H e l s e b a r o m e t e r
 

Vaksinedag på Sagvåg skule
Publisert: Tysdag 1.desember kl 09:15

Tysdag 1.desember var den store vaksinedagen ved Sagvåg skule. I dag fekk alle elevane som skulle ha vaksne mot Svineinfluensa. Fire helsesøstrer var i full sving frå kl 08.30 til kl 12:00 og over godt over 100 elevar vart vaksinerte i løpet av føremiddagen.

Tekst & foto: Lars Bakka

26.11.09
Infoskriv  til heimen:

Vaksine

Alle svarlappane er no gjennomgått og me har registrert kven som skal ha, og kven som ikkje skal ha vaksine.
Nokre av dykk har fått ei purring på vaksinelappen i dag. Eg håpar at me har han hos oss i morgon. (Fredag)
Elevane ved Sagvåg skule vert vaksinerte tysdag 1.desember. Det vert venterom i amfiet og ved småborda ved inngangspartiet.
Vaksineringa skjer i romma rundt i dette området. (m.a. kjøkenet)

Elevane vert vaksinerte etter denne tidsplanen. Dei som vil ha med foreldre kan sjølvsagt ha det.

  • 1. og 2.klasse: kl 08:30-09:30

  • 3. og 4.klasse: kl 10:00-11:00

  • 5.-6.- og 7.klasse: kl 11:30-12:30

autograf
Lars Bakka
-rektor-

25.11.09
Elevane ved Sagvåg skule vert vaksinerte tysdag 1.desember. Det kjem eige ino-skriv med klokkeslett for vakinering av klassane på fredag.

 

24.11.09
Til rektorane ved Stord skulane

Dette er litt justering av informasjonen eg sendte tidlegare i veka. Planen for kva dagar det vert vaksinasjon ved dykkar skule er no klar - det vert i veke 49 og 50. Helsesøster ved din skule veit både tid og varighet. - Høyrer det er foreldre som lurer på dette. Det som heller ikkje stod på skjemaet eller i skrivet er at vaksina kostar kr. 50 - elevane må ha med seg penger og får kvitering for dette .

Sjølv om det er elevar som ikkje vil ha vaksina noså er det alltid ei mogleheit til å få den seinare.

... og så var det lærarane ... dei får ikkje vaksine no når me vaksinerar elevane, men me har eit eige opplegg når me kjem så langt at vaksina er " til alle ".

Med helsing
Else Berit Støle, leiande helsesøster
Stord kommune
Førebyggande helsetenester
Tlf: 53 49 69 84  Fax: 53 49 69 07
e-post:
else.berit.stole@stord.kommune.no

23.11.09

Vil du at ditt barn skal vaksinerast. Underskrift få foreldra:
pdf/Revidert_til_foreldre_barneskule_utennamn.pdf


Mange  foreldre er naturleg nok urolege for spreiing av Svineinfluensa denne hausten. I november har Sagvåg skule hatt eit uvanleg høgt sjukefråvære mellom elevane i enkelte klassar. Ingen av elevane har pr. dags dato fått konstatert Svineinfluensa gjennom blodprøve.

Me har fått melding om at ein forelder har fått påvist denne influensatypen.

Samstundes har enkelte, frå fastlegen, fått melding om at ei hard influensa i november 2009 nok er Svineinfluensa då det ikkje er andre influensaer no.

Ta kontakt med skulen om de har spørsmål!


Lars Bakka
rektor

Nokre spørsmål og svar:

Dersom barnet mitt er litt forkjølt og slapp, kan han då komma på skulen når han er frisk, eller må me vente i åtte dagar?
 - Svar: Det er mange som er litt forkjølte om hausten. Dersom det ikkje er influensa så kjem eleven til skulen den dagen han er i form til det

Me er i tvil om det er influensa, kva gjer me?
 - Svar: Er de i tvil så kontakt fastlegen.

Eg er som forelder i risikogruppa. Skal eg våge å sende barna mine på skulen i dei to vekene det tek før vaksinen fungerer?
 - Svar: Denne forelderen har no fått svar frå legekontoret om at borna bør vera på skulen, men at ein kan førebygge for forelderen med Tamiflu fram til vaksinen byrjar å virke.

Lenkjer:   Pandemiplan for Sagvåg skule   
Status Stord kommune    Pandemi.no

Oppdatert:  Helsebarometeret vert ikkje oppdatert no når få elevar er sjuke
Elevar og tilsette heime grunna sjukdom ved Sagvåg skule
Torsdag 12.november 2009
Onsdag 11.november 2009
Måndag 9.november 2009

 

Fredag 6.november 2009

I dag stod det å lese i Sunnhordland:

Måndag skreiv Sunnhordland om ein skuleklasse frå Sagvåg skule som truleg hadde blitt smitta på leirskule. Det vart tatt prøve som ikkje viste svineinfluensa, fortel kommunelegen. Han stadfestar at det har vore fleire andre tilfelle, og at enkelte har vore innlagt på sjukehus for behandling.
Les meir>>

 

5.november 2009

Mange er sjuke, men ingen har fått stadfesta at der er svineinfluensa
Publisert: Torsdag 5.november kl 10:00

Også i dag er mange elevar sjuke ved Sagvåg skule. Det kan vere greitt å vite at stikkprøve som er teke mellom dei mange elevane som var sjuke etter leirskuleopphaldet i 7.klasse har vist at det ikkje var snakk om Svineinfluensa der.

Tekst : Lars Bakka

4.november 2009

 

3.november 2009

Helsetilstanden 3.november
Publisert: Tysdag 3.november kl 16:00

Også i dag er det 6.klasse som har det høgste fråvære grunna sjukdom med heile 68%. Ein av elevane i 5.klasse, som har oppsøkt lege med influensa, har fått vite at ein nok må rekne med at det er Svineinfluensa. Det vart ikkje teke blodprøve for analyse. Det er fint at de melder frå til skulen om de får stadfesta at det er, eller ikkje er, Svineinfluensa ditt har har når han/ho er sjuk i desse dagar. (2. og 7.klasse hadde ikkje ajourført fråversprotokollen kl 16:00)

Tekst : Lars Bakka
 

2.november 2009

Helsetilstanden 2.november
Publisert: Måndag 2.november kl 12:50

I dag var det 6.klasse som hadde flest sjuke elevar. Omlag 60% av elevane var heime med sjukdom. Når også nokre  elevar er borte frå skulen av andre grunnar, så er det ikkje så mange igjen. Utover hausten vil me av og til gje ein liten helserapport. Førebels har me ikkje fått melding om at elevar hos oss har Svineinfluensa, men det kan me på ingen måte utelukka.

Tekst : Lars Bakka
 


Helsebarometer
Sagvåg skule
pr. 03/01-23