-4.klasse etter oppsett plan. Lærarane deltek i felles kommunale kurstilbod og det vert gjennomført kurs i fellestida etter modell frå 2010/11

  • Frå spesialundervisning til tilpassa opplæring, gjeld alle skulane
    - Sagvåg skule

  • Språkmiljø og språklæring i barnehage og grunnskule (pilot i nokre skular)
    (
    - Sagvåg skule er ikkje med som pilotskule)

  • Fysisk aktivitet og helse, eige prosjekt med Fokehelsekoordinatoren med  skulane Langeland og Nysæter som pilotskular
    - Sagvåg skule er med i dette prosjektet (!). Me held fram arbeidet frå i fjor, og assistentane har fått eige kurs.

  •  Vurdering, med vekt på lærar-refleksjon og elevvurdering. Alle tre ungdomsskulane har dette som satsingsområde i samarbeid med HSH. Fleire barneskular arbeider også spesielt med dette området.
    - Sagvåg skule held med eigne krafter fram arbeidet etter prosjektperioden vart avslutta. Også skuleåret 2011/12 vil me ha fokus på dette vurderingsprosjektet. Set er framleis mest fokus på 5.-7.klasse

  •  Barn og unge med ulike kultur og språkbakgrunn (skular med minoritetsspråklege elevar)
    - Sagvåg skule: Ved Sagvåg skule er alle elevane med på desse aktivitetane.

  • Kompetanse hos tilsette (alle skulane)
    - Sagvåg skule: Kompetanseplanen for dei tilsette vert detaljplanlagt ved oppstart av skuleåret. Kursa og andre tiltak vert gjennomført etter retlingslinene i handlingsplanen for det gjeldande skuleåret og for å gje dei tilsette ny kompetanse i tråd med satsingsområda.
    Det vert utarbeidd kompetanseplan  for den enkelte læraren.

 

 

STORD KOMMUNE


KOMPETANSEPLAN FOR GRUNNSKULANE
I STORD KOMMUNE 2011-12.

Bakgrunn

Innføringsperioden for Kunnskapsløftet og dei nye læreplanane er forbi, men  planen Kompetanse for kvalitet, Strategi for vidareutdanning av lærarar viser at det stadig er fokus på kompetanse blant tilsette i skulen, spesielt med vekt på vidareutdanning.

Planen fylgjer tilrådingar frå OECD om å investera i kompetansegjevande vidareutdanning framfor kortare etterutdanningsopplegg utan studiekompetanse.

Midlar til vidareutdanning og etterutdanning går gjennom fylkesmannen, og kommunane skal søkja om støtte til sine skular og lærarar gjennom spesielle prosedyrar.

Skuleeigar sine plikter i samband med Kompetanse for kvalitet, er omtalt i lys av desse punkta:

  • Sikra samanheng mellom statleg satsing og eigne satsingsområde
  • Kartleggja behov for kompetanseutvikling
  • Politisk forankra plan for etter-og vidareutdanning
  • Ta del i satsing på vidareutdanning i form av midlar og tilrettelegging
  • Samarbeida med aktuelle partar om vidareutdanning, evaluering og utarbeiding av planar

 

Kartlegging av vidare- og etterutdanningsbehov for kvar skule vert meldt til skuleeigar ved utviklingsgruppa som samordnar og administrerer søknad til fylkesmannen innan bestemte fristar etter at lærarane og skulane har følgd sine prosedyrar.  Prioriteringar på kvar skule og for kommunen samla vert drøfta med utdanningsforbundet.

Kompetanseplanen for grunnskulen i Stord er formulert som politisk sak, og omhandlar prosedyrar, prioriteringar og kriteria for søknader til Fylkesmannen om midlar innan vidareutdanning og etterutdanning 2011.

Tiltak

Stord kommune sine prioriteringar når det gjeld vidare- og etterutdanningstiltak vil i hovudsak fylgja dei felles kommunale satsingane, men med rom for lokale behov for skulane og kommunen samla. Me viser til målekart for oppvekst i økonomiplan for Stord kommune sak 77/10.

Satsingane vert konkretisert i skulane og utviklingsgruppa sine handlingsplanar for 2011.

Dei lokale fokusområda  for 2011-2012, er fylgjande:

  • -          Leseprosjekt, gjeld alle skulane.

  • -          Frå spesialundervisning til tilpassa opplæring, gjeld alle skulane

  • -          Språkmiljø og språklæring i barnehage og grunnskule (pilot i nokre skular)

  • -          Fysisk aktivitet og helse, eige prosjekt med Fokehelsekoordinatoren med  skulane Langeland og Nysæter som pilotskular

  • -          Vurdering, med vekt på lærar-refleksjon og elevvurdering. Alle tre ungdomsskulane har dette som satsingsområde i samarbeid med HSH. Fleire barneskular arbeider også spesielt med dette området.

  • -          Barn og unge med ulike kultur og språkbakgrunn (skular med minoritetsspråklege elevar)

  • -          Kompetanse hos tilsette (alle skulane)

 

1.   Vidareutdanning 2011-2012 (utdanning som gir studiepoeng)

 

1.1 Vidareutdanning etter statleg avtale

”Strategi for vidareutdanning av lærere” omtalar eit varig system for kompetanseheving med studiepoeng. Formålet er m.a ”å styrke elevenes læring…, øke læreryrkets status og styrke tilliten til skolens kvalitet”

Strategiplanen sikrar gode vilkår  for lærarar som tek vidareutdanning i tråd med planen, og ein avtale er inngått mellom Kunnskapsdepartementet, KS,  nasjonalt råd for lærarutdanning og aktuelle fagforbund. Studieplassane er gratis, statlege midlar dekker 40 % av kostnad til vikar, og det er ein føresetnad at kommunen dekker like mykje. For grunnskulen  prioriterer Staten vidareutdanning i norsk, matematikk og engelsk,  fortrinnsvis på ungdomstrinnet. Dessutan leseopplæring,  fortrinnsvis for barnetrinnet, og i praktisk-estetiske fag og rådgjeving og evt andre fag etter ønske.

Staten har gitt kommunen førehandstilsegn om midlar til vidareutdanning for lærarar frå hausten 2011, med til saman kr 362 000. Dersom dette vert likna ut på lærarar som tek 30 studiepoeng, vil det dekka 20 % kostnad av vikar for 3 lærarar dersom kommunen finn tilsvarande midlar til, slik at lærar får frikjøp frå 40 % av stillinga i tråd med avtalen.

Krava til kompetanse for lærarar på ungdomstrinnet er 60 studiepoeng i basisfaga norsk, engelsk og matematikk ved tilsettingar for undervisning i faga. Det er ønskeleg å heva kompetansen til dette nivået også for lærarar som alt er tilsette og underviser i faga. Barneskulane er mindre aktuelle i denne omgangen, av di kommunen har mange lærarar i barneskulane med kompetanse som leserettleiarar. Andre fag og område må vurderast etter behov og prioriteringar på skulane.

Dette kan bety  at kommunen søkjer vidareutdanning for tre lærarar etter sentral avtale frå hausten 2011.

Prosedyre etter informasjon frå Utdanningsdirektoratet:

15.mars- lærarane søknadsfrist til Udanningsdirektoratet

15.april .skuleleigar prioriterer og sender samla søknad til Utdanningsdirektoratet

Første halvdel juni, tilbakemelding om kven som er tatt opp

15.sept. skuleeigar sender stadfesting om studiedeltaking

15.oktober. Fylkesmannen utbetalar midlar for hausthalvåret.

 

1.2 Rettleiarkompetanse i samband med praksisopplæring og som mentor for nyutdanna lærarar.

Stord kommune har inngått partnarskapsavtale med HSH om at skulane i Stord tek imot studentar i praksis. I samband med dette er kommunen som skuleeigar pliktig til å gje praksislærarane kompetanse innan rettleiing.

Staten har kome med pålegg til kommunane om å gjennomføra rettleiing for nyutdanna lærarar, og i samband med dette er det også bruk for rettleiarkompetanse på skulane.

Dei to krava ovanfor gjer at kommunen må leggja til rette for at lærarar kan nyttiggjera seg tilbod om vidareutdanning innan rettleiing. Dette er studium som HSH legg til rette for.  

1.3 Vidareutdanning i skuleleiing.

Stord kommune har 13 studentar med på vidareutdanning i skuleleiing organisert av Forum for oppvekst i Sunnhordland og med avtale inngått med HSH som studiestad. Dette studiet vert avslutta med eksamen hausten 2011 og gir 30 studiepoeng. Studiet vil styrka kompetansen hos dei studentane som er i stillingar som skuleleiarar, og i tillegg vera viktig rekrutteringstiltak for å få kompetente framtidige skuleleiarar i kommunen.

1.4 Rettleiarkompetanse i samband med kvalitetstiltak skulerettleiing i FOS:

Det er prosess i FOS for å koma i gang med dette tiltaket i 2011, og det er i så fall planen å gje aktuelle rettleiarar kompetanse som vidareutdanning.

 

2. Etterutdanning

Kunnskapsdepartementet signaliserer at midlar til etterutdanning vert redusert i forhold til midlane i 2010. Dette er i tråd med strategien sentralt om å satsa på vidareutdanning framfor etterutdanning av lærarar. Førehandstilsegn viser at tildelingssummen kan verta om lag det halve av summen i 2010.

Utdanningsdirektoratet melder om fylgjande prioriterte område  i samband med midlar til etterutdanning 2011:

-leseopplæring

-rekneopplæring

-vurdering

-klasseleiing

Fylkesmannen skal fordela midlane til gjennomføring av etterutdanning på bakgrunn av søknad. Midlane skal nyttast innan dei priorterte områda.

Lokale satsingar og prosjekt i Stord harmonerer i stor grad med departementet sine prioriterte område under føresetnad av at Tilpassa opplæring er overordna dei andre prosjekta og dette kjem til uttrykk i skulane sine planar.

 

Skuleeigar ved utviklingsgruppa har ansvar for utfylling av søknad om etterutdanningsmidlar til fylkesmannen, og denne vil byggja på opplysningar og prioriteringar frå skulane og  prosjektleiarane for fellesprosjekta. Tiltaka vert prioriterte i samråd med utdanningsforbundet.

 

Etterutdanninga skal i fylgje utdanningsdirektoratet sine retningsliner vera praksisnær, bli gjennomført  over tid og inkludera refleksjon og utprøving i tida mellom samlingane.   Eigen arbeidsplassen vert omtalt som læringsarena, og det er viktig at rektor som skuleleiar har eit overordna ansvar for etterutdanning på eigen skule og organisering av denne ved å bruka skulen som lærande organisasjon.

 

Tiltaka kan vera kursdagar, økter med forelesar og rettleiar, utprøving av nye metodar, nettverk, hospitering  og erfaringsdeling. Tiltaka kan organiserast felles for skular eller på eigen skule. Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) er ein viktig samarbeidspart for å samordna felles tiltak. Høgskulen Stord – Haugesund styrker skuleverket i Stord med forskingsprosjekt og rettleiing som etterutdanningstiltak, også med studentovertaking av praksisskular  for å frigjera tid for lærarar til etterutdanning. Lokalt er det viktig å knyta tiltak opp mot satsingsområda.

 

Prosedyre:

9.mars Kartlegging av skulane sine behov for etter- og vidareutdanning

2.mai høyringsfrist kompetanseplan for kommunen

31.mai Politisk handsaming av kommunal plan for kompetanse i skulen i Stord

15.mai Frist for skuleeigar v/utviklingsgruppa frist for å søkja  fylkesmannen om midlar til etterutdanning etter gitt mal

15. juni Melding om tildeling av midlar frå Fylkesmannen

 

  1. Budsjett for 2011

Vidareutdanning

-          Vidareutdanning 3 lærarar etter sentrale avtala, 30 studiepoeng

kr 200 000 for hausten 2011, henta frå bunde  fond kompetansemidlar skule

Kommunen må yta minst like mykje.

-          Skulelleing, 30 studiepoeng 13 studentar

kr 300 000  henta frå bunde fond for kompetansemidlar skulen

-          Vidareutdanning rettleiarar praksis og for nyutdanna lærarar

Kr 100 000 stipulert, ventar på studieomtale frå HSH

-          Vidareutdanning rettleiarar i samband med kvalitetsmodell FOS

Kr 50 000, usikkert for 2011 pga prosess i FOS

 

Etterutdanning

Hordaland fylke får av dei statlege midlane  til fordeling med målgruppe lærarar og rådgjevarar i grunnskulen og sentrale aktørar innfor fag-og yrkesopplæringa.  Stord kommune søkjer om tildeling av desse midlane med utgangspunkt i m.a kompetanseplan for grunnskulen.

 

Stord kommune har eigne ressursar til å utarbeida og administrera dei ulike tiltaka det vert søkt om midlar til, dette gjeld både for prosjektleiarar, utviklingsgruppa og skulane.

Kommunen sine ressursar er for ein stor del bunden opp i tid øyremerka etterutdanningstiltak. Tiltaka skjer innan samarbeidstid og planleggingstid, og det vert sjeldan sett inn vikar i samband med slike tiltak.

 

Kommunen har midlar i mindre omfang til etterutdanning i einingane. Dette er små summar i forhold til behovet, i dei fleste tilfelle er det planleggingstid som er den store ressursen.

 

Oversyn over stipulerte midlar:

Statlege midlar er ikkje sikre før etter tllbakemeldingar etter søknader, tidlegast juni 2011

 

Tiltak

Kostnad

Kommunale midlar

Statlege midlar

Vidareutdanning

 

 

 

Vidareutdanning etter sentrale avtalar, 3 lærarar hausten 2011

350 000

200 000

150  000

Vidareutdanning skuleleiing, 13 studentar

300 000

300 000

 

Vidareutdanning rettleiing/mentor

? HSH kjem med studietilbod

?

? kan bli indirekte i form av studiepoengbasert tilbod

Etterutdanning

 

 

 

Leseprosjektet, felles tiltak

Arbeider med dette

?

?

Tilpassa opplæring, felles tiltak

Arbeider med dette

 

 

Skulane sine tiltak

 

?

?

Skulane lagar oversyn som grunnlag for søknad  med frist 12.april.