Oppdatert: 15.10.07

Foreldrebetaling ved Sagvåg skule

I det siste er det set fokus på foreldrebetaling i norsk grunnskule. Sentrale styresmakter understrekar at "kommunen kan ikkje ta betaling frå eleven eller foreldra for utgifter som kommunen har i høve med grunnskoleopplæringa" 
Etter å ha gjennomgått vår praksis på dette området finn me det naturleg å gjera dei endringane som er viste i tabellane under.  Endringane trer i kraft frå august 2002.
Generelt har me dei siste åre gjennomført ei ordning der kvar klasse får pengar tilsvarande to bussturar til Leirvik for heile klassen. For turar som klassen ynskjer å ta ut over dette er det til no teke betaling for gjennom "klassekassen", det er denne praksisen det no vert strama inn på. Tilbodet vert difor avgrensa til dei to turane som skulen betaler.  


Lars Bakka
-rektor-

Om gratisprinsippet i grunnskolen
Regjeringa har i dag lagt fram for Stortinget eit forslag om ny lovregel i opplæringslova om gratisprinsippet i grunnskolen. Etter forslaget vil ikkje kommunane kunne krevje betaling frå elevane eller deira føresette for undervisningsmateriell og aktivitetar som er nødvendige for å gjennomføre grunnskoleopplæringa i samsvar med opplæringslov og forskrift.(14.06.02) 
Les meir>>

Ot.prp. nr 94 (2001-2002)>>
Om lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) Om gratisprinsippet i grunnskolen

1.- 4.klasse Sagvåg skule

2001-02

2002-03

Klassekasse

50,-

kr 0,-

Skulefrukost til jul

kr 10,-

kr 0,-

Fjelltur

kr 43,-

kr 0,-

Skidag

kr 30,-

kr 0,-

Kino

kr 25,-

kr 0,-

Buss til kino

kr 26,-

kr 0,-

Familieteater e.l.

kr 33,-

kr 0,-

SUM

kr 167,-

kr 0,-

I Opplæringslova §2-1 siste ledd lyd:
"Den offentlege grunnskolen er gratis".
I brev frå Statens utdanningskontor i Hordaland vert det understreka at: 
- dette betyr at kommunen ikkje kan ta betaling frå eleven eller foreldra for utgifter som kommunen har i høve med grunnskoleopplæringa. Lova har ingen avgrensingar i kravet om at grunnskuleopplæringa skal vera gratis. Den einskilde skuleeigar/skule må sjølv tenke på kor ein set grensa mellom det som er undervisning og det som ikkje skal reknast med i undervisningstimetalet. (Statens utdanningskontor i Hordaland 7.nov.01)

Elles skriv Utdannings- og forskingsdepartementet i 23.01.01:
- ....Dersom skolen tar elevene med på en skitur, teaterforestilling eller museum, må kommunen betale eventuelle utgifter til heiskort, transport, billett m.v. Annen nødvendig transport i skoletiden, for eksempel til svømmehall og bibliotek, skal også betales av kommunen.
[...] Dersom kommunen tilbyr elevene et leirskoleopphold, innebærer reglene om gratis grunnskoleopplæring at elevene ikke skal betale for undervisningen i forbindelse med leirskoleoppholdet.

5.-7.klasse Sagvåg skule (kvart år)

2001-02

2002-03

Leirskulesparing (reise, kost, losji)

kr 400,- 

*kr 0,-

Skulefrukost til jul

kr 10,-

kr 0,-

Fjelltur

kr 43,-

kr 0,-

Skidag

kr 30,-

kr 0,-

Kino

kr 25,-

kr 0,-

Buss til kino

kr 26,-

kr 0,-

Familieteater e.l.

kr 33,-

kr 0,-

SUM

kr 567,-

kr 0,-

6.klasse har også reist til Mostraspelet med foreldrebetaling på kr 180,- i skuletida>>

* Sjå infoskriv 9/02-02>>

Bakgrunnsstoff:
Om foreldrebetaling i grunnskulen>>
Statistikk om foreldrebetaling>>

Dette er "kravet" til leirskule i L-97 (mi understreking):

6.klasse
Ut i naturen
- gjennom leirskule eller på andre måtar få røynsle med å vere i naturen. I 6.klasse eller om hausten/vinteren i 7.klasse (L-97 s 271)