Jul ved Sagvåg skule

Her finn du julesongane me brukar
Oppdatert: 19.02.2023

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk: 2006  2007  2008 2009

JUL VED SAGVÅG SKULE 2010


Nissemarsj
Publisert: Tysdag 21.desember 2010 kl 10.40

Nissemarsjen er blitt ein fin førjulstradisjon ved Sagvåg skule. Då har alle med lykter og elevrådet har faklar. Det flott julestemning tysdag morgon med nysnø og nydeleg julever.
 

Tekst: Lars Bakka Foto: Aasne H Vikanes


Juletregang

Publisert: Tysdag 21.desember 2010 kl 10.40

Å gå rundt juletreet med 154 elevar kan vera vanskeleg. Det var kjekt å vera med på samlinga i gymsalen der alle elevane var med på å gjere denne førjulsaktiviteten til ei god oppleving for alle.

Tekst & foto: Lars Bakka


Frukost med 154 gjester :-)
Publisert: Måndag 20.desember 2010 kl 12.30

Det er fantastisk kjekt å kunna spandera julebord i form av ein frukost til alle elevane ved Sagvåg skule. Måndag morgon starta dagen med rundstykke, pålegg og varm kakao til alle. Lærarane hadde vore tidleg oppe og gjort alt klart til elevane. Takk til dei store elevane som var med på å ordne til og rydde i gymsalen!
Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka

       

Bilete frå Margareth Ottesen frå juleballet som elevane arrangerte i desember 2010


Siste adventsamling
Publisert: Fredag 17.desember 2010 kl 15.00

I dag tidleg hadde me den siste adventsamlinga før jul. Det var som vanleg ein stemningsfull start på skuledagen med adventlys og julesongar.
På måndag er det tradisjonell julefrukost for alle elevane, og tysdag er siste skuledag før juleferien.
Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka

     



Publisert: Torsdag 16.desember 2010 kl 17.45

I dag var det juleverkstad for alle elevane på skulen. Det var stor aktivitet i mange grupper. Ei spesiell takk til foreldra som var med og hjelp til!
Fleire bilete

Tekst: Lars Bakka  Foto: Mange av lærarane

 



 

 
 


Adventsamling
med tre lys
Publisert: Fredag 10.desember 2010 kl 12.00

I dag var det elevane i 1. og 6.klasse som som hadde ansvaret for adventsamlinga. Det vart ei fin samling med julestemning både inne og ute!

Tekst & foto: Lars Bakka


Julestemning i førjulstid
Publisert: Fredag 3.desember 2010 kl 16.40

Også denne fredagen starta dagen med adventsamling i amfiet. Denne gongen var det elevane i 2.- og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Turid Gjellestad / Lars Bakka

             


Den første adventsamlinga
Publisert: Fredag 25.november 2010 kl 10.00

Det var elevane i 3.-4. og 5.klasse som hadde ansvaret for den første adventsamlinga i år. Heile skulen samla seg i amfiet til ei koseleg førjulssamling med underhaldning frå scenen og allsong.
  Ein liten film

Tekst & foto: Lars Bakka