Jul 2018

ved Sagvåg skule
Oppdatert: 19.02.2023

Her finn du julesongane våre>>

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk:

 2006  2007  2008 2009  2010 2011  2012  2013  2014 2015  2016 2017

 
Eg fekk mandel i skulegrauten i desember!

                               

                          

Siste skuledag før jul 
Fredag 21.desember 2018

 

Så var det tid for den alle siste skuledagen denne hausten. Det vart ein koseleg avslutning på haustemesteret med samling i amfiet, film og kosetime i klassane. Her finn du nokre glimt frå dagan:


 
Det er også lagt til ein liten film frå samlinga

Sjå tilbake på juleavslutningar på Sagvåg skule>>


Lydbok i jula: (Til 18.januar 2019)



Tekst: Lars Bakka  Foto: Ingrid Kvernenses Misje, Kjell Byrknes og Lars Bakka


Kva var det Egil fekk av 7.klasse? 
Fredag 21.desember 2018

 

Då 7. klasse i fjor strikka seg sitjeunderlag, ymta Egil om at han ynskja seg eit slikt, berre dobbelt så stort slik at han kunne varme føtene sine om natta. Ok, tenkte me når me etterkvart trong ventearbeid i K&H-timane. Det vart strikka lappar, og lappane har gått på omgong i klassen slik at dei aller fleste har strikka nokre masker før me sydde saman og tova det. Slik fekk me ei fin julegåve til verdas beste musikklærar.



Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Kjell Byrknes


Koseleg julefrukost 
Torsdag 20.desember 2018

 

Når lærarane er på jobb kl 07.00 og gjer klart til frukost med varm kakao og ferske brød så kan me servera julefrukost til alle elevane ved Sagvåg skule kl 08.45
Det er ein fin tradisjon der elevane kosar seg med felles frukost ein av dei siste dagane før jul.



Tekst & foto: Lars Bakka


Heilt kanon turnering! 
Onsdag 19.desember 2018

 

Elevane frå 4.- 7. klasse stilte med til saman åtte blanda lag, i det som etter kvart er i ferd med å bli ein tradisjon her på skulen. Innsatsen var på topp i denne kanonballturneringa, det var fart og spenning i alle kampane. Dommarane kom frå ungdomsskulen. Dei er tidlegare elevar ved Sagvåg skule.

I finalen møttest to gode lag som kjempa hardt om sigeren. Spelarane på laget som vann,  fekk seg ein velfortent sjokoladenisse kvar. Kjempegod innsats fra alle som var med i turneringa!



Tekst & foto: Kjell Byrknes



 Juleverkstad
Tysdag 18.desember 2018

I dag har heile skulen hatt juleverkstad heile dagen. Her finn du nokre glimt frå dei ulike stasjonane:
 
        
Tekst: Lars Bakka   Foto: Lærarane


Tredje adventsamling
Fredag 14.desember 2018

Fredag morgon var det 1. og 6.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga. Det vart fin førjulskonsert og dans. Takk til alle foreldra som kom!

Tekst & foto: Lars Bakka

Juletrehogst
Måndag 17.desember 2018

4.klasse har vore i skogen og funne juletre. Me såg på mange tre før me fann det rette. Det krevde mykje samarbeid før treet kunne setjast på foten.



Spelestund 
Måndag 17.desember 2018

1. og 6. klasse hadde ei koselig spelestund saman måndag morgon. 

Tekst & foto: Lars Bakka


Julegraut for 1. og 6. klasse
Fredag 14.desember 2018

Det var deilig med god julegraut etter adventssamlinga i dag. Rektor hadde tent i bålpanna, og sola skein så fint på Utslettefjellet. Det var mandel i grauten og....... og ikkje berre ein, men 6:-) 

Teskt & foto: Anne Elisabeth Trevland



Lucia 
Torsdag 13.desember 2018

Det var 23 sjarmerande  1. klassingar som gjekk Lucia på Sagvåg skule i dag. Me var innom alle dei andre klassane, og me gleda dei med song og peparkaker. 

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Theresa Grande


Graut med 3.- 4.- og 5.klasse 
Tysdag 11.desember 2018

På tysdag hadde 3., 4. og 5. klasse julegraut ute i det fine vintervêret. Det vart ei fin stund i uteamfiet med bål i bålpanna, mandlar i grauten og saft i koppen. Etter at grauten var eten opp, fekk elevane kosa seg med leik og brettspel. 


Tekst:Erlend Thoresen Foto: Jarle Karlsen & Aasne H Vikanes


Den andre adventsamlinga
Fredag 7.desember 2018

Fredag morgon var det tid for den andre adventsamlinga. Det var 2. og 7.klasse som hadde ansvaret denne gongen. Fin song, dans og god julestemning. Takk til alle som kom!


Tekst: & foto: Lars Bakka

Juletre i 5.klasse
Onsdag 5.desember 2018

I dag har me hatt ei lærerik og kreativ KRLE-økt. Me har lært om juletreet og kva treet og pynten symboliserer. Me laga eit stort og flott tre på veggen vår. Godt samarbeid var viktig for at det skulle bli skikkeleg bra. 


Tekst: & foto: Erlend Thoresen

Adventsamling
Fredag 30.november 2018

Tredje, fjerde og femte klassa hadde laga til ei koselig og stemningsfull advenssamling i dag. Veldig kjekt at mange foreldre hadde teke seg til til å koma og vera saman med oss.


Tekst: Egil Petterteig  Foto:Ingrid Kvernenes Misje


Første julefrukost

Fredag 30.november 2018

I dag serverte Liljan den første julefrukosten for elevane som vel å starta dagen ved Sagvåg skule klokka åtte.  Med mandel i grauten, juleduk på bordet og ekstra god drikke så har me etablert ein ny og fin desembertradisjon!

Tekst: Lars Bakka Foto: Liljan Vestbøstad Waage



Snart desember.....
Torsdag 29.november 2018
 
Mykje tyder på at det går mot desember også ved Sagvåg skule. Fredag morgon kl 08.30 er det tid for den først adventsamlinga. Då er det elevane frå 3.-4. og 5.klasse som står på scenen. Foreldre og andre er hjarteleg velkomne til ei fin morgonstund med peparkaker og nytrakta kaffi.