Jul 2016
ved Sagvåg skule

Oppdatert: 19.02.2023

Her finn du julesongane våre>>

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk:

 2006  2007  2008 2009  2010 2011  2012  2013  2014 2015


Juleavslutning Meir jul>>

Onsdag 21.desember 2016

Med god hjelp frå dansegruppe frå 7.klasse og lærarkoret så vart det ein koseleg avslutning av den siste dagen før juleferien. Bilete og film finn du her:
...og vil du sjå assistentfilmen i reprise så finn du den her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Gjøsæter

Julefrukost

Tysdag 19.desember 2016

Det vart ei koseleg stund for alle ved Sagvåg skule i gymsalen med rundstykke og varm kakao då me hadde den årlege julefrukosten for elevane. Mange lærarar hadde vre tidleg oppe og gjort alt klart til elevane kom.

Tekst & foto: Lars Bakka

Juletregang
Tysdag 19.desember 2016

Tidleg morgon og juletregang ute på skuleplassen på Sagvåg skule 20.desember


Tekst & foto: Lars Bakka
 

Siste adventsamling

Fredag 16.desember 2016


Med Luciaopptog med 1.klasse og med fine innslag frå 6.klasse vart også dette ein koseleg start på fredagen. Besteforeldre kom heilt frå Karmøy for å vera med oss! Takk til alle som kom!
...og kunne du ikkje vera med oss så finn du bilete frå samlinga her:

Tekst & foto: Lars Bakka

Julekort i 5.klasse

Torsdag 15.desember 2016

I 5.klasse har me laga symmetriske julekort. Dette var ei fin og kjekk oppgåve sidan me har om symmetri, symmetrilinjer og spegiling i matematikken no.
 
Telst & foto: Anne Brit Holm

Juletrehenting

Torsdag 15.desember 2016

4. klasse henta juletre i skogen med lommelykt. Takk til skogeigar. Dei bestemte lengda på treet og sagde fleire kubbar, som dei brukte til juletrebowlinga. Dei lagde julepynt av trollhassel og granbuskar. Sigrid ønska oss hjarteleg velkommen til å leike i skulegarden på Tjødnalio skule. Klassen hadde asfaltbingo heile vegen heim og elevane var fantastisk flinke til å gå lengre enn langt.


Tekst: Åshild Giving Foto: Åshild Giving og Ingeborg Nerland Toft

Juleverkstad på heile skulen

Onsdag 14.desember 2016

I dag er det juleverkstad rundt om på heile skulen.....og her er bileta:

Tekst : Lars Bakka Foto: Lærarane


Luciatog
Tysdag 13.desember 2016

I dag har 1.klasse gått i Luciatog og besøkt alle klassane på skulen.

Tekst & foto: Lene T Almås


Englane i 7.klasse

Måndag 12.desember 2016

Små, fine englar flyr fram ein etter ein nr 7. klasse får tid til litt ekstraarbeid i K&H. Fingerenemme jenter laga desse på måndag.
Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Stemningsfull adventsamling
Fredag 9.desember 2016

Flinke elevar frå 3. og 4.klasse hadde laga ei koseleg adventsamling for oss fredag morgon. Med hjelp frå det flotte husorkesteret vårt vart dette endå ei samling for store og små med god førjulstemning.
Tekst & foto: Lars Bakka

Adventsamling

Fredag 2.desember 2016

Det vart ein stemningsfull start på dagen med vanleg vekesamling først og adventsamling etterpå. Det var flinke elevar frå 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga.


Tekst & foto: Lars Bakka