HMT Helse, miljø og tryggleik SAGVÅG SKULE

Interne lenkjer: Eksterne lenkjer:
Lovgrunnlag: Arbeidsmiljølova>>
Inneklima: 
Forskrift om inneklima>>
Sjå også arbeidsmiljøet til elevane: Opplæringslova kap9>>

HMT-magasinet>>

HMT-runde våren 2010
HMT-runde våren 2009>>

Tid: 4.mars 2010 kl 12:30-13:30

Desse møtte:
Verneombod: Anne Elisabeth Trevland
Frå Bygg & eigedom: Leif Rune Gravdal
Rektor: Lars Bakka
Helsesøster: Bente Sirnes

Saker:
Me gjekk gjennom referatet frå i fjor og dette er staus:

1
  • Det manglar framleis kart som viser rømningsplan for skulen!!
    Feb-09: Dette vert det no arbeidd med og det bør vera klart innan påske 2009
  • Den elektriske skyvedøra i småskulen fungerer ikkje
    Feb-09: Dette vert også utbetra innan påske 2009
  • Alle skyvedørene vert ståande opne når brannalarmen går.
    Feb-09:Dette vert også utbetra innan påske 2009

Mars 2010: Desse sakene er alle utbetra og i orden. Det var branntilsyn 9/3-10, også her vart det stadfesta at dette var i orden no.

2 Det er uheldig at delar av utearealet kombinerer elevareal og trafikkareal for bil.
Rune Hansen har foreslått skilting som ei løysing på kort sikt. På lang sikt ville det beste vore om innkjørselen til skulen vart omregulert. (Bak ballbingen)
Feb-09: Ole Tufteland ser på dette før påske 2009
 

Mars 2010: Saka er ikkje  løyst. Problemet er der framleis. (Sjå også punkt 4)

3 To av kunstbenkane i betong er plassert slik at dei er inne i trafikkarealet. Med grå overflate er dei ikkje så lette å sjå om kvelden og i mørk ver. Me har hatt ei alvorleg fallulukke. Kven har mynde til å vurdere dette?

Feb-09: Ole Tufteland ser på dette før påske 2009. Det må avkalarst med kunstaren

Mars 2010: Leif Rune hadde ikkje med informasjon om Ole Tufteland hadde vore i kontakt med kunstnaren. Han sjekkar opp i dette.

4 Ved Sagvåg skule skulle er det som skulle vore ein "Miljøstasjonen" berre nokre lause søppelspann som ofte bles over ende. (papirspanna) Sjølv om det ikkje vert laga eit så flott opplegg som på Hystad skule så burde det vore ei ramme rundet SIM-dunkane som hald dei på plass. Plasseringa er grei.
Feb-09: Ole Tufteland får laga skisse for løysing før påske 2009

Mars 2010: I denne saka hadde Leif Rune Gravdal med framlegg til løysing. Miljøstasjonen vert flytta til bak ballbingen med ein grusveg frå handballlbanen.

5 Reinhaldarane etterlyser spylekranar i dusjane
Feb-09: Dette er ei sak som Egil Mortensen har bede om pris på i samband med 3-årsberaringa. Resultattet av saka fører rektor inn her når det er avklart.
6 To lysrøyr blinkar i undervisnsingsareal 6.st og 7.st

Feb-09: Ole Tufteland får laga skisse for løysing før påske 2009

Mars 2010: Saka vart teken opp for tredje gong på tre-årsbefaringa. Ingenting har skjedd. Leif Rune tek saka opp att.

7 Feb-09: Det skal plantast eføy her våren 2009. Dette vert finare enne eit gjerde og vil på sikt dempe den bratte skrenten

Mars 2010: Også denne saka tek Leif Rune med seg til grøntavdelinga

8 Rektor kontaktar mattilsynet med tanke på reglar for kantinedrift i skule
Feb-09: Lars Bakka gjer dette innan påske 2009

Mars 2010: Rektor har vore i kontakt med mattilsynmet om dette. For servering av smørelunch var vårt opplegg heilt greitt. Dei som tek i maten bør bruka eingongshanskar.

9 Helesesøster tok opp saka om manglande vask på Helsesøsterkonoret
 

Mars 2010: Bente Sirnes finn ut om dette er lovpålagt og skriv brev til rektor om saka.


 


Sagvåg skule
februar 2009

Lars Bakka
- rektor-