oppdater.gif (883 bytes)Oppdatert: Februar 2016

Handlingsplan 2016

-utgangspunkt i målstyringsdokument i Budsjett og økonomiplan 2016-2019

Merknad: Einingane kan omforma måla tilpassa si verksemd og står fritt i forhold til mengd tiltak, jamfør kor stort fokus det er nødvendig å ha vidare. Prioriter dei områda som treng mest utvikling.           

 

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me
har lukkast

Tilbakemelding om grad av måloppnåing

BRUKAR

 

 

 

 Pr. februar 2017

Elevane opplever elevdemokrati og medverknad

Sagvåg skule har her grøn verdi på 3,63

Tiltak: Me held fram arbeidet

Alle tilsette

Resultat:
Grønt nivå i PULS

Tala i Vokal viser at me framleis ligg i grøn sektor   3,67 (grøn)

Elevane trivst på skulen

Sagvåg skule har her grøn verdi på 4,35

Tiltak: Me held fram arbeidet

Alle tilsette

Resultat:
Grønt nivå i PULS

Tala i Vokal viser at me framleis ligg i grøn sektor   4,30 (grøn)

Foreldra opplever god informasjon frå skulen om tilpassa opplæring

I vår foreldreundersøking er det ingen spørsmål om informasjon om tilpassa opplæring spesielt. På spørsmål til foreldra om informasjon om sosial utvikling er resultatet 75% heil einig i at informasjonen er god

Alle tilsette

Resultat:
> 65 % av svara i foreldreundersøkinga viser nøgde foreldre i stor eller svært stor grad

Foreldreundersøkinga haust 2016 inneheld ikkje spørsmål om dette.

(Haust 2016:
Svarrprosent 7 av 20, 35%)

Foreldre opplever dei vert tatt på alvor når dei tek kontakt med skulen

I vår foreldreundersøking er det ingen spørsmål om dette.

Alle tilsette

Resultat:
> 90 % av svara i foreldreundersøkinga viser nøgde foreldre i stor eller svært stor grad

Forlder-undersøkinga haust 2016 inneheld ikkje spørsmål om dette.

(Haust 2016:
Svarrprosent 7 av 20, 35%)

MEDARBEIDARAR

 

 

 

 

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me
har lukkast

Tilbakemelding om grad av måloppnåing
         

Deltakarprosent på medarbeidarundersøkinga

Deltaking ved Sagvåg skule er 100%

Tiltak: Me held fram arbeidet

Leiinga legg til rette

Måltal betre enn 68%

 Deltaking ved Sagvåg skule er 100%

Medarbeidaren er nøgd med arbeidssituasjonen sin

Vårt resultat 5,1

Alle tilsette

Måltal 4,7 eller betre

i medarbeidarunder-søkinga

 Vårt resultat 5,1 som er over måltal

Medarbeidarane bidreg aktivt til å nå verksemda sine mål

Landsgjennomsnitt er 5, me ligg på 4,9

Alle tilsette

 Måltal 5,0 eller betre i medarbeidarunder-søkinga

 Landsgjennomsnitt er 5, me ligg på 4,9, litt under måltal.

Medarbeidarane opplever å ha naudsynt kompetanse til å utføre sine arbeidsoppgåver

Sagvåg 4,6

 

Alle tilsette

Måltal 4,8 eller betre
i medarbeidarunder-søkinga

 Sagvåg 4,6 er litt under måltal. Ikkje alle lærarane som ynskjer nasjonale kompetansemidler har fått det.

Medarbeidarane løyser felles arbeidsoppgåver på sin arbeidsplass på ein god måte

Sagvåg 5,0

Alle tilsette

Måltal 4,9 eller betre
i medarbeidarunder-søkinga

Sagvåg 5,0 er litt over måltal

Medarbeidarane opplever at næraste leiar gjev deg tilstrekkeleg attendemelding på den jobben han gjer

Sagvåg 4,2

Alle tilsette

Måltal 4,2 eller betre
i medarbeidarunder-søkinga

Sagvåg 4,2 er på måltalnivå.

Medarbeidarane er nøgde med arbeidsgjevar si tilrettelegging for relevant kompetanseutvikling

Sagvåg 5,2 (Land 4,7)

Alle tilsette

Måltal 3,9 eller betre
i medarbeidarunder-søkinga

Sagvåg 5,2 er over måltal

HMT
-Helse, miljø, tryggleik

 

 

 

 

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me
har lukkast

Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Sjukefråvær (i prosent)

Her har Sagvåg skule gått frå 3,59 til 7,65 (Detter er naturleg sviongning i eit lite kollegium)

Alle tilsette

7,5 % eller betre

 

Av dette korttidsfråvær < 16 dagar

Opprathalde høg grad at "tilstedeværelse"

Alle tilsette

2,4 %

 

Hendingar med arbeidsrelatert skade

Fokus på Risikoanalyse og tiløtak knytt til denne.

Alle tilsette

0

Me har ikkje hatt arbeidsrelatert skade i 2016

Økonomi, maksimum avvik i høve vedtekne rammer

Me tek sikte på å gå i ballanse med 0% avvik i 2016

Leiinga

0%

Rekneskapen for 2016 viste eit overforbruk på 1,0% (kr 266.530,-)

FOLKEHELSE – Løpande oversikt

 

 

 

 

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me
har lukkast

Tilbakemelding om grad av måloppnåing


Fysisk miljø: Elevane er nøgd med følgjande tilhøve på skulane?
- Lufta i klasseromma
- Temperaturen i klasseromma
- Klasseromma elles
- Lærebøker og utstyr
- Skulebibliotek
- Toalett
- Garderobe og dusj
- Skulebygget
- Reinhald/vasking
- Uteområdet elevane kan bruka i
   friminutta

Tiltak:

a) I nokre av romma er det for dårleg ventilasjon og målingar av luftkvalitet ligg over tiltaksgrensa. Dette vert det arbeidd med våren 2015 og ventilasjon vart justert. Det er betre no.

b) Det kan bli for varmt når sola står på og for kaldt etter feriar og helger vinterstid. Det er montert solskjerming i to av klasseromma

c) Klasseromma er stort sett ryddige og reine

d) Sjølv om det berre er budsjettert med kr 445,- pr elev til lærebøker så har me klart å halde budsjettet på denne posten. Til fritt skulemateriell er det budsjettert med 187,- pr elev. Også her klarer me å halde oss innafor stramme rammer.

e) Me har ikkje skulebibliotikar og det er sett av kr 43,30 pr elev til skuleboksamlinga.

f) Stort sett reine og fine

g) Stort sett reine og fine

h) Framleis funksjonelt og godt vedlikehald etter snart 10 år

i) 6 t reinhald pr. dag

j) Flott og stort uteområde med ulike aktivitetstilbod

Alle tilsette

Resultat:
> 3,1
i elevundersøkinga for
7. trinn.

Resultat:
> 2,6
i elevundersøkinga for
10. trinn.

Evaluaring:

a) I nokre av romma er det for dårleg ventilasjon og målingar av luftkvalitet ligg over tiltaksgrensa. Dette vert det arbeidd med våren 2015 og ventilasjon vart justert. Det er betre no.

b) Det kan bli for varmt når sola står på og for kaldt etter feriar og helger vinterstid. Det er montert solskjerming i to av klasseromma

c) Klasseromma er stort sett ryddige og reine

d) Sjølv om det berre er budsjettert med kr 445,- pr elev til lærebøker så har me klart å halde budsjettet på denne posten. Til fritt skulemateriell er det budsjettert med 187,- pr elev. Også her klarer me å halde oss innafor stramme rammer.

e) Me har ikkje skulebibliotikar og det er sett av kr 43,30 pr elev til skuleboksamlinga.

f) Stort sett reine og fine

g) Stort sett reine og fine

h) Framleis funksjonelt og godt vedlikehald etter snart 10 år

i) 6 t reinhald pr. dag

j) Flott og stort uteområde med ulike aktivitetstilbod

Skulane har tenlege tilhøve til måltid, og at måltida er på ein slik måte at dei sosiale sidene blir ivareteken

Me stettar krava på dette punktet

Alle tilsette

Elevane får minimum
20 minutt til å eta

Elevane har tilbod om mjølk, frukt og grønsaker

Elevane på ungdomsskulane har tilgang til kantine/matsal

 Me stettar krava på dette punktet

Både ved kort- og langvarig fråvær utan gyldig grunn varslar skulen foreldra/føresette

Me ringer heim før kl 09.00 dersom elev uteblir frå skulen utan at me har fått melding om dette på førehand.

 Alle tilsette

Ingen elevar har fråvær utan gyldig grunn

 

Barneskulane:
Elevane på 5.-7. trinn får 76 timar med fysisk aktivitet, i tillegg til dei timane som er knyta til kroppsøvingsfaget

Dette vert gjennomført. Men det er krevjande med ein ressurs på 2 assistenttimar i veka til om lag 65 elevar fordelt på aktivitet 2*30 minutt i veka

 Alle tilsette

Den fysiske aktiviteten blir tilrettelagt slik at alle elevar, uavhengig av funksjonsnivå, opplever glede, mestring, fellesskap og variasjon i skuledagen

 

Dette vert gjennomført. Men det er krevjande med ein ressurs på 2 assistenttimar i veka til om lag 65 elevar fordelt på aktivitet 2*30 minutt i veka

Ungdomsskulane:
Skulane legg til rette for at elevane alltid kan vera med i kroppsøving ut frå sine eigne fysiske føresetnader

 

 

Den fysiske aktiviteten blir tilrettelagt slik at alle elevar, uavhengig av funksjonsnivå, opplever glede, mestring, fellesskap og variasjon i kroppsøvingstimane

 

 

Del (%) elevar som har greidd kompetansemål i symjing for 4. 7. og 10. trinn.

Er vert det i desse dagar laga nye nasjonale kompetansemål. I fjor klarte 95% av elevane kravet for 4.klasse

 Alle tilsette

Alle elevar har nådd kompetansemåla for trinnet

Vurdering:

95% av elevane kravet for 4.klasse våren 2016

Talet på barn med plass i SFO

15 born fordelt på om lag 10 heile plasser

 Alle tilsette

Skulen har oversikt over kor stor prosentdel av elevane på 1.-4- trinn som har SFO-plass

Vurdering:
15 born fordelt på om lag 10 heile plasser

 

FAGDEL:

 SAMORDNA INNSATS FOR SÅRBARE BARN (BTI)

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me
har lukkast

Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Barn og unge i risiko får god og koordinert hjelp tidleg og så lenge det er trong for det.

· «Den nødvendige samtalen» blir gjennomført med føresette seinast 4 veker etter at uroa har oppstått for eleven

·Gjennomføra nettverksmøte

·Har skaffa seg erfaringar med stafettloggen

Verkty som er utvikla i prosjektet blir opplevd som ei god støtte for dei tilsette

Når aktuelle saker oppstår:

· «Den nødvendige samtalen» blir gjennomført med føresette seinast 4 veker etter at uroa har oppstått for eleven

· Gjennomføra nettverksmøte

· Har skaffa seg erfaringar med stafettloggen

 

 

Alle medarbeidarane i skulen er kjend med kva ansvar ein har ift elevar ein er bekymra for, veit kor dei skal søkja støtte og hjelp i einskildsaker og er kjend med BTI-modellen

Vurdering:

BTI-møte er gjennomført for fleire elevar. Mest av kontaktlærar som stafetthaldar, men også helsesyster.

 KVALITETSVURDERING OG KVALITETSUTVIKLING

Fokusområde
Formulert som målbare mål
Tiltak Ansvar og tid Teikn på om me
har lukkast
Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Tilsette får tid til å gjera seg kjent med Vokal

Tiltak:

Bruk av fellestid på skulen

 

Leiing/ressurspersonar deltek på felles skulering i Vokal i kommunen. Nødvendig fellestid vert sett av til arbeid med Vokal

Vurdering:

Vokal er i bruk av alle kontaktlærarane

Vokal er implementert

Tiltak:

Bruk av fellestid på skulen. Dei fleste aktuelle data er no lagt inn.

 

Alle relevante data er registrert i Vokal og

skulen nyttar Vokal i arbeidet med kvalitets-vurdering og kvalitets-

utvikling utfrå felles årshjul for skulane.

Vurdering:

Data er ajourført til Vokal

Puls vert nytta som verktøy i arbeidet med kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling.

Tiltak:
Me vil no ta til med dette arbeidet.

 

Leiinga deltek på felles skulering i Puls i kommunen.

Leiinga brukar Puls aktivt i arbeidet med kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling  ut frå felles årshjul for skulane.

Vurdering:
Puls er teken i bruk i vårt vurderinsarbeid. Me har køyrt ein "prosess", men er ikkje nøgd før desse prosessane vert digitale i heile prosessen.

 GRUNNLEGGJANDE DUGLEIK I LESING

Fokusområde
Formulert som målbare mål
Tiltak Ansvar og tid Teikn på om me
har lukkast
Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Skulane brukar resultata på nasjonale prøvar som grunnlag for refleksjon rundt eleven sitt læringsutbyte.

 

Tiltak:

Drøftinga av resultata på skule og klassenivå

 

Nasjonale prøvar er registrert i Vokal og Puls.

Vurdering:

Drøftinga av resultata på skule og klassenivå er gjennomført.

Skulane arbeider systematisk med å heva skulen sitt snitt på nasjonale prøvar.

Tiltak:

Sagvåg skule har fokus på basisfaga norsk, matematikk og engelsk. Me planlegg eit større fokus på engelsk no etter dei siste åra med satsing på norsk med «lesing i alle fag», og no med «rekning i alle fag».

 

Skulen sitt snitt i lesing 5. trinn > 50

Skulen sitt snitt lesing 8. trinn > 50

Skulen sitt snitt lesing 9. trinn > 53

Vurdering:

Sagvåg skule har hatt fokus på basisfaga norsk, matematikk og engelsk. Egelsk er ikkje blitt prioritert grunne framleis fokus på "Rekning i alle fag".

Elevane sitt nivå innan lesedugleik er kartlagt ved hjelp av systematisk observasjon av lesing (SOL) på barnesteget

I desse dagar vert alle resultata også overført til Vokal

 

Elevane er ”sola” i tråd med tiltaksplan for kvar skule

Vurdering:

Resultata er overført til Vokal

Elevane opplever systematiske og tilpassa tiltak som fremjar lesing som grunnleggjande dugleik

Flinke faglærarar er alltid med i fellesmøta mellom skulane . Dei er også mentorar for dei andre klassane i arbeidet med NORM-prosjeter

 

Elevane sine oppgåver på skulen og heime viser tilpassing til aktuelt nivå i lesing i tråd med resultat i SOL

Vurdering:

Sagvåg skule har fokus på skrivehandlingar i tråd med NORM-prosjeketet

Skulane har eigne planar for innføring og bruk av ulike læringsstrategiar, og dei lokale planane visar att i læraren sitt planarbeid

I fjor stod et at «Stordskulen» skal ha ein eigen plan for dette. No står det skulane i Stord. Vert det ikkje laga felles kommunal plan? Det er denne me har venta på før me lagar vår eigen plan ut frå denne.

 

 

Elevane kan bruka aktuelle læringsstrategiar i tråd med kvar skule sin plan

Vurdering:

Me ventar framleis på kommunal overordna plan.

 

Skulane prioriterer lesing og tilpassa opplæring m.o.t ressursar

Tiltak:
Det er sett av 10,92 t/v til styrking i 1.-4klasse etter nasjonale retningsliner. Desse vert nytta til å prioritera m.a. lesekurs

 

 

Skulane har variert utval av materiell og læremiddel tilpassa lesedugleik på ulike nivå

Skulane har leserettleiar (ar)

Vurdering:
 10,92 t/v er nytta til styrking i 1.-4klasse etter nasjonale retningsliner. Desse vert nytta til å prioritera m.a. lesekurs

 GRUNNLEGGJANDE DUGLEIK I REKNING

Fokusområde
Formulert som målbare mål
Tiltak Ansvar og tid Teikn på om me
har lukkast
Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Skulane brukar resultata på nasjonale prøvar som grunnlag for refleksjon rundt eleven sitt læringsutbyte.

 

 

 

Nasjonale prøvar er registrert i Vokal og Puls.

 Vurdering:

Dette er blitt gjort

Skulane arbeider systematisk med å heva skulen sitt snitt på nasjonale prøvar.

Tiltak:
Sagvåg skule har fokus på basisfaga norsk, matematikk og engelsk.

 

Skulen sitt snitt i rekning 5. trinn: > 50

Skulen sitt snitt i rekning 8. trinn: > 50

Skulen sitt snitt i rekning 9. trinn: > 53

Vurdering:
Vårt resultat er over måltal. 50,41

Elevane opplever systematiske og tilpassa tiltak som fremjar rekning som grunnleggjande dugleik

Tiltak:
Rekning i alle fag er fokusområde i fellestida til lærarane og i arbeidet i klassane

 

Alle fag har fokus på rekning som grunn-leggjande dugleik og dette viser att i halvårsplanar/planar for faga

Vurdering:
Rekning i alle fag har vore fokusområde i fellestida til lærarane og i arbeidet i klassane i perioden.

 LÆRINGSMILJØ: VURDERING FOR LÆRING

Fokusområde
Formulert som målbare mål
Tiltak Ansvar og tid Teikn på om me
har lukkast
Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Elevane deltar i ei opplæring der dei fire prinsippa i «Vurdering for læring» er godt innarbeidd. Vurderinga fremjar læring, ønskje om meir læring, inspirasjon og motivasjon  hjå elevane

 

 

 

Tiltak:
Alle klassane ved Sagvåg skule gjennomfører programmet «Mitt val».

Me gjennomfører også 'Vekesamling' kvar fredag me vekeoppdrag til klassane og evaluering av veka som gjekk og presenterer nytt vekeoppdrag for den komande veka. Dette er ofte tiltak som fokuserer på arbeid knytt til trivsel og fagleg utvikling.

 

Elevundersøkinga:
Vurdering for læring

(Skoleporten):

7. trinn: > 3,9

10. trinn: > 3,2

Vurdering:
Alle klassane ved Sagvåg skule har gjennomført programmet «Mitt val».

Me har også gjennomført 'Vekesamling' kvar fredag me vekeoppdrag til klassane.

 LÆRINGSMILJØ: MOBBING PÅ SKULEN

Fokusområde
Formulert som målbare mål
Tiltak Ansvar og tid Teikn på om me
har lukkast
Tilbakemelding om grad av måloppnåing

Målretta jobbing for å redusera og førebyggja mobbing i skulen

 

 

Elevundersøkinga:
Læringsmiljø

(Skoleporten):

- 7. trinn < 1,2

- 10. trinn < 1,2

 Vurdering:

Resultat 1,5 som er over måltal på 1,2 (Resultatat for 7.kl i fjor var 1,1)

 LÆRINGSRESULTAT: GRUNNSKULEPOENG

Målretta opplæring med sikte på å auka læringsresultatet

 

 

Gjennomsnittleg grunnskulepoeng for Stord:

> 40,5

 

 GJENNOMFØRING – OVERGANGAR

Målretta opplæring med sikte på å gi god motivasjon for å starta opplæring i vidaregåande skule

 

 

Elevar som er registrert i vidaregåande opplæring same året som avslutta ungdomsskule (i prosent)

> 98,4