Inni gamleskulen juni 2007  April 2013
1997 (Juni) 2014 (Januar)

1997 (Juni)

2013 (Desember)
 
 


Gamleskulen 7.januar 2013
Tysdag 7.januar 2014

No er det berre to klasserom, gymsal og SFO igjen av gamle Sagvåg skule. Rivingsarbeidet går raskt. Sjå større bilete

Tekst: Lars Bakka Foro: Elisabeth Magnussen


Gamle Sagvåg skule 20/12-13
Fredag 20.desember 2013

Berre halve skulen stod att då me tok juleferie på fredag. Sjå heile biletet

Tekst og foto: Lars Bakka
No går det raskt mot slutten....
Tysdag 17.desember 2013
I dag tok Kornelia, Martin og Danita ein tur ned til gamle Sagvåg skule for å sjå dokumentera rivingsarbeidet. No er datarommet, personalrommet og administrasjonen borte vekk. No kjem det ikkje til å ta lang tid før heile huset er borte.
  
Tekst: Lars Bakka Fototur: Kornelia Vestvik Matre, Martin og Danita



Siste kapittel

Laurdag 16.november 2013

I går skreiv Stordnytt at rivinga av gamle Sagvåg skule tek til i veka som kjem. Då er sju lange år med forfall komme til ein ende. Det gamle skulehuset stod klart til bruk våren 1940. Her kan du lesa meir om det ein gong så stolte skulehuset i Sagvåg>>
Tekst: Lars Bakka


(Arkivfoto: Terje Lamo viste elevane på 5.steget Ottesen Båtbyggeri i april 2005)

Gamleskulen kan bli husvære
28.oktober 2005

Arkitekt Terje Lamo har i brev til Stord kommune skissert nokre tankar om etterbruk av gamle Sagvåg skule. Lamo skriv mellom anna: Forslaget mitt er å bygga om til leilegheiter som kan brukast til både unge og eldre,(...)  Les heile brevet frå Terje Lamo her

Tekst : Lars Bakka

Lokal skulehistorie

 

Heile heftet i pdf-format (71 sider 19MB)>>

Innhald:

Sagvåg skule 1739-1990 av Syvert Birkenes

Sagvåg skule 1990-1998 av Lars Bakka
Skuleplass og uteområde || Reform 97

Sagvåg skule mot år 2000

 

Sagvåg skule frå 1739 til 1990

Utdrag frå: "Sagvåg skule 50 år" av Syvert Birkenes 1990

 

Det nye skulehuset i Sagvåg som me hadde bilete her i bladet for nokre dagar sidan, vart kyrkjeminister Hjelmtveit so imponert yver, at skulestyreformannen, klokkar Økland måtte lova å senda han perspektivskissa yver huset, han vilde ha teikningane liggjande i departementet, truleg for andre skulestyre kan få sjå henne. No vel, huset kjem vel på sine 100.000 kr. so det kan gjerne syna litt att i landskapet og.

(Bladet "Sunnhordland" juli 1938)

 

Skuleskipnaden (skolefundasen) 1743

Med "Forordning om Skolerne paa landet i Norge" i 1739 og "Placat og nærmere Anordning abgaaende Skolerne paa landet i Norge" i 1741 vart tvungen grunnskule for alle born innført. "Det saa gudlige og høystnødvendige verk" kunne snart merkast i Sagvåg.

I 1743 vart Stord sokn delt i fire skuledistrikt. I fjerde distrikt vart desse gardane med:
Føyno, Dernes, Sætravikjo, Nes, Valvatna, Almås, Nysæter, Dale, Ovre Litlabø, Vikanes, Divikjo og Petateigen. Elles husmannsplassar under overnemde gardar. I alt var det 27 huslydar i dette distriktet.

Dersom vi grovt reknar 6 medlemmer i kvar huslyd, skulle folketalet i Sagvåg på den tid vera omlag 160. Vi veit ikkje namna på lærarane i Sagvåg dei første åra, men i alle høve drog dei med kista si frå gard til gard og heldt skule for born frå 7 år og eldre.

 

Lov om allmugestellet paa landet 1827

Stord sokn vart no delt inn i tre distrikt med tre roder i kvart distrikt. Det som er Sagvåg krins vart delt slik:
2.distrikt:
Rode nr.2: Stuva, Kannelønning, nera og øvra Litlabø, Isdal, Valvatna, Almås. I alt 16 huslydar.
Rode nr.3: Nysæter, øvra og nedra Vikanes, Dyvikjo, Mjelkevikjo, Stokken, Petateigen, I alt 11 huslydar.

Skulelova av 1860

Denne lova slo fast at kommunen skulle delast i krinsar med fast skulestad på ein sentral stad i kvar krins. Fleire stader fekk ikkje eige skulehus med det første og omgangsskulen heldt fram. Men kravet vart då at skulen skulle haldast i eit eige rom på garden. Det vart skuleplikt for alle born mellom 8 og 13 år.

I 1861 vedtok skulekommisjonen ei krinsdeling som føresette fast skule i Sagvågområdet.
Krins nr 6: "Sætreviks Kreds":
Føyno, Dernes, Sætravikjo, Nes.
Her var 8 bruk med 13 born som fekk 12 vekers skule. Valvatna høyrde no til "Høilands Kreds"

Krins nr 7: "Dybvigs Kreds":
Almås, Nysæter, Neset, Vikanes, Divikjo, Stokken, Mjelkevikjo, Petateigen.
Her var 11 bruk med 33 skuleborn som fekk 18 vekers årlelg skule i to avdelingar. Fast skulestad i Divikjo.

Tidleg i 1860-åra fekk skulen halda til i Dybvik. Men i 1864 døydde Sæbjørn Dybvig, og leigetilhøva vart sagt opp. Det einaste tilbodet på rom til skulen, var ei sengebu hos Anen Vikanes. Dette kunne ikkje skulekommisjonen godta, og så vart omgangsskule innført att for ei tid.

I 1864 vedtok skulekommisjonen å byggja eige skulehus i Dybvik. Det vart som så ofte seinare, usemje om plassen, og saka vart utsett. Det heile enda med at det første skulehuset i Sagvåg vart reist på Vikanesgarden (Sætre) i 1867. Klasserommet var omlag 6,3 m langt, 5 m breitt og 2,8 m høgt.. Golvplassen var 31,5 kvm, stort nok til jamtover 20 elevar på den tida. I tillegg var det eit lite "kammers". Vi veit ikkje kva huset kosta, men vanleg praksis i den tida var at folket i krinsen måtte yta pliktarbeid når skulehus vart bygd.

I 1902 kravde bygda vøling av huset. Etter mykje om og men vart loftsgolvet heva 60 cm. Rommålet vart då stort nok til 20 elevar. Samstundes vart vindauga laga større og taket vølt. Samla kostnad ver 45 kroner.

Skulehuset vart etter kvart "kulturhus" i bygda. Kristelege lag og andre brukte huset til sine samlingar om kveldane. Frå 1876 var det i fleire år kveldsskule for "drenge og piger" to gonger i veka i 18 veker. Skulepengar var 30 skilling.

Då Sagvåg skule i 1912 fekk nytt skulehus, vart skulen på Sætre ståande tomt. I byrjinga av 1920-åra vart huset selt til Laurits Aga, som sette det opp att som bustad i Dybvik. Slik fekk Dybvik "skulehus" til slutt likevel. Huset vart reve i slutten av 1970-åra, og med det er det første skulehuset i Sagvåg ute av soga.

I 1909 hadde barnetalet i Sagvåg auka sterkt, og 33 "husfædre" krov større skulehus. Utviding av skulehuset på Sætre vart vurdert, med det enda med at krinsen gjekk inn for ny skuletomt og nytt skulehus. Det gjekk kommunen med på, og i 1912 vart nytt bygg reist på tomta der skulen står i dag. Det nye skulebygget hadde to klasserom på omlag 50 kvm kvar, to smårom og gang. Seinare vart det innreidd bustad for lærarinna i 2.høgda. Nybygget kosta omlag kr 5000,-

Barnetalet i Sagvåg auka no snøgt, og snart vart skulen 6-delt. Det heldt ikkje med berre to klasserom, og i 1917 vart det gamle skulehuset på Leirvik (bygd 1893) rive og sett opp ved sida av det som alt stod i Sagvåg. Dette huset hadde og to klasserom, to "kammers", gangar og eit stort loft. På loftet vart det seinare innreidd lærarbustad.

 

Nytt skulehus 1939/1940

Utover i 1930-åra vart skulen igjen for liten. 5.februar 1937 vedtok krinsen å be om nytt og større skulehus. Alt fem dagar seinare valde skulestyret Baard Dybvig, reinert Valvatna og Brynjulf Haga til å laga plan for eit nytt bygg. Dei fekk hjelp av arkitekt Alvsaker, og 6.februar 1938 vedtok skulestyret planane. I tillegg til dei tre i plan-nemda, vart Johs. G. Nysæter, Abraham Sande og Elisa Bunes valde som medlemmer i byggenemda. Kommunestyret løyvde pengar.

Arbeidet vart fordelt slik:
Grunnarbeid: Laurits Aga
Byggjearbeidet: Aadland og Sortland
Elektrikararbeidet: Alfred Lie
Sanitær / sentralvarme: W. Ingebrigtsen & Co
Målararbeidet: Gregor Aadland og John. Sørheim

Kostnad: Omlag 110.000 kroner

2.påskedag 1940 vart huset vigsla til skulebruk av skuledirektør Markhus som vona skulen måtte verta "ein heim for lærarane og borni".

Den nye skule fekk elles mange lovord. Ordførar Eskeland karakteriserte det som "godt, vakkert og romsleg. Ja, flott ville sime segja, og dei som styrer kommunen skyttar ikkje utlegg". Elles meiner fleire at no hadde Sagvåg fått skulebygg for all framtid (det er ikkje lett å spå). Etter referatet i "Sunnhordland" vart det ein fin vikslingsfest, "og vakre, smilande gjenter, som Sagvågen er so rik på, sytte for at kaffikoppane ikkje stod tomme".

Om huset er elles å seia at det hadde seks klasserom. Romma i 1.høgda var litt mindre enn i 2.høgda, fordi dei to klasseromma i nybygget frå 1912 vart rive og sett opp att som rom nr 1 (arbeidsrommet) og 2 i det nye bygget. Etter den tids mål hadde skulen ein romsleg gymnastikksal med amfigalleri. Det var bad, både karbad og dusj, med garderobe i gangen utanfor. Dette vart ei tid brukt som folkebad om kveldane. Huset vart varma opp med sentralfyring, først koksfyrt, seinare oljefyrt. Det mangla heller ikkje romsleg sløydsal og skulekjøken.

"Sunnhordland" fann berre ein ting å setja fingen på: "Det må skiftast inn pæror med noko større ljosstyrke i gymnastikksalen, den var vel myrk".

I dagbok for 5.klasse 1939/40 skriv lærar Ola Aa :
"Tirsdag 26/3 1940 flytte denne klassen inn i det nye skulehuset. Denne klasse var den aller fyrste som vart undervist i huset".

Berre få dagar seinare , 9.april, braut krigen ut. I nokre hektiske , kanskje kaotiske dagar, vart den nye gymnastikksalen bruka av lokal, norsk militær tropp. Seinare "okkuperte" tyskarane salen og bruka han ei tid under krigen. Elles gjekk undervisninga stort sett som normalt. Rett nok vart skuledagane avbrote av poteteferie, brendselferie og vinterferie. Skulen vart stansa på grunn av sjukdomsepidemiar (difteri, skalagensfeber), elevane vart med på vedhogst, og liknande. Men alt dette tok vel dei fleste borna som velkomne avbrot i ei elles "kjedeleg" undervisning.

 

Etterkrigstida

I april 1945 vedtok skulestyret å flytta det gamle skulehuset (flytta frå Leirvik 1917) attende til Leirvik og bruka det til sløydlokale på Ås. Dette vart det ikkje noko av, og i februar 1947 fekk lærar Haga kjøpa bygget til takstpris: kr 1800,-. Han reiv "gamleskulen" og sette han opp att som bustad der han no står.

Frå det same aprilmøtet er det elles å nemna at eit tilbod frå Juul Bakken på 3600 kr for sprenging, muring, støyping av gjerdepålar oppsetting av gjerdet rundt skuleplassen vart godteke.

Her nemner eg at i 1948 vart det oppretta styrarstilling ved Sagvåg skule, og Brynjulf Haga vart naturleg nok den første styraran.

Utover i 50-åra vart det trongt att på skulen. På Litlabø trong dei ny skule. Spørsmålet om sams storskule på Nysæter for dei to skulekrinsane vart grundig vurdert i 1956. Men etter at begge krinsane sa bestemt NEI til ei slik samanslåing, vedtok skulestyret å byggja nytt på Litlabø, medan utbygginga i Sagvåg vart utsett.

Det var to hovudgrunnar til at skulane etter kvart vart for små; barnetalet auka og skuletida vart etter kvart utvida. I 1956 vart ein 4.skuledag innført for 7.klassane og i 1959 for 6.klasse. Frå 1949/50 vart husstellopplæringa obligatorisk, frå 1956/57fekk elevane i 7.klasse tilbod om engelskopplæring, 6.klassingane kom etter i 1959. I 1956 fekk skulane timar til hjelpeopplæring. Første året fekk Sagvåg skule 12 timar i veka.

I sagvåg førte dette til at talet på lærarar auka, og kravet om større lærarrom vart sterkare. Lærarrommet til då var det noverande vaktmeister/vaskerommet, og når alle lærarane var inne, sat dei "oppå kvarandre". I 1964 kom det første tilbygget til skulen, lærarrommet, tekjøken og toalett i første høgda, bibliotek/ handarbeidrom i andre høgda og eit kjellarrom som i første omgang ikkje vart innreidd. Kostnad: 60.000 kroner.

Ei tid seinare fekk Rubbestadneset Yrkesskule bruka skulekjøkenet til filialklasse i husstell. Då vart kjøkenet modernisert og kjellarrommet innreidd til øvingsstove for husstellelevane. (....)

Det første tilbygget på baksida av skulen vart teke i bruk vinteren 1975. Det inneheld eitt klasserom på 60 kvm, forkontor og kontor for rektor, lager toalett og "studentrommet". (...)

Det neste tilbygget på baksida kom, etter noko utsetjing på grunn av naboprotest, først i 1978. Då fekk skulen eit klasserom på 60 kvm og to grupperom. Kostnad 326.000 kroner.

Samstundes vart gongane kladd med tennvernande plater og fekk avdelte trapperom. Det vart og installert automatisk brannvarslingsanlegg.

I1984 vart Tjødnalio skule teken i bruk. Dermed vart det betre plass i "gamleskulen" med berre ni klassar. Klasserom nr 1, ved sida av lærarrommet, vart ominnreidd til arbeidsrom for lærarane og til lærargarderobe. Inngangen til lærarrommet vart flytta slik at ein fekk plass til to toalett.

Det siste større arbeidet ved skulen kom i 1986. Då vart plassen under tilbygg nr 2 kledd inn og gav rom til garderobe, dusj, toalett og eit lite lagerrom som skulekorpset brukar.
(...)

 

Ny tomt for Sagvåg skule?

Til slutt tek eg med at det er valt ei nemd som skal sjå seg om etter tomt til endå ein ny skule i Sagvåg. Han skal ein gong koma i staden for den skulen som i år fyller 50 år-. På grunn av kommunen sine planar om nye bustadfelt, peikar Vikanesomtrådet seg førebels ut som det mest aktuelle. I alle høve er det det å vona at den nye skule ikkje vert plassert mellom ein høg fjellvegg og ein strekt trafikkert veg.

Syvert Birkenes
mars 1990