oppdater.gif (883 bytes)Oppdatert: Februar 2007

 

Handlingsplan 2006  
Handlingsplanen er er del 2 av Strategisk plan 2005/08>>
Planen vert oppdatert gjennom heile planperioden.

   
Innhald

Målkart for Sagvåg skule 2006
Vårt målkart er kopi av felles målkart for Stord kommune.
Dei områda me arbeider med kan du lese meir om ved å bruka hypekoplingane

Handlingsplan for "Ung & rus">>

oppdater.gif (883 bytes)Oppdatert: Februar 2007    

Fokus-område

Brukarar

Økonomi

Medarbeidarar

Organisasjonsutvikling

Samfunn

Må lukkast med

(kritiske suksess-faktorar)

B1 Relevane og tilpassa informasjon

B2 Rutinar og møteplassar for medverknad

B3 Definert kvalitet på tenestene innan eksisterande rammer

  • Tenesteomtale>>

Ø1 Samsvar mellom mål og rammer

Ø2 Einingane har sjølv eller har tilgang til økonomikompetanse

  • Nyttar økonomiavdelinga v/ Tor Langeland

Ø3 Einingane har sjølv eller har tilgang til økonomikompetanse

  • Det er laga ressursbruk- skjema på elevnivå til internt bruk

Ø4  Gode målesystem for effektiv ressursbruk og tenesteproduksjon

M1 Eit ivaretakande og godt arbeidsmiljø

M2 Fagleg og personleg utvikling

M3 Rutinar for medansvar og medverknad

  • Fora:
    Felles møte for alle kvar tysdag
    teammøte ein gong i veka

M4 Effektive medarbeidarar

O1 Leiarar som legg til rette for utvikling

O2 Det er høg grad av samarbeid og samordning i aktuelle saker

  • ....

O3 Samsvar mellom måten me organiserer arbeidet på, og dei digitale verktøya me har.

 

S.1 Satsingsområda i K-planen vert fasa inn i handlingsplanane der dei naturleg høyrer heime

S.2 Einingane har eigne tiltak innan satsingsområda

S 3 Brukarane får kjennskap til satsingsområda

 

Teikn på om me har lukkast (måle- indikatorar)

pr.jan-05

B 1.1 Brukarane er nøgde med informasjonsrutinar
 

B1.2 Alle einingar har oppdaterte tenesteomtalar 
Ja

B2.1 Brukarane er nøgde med høve til medverknad
Me har pr. jan -07  gjennomført elevundersøkingane for 5-6-7.st. Resultata er i det store og heile positive for skulen.

B3.1 Sakshandsamingstida er akseptabel
Ja, brukarane får svar innan ei veke.

B3.2 Brukarane er nøgde med total kvalitet på tenestene
Me har pr.jan -05 ikkje gjennomført brukarundersøking (mot foreldra) med dette spørsmålet.

Ø1.1 Dokumentert samsvar mellom mål og rammer
Sagvåg skule har 2006 klart å gjennomføre dei planlagde tiltaka

Ø1.2 Avvik samanlikna med budsjettet
Sagvåg skule held seg innanfor dei økonomiske rammene budsjettåret 2006

Ø2.1 Samsvar mellom siste prognose og årsrekneskapet
Ja

Ø3.1 Kostnad pr teneste/brukar samanlikna med anna kommunegruppe
 

Generelt er Stord den kommunen i Noreg som bruker minst til undervisning pr. elev. Berre to kommunar brukar mindre. Andre kommunale tenester kjem betre ut i denne samanlikninga.
(Kjelde: SSB/Dagbladet)

M 1.1 Tilfredse medarbeidarar
Medarbeidarundersøkinga i kommunal regi i 2004 viste at Sagvåg skule hadde gode resultat. Også medarbeidarsamtlane tyder på dette.

M2.1 Systematisk kompetanseutvikling
Sagvåg skule føl eigen plan for kompetanseutvikling for skulen

M2.2 Samsvar kompetanse og oppgåver
Medarbeidarundersøkinga i kommunal regi i 2004 viste at dei tilsette følte ei stor grad av samsvar.

M3.1 Alle har medarbeidarsamtalar
Ja.

M4.1 Einingane har arbeids-og informasjonsrutinar
Ja.

M4.2  Tilsette er klar over forventa resultat i jobben

Ja.

O 1.1 Oppleving av leiar som bidrar til læring, utvikling og fornying 
Ja, medarbeidarsamtalane tyder på det.

O2.1 Aktuelle tiltaksplanar involverer fleire einingar
Ja, det vert arbeidd spesialt med samarbeid barnehage7skule og barneskule/ungdomsskule i 2006/07

O3.1 Datasystem er innført i tråd med framdrifts- planarbåde administrativt og i tenesteyting direkte
Ja, si første rekkje gjenniom internett, men også i info-skriv.

 

S 1.1 Handlingsplanane inneheld eitt eller fleire av satsingsområda etter dei er vedtatt av K-styret
Ja.

S 2-1 Einingane viser plan for tiltak innan valgte satsingsområde
Ja.

S3.1 Einingane kan dokumentera informasjon til brukarane om K-planen og fylgjer for eininga
Ja.

Målemetodar

1.1 Brukarundersøking

1.2  Telja opp

2.1 Brukarundersøking

3.1 Kostra og Måltkvalitet KS-bedrekommune.no

3.2 Brukarundersøking

4.1 Brukarundersøking

 

1.1 Budsjett/handlingsplan

1.2  Avviksrapport

2.1 Avviksrapport

3.1 Kostra, KS eff.nettverk

4.1 Kostra, KS eff.nettverk
Kommunegruppe 8 Fjell, Os, Bømlo

 

1.1 Medarbeidarundersøking

2.1 Medarbeidarundersøking

2.1 Planar i einingane

2.2 Medarbeidarundersøking

3.1Medarbeidarundersøking

4.1Medarbeidarundersøking

4.2 Medarbeidarundersøking Målt kvalitet

 

1.1 medarbeidarundersøking

2.1 Gjennomgå aktuelle planar

3.1 tilbakemeldingar om brukarfrekvens, dataverktøy

1.1  levera inn handlingsplanar, også reviderte for siste halvår

2.1 einingsleiar visa tiltaksplanar i medarbeidarsamtale

3.1 visa informasjonstiltak

 

Elevtalutviklig Alltid oppdaterte tal>>
Prognose pr. nov06

1997-98 1998-99 1999-00 2000-01 2001-02 2002-03 2003-04 2004-05 2005-06 2006-07 2007-08 2008-09 2009-10 2010-11 2011-12
1.årssteg 22 19 25 22 21 22 23 24 24 26 15 16 12 9 16
                               
2.årssteg 23 22 19 25 23 21 21 26 22 24 26 15 16 12 9
3.årssteg 21 23 22 19 27 23 17 20 25 25 24 26 15 16 12
4.årssteg 24 21 23 21 19 26 22 18 20 26 25 24 26 15 16
5.årssteg 16 24 21 22 21 20 25 22 18 20 26 25 24 26 15
6.årssteg 23 16 24 23 23 22 19 24 22 18 20 26 25 24 26
7.årssteg 20 23 16 25 24 23 21 21 25 22 18 20 26 25 24
149 148 150 157 158 157 148 153 156 157 154 146 144 127 118

Elevtal

Ved Sagvåg skule har ei gruppe på kvart årssteg og SFO, også den nye skulen i Rukjen  er planlagt for sju årssteg.

Romsituasjonen og utearealel

Ved Sagvåg skule er god bruk av inne- og uteområde avgjerande for at me skal kunna gje elevane og dei tilsette brukande arbeidstilhøve. Mangelen på plass vert ikkje løyst før den nye skulen i Rukjen står klar. [LES MEIR]

Organisasjonskart

    Lars Bakka
Rektor
   
    Kari Almås
Undervisningsinspektør
   
Olaug S Imsland
Sekretær
     
 
Laila Magnussen
Leiar SFO
Kari Almås
Teamleiar 1-4
Egil Petterteig
Teamleiar 5-7
Andre tilsette

Økonomi

I rapporten 'Analyse av skuledrift i Stord kommune 2001-02' vart det laga ei prioritering. Desse oppgåvene er ikkje lovpålagt, men gruppa skreiv: 

Tiltaka finn me ikkje omtalt som krav i sentrale og lokale vedtak, men skal ein skule fungera etter intensjonane i sentrale planar, er det viktig å ha ressursar nok til å fylla tiltaka og funksjonane det her er snakk om etter eiga prioritering. Oversynet har med døme på ressursomfang som kan vera eit utgangspunkt for skulane i deira vurdering. 
Atle Bjørn Mæhle (Prosjektansvarleg), Mari Espeland (Prosjektleiar, sekretær), Tor Langeland (Økonomiavdelinga), Torger Tvedten (rektor barneskule, John Karsten Raunholm (Rektor ungdomsskule), Anne Greth Hillesdal (Utdanningsforbundet)

  Tiltak Ressurs Merknad Kommentar
1 Tiltak til elevar som treng litt ekstra hjelp. Assistent, ”kurs”, deling i grupper, to lærarar i årsstegn m.m 10 % av bunde undervisnings- timetal  (utanom 1.årssteg) § 5 – timar går då kun til dei som treng mest hjelp, og denne 10 % ressursen er heilt nødvendig for å kunna halda talet på tilmeldingar til PPT nede på eit akseptabelt nivå.

Assistent vert her vanlegvis halde utanom § 5-tildelinga

Ligg inne i framlegg 
til budsjett for 2003
2 Vikar Min. 4.5 % av grunnressurs  (inkludert §5- ressurs m.m) Skulane kan løysa vikarspørsmålet  ulikt i praksis (t.d flytande timar, fast på teama osv.) Ingen kan klara seg utan vikar-ressurs Ligg inne i framlegg 
til budsjett for 2003
3 Teamleiar 2 t/v pr teamleiar Team er ei prioritert ordning i kommunen, jfr tidlegare felles satsingsområde og forventningar frå strategisk leiing til skulane.Ulike løysingar er aktuelle etter korleis skulane definerer team, men alle bør tenkja ”storteam” i denne samanhengen, med ansvar utover eitt årsstegsteg. Døme på ressursbruk: 
Barneskulen: 1 parallellar: 2 team , 2 parallellar: 3 team, Nysæter u.skule: 3 team . , Stord ungd. skule: 6 team
Ligg inne i framlegg 
til budsjett for 2003
4 Delingstimar til heimkunnskap, kunst-og handverk,  tilvalsfag  

Heimkunnskap: 3 t/v pr 6. og 9.årssteg
Kunst-og h.verk: 2 t/v pr kl 5.- 10.steget
Tilvalsfag u.steget, 1 t/v pr årssteg

78% er fjerana i budskjettframlegg 2003. 
(Sagvåg skule har då 2 t/v til deling av klassar)
5 IKT-ansvarleg

 0.25 t pr årssteg

Må skilja i teknisk hjelpebehov og pedagogisk rettleiing og tenkja bruken av ressursen ut frå behovet.Greia ut alternative modellar og innhald i tenesta i samarbeid med IKT-avdelinga Fjerna i budsjettframlegg 2003
6 Bibliotekansvarleg 1 t/v pr skule 
0.5 t /v 
pr 100 elev
Ordninga sikrar orden og oppfølging av system på biblioteket, som også er ope elles for elevar og tilsette. Fjerna i budsjettframlegg 2003

 

Satsingsområde for Sagvåg skule før og no:

Satsingsområde 2006  Sjå også prosjektoversikta>>

steg_fronr1.jpg (4807 bytes)

Trivsel & tryggleik

Skulen har utarbeidd eigen planen Trivsel og Tryggleik. Dette er eit sentralt satsingsområde for Sagvåg skulen i heile planperioden.
Det vert gjennomført trivselsundersøkingar ved skulen kvart skuleår.
I desember 2000 vart den reviderte utgåva av planen Trivsel og Tryggleik ved Sagvåg skule gjort klar.
Denne er omfattande og tek opp i seg dei innarbeidde rutinane me har ved Sagvåg skule på dette området. [LES MEIR]

Innføring av ny læreplan

Det vert arbeidd med plan for innføring av ny læreplan ved Sagvåg skule.  [LES MEIR]

Vurdering med fokus på basisfaga

Sagvåg skule har etter innføringa av L-97 i perioden 1997-2000 set fokus på kvalitetsutvikling i perioden 2000-2004. Dette arbeidet vert i 2005 ført vidare gjennom arbeidet med å utarbeida målark for faga  norsk, matematikk og engelsk.
I planperioden vert det også set fokus på vurdering i vid forstand. Planen for arbeidet er delt i to delar A. Skulebasert vurdering og B. Elevvurdering  [LES MEIR]

Læringsstilar og tilpassa opplæring

Etter innflytting i ny skule vert fokuset på læringsstilane til elevane sett om i praktisk handling. Parallellt med arbeidet med å førebu innføringa av Kunnskapsløftet vil me våren 2006 gjennomføra utprøving med praktisk arbeid med undervisning me fokus på læringsstilen tilden enkelte eleven. Dette er også ein naturleg del av kravet til tilpassa opplæring.

 

Omtale av dei tidlegare satsingsområda våre

Natur og miljø

Miljøplan for Sagvåg skule syner arbeidet som er gjort. Denne planen vert revidert kvart år og inneheld m.a. ei rettleiing for arbeidet i kvart steg. Sagvåg skule har revidert planen og tilpassa han til Natur & Miljøfaget i L-97. Det er også lagt stor vekt på lokal tilpassing. [LES MEIR]

terpsikore.jpg (5491 bytes) Terpsikore

Med utgangspunkt i den kommunale planen vert det laga ein lokal plan for Terpsikore. Også denne planen knyter verksemda ved Sagvåg skule tett opp til L 97. Det er spesielt sett fokus på Musikk og Kunst & handverk. [LES MEIR]

webf1.jpg (5381 bytes) IKT og skulebiblioteket

Dei siste åra har Sagvåg skule sett fokus på IKT og skulebiblioteket. 
Datautstyr er dyrt, men med ei langsiktig satsing på innkjøp er me no oppe på eit akseptabelt nivå. Det er likevel slik at utstyret fort vert forelda, og ein kan lett tru at store mengder gamalt utstyr er greitt nok, men nye program og krav til rask Internett stiller store krav til datamaskinane. 
Skulebiblioteket fekk i samband med denne satsinga elektronisk utlånssystem og websøk for bøkene i biblioteket. [Test websøk her]  Ei satsing på skulebiblioteket er sjølvsagt også ei oppgradering av innkjøpsplan for bøker. Ved Sagvåg skule har me dei siste åre auka budsjettet for innkjøp av bøker til skulebiblioteket kraftig. 
LES MEIR: [IKT-planen]  [skulebiblioteket]

Ny Sagvåg skule

Når det no er klart for oppføring av ny Sagvåg skule Rukjen er det viktig at alt pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen tek omsyn til dette. På denne måten vil dei nye fysiske rammene bli utnytta frå første stund. Utsiktene for ny skule er sjølvsagt også eit stort pluss med tanke på motivasjonen for nytenking og utviklingsarbeid ved skulen vår fram mot skulestart 2005.