 |
Tilbakeblikk:
2006 2007
2008
2009 2010
2011 |
|
JUL VED SAGVÅG SKULE 2012 |
 |
 |
|

Julefrukost til alle elevane
Torsdag 20.desember 2012
Torsdag morgon var det tid for ferske rundstykke og
varm kakao til alle elevane ved Sagvåg skule. Det
vart ein koseleg felles frukost for alle elevane i
ein fint julepynta gymsal.

Tekst & foto: Lars Bakka
|
|

Juleverkstad 2012
Måndag 19.desember 2012
I dag har det vore tradisjonelt juleverkstad for
alle elevane på Sagvåg skule. Elevane har vore
flinke til å ta ein runde til mange av aktivitetane
og verkstadane som har vore rundt om på skulen. Det
er nok mange elevar som kjem heim med sjølvlaga
julepresangar i dag.

Tekst : Lars Bakka Foto: Lars Bakka & Hildegunn S Heimro &
Erlend Thoresen
|
|

...tidleg ein måndag morgon.
Måndag 17.desember 2012
Det er vel kjend for dei fleste at siste veka før
jul er travel. Også på Sagvåg skule, me har det
frykteleg travelt med å kose oss. Måndag laga 1.
klasse minst ein meter med søte små nissar og andre
små menn, og tok seg ein velfortjent matpause
etterpå.
Etter mat hjalp 7. klasse fadderborna sine i 2.
klasse med å lage ein heil engleskare. Ein
veldig vakker, ein!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
|
|

Den tredje adventsamlinga
Fredag14.desember 2012
Dagen starta med adventsamling i amfiet også denne
fredagen. Dette var den siste adventsamlinga som elevane
hadde ansvaret for i år. Det var kjekt å sjå at så magne
foreldre hadde tid til å med oss. Bileta frå
samlinga finn du her:
Tekst & foto: Lars Bakka
|
|

Nissen kom til i SFO
Torsdag 13.desember 2012
I dag stod den årlege nissefesten på kalendaren...mange
spente ungar lurte på om alle skulle få mandel!
Etter grauten gjekk alle i akebakken....både store og
små .... og plutseleg stod nissen ute på skuleplassen

Tekst & foto: Elisabeth
Magnussen
|
|

Koseleg adventsamling
Fredag 7.desember 2012
I dag var det elevane i 3. og
5.klasse som inviterte oss på stemningsfull adventsamling. Takk
foreldra som tok seg tid til å vera med oss!
Tekst: Lars Bakka Foto:
Ingrid Kvernenes Misje
|
|

Første adventsamling
Fredag 30.november 2012
Med snø ute, lys i juletreet
og elevar med fine songar og skuespel, vart den første
adventsamlinga gjennomført på Sagvåg skule. Det var kjekt å sjå
at så mange foreldre og besteforeldre hadde teke seg tid til å
stikka innom frå kl 08.20 og den halvtimen samlinga varte. Det
var elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for denne
samlinga. Fredag 7.desember er det elevane i 3.-4. og
5.klasse som står på scenen, også då er foreldre og
besteforeldre hjarteleg velkomne!
Tekst: Lars Bakka Foto:
Ingrid Kvernenes Misje
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|