Brev aug 2009:
Rutinar for vernerundar
o Kvar eining skal gå vernerunde minst 1 gong pr. år; første gong i 1. kvartal.
o Dette er ikkje ein vedlikehaldsrunde, men ein runde som skal fokusera på ulike HMT-faktorar, og me kan også velga å gå fleire vernerundar kvart år og då med ulikt fokus;
Organisatoriske forhold
menneskelege forhold
bygnings og utstyrsmessige forhold
fysiske og kjemiske forhold
ergonomi
orden, reinhald og avfallshandsaming
tryggleik
brann – eksplosjonsfare – elektrisk anlegg og utstyr
andre miljømessige forhold.
o Skular og barnehagar skal i tillegg ha internkontroll i forhold til forskrifta om Miljøretta helsevern i skular og barnehagar, og skal då invitera ein representant frå Utviklings-gruppa og ein frå førebyggande helsetenester.
o Det er utarbeidd eige skjema til dette bruk, som ein kan fylla inn elektronisk og senda kopiar slik anvist.
o Saker som kjem fram på ein slik runde, skal leggjast inn i eininga sin handlingsplan for vidare HMT-arbeid og økonomiske prioriteringar må gjerast. Det må skiljast mellom strakstiltak og tiltak som må leggast inn i neste årsbudsjett / økonomiplan.
o Representant frå eining for utbygging og eigedom (UBE) skal vera invitert der verne-runden skal ha fokus på bygning og vedlikehald.