Jul ved Sagvåg skule

Her finn du julesongane me brukar
Oppdatert: 19.02.2023

Julefeiring ved gamle Sagvåg skule>>

Tilbakeblikk: 2006  2007  2008

JUL VED SAGVÅG SKULE 2009

Stemningsfull julefrukost
Publisert: Fredag 18.desember kl 09:30

Den siste skuledagen denne hausten tok til med ein koseleg julefrukost med rundstykke og varm kakao til alle elevane. Det var dekt langbord i heile gymsalen der elevane kosa seg med frukosten medan lærarane serverte.

Tekst & foto: Lars Bakka


 

Juleverkstad
Publisert: Onsdag 16.desember kl 09:30

I dag var det juleverkstad for alle elevane ved Sagvåg skule. Det var stor aktivitet rundt om på heile skulen. Takk til alle foreldre som var med og hjelp til.

Tekst og foto: Lars Bakka


 

Lucia og nissar
Publisert: Fredag 11.desember kl 10:30

I dag var det tradisjonell adventsamling igjen. For elevane i 1.klasse starta dagen med å gå Lucia til alle klassane.

Tekst og foto: Lars Bakka


 


Stemningsfull nissemarsj

Publisert: Torsdag 10.desember kl 12:30

Årets nissemarsj gjekk i vår eigen skog. Me song 'På låven sitter nissen' før me gjekk marsjen. I skogen trefte me ein nissefamilie som sat og åt graut! Elevrådet overraska heile skulen med 'julamann' til alle!! 

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland  m.f

 


Stemningsfull adventsamling
Publisert: Fredag 4.desember kl 09:45

Klokka halv ni møtte alle elevane til adventsamling i amfiet. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga og det vart ein fin samling med mange flinke elevar på scenen.

Tekst og foto: Lars Bakka

Den første adventsamlinga
Publisert: Fredag 27.november kl 11:10

I dag var heile skulen samla til den første adventsamlinga. Det vart god førjulstemning då 160 elevar song fine julesongar. Fleire klassar og enkeltelevar var også framme på scenen med ulike innslag. Her er ein liten film>>

Tekst & foto: Lars Bakka