Jul 2019
ved Sagvåg skule

Oppdatert: 19.02.2023

Her finn du julesongane våre>>

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk:

 2006  2007  2008 2009  2010 2011  2012  2013  2014 2015  2016 2017 2018

 

 

 

 

Juleavslutning
Fredag 20.desember 2019

Den aller siste skuledagen er det alltid felles avslutning i amfiet. Det var song, dans og lesestund. Det var stor stas at også 8.klassingane som stakk innom vart med i dansen :-)

God jul til alle!

Tekst: Lars Bakka Foto: Valita Vassnes & Lars Bakka

 

 

Ryddedugnad til jul
Fredag 20.desember 2019

Alle dei tilsette var med på ryddedugnad. Heile skulehuset vart rydda og gjort klar til skulestart på nyåret. Kjekt å komma tilbake til ein ryddig og fin skule for store og små!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Julefrukost
Torsdag 19.desember 2019

Så var det endeleg tid for den tradisjonelle julefrukosten ved Sagvåg skule. Med varm kakao og ferske rundstykke vart det ein koseleg frukost for alle elevane torsdag morgon.

Tekst: Lars Bakka Foto:  Ida Marie Ingelin Hansen,Isabell Epland Østby

Juletregang
Torsdag 12.desember 2019

I grålysinga i dag tidleg var det stemningsfull juletregang på skuleplassen for heile skulen.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Juleverkstad
Onsdag 18.desember 2019

I dag har heile Sagvåg skule hatt juleverkstad. Det har vore god stemning på bygget, og alle elevane har kunne velga mellom ulike kjekke aktivitetar i løpet av dagen. Aktivitetane har vore varierte og elevane har kunna velja mellom laging av lys, nissepynt, toving, baking, glasmaleri, klipp og lim, ulike produkt i kvist og kvast, sjakk og  teiknestasjon med lytting. 

Ein kjekk og annleis dag der elevane knyt venskapsband på tvers av alder og klassar.

Tekst Anne Sissel Mugaas Foto: Ailinn Spissøy & Lars Bakka

 

Kunst og handverk i 6.klasse
Fredag 13.desember 2019

I kunst og handverksøkta  i dag har 6.klasse laga fine 3 dimensjonale juletre og kuler i ulike typar papir. Dei har også laga fine til og frå lappar.

Elevane laga mange kreative og fine produkt.




Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

 

Luciadag for 1.klasse
Fredag 13.desember 2019

Flinke 1. klassingar har hatt ein travel dag, med opptreden i adventsstund i Amfiet og Luciatog i klassane, + grupper og baking av Lussekattar.

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Adventsamling med 1. og 6.klasse
Fredag 13.desember 2019

Med 1.klasse som Lucia og flott song frå skulekoret og 6.klasse, så vart dette endå ei fin morgonstund på Sagvåg skule i desember. Takk til alle som kom og var med oss.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Jul på museet med 2.klasse
Onsdag 11.desember 2019

Onsdag var 2. klasse på museet for å høyre om korleis dei feira jul i gamle dagar. Me bar ved, baka lefser, henta vatn, vaska klede, kosta og stelte til jul. Før me køyrte til Sagvåg att, måtte me i fjøset med graut til nissen sånn at det vart jul på han også. 

Tusen takk til positive og kjekke foreldre som hjalp til med køyring. 




Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

Førjulsgraut
Tysdag 10.desember 2019

Etter langfriminuttet i dag samla 3. og 4. klasse seg inne hos 4. klasse og åt julegraut i lag. Det var ei kjekk stund med god julestemning. Heile 6 mandlar var gøymde i grauten, og me fekk 6 heldige vinnarar. Nok ein fin førjulsdag på Sagvåg skule.


Tekst & foto: Jens Lønning

 

 

 

 

 

Den andre adventsamlinga
Fredag 6.desember 2019

Tusen takk til alle som var med oss på den andre adventsamlinga. I dag var det elevane i 3.- 4.- og 5.klasse som stod på scenen. Neste fredag er det 1. og 6.klasse som er på scenen. Her finn du nokre bilete og filmar frå samlinga.

Tekst & foto: Lars Bakka



Den første adventsamlinga
Fredag 29.november 2019

I dag tidleg starta me med 2.- 7.klasse og skulekoret på scenen i amfiet og adventsamling. Takk til alle foreldre og andre som ville starta dagen med oss!

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg


Adventsgrupper i 1. til 4.klasse
Tysdag 26.november 2019

I dag har 1.- 4. klasse hatt aktivitetsdag på tvers av klassane, med 5 ulike stasjonar både ute og inne. Eventyr og drama i lavvo, pepperkakebaking på kjøkkenet, pinnebrødlaging i skogen, teiknspråk rebus og leikestasjon. 

Ein veldig kjekk og annleis dag med mykje aktivitet og god stemning.



 
Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Anne Sissel Mugaas, Line T Almås m.f