oppdater.gif (883 bytes)Oppdatert: 14.06.13

Handlingsplan 2013 med evaluering til årsmelding 15.desember 2014

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me har lukkast

Tilbakemelding
 om grad av  måloppnåing

BRUKARAR

 

 

 

 Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Elevane  opplever medverknad

Tiltak:
Sagvåg skule har eit aktivt elevråd. Me meiner at dette er ein viktig bidragsytar til elevmedverknad. Læraren som har ansvare for elevrådet skriv innkalling og  referat frå møta kvar gong. Rektor kommenterer alltid sakene som kjem opp. 
Her finn du nettsida til elevrådet>>

Rektor elevråds-kontakt

Heile året

Resultat betre enn 2,3 i elevundersøkinga (ungdomssteget)

Elevane gjev vurdering 4,2 på spørsmålet om elevdemokrati i elevundersøkinga.

Me opplever at elevane vert meir og meir engasjerte i dette arbeidet. Også yngre elevar.

 

Elevane trives saman med lærarane sine

Tiltak:
Sagvåg skule er organisert i to team. Det er ein god del samarbeid mellom klassane i 1-2-3-4. og 5-6-7. Dette fører til at elevane for ein relasjon til fleire lærarar enn dei som er knytt til klassen. Dette bør vera positivt for å oppnå trivsel mellom lærarane og elevane.
Skulen har også fokus på at elevar og vaksne skal ha gjensidig respekt for kvarandre

Rektor

 

Haust 2013: Opplever du at lærarane bryr seg om deg? 4,13

 

Når 45 elevar opplever at alle, eller dei fleste læraren bryr seg om dei og sju elevar svarer nokre få.

 Me opplever at elevane stort sett trivest saman med oss.

 

Foreldra opplever god informasjon frå skulen om tilpassa opplæring

75% av foreldra i 7.klasse svarte på   foreldreundersøkinga våren 2013. Av desse svarte 75% at dei var heilt eller delvis samd i påstanden. 
Tiltak: 
Informasjon om tilpassa opplæring må vera eit fast infopunkt i foreldremøta. Det vert laga ei sjekkliste som alle lærarane nyttar i foreldremøta slik at me veit at denne typen informasjon når fram

Rektor

 

Resultat 65 % av svara i foreldreundersøkinga viser nøgde foreldre i stor eller svært stor grad

Med eit positivt svar på 75% så har me nådd målet her.

Sjekkliste?

-          Leksene kan ymsa

-          Kva gjer me for å differensiera i timane?

Foreldre opplever dei vert tatt på alvor når dei tek kontakt med skulen

Tiltak:
Alle lærarane har opplyst foreldra om privat telefonnummer. Dette fører til at heimen som tek kontakt med skulen om ein enkeltelev alltid kan ringa direkte til kontaktlærara. Ein må då forventa at foreldra vert tekne på alvor når dei får kontakt.
Også administrasjonen har alltid fasttelefonen vidarekopla til mobiltelefon for å kunna vera tilgjengelege for dei som ynskjer å ta kontakt med skulen.

Rektor

 

Resultat 90 % eller meir i foreldreundersøkinga viser nøgde foreldre i stor eller svært stor grad

  90% av dei som svarte seier her at dei er Svært nøgd eller Noko nøgd.

ØKONOMI

 

Ansvar og tid

Teikn på om me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Skulen har god økonomistyring

Tiltak:
Administrasjonen melder inn statusrapport for økonomi kvar månad som skissert i mail frå kommunalsjef februar 2013 (I ePhorte)

 

Rektor

 

Resultat: Null prosent avvik

Sagvåg skule har i SFO og skule eit overforbruk på 1% i 2013. Dette utgjer kr 173.357,-


 

MEDARBEIDARAR

 

Ansvar og tid

Teikn på om me har lukkast

 Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Medarbeidarane er nøgde med arbeidssituasjonen sin

Tiltak:
Sagvåg skule vil halde fram arbeidet med å involvera alle dei tilsette slik at dei får innverknad på arbeidssituasjonen sin. Leiinga har faste møte med alle lærarane og assistentar og andre tilsette kvar veke. Medarbeidarundersøkinga 2011 viste gode tal for oss.
 

Rektor

 

Resultat 4.7 eller betre i medarbeidarundersøkinga.

Spørsmålet: Alt i alt, kor godt trivst du med arbeidet ditt og arbeidssituasjonen din? 5,1

Redusert sjukefråvær

Tiltak:
Sagvåg skule hald fram arbeidet med å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø slik at fråvære berre er knytt til sjukdom og i lita grad arbeidsrelaterte tilhøve. I 2012 hadde Sagvåg skule eit fråvære på 4,17 %

Rektor

 

Resultat betre enn 7,5 %

Sagvåg skule har 2012 eit fråvære på 3,9% for skule og 3,1 for SFO Dette har auka noko våren 2013. Dette har naturleg forklaring.

Kommunal avtale/sponsing av trening?

 Medarbeidarane bidreg aktivt til å nå verksemda sine mål

Tiltak:
Sjølv om me ligg på ynskja resultat så vil me i framtida i større grad fokusera på måla våre både mot lærarane og andre tilsette.

Rektor

 

Resultat  5 eller betre i medarbeidarundersøkinga

 Svar frå den siste undersøkinga (2013)

Sagvåg skule ligg her nær snittet for Noreg som er 5, me har 4,9. Me burde nok ved ei så lita verksemd vore over 5

Ligg eit potensiale i å ha oftare/fleire pedagogiske diskusjonar i forhold til korleis me betre kan nå måla i kunnskapsløftet.

Medarbeidarane opplever å ha naudsynt kompetanse til å utføra sine arbeidsoppgåver

Tiltak:
I medarbeidarsamtalen er dette eitt av punkta. I avtalen etter samtalen vert det ofte fokusert på at leiinga skal bidra til at den tilsette i det komande året får tilbod om dei kompetansetiltaka som den tilsette ynskjer og eininga treng.

Rektor

2012

Resultat 2011 var 4.8 . i 2013 er svaret 4,4. Dette kan me ikkje vera nøgde med. Snitt for Noreg er 4,9

Det vert utarbeidd individuell kompetanseplan for alle dei tilsette våren 2014

Ynskje om å gå djupare inn i ting me har jobba i prosjekt med (Sol, Normprosjektet ol.) for å få det endå meir inn i praksisen.

Medarbeidarane løyser felles arbeidsoppgåver på sin arbeidsplass på ein god måte

Tiltak:
Her vil me i 2013 analysera kva desse oppgåvene er. Dette skjer i drøfting med lærarane og andre tilsette.

Rektor

 

Resultat 4.9 eller betre i medarbeidarundersøkinga

Her har me ein skår på 5,1 Det er eit godt resultat. Det er ei satsing for oss 2014 å halde denne oppe.

Medarbeidarane opplever at næraste leiar gjev tilstrekkeleg attendemelding på jobben dei gjer

Tiltak:
Det vert gjennomført medarbeidarsamtale med alle tilsette kvart år. Det vert også gjennomført skulevandring i alle klassane kvart år der ein ved hjelp av film i etterkant analyserer skuledagen.
Felles møtetid vert også nytta til evaluering av arbeidet me gjer.

Rektor

 

Resultat 4.2 eller betre i medarbeidarundersøkinga

Sagvåg skule har her eit resultat på berre 4,0. Det er under landsgjennomsnittet og målet for kommunen. Å heve dette resultatet vert gjort med «Skulevandring» skuleåret 2014-15 og 2015/2016.

Medarbeidarane er nøgde med arbeidsgjevar si tilrettelegging for relevant kompetanseutvikling

Tiltak:
Viser til det eg skriv om medarbeidarsamtalen over. Elles ligg me her på landsgjennomsnitt på 4,1 i 2011 undersøkinga. 

Rektor

 

Resultat 3.9 eller betre i medarbeidarundersøkinga

Snitt for Noreg er her 4,2. Også Sagvåg skule ligg på 4,2 Det er over kommunalt mål (3,9)

 

Stord kommune har eit heilskapleg og samordna tilbod til alle barn og unge, og medarbeidarane i skulen veit kor dei kan få støtte og hjelp dersom ein har ei bekymring for enkeltelevar

Tiltak:
Sagvåg skule informerer om dei ulike tiltaka knytt til Støtteteam, tverrfaglege møte o.a. Det er naturleg at dette er team i nokre av dei faste møta leiinga har med lærarar og assistentar kvar veke.

 

Alle medarbeidarane i skulen er kjend med kva ansvar ein har ift barn ein er bekymra for, veit kor dei kan søkja støtte og hjelp i einskildsaker og er kjend med BTI- modellen

ELærarane vil bli kjent med BTIO-modellen vår og haust 2014. Skuleleiinga er blitt informert om prosjektet.

 

 DEL 2. FAGLEG DEL

LESEPROSJEKTET LESEDUGLEIK I STOR KOMMUNE (gjeld alle skulane)

Fokusområde

Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar og tid

Teikn på om me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Elevane opplever auka lesedugleiken og leselyst

 

Tiltak:
Det vert gjennomført tiltak som skal heva lesedugleiken til elevane. Spesielt er det sett inn tiltak på 5.klasse grunna resultata frå nasjonale prøvar hausten 2012. Det vert også gjennomført faste foreldremøte med foreldra med born i 1.klasse og 5.kjlase der skuleleiinga er med. Desse møta er obligatoriske og dei som ikkje kan møta vert innkalla til individuelle møte med leiinga på skulen.

Rektor & lærarane

 

Resultat på nasjonale prøvar:
5.trinn: 
Mestringsnivå 1: 25 %
Mestringsnivå 2: 49 %
Mestringsnivå 3: 26 %

Resultata for 5.trinnet 2013/14 ligg litt under den kommunale målsettinga. Me har nådd målet på kategori 3, men er overrepresenterte i kategori 1

Mestringsnivå 1: 36,8 %
Mestringsnivå 2: 36,8 %
Mestringsnivå 3: 26,3 %

Tiltak: Me har gjennomført fast opplegg der rektor og lærarane har møte med foreldre og elevar med framlegging av resultata i januar.

 

Elevane sitt nivå innan lesedugleik er kartlagt ved hjelp av systematisk observasjon av lesing (SOL)

Tiltak:
Alle elevane ved Sagvåg skule skal "solast" også 2013

Vidare vil resultata av "solinga" bli vurdert slik at dette kan brukast til å legga grunnlag for god tilpassa leseopplæring.

Klassane rapporterer ein gong i året status for arbeidet til leiinga.

Les meir på SOL-sida vår>>

Rektor & lærarane

 

Elevane er ”sola”i tråd med tiltaksplan for kvar skule

Skuleåret 2013/14 vert alle elevane «solte». På mellosmsteget nyttar me også Kartleggaren.

Elevane opplever systematiske og tilpassa tiltak som fremjar lesing som grunnleggjande dugleik

Tiltak:
(Sjå teksten over)

 

Rektor & lærarane

 

Elevane sine oppgåver på skulen og heime viser tilpassing til aktuelt  nivå i lesing i tråd med resultat i SOL

Eit av nøkkeltiltaka her er vekeplanar og leselekse. Denne har me som mål at skal tilpasast lesedugleiken til den enkelte eleven. Eit sterkt fokus for oss er også lesing i alle fag som eit sentalt tiltak i leseopplæringa.

Skulane gjennomfører eigne planar for innføring og bruk av ulike læringsstrategiar

Tiltak:
Me har laga ei strategitrapp i SOL-planen vår. Denne er forpliktande for lærarane og vert gjennomgått ved starten av kvart skuleår.

I SOL-planen er det laga ei eiga læringstrapp for dette>>

Rektor & lærarane

 

Elevane kan bruka aktuelle læringsstrategiar i tråd med kvar skule sin plan

 Dette vert gjennomført etter planen.

Skulane prioriterer lesing og tilpassa opplæring m.o.t ressursar

Tiltak:
Ein stor del av styrkingstimane i basisfaga har me sett inn i 2.klasse 2012/13 då dei der er 28 elevar, utan deling elles.

Skulen har eit godt utval lesehefte for ulike nivå.

Skulen har ikkje leserettleiar.

Rektor & lærarane

 

Skulane har variert utval av materiell og læremiddel tilpassa lesedugleik på ulike nivå

Skulane har leserettleiar (ar)

 Dei 8 styrkingstimane i 1.-4.klasse vert i stor grad nytta til norskfaget, men skal også nyttast som ei styrking av dei andre basisfaga.


 

RUTINAR OG UTFORDRINGAR I SAMBAND MED SPESIALUNDERVISNINGA (gjeld alle skulane)

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar

Teikn på at me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Elevar får tilfredsstillande og tilpassa opplæring utan enkeltvedtak etter § 5-1.

Tiltak:
Ja, 90% får det på Sagvåg skule, men talet på elevar som får §5-undervisning er relativt høgt.(Om lag 10%)Situasjonen til den enkelte eleven vert kritisk gjennomgått i fasttidsmøte med PPT med tanke på om eleven kan gjere seg nytte av tilpassa opplæring utan spesialundervisning.

Rektor & lærarane

 

Det samla prosenttal enkeltvedtak etter § 5-1 blir ikkje høgare enn nivået for 2012, dvs om lag 7 %

Ved Sagvåg skule har  8% av elevane spesialundervisning hausten 2013. Dette er ein nedgang frå tidlegare år då me har vore 10-12%

Årsaka kan vera fokuset på tilpassa opplæring, eller tilfeldige svigningar.

I barneskulane sine planar for tilpassa opplæring blir tidleg hjelp prioritert

Tiltak:
Me måtte sette store deler av styrkingsressursen inn på 2.klasse grunna høgt elevtal, 1.klasse har då fått mindre styrking enn det dei burde hatt.

Dersom det vert 29 elevar i 3.klasse 2013/14 så vil klassen bli delt. Då vil andre klassar frå nytte av dei 6 timane som denne klassen no har.

 Vår plan for tilpassa opplæring>>

Rektor & lærarane

 

Dei lågaste trinna er prioritert i høve tid, personell og materiell


Det vert framleis 28 elevar i det som vert 3.klasse. Denne klassen må difor få ein relativt stor del av dei 8 styrkingstimane som vart tiltenkt heile småskulen. Me vil likevel klare å få gjennomført ein del tiltak.


 

ELEVVURDERING OG LÆRARREFLEKSJON

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar

Teikn på at me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Elevane får fagleg rettleiing om kva dei må gjera for å betra læringsresultata sine

Tiltak:
Vårt arbeid på dette området er knytt til *
RLM-prosjektet som me var med i>> (*Refleksjonsbaserte lærarmapper)held fram. Fokus på god tilbakemelding fører også til at kravet til dette aukar hos elevar og lærarar. 
Her er vårt snitt 3,09. Dette er  under det kommunale målet på 3,5. Sjå detaljane i svara under. 

Snittverdi betre enn 3.5 for barnesteget og betre enn 3,0 for ungdomssteget i elevundersøkinga

Snittet i elevundersøkinga for 5-6-7 våren 2013 viste eit snitt på 3,66. Me har nådd det kommunale målet, men ynskjer betre resultat på dette området då rettleiing og vurdering er eit fokusområde for oss.

Elevane si oppleving av meistring i samband med undervisning, lekser og arbeid på skulen

Tiltak:
Det vert arbeidd med å få felles forståing for kva som skil arbeid på skulen frå lekser. Dette med overlæring og repetisjon står sentralt i leksearbeidet. Me er inne i eit arbeid der betre arbeids/lekseplanar for elevane vert sett i fokus. Målet er at desse planane skal ha fellestrekk frå 1. til 7.klasse, men at dei sjølvsagt skal utvikla seg i løpet av desse åre. Det kan også vera ein "mal" for 1.-4.kl og ein for 5.-7.kl, men ein må sjå ein progresjon fram mot 8.klasse og planane som vert nytta på ungdomssteget.
Me har 3,9 på spørsmålet: 
Kor ofte opplever du at arbeidet med skulefaga krev mykje, men at du greier oppgåvene viss du verkeleg prøver?

Snittverdi betre enn 3.9 for barnesteget og betre enn 3,8  for ungdomssteget i elevundersøkinga

Det er mange spørsmål i elevundersøkingane som tek opp dette. På spørsmålet om sulearbeidet er for vanskeleg har me eit snitt på 3,9.


 

MOBBING

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar

Teikn på at me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Målretta jobbing for å redusera og førebyggja mobbing i skulen

Tiltak:
Alle klassane ved Sagvåg skule gjennomfører programmet 'Steg for steg'.

Me gjennomfører også 
'Vekesamling' kvar fredag me vekeoppdrag til klassane og evaluering av veka som gjekk og presenterer nytt vekeoppdrag for den komande veka. Dette er ofte tiltak som fokuserer på arbeid knytt til trivsel og fagleg utvikling.

 

Elevar som opplever at dei blir mobba og kor ofte dei blir mobba er både for barne- og ungdomssteget mindre enn 1,3 i elevundersøkinga

Tiltaka med trivselsleiar og veksesamlingar med felles vekeoppdrag knytt til trivsel og åtferd meiner me at gjev resultat, og me held fram med desse tiltaka.
Oppslaga i media om at mobbeprogramma ikkje alltid fungerer like godt har også gjeve oss tru på at vårt daglege arbeid med vår eigen modell har støtte i forskinga.
Les meir: 
http://www.nrk.no/nyheter
/norge/1.8051465

SOSIALT LÆRINGSMILJØ

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar

Teikn på at me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Utvikling av eit godt sosialt læringsmiljø

Tiltak
Sjå rubrikken om mobbing.

 

Tilbakemeldingar på elevane sin sosiale trivsel på skulen, inkludert trivsel med medelevar er i elevundersøkinga betre enn 4,4 for barnesteget og betre enn 4,3 for ungdomssteget

Sagvåg skule får 4,25 på spørsmålet om du trivest i elevgruppa di. Det er litt under det kommunale målet. Bak tala ser me at alle trivset svært godt eller godt. Ingen på trivst litt, eller dårlegare. Me meiner då at våre resultat er svært gode og at 4,25 bør vera eit svært godt resultat.

 


 

FYSISK LÆRINGSMILJØ

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar

Teikn på at me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Utvikling av eit godt fysisk læringsmiljø

Tiltak:
Me har ein relativt ny skule med gode og funksjonelle undervisningsareal i ein fleksibel skule. Me arbeider kontinuerleg med å oppnå maksimal utnytting av dei fine lokala våre ved å få opp brukarprosenten i alle rom. Me har m.a. eig eigen rombruksplan på nett der lærarane kan tinga rom dersom dei vil nyta andre rom dei heimebasane. Denne planen er mykje brukt. 
Her er han>>
Sagvåg skule har her eit snitt på 4,01 i vurderinga av klasseromma. Det er over kommunale mål

 

Elevane si vurdering av det fysiske læringsmiljøet er betre enn 3,1for barnesteget og 2,6 for ungdomssteget i elevundersøkinga

Ved Sagvåg skule vurderer elevene det fysiske miljøet til 4,15 på spørsmålet "om klasserommet elles".
Det er godt over kommunalt mål.


 

BARN OG UNGE MED ULIK KULTUR-OG SPRÅKBAKGRUNN (alle skular med minoritetsspråklege elevar)

Fokusområde
Formulert som målbare mål

Tiltak

Ansvar

Teikn på at me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Barn og unge frå ulike kulturar er deltakarar i sosiale samanhengar

Tiltak:
Sagvåg skule tek imot elevar frå ulike kulturar ved at dei vert integrerte i skulekvardagen og slik også får vener på fritida. Me ynskjer at ein held fast på denne modellen. Til no har elevar som kjem 
til Sagvåg skule vore
 integrert på vår skule frå dag ein. 
Om dette vert endra med oppstartkla
ssar vil tida vise…

Rektor & lærarane

Elevar frå ulike land samarbeider og inspirere kvarandre i ulike tilrettelagte
 sosiale samanhengar

Me har ikkje eiga undersøking om dette, men våre observasjonar tyder ikkje på til at det er kulturell bakrunn som er avgjerande for om du vert godt i inkludert i det sosilale miljøet ved Sagvåg skule.

Barn og unge frå ulike kulturar er ressursar for kvarandre i læringssituasjonar

Tiltak:
Sjå over

Rektor & lærarane

Elevar frå ulike land arbeider saman
i grupper der det skjer både 
formell og uformell læring

Sjå over

Tiltak til minoritetsspråklege barn og unge er i samsvar med rettane deira

Tiltak:
Me føl lova også på dette 
området

Rektor & lærarane

Elevane det gjeld, får morsmåls-
opplæring i tråd med Opplærings-
lova § 2-8
Elevane det gjeld, får ekstra norsk –
opplæring i tråd med Opplærings-
lova § 2-8

Alle har våren 2013 fått enkeltvedtak som omhandlar om dei har krav på  språkopplæring 2013/14


 

KOMPETANSE HOS TILSETTE 

 

Tiltak

Ansvar

Teikn på at me har lukkast

Evaluering til årsmelding 
15.februar 2014

Skulane har innan 01.05.11 eigne kompetansetiltaksplanar i tråd med arbeidsområde og målsettingar

Tiltak:
Sagvåg skule har laga ein individuell opplæingsplan for kvar av dei tilsette. Denne tek omsyn til behova som skulen har og ynskje frå den tilsette. (Kompetanseheving med og utan studiepoeng og skulebasert kompetanse-heving.)

Rektor & lærarane

Dokumentasjon  av planar

Dette skuleåret er mykje av tida knytt til kompetanseheving blitt knytt til Norm-prosjektet og skriving i alle fag. Dette gjeld både kursdagar og fellestida.

Elevane får opplæring av personale med relevant kompetanse for aktuelle område

Tiltak:

Lærarar med spesifikk fagutdanning får i stor grad undervisningsoppdrag knytt til deira kompetanse.

Rektor & lærarane

Skulane viser samansetting av team 
og fordeling av personell i tråd
med sentrale og lokale føringar

Sagvåg skule har eit høgt utdanna personale. I kva grad elevane skal ha faglærarar i ulike fag vert vurdert frå år til år i samband med timeplanlegginga. Elevana vil då få fleire lærarar i løpet av dagen, og mindre kontakt med kontaktlæraren sin.

 

Vedlegg 1: 

Elevtal  pr. 15.01.2013

1.klasse

19

2.klasse

23

3.klasse

27

4.klasse

24

5.klasse

20

6.klasse

24

7.klasse

19

Elevar totalt:

156

Vedlegg 2:

Prognose elevtalutvikling (Skulebruksplanen 2012-2020) ->

 

Vedlegg 3:

I rapporten 'Analyse av skuledrift i Stord kommune 2001-02' vart det laga ei prioritering.
Desse oppgåvene er ikkje lovpålagt, men gruppa skreiv: 

Tiltaka finn me ikkje omtalt som krav i sentrale og lokale vedtak, men skal ein skule fungera
etter intensjonane i sentrale planar, er det viktig å ha ressursar nok til å fylla tiltaka og
 funksjonane det her er snakk om etter eiga prioritering. Oversynet har med døme på ressursomfang
som kan vera eit utgangspunkt for skulane i deira vurdering.
 
Atle Bjørn Mæhle (Prosjektansvarleg), Mari Espeland (Prosjektleiar, sekretær), Tor Langeland (Økonomiavdelinga),
Torger Tvedten (rektor barneskule, John Karsten Raunholm (Rektor ungdomsskule), Anne Greth Hillesdal (Utdanningsforbundet)

  Tiltak Ressurs Merknad Kommentar pr. jan-2010
1 Tiltak til elevar som treng litt ekstra hjelp. Assistent, ”kurs”, deling i grupper, to lærarar i årsstegn m.m 10 % av bunde undervisnings- timetal  (utanom 1.årssteg) § 5 – timar går då kun til dei som treng mest hjelp, og denne 10 % ressursen er heilt nødvendig for å kunna halda talet på tilmeldingar til PPT nede på eit akseptabelt nivå.

Assistent vert her vanlegvis halde utanom § 5-tildelinga

Denne posten kom på plass for småskulen hausten 2009 då staten løyvde midlar til tidleg innsats. Dette utgjorde omlag 10% av rammetimetalet for 1.-4.klasse:
Våren 2010 er halvparten av denne ressursen blitt brukt til redusert lesetid til SOL-rettleiiarane. (Kommunalt prosjekt)
2 Vikar Min. 4.5 % av grunnressurs  (inkludert §5- ressurs m.m) Skulane kan løysa vikarspørsmålet  ulikt i praksis (t.d flytande timar, fast på teama osv.) Ingen kan klara seg utan vikar-ressurs  
3 Teamleiar 2 t/v pr teamleiar Team er ei prioritert ordning i kommunen, jfr tidlegare felles satsingsområde og forventningar frå strategisk leiing til skulane.Ulike løysingar er aktuelle etter korleis skulane definerer team, men alle bør tenkja ”storteam” i denne samanhengen, med ansvar utover eitt årsstegsteg. Døme på ressursbruk: 
Barneskulen: 1 parallellar: 2 team , 2 parallellar: 3 team, Nysæter u.skule: 3 team . , Stord ungd. skule: 6 team
 
4 Delingstimar til heimkunnskap, kunst-og handverk,  tilvalsfag  

Heimkunnskap: 3 t/v pr 6. og 9.årssteg
Kunst-og h.verk: 2 t/v pr kl 5.- 10.steget
Tilvalsfag u.steget, 1 t/v pr årssteg

 
5 IKT-ansvarleg

 0.25 t pr årssteg

Må skilja i teknisk hjelpebehov og pedagogisk rettleiing og tenkja bruken av ressursen ut frå behovet. Greia ut alternative modellar og innhald i tenesta i samarbeid med IKT-avdelinga  
6 Bibliotekansvarleg 1 t/v pr skule 
0.5 t /v 
pr 100 elev
Ordninga sikrar orden og oppfølging av system på biblioteket, som også er ope elles for elevar og tilsette.  

 

Vedlegg 4:

Våre eigne prosjekt for perioden

 

  Skriveprosjekt 1 ('Normprosjektet')

Prosjektsida vår>>

 

 Skriveprosjekt 2 ('Fokus på fagtekst')

Nynorsksenteret

Dette skriveprosjektet er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret i Volda og Stord kommune. Alle dei tre ungdomsskulane er med i tillegg til Rommetveit- og Sagvåg skule.

Les meir på prosjektsida>>
 Det er mitt val

 teiknspråk