Jul 2015
ved Sagvåg skule

Oppdatert: 19.02.2023

Her finn du julesongane våre>>

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk:

             2006  2007  2008 2009  2010 2011  2012  2013  2014

JUL VED SAGVÅG SKULE 2015

 

GOD JUL!

Måndag 21.desember 2015

Den siste skuledagen denne før jul starta med den siste adventsamlinga. Det er tradisjon at det er Egil og Lars som har ansvaret for denne. Me fekk god hjelp frå vårt eige husorkester med både lærarar og elevar, dansarar frå 7.klasse og allsong.
Her er bileta frå samlinga.
   Film frå samlinga>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny S Skjønberg, Laila Gjøsæter, Ingrid Kvernenes Misje, Lars Bakka

Tradisjonell julefrukost

Fredag 18.desember 2015

I dag tidleg var det tid for den årlege julefrukosten ved Sagvåg skule. Ferske rundstykke og varm kakao venta på elevane i gymsalen då dei kom til skulen i dag. Lærarar og assitentar hadde vore oppe tidleg og gjort ein flott jobb for å få alt klart.

Spel og graut for 1.og 6. i dag

Tordag 17.desember 2015

 
Som ein del av dei kjekke juletradisjonane, spelte 1. og 6. klasse spel og åt  graut i dag. Det var seks mandlar  i grauten og alle utanom ein greidde dei å finna. Kan henda var det nokon som slukte grauten? Dei heldige fekk seg eit Kinderegg som premie.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Juleverkstad for heile skulen

Onsdag 17.desember 2015

 
I går var det juleverkstad for heile skulen. Det var ulike aktivitetar rundt om på heile huset. Her er nokre bilete frå dagen.

Tekst: Lars Bakka  Foto: ?

Kanonballturnering på mellomsteget

Tysdag 15.desember 2015

 
Femte til sjuande klasse fekk svetta frå seg etter lunsj i dag. Me har hatt kanonballturnerning på andre året på rad, og engasjementet var på topp. Åtte klasseblanda lag har kjempa om seieren, og heia kvarandre fram. Det vart ein svært spanande gullfinale, og dei fleste syns domarane (lærarane) gjorde ein god nok jobb. 
Ein skal ikkje sjå bort i frå at dette vert ståande som ein førjulstradisjon på Sagvåg skule.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Jul på museet
11.desember 2015
I dag har 2. klasse vore på Sunnhordland folkemuseum og fått innblikk i korleis dei feira jul i gamle dagar.
Me fekk innblikk i tradisjonar og vart tekne med på førebuing og feiring av jula. Eit triveleg besøk. Takk for at me fekk koma!

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Den tredje adventsamlinga
Fredag 11.desember 2015

 
Med Luciaopptog med 1.klasse og finne innslag frå 6.klasse og husorkesteret vårt, fekk me endå ein gong ein koseleg start på fredagen. Tusen takk til alle foreldre og besteforeldre som tok seg tid til å vera med oss.

Tekst & foto: Lars Bakka

Adventssamling i 2.klasse
Onsdag 9.desember 2015

 
Adventstida er ei stemningsfull og fin tid - med litt spenning. Her er nokre bilete frå vår daglege adventssamling. Kvar morgon tenner me adventslys, trekkjer kalendarhjarte, får pepparhjarte og trekkjer ein figur til stallen vår. Og så ser me på Salaby sin julekalendar. Ein fin start på dagen!

Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal

 

Den andre adventsamlinga
Fredag 4.desember 2015

Det var 2.-3. og 5.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga denne fredagen. Dei fekk også svært god hjelp av husorkseteret vårt.
Tusen takk til alle foreldre og besteforeldre som kom!
Neste fredag er det 1. og 6.klasse som står på scenen.

 

Tekst: Lars Bakka Foto Lars Bakka & Ingrid K Misje

Les heile artikkelen i Sunnhordland 4/12-15 her>>

Første adventsamling
Fredag 27.november 2015

I dag starta dagen med den første adventsamlinga. Det var elevane i 2. og
7.klasse som hadde ansvaret  denne gongen. Tusen takk til alle som tok seg tid til ein stemningsfull start på fredag 27.november. Neste fredag er det elevane i 3.-4. og 5.klasse som står på scenen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Adventsførebuing
Torsdag 26.november 2015

No held 5. klasse på med adventsførebuingar. Elevane har laga kvart sitt mønster til peparkakehjarte samtidig som me har snakka om kvadratcm.  Det var ikkje heilt enkelt å lage eit mønster som skulle vere  180-200 kvadratcm, men  når me delte gode tips med kvarandre, så gjekk det tilslutt.  Me hadde ei kjempekoseleg bakestund på kjøkenet, og eg trur at alle eigentleg hadde hatt lyst til at ho skulle vart noko lengre:-) 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Klar for desember
Onsdag 25.november 2015

No er alt klart ein fin førjulstid ved Sagvåg skule. Kva fredag frem mot jul er det adventsamling, då er foreldre, besteforeldre og andre hjerteleg velkomne til ein stemningsfull start på dagen.  

Fredag 27.november kl 08.40-09.00

 

 Adventsamling der 2. og 7.klasse er på scenen

Fredag 4.desember kl  08.40-09.00

 

 Adventsamling der 3.-4. og 5.klasse er på scenen

Fredag 11.desember kl 08.40-09.00

 

 Adventsamling der 1. og 6.klasse er på scenen

Tysdag 15.deseber kl 10.30-11.30

 

 Julegudsteneste i Nysæterkyrkja
(Foreldra er velkomne til å vera med.)

Onsdag 16.desember

 

 Felles juleverkstad for heile skulen

Fredag 18.desember

 

 Felles julefrukost for alle elevane

Måndag 21.desember

 

  Siste skuledag før jul

Tekst & foto: Lars Bakka