Jul ved Sagvåg skule
Oppdatert: 19.02.2023

Her finn du julesongane me brukar

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk:

             2006  2007  2008 2009  2010 2011  2012  2013

JUL VED SAGVÅG SKULE 2014

 

Bålkos i SFO

Tysdag 16.desember 2014


Bålkos og pinnabrød på SFO i dag.



Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Julegudsteneste

Tysdag 1.desember 2014
I dag var me på julegudsteneste saman med Litlabø skule. Som vanleg gjorde dei tilsette i kyrkja, med prest Arnt Johan i spissen, det til ei fin stund. Elevar både frå Litlabø og Sagvåg skule bidrog med flotte musikkinnslag, der me fekk høyra både song, fløyte, fiolin og kornett.



Tekst: Egil Petterteig  Foto: Elisabeth Magnussen

Juletrehogst

Måndag 15.desember 2014
Ivrige og flinke elevar frå 4. klasse var måndag morgon oppe i skogen og saga eit stort, fint juletre. Skogsarbeid er ganske tungt, så det var bra at det er mange sterke elevar i klassen. Då vi hadde fått treet ned på skuleplassen, viste det seg at treet var altfor høgt for juletrefoten.  Treet ville tippe over. Me enda difor opp med eit mykje kortare tre enn det som var meininga:-( 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Julegraut i 4.klasse

Måndag 15.desember 2014

4. klasse koste seg med julegraut idag. Det var 6 mandler, så det var 6 heldige elevar som vart glade over å få eit kinderegg kvar. Grauten smaka kjempegodt, så me åt opp alt:-)

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Lucia og adventsamling
Fredag 12.desember 2014
Fredag morgon var det tid for den tredje adventsamlinga. 1.klasse hadde stemningsfullt Liciaopptog i samlinga og i alle klassane. Elles var det elevane i 6.klasse som gav oss ei fin adventstund. Takk til alle foreldre som tok seg tid til ein kopp kaffe og peparkaker ved Sagvåg skule denne morgonen i deseber.



Tekst: Lars Bakka Foto: Oliver Eldøy & Lars Bakka


Uteaktivitet og graut
Torsdag 11.desember 2014
Det er tradisjon at klassane får graut ein gong før jul. I år var 3. og 5. klasse saman om denne tradisjonen. Før det blei graut var det aktivitet ute. Dei fleste hadde det kjekt i fotballbingen. Det bli mange mål og mykje rulling og detting i framfor mål! Dei som ikkje spelte fotball fann på andre kjekke aktivitetar i skogen. Medan elevane var ute, blei graut og saft gjort klart på kjøkenet. Då elevane kom inn var det om gjera å finna mandlane som var i grauten. Som de ser av bileta var det ikkje berre ein mandel. Dei heldige fekk kvart sitt kinderegg som premie.




Tekst & foto: Kjell Byrknes

Gode hjelparar
Torsdag 11.desember 2014
Det Silje og Sunniva har gjort ein fantastisk jobb etter at nokon fira flagstong-juletreet vårt i helga. No er det tilbake på plass, men Silje og Sunniva har brukt mange friminutt på å få opp alle knutane. I kveld kan du sjå treet vårt på lang avstand igjen!
No får me håpa at "juletreet" vår får henge i fred til trettendag jul!



Tekst & foto: Lars Bakka

Jul på museet

Tysdag 9.desember 2014

Tysdag tok andreklasse turen til Vikjo for å gå "Jul på museet". Dette var ei flott oppleving, der elevane fekk høyra om korleis folk førebudde og feira julehøgtida før i tida. Etterpå fekk elevane prøva seg på diverse aktivitetar: skuring av golv, klesvask, kløyving og løing av ved, henting og transportering av vatn mm. Til slutt i programmet fekk elevane vera med å setja ut graut til nissen. Han vart storfornøgd besøket stemte i "På låven sitter nissen" og serverte graut med mykje smør :) Det var ein glad og julestemt gjeng som returnerte til Sagvåg skule etter besøket på museet.   
 


Tekst & foto: Hege Havn Mehammer

Me gler oss til jul!
Måndag 8.desember 2014

På måndag hadde andre og sjuande trinn ei kjekk stund saman ute. Dei store, kjekke sjuandeklassingane leika og spela fotball med fadderbarna sine, medan dei vaksne varma julegraut. 
Alle dei heldige som fann mandel i grauten, fekk Kinderegg i premie. Stor stas!



Tekst & foto: Hege Havn Mehammer

Endå ei stemningfull adventsamling
Fredag 5.desember 2014

Denne gongen var det 3.-4. og 5.klasse som arranbgerte adventsamling for oss. Takk til alle foreldre som tok seg tid til å starta dagen saman med oss. Her finn du både film og bilete frå denne førjulsmorgonen på Sagvåg skule.

Tekst & foto: Lars Bakka

Den første adventsamlinga
Fredag 28.november 2014

Det er alltid god stemning når elevane ved Sagvåg skule møtest i amfiet kvar fredag til vekesamling. Desember er likevel spesielt, då er de dempa lys og pynta til jul. Den første førjulsamlinga var det 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for.  Fredag 5.desember er det 3.-4.- og 5.klasse som står på scenen og fredag 12. desember er det 1.-og 6.klasse.
De finn både bilete og film frå samlinga her:

 

Tekst: Lars Bakka  Foto: Oliver Eldøy og Lars Bakka


Baking i SFO
Fredag 28.november 2014

I dag var baking ein av aktivitetane på SFO

Tekst: Lars Bakka Foto:
Beate M Føyen

Høgt heng dei....
Torsdag 27.november 2014

Ein ting er at Egil berre MÅTTE henge opp stjerna etter at det 4 meter hølge juletreet var reist... men MÅTTE han også ta eit selfie det oppe??!!


Foto: Egil Petterteig Tekst : Lars Bakka

Konditorar i arbeid
Onsdag 26.november 2014
No er julebaksten i gong for 6.klasse:)

Tekst & foto: Lene T Almås