oppdater.gif (883 bytes)Oppdatert: Februar 2015

Handlingsplan 2015

Fokusområde

Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me har lukkast

Årsmelding/ Tilbakemelding
om grad av  måloppnåing

BRUKAR

 

 

 

 

Elevane opplever elevdemokrati og medverknad

Tiltak:
Sagvåg skule har eit aktivt elevråd. Me meiner at dette er ein viktig bidragsytar til elevmedverknad. Læraren som har ansvar for elevrådet skriv innkalling og  referat frå møta kvar gong. Rektor kommenterer alltid sakene som kjem opp. 
Her finn du nettsida til elevrådet>>

Rektor elevråds-kontakt

Heile året

 

Resultat:
> 3,9 for barnesteget
> 3,2 for ungdomssteget

 

Elevane trives på skulen

Sagvåg skule er organisert i to team. Det er ein god del samarbeid mellom klassane i 1-2-3-4. og 5-6-7. Dette fører til at elevane for ein relasjon til fleire lærarar enn dei som er knytt til klassen. Me vil også samarbeida meir på tvers av teama.
Dette bør vera positivt for å oppnå trivsel mellom lærarane og elevane.

Skulen har også fokus på at elevar og vaksne skal ha gjensidig respekt for kvarandre

 

Resultat:
> 4,5 på barnesteget
> 4,3 på ungdomssteget

 

Foreldra opplever god informasjon frå skulen om tilpassa opplæring

Me lagar sjekkliste til foreldremøta. Den inneheld  ma. opplysing om korleis me differensierer i timane, og at leksene kan vera ulike for elevar i same klasse.

Skuleleiing saman med dei tilsette

Resultat:
> 65 % av svara i foreldreundersøkinga viser nøgde foreldre i stor eller svært stor grad

 

Foreldre opplever dei vert tatt på alvor når dei tek kontakt med skulen

Tiltak:
Alle lærarane har opplyst foreldra om privat telefonnummer. Dette fører til at heimen som tek kontakt med skulen om ein enkeltelev alltid kan ringa direkte til kontaktlærar. Ein må då forventa at foreldra vert tekne på alvor når dei får kontakt.
Også administrasjonen har alltid fasttelefonen vidarekopla til mobiltelefon for å kunna vera tilgjengelege for dei som ynskjer å ta kontakt med skulen

Skuleleiing saman med dei tilsette

Resultat:
> 90 % av svara i foreldreundersøkinga viser nøgde foreldre i stor eller svært stor grad

 

ØKONOMI

 

 

 

 

Maksimum avvik i høve vedtekne budsjettrammer

Tiltak:
Administrasjonen melder inn statusrapport for økonomi kvar månad . (ePhorte)

Administrasjonen

Resultat:

< 0,5 %

 

MEDARBEIDARAR

 

 

 

 

Deltakarprosent på medarbeidarundersøkinga

Det vert sett av tid til å svara på medarbeidarundersøkinga både for lærarane og andre tilsette

Administrasjonen

Resultat:
> 68 %
i medarbeidarundersøkinga

 

Medarbeidaren er nøgd med arbeidssituasjonen sin

Tiltak:
Sagvåg skule vil rydda meir plass til samarbeid mellom lærarar og assistentar.

Skuleleiinga saman med dei tilsette

Resultat:
> 4,7
i medarbeidarundersøkinga

 

Medarbeidarane bidreg aktivt til å nå verksemda sine mål

Medarbeidarane vert tekne med i arbeidet med å utarbeida handlingsplanen, og det vert i ettertid sett av tid til drøfting av mål og måloppnåing.

Skuleleiinga saman med dei tilsette

Resultat:
> 5,0
i medarbeidarundersøkinga

 

Medarbeidarane opplever å ha naudsynt kompetanse til å utføre sine arbeidsoppgåver

I medarbeidarsamtalen er dette eitt av punkta. I avtalen etter samtalen vert det ofte fokusert på at leiinga skal bidra til at den tilsette i det komande året får tilbod om dei kompetansetiltaka som den tilsette ynskjer og eininga treng.
Me vil laga individuell kompetanseplan for den enkelte arbeidstakar, og samordna denne med skulen sine behov.

Skuleleiinga

Resultat:
> 4,8
i medarbeidarundersøkinga

 

Medarbeidarane løyser felles arbeidsoppgåver på sin arbeidsplass på ein god måte

Tiltak:
Sagvåg skule vil vidareutvikla felles malar for vekeplanar ol.

Skuleleiinga saman med dei tilsette

Resultat:
> 4,9
i medarbeidarundersøkinga

 

Medarbeidarane opplever at næraste leiar gjev deg tilstrekkeleg attendemelding på den jobben han gjer

Tiltak:
Våren 2014 vert det gjennomført skulevandring etter «vår» modell, med videofilming av ein vanleg skuledag.
Våren 2015 vert det vurdert ei skulevandring som er meir lik «tradisjonell» skulevandring.

Skuleleiinga

Resultat:
> 4,2
i medarbeidarundersøkinga

 

Medarbeidarane er nøgde med arbeidsgjevar si tilrettelegging for relevant kompetanseutvikling

Medarbeidarane er nøgde med arbeidsgjevar si tilrettelegging for relevant kompetanse-utvikling

Det vert laga individuelle kompetanseplanar

Resultat:
> 3,9
i medarbeidarundersøkinga

 

Sjukefråvær %

Sagvåg skule hald fram arbeidet med å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø slik at fråvære berre er knytt til sjukdom og i lita grad arbeidsrelaterte tilhøve. I 2014 hadde Sagvåg skule eit fråvære på 3,28 %

2014:
Fråvære skule: 3,28%
Fråvære SFO: 2,51%
Betre enn 7,5%

 

Resultat: 7,5 %

 

Korttidsfråvær < 16 dagar

Me kan ikkje sjå at me har tal for dette for kvar enkelt skule i den statistikken me får ut…..

 

Resultat: 2,4 %

 

Hendingar med arbeidsrelatert skade

Me har ikkje hatt det i 2014

 

Resultat: 0

 

FOLKEHELSE

 

 

 

 


Fysisk miljø: Elevane er nøgd med følgjande tilhøve på skulane?
a) Lufta i klasseromma
b)Temperaturen i klasseromma
c) Klasseromma elles
d) Lærebøker og utstyr
e) Skulebibliotek
f) Toalett
g) Garderobe og dusj
h) Skulebygget
i) Reinhald/vasking
j) Uteområdet elevane kan bruka i friminutta

Tiltak:

a) I nokre av romma er det for dårleg ventilasjon og målingar av luftkvalitet ligg over tiltaksgrensa. Dette vert det arbeidd med våren 2015

b) Det kan bli for varmt når sola står på og for kaldt etter feriar og helger vinterstid. Det er montert solskjerming i eitt avklasseromma

c) Klasseromma er storts ett ryddige og reine

d) Sjølv om det berre er budsjettert med kr 445,- pr elev til lærebøker så har me klart å halde budsjettet på denne posten. Til fritt skulemateriell er det budsjettert med 187,- pr elev. Også her klarer me å halde oss innafor stramme rammer.

e) Me har ikkje skulebibliotikar og det er sett av kr 43,30 pr elev til skuleboksamlinga.

f) Stort sett reine og fine

g) Stort sett reine og fine

h) Framleis funksjonelt og godt vedlikehald eter snart 10 år

i) 6 t reinhald pr. dag

j) Flott og stort uteområde med ulike aktivitetstilbod

 

Resultat:
> 3,1
i elevundersøkinga for
7. trinn.

Resultat:
> 2,6
i elevundersøkinga for
10. trinn.

 

Skulane har tenlege tilhøve til måltid, og at måltida er på ein slik måte at dei sosiale sidene blir ivaretekne

Me stettar krava på dette punktet

 

·         Elevane får minimum
20 minutt til å eta

·         Elevane har tilbod om mjølk, frukt og grønsaker

·         Elevane på ungdomsskulane har tilgang til kantine/matsal

 

Både ved kort- og langvarig fråvær utan gyldig grunn varslar skulen foreldra/føresette

Me ringer heim før kl 09.00 dersom elev uteblir frå skulen utan at me har fått melding om dette på førehand.

 

Ingen elevar har fråvær utan gyldig grunn

 

Barneskulane:
Elevane på 5.-7. trinn får 76 timar med fysisk aktivitet, i tillegg til dei timane som er knyta til kroppsøvingsfaget

Dette vert gjennomført. Men det er krevjande med ein ressurs på 2 assistenttimar i veka til om lag 65 elevar fordelt på aktivitet 2*30 minutt i veka

 

Den fysiske aktiviteten blir tilrettelagt slik at alle elevar, uavhengig av funksjonsnivå, opplever glede, mestring, fellesskap og variasjon i skuledagen

 

 

Ungdomsskulane:
Skulane legg til rette for at elevane alltid kan vera med i kroppsøving ut frå sine eigne fysiske føresetnader

 

 

Den fysiske aktiviteten blir tilrettelagt slik at alle elevar, uavhengig av funksjonsnivå, opplever glede, mestring, fellesskap og variasjon i kroppsøvingstimane