Jul ved Sagvåg skule

Her finn du julesongane me brukar
Oppdatert: 19.02.2023

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk: 2006  2007  2008 2009  2010

JUL VED SAGVÅG SKULE 2011

Juletregang
Tysdag 20.desember 2011

Etter at gymsalen var rydda etter frukosten var det tid for juletregang.
 

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Julefrukost
Tysdag 20.desember 2011

Den siste dagen før juleferien er lærarane ekstra tidleg på jobb for å førebu julefrukost for over 150 elevar. Til skulestart var alt klart og elevane kunne starta dagen med varm kakao og ferske rundstykke. Dette er ein av dei fine førjulstradisjonane som elevane ser fram til.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Nissemarsj
Måndag 19.desember 2011

I dag var det nissemarsj på skulen. Elevrådet gjekk fremst med faklar, deretter kom alle dei andre i nisseorden. På vegen traff me på eit lite nisseorkester. Dei spelte flott julemusikk. I skogen sat det to grautnissar? og koste seg. Dei hadde ordentleg nissemusikk, alle kunne høyra "På låven sitter nissen". Det var glatt ute, men alle kom seg velberga inn. Det var siste gongen med vekeoppdrag. Det blei delt ut ein julemann til kvar elev, som takk for god innsats med vekeoppdraga denne hausten.
Seinare på dagen hadde mellomsteget mellom anna aktivitet i gymsalen. Ute var det spidding av pølser og det såg ut til at alle koste seg.

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Kjell Byrknes/ Lars Bakka

 

 

 
Den siste adventsamlinga
Fredag 16.desember 2011

Fredag morgon fekk me oppleva den siste adventsamlinga ved Sagvåg skule dette året. Flinke elevar bidrag med mange flotte innslag. Også lærarane i 3. og 4.klasse hadde sceneshow denne gongen.....

Tekst & foto: Lars Bakka

     

Juleverkstad
Torsdag 15.desember 2011

Torsdag var det juleverkstad for alle elevane på skulen. Tusen takk til foreldra som hjelpte til.

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

 

Endå ei stemningsfull adventsamling
Fredag 9.desember 2011

Fredagane i desember tek til med adventsamling på Sagvåg skule. Denne gongen var det elevane i 3.-4.- og 5.klasse som hadde ansvaret for samlinga. Sagvåg skule har mange flinke artistar som ikkje er redde for å vise kva dei kan. Det vart danseframsyning, teaterframsyning, instrumentalkonsert og allsong.

Tekst & foto: Lars Bakka

Den andre adventsamlinga
Fredag 2.desember 2011

Stemningsfull start på også denne førjulsfredagen i desember. Det var elevane i 1.- og 6.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga.

PS!
Fleire elevar kom til skulen i dag og var redde for at dei måtte skifta skule for å gje plass til elevane frå Litlabø skule. Slik det no ser ut må skifta skule til hausten. Me informerte om at me kan ta imot omlag 40 elevar frå Litlabø, men elevane frå Sagvåg skule må få halde fram her.

Tekst: Lars Bakka

 

Første adventsamling
Fredag 25.november 2011

Allereie på søndag er det første søndag i advent. Me har ein fin tradisjon med adventsamlingar om fredagane før jul. Her finn du bilete frå samlinga som elevane i 2. og 7.klasse saman hadde ansvaret for.
 

Tekst & foto: Lars Bakka

Ein liten film frå samlinga